30.06.2011

Ammetopp med omslagsstykke

Dette er ein type ammetopp-design eg likar veldig godt, etter erfaring frå tidlegare amming. Omslags-“berestykka” er flate utan innsnitt. Det nedre forstykket er lett utsvinga i sidene og har krumma nedre oppleggskant for å gje plass til ein forstørra ettergravid mage, men også min nokså store gravide mage får plass (eg brukar stadig toppen, oppunder ein månad att til termin). Du får ei aning om korleis stoffet er klipt ved å sjå på stripene nedanfor bysta og nedst. Toppen er også nokså lang for å dekkje heile magen.

Ein annan fin ting med denne, er at det ikkje lyser “eg ammar” lang veg, og den kan derfor brukast av alle, enten ein ammar eller ei!

IMG_9065

Mammatopp

IMG_9076
Denne mammatoppen i jersey er sydd utifrå mønsteret på ein enkel topp som abolutt ikkje har plass til stor mage. Eg gjorde ein del endringar på forstykket: “Magedelen” av forstykket blei gjort litt breiare og litt lengre, den ekstra lengdai høve til bakstykket blei tatt inn att som rynker i kvar side. Dessutan er forstykket klipt i ein boge nedst for å dekkje magen, kanten framme er ca 5 cm lenger nede enn kanten bak. Også lengda på toppen totalt sett er auka frå grunnmønsteret, og framme er lengda frå skulder og ned litt til sida for midten ca 65 cm. Tilleggskommentar 23.07.11: Toppen har seinare krympa i vask, sjå seinare innlegg om toppen.
IMG_9077
I skrivande stund har eg mage tilsvarane veke 34-35, og toppen passar svært bra.

(Gravid-) og ammetunika, 1. og 2. versjon

Då eg blei gravid seint i haust, fekk eg lyst til å lage ein ny modell gravid-/ammetunika (eg har laga ein annan type før, sjå her.  Prinsippet denne gongen er ein omslagstopp med eit forstykke innanfor som er ope ut mot armane. For at ikkje motsett bryst skal blottleggast når ein ammar, heng omslagsdelande fast, men kan gjerast 8-10 cm lengre ved å løsne eit par knappar i sidene (sjå bilete nr. to).
Eg laga fyrst den lilla velour-tunikaen som test, med ekstra vidde for gravid mage. Omslagsdelande er kanta med ribb, noko som blir litt tykt. Alt i alt er det mykje som kan forbetrast på denne, omslagsdelane blei for tykke, særleg nedanfor bysta, og dei sklir også i høve til kvarandre.
IMG_9012
IMG_9013
Deretter laga eg ny versjon i vinterfrotté. Denne gongen utan ribbkant på nedsida av omslagsdelande. Dette blei også nokså tykt, så ein seinare versjon skal lagast med nokon form for innsnitt, tenkjer eg. Men til jersey, som er mykje tynnare, kan det nok fungere greitt. Denne versjonen vekk smalare mage, sidan eg ikkje hadde så stor mage ennå i vinter.
IMG_9059
IMG_9061

29.06.2011

Å teikne mønster er gøy!

I haust kjøpte eg boka til Helen Joseph-Armstrong; Patternmaking for Fashion Design, ei veldig inspirerande bok. Bakerst har den ein del om konstruksjon av barneklede (str. 3 år og oppover) og utifrå den blei det to bukser i str. 4 og 5 år:
IMG_8877
IMG_8880
Båe to er pynta med ein lapp interlock ("jersey-applikasjon"). Dei er sydd etter “trouser"-foundation” som er den rommelegaste bukseforma, kanskje litt i rommelegaste laget.

Tutorial: Rekke opp ein cover-saum

Vi har alle opplevd det: Vi syr ein saum som blir feil, og vi treng å fjerne den. Ein cover-saum kan vere rimeleg håplaus å få opp om den fyrst har låst seg, men om ein klarer å frigjere den rette trådenden, går det som ein draum å fjerne saumen. Her er ei teskei-forklaring:

Du treng:
Ei spiss saks (broderisaks, neglsaks vil også fungere)
Pinsett

OG: Ein viss grad av tolmod, for om du drar for tidleg, låser saumen seg.

Grunnprinsipp:
  • Vi opnar saumen på baksida (undertråden)
  • Vi rekker opp i retning bakover, dvs. vi startar på eit punkt nært der vi slutta å sy, og rekker opp mot der vi starta å sy.

  • VIKTIG: Kva er opp og ned på saumen?? Hald enden av saumen (nærast slutten av saumen) til venstre for deg.

Då vil kjedesaumen sjå slik ut:
IMG_9911 websidestorleik
Og dobbelsaumen vil sjå slik ut:
IMG_9912 web kompr

Trippelsaumen vil sjå slik ut:

Trykk Her!

Lat oss så sjå nærare på ein av dei; dobbelsaumen. Slik går undertråden i løpet av eitt sting:
IMG_9912 undertråd



FRAM MED SAKSA!

Målet er å skaffe ein fri ende vi kan dra i, og frigjere undertrådsslynga slik av den ikkje hektar seg i noko når vi drar. Vi klipper øvst, i enden av den blå undertrådsstreken,slik:
IMG_9912 angrepspunkt
For å frigjere undertrådsslynga, klipper vi over heile slynga i stinget til venstre (“nedstraums”): 
IMG_9912 klipp til venstre

Då blir det sjåande slik ut (sjå under), og vi fjernar deretter forsiktig små, lause trådbitar med ein pinsett.
IMG_9914 -beskjært

Her er undertrådsslynga frigjort, og det er klart til å dra i den lause enden på den frigjorte slynga.
IMG_9915 - draher


STOPP:
Dersom det ser ut som dette; tråden du vil dra i er ikkje laus på toppen av saumen, men lenger nede:
IMG_9917 - beskjørt
Her vil undertråden låse seg når den kjem til den øvre, grønne overtrådsløkka. For å løyse dette, kan du dra undertråden forsiktig forbi den venstre, nedre grønne løkka, gjennom den neste, nedre løkka, deretter må du dra tråden gjennom den øvre, grønne tråden slik at du får samme utgangspunkt som på bilete over.


Samme metode brukast på kjedesaumen og trippelsaumen. Det er vanskelegare å sjå kva som er opp og ned på trippelsaumen (i allefall den eg sydde i dag med min Janome Coverpro), men hugs å halde siste del av saumen mot venstre, enden der du starta mot høgre. Klipp så i øvre løkke på undertrådsslynga (som ved dobbeltsaum):
IMG_9920 -beskjært

Slik ser det ut når du klipper undertråden på stinget nedstraums/til venstre):
IMG_9922 -beskjært

Og klart til å dra i enden oppe til høgre på biletet:
IMG_9923 - beskjært

28.06.2011

Barnekjolar

IMG_8797
Denne kjolen har lommer som er sydd på stoffet, etter kanting med ribb. KAM-knappar til pynt.
Samme kjolen bak:
IMG_8798
Sky-velourstoffet er sydd med trippel-coversaum sydd frå baksida. Lappen blei fyrst festa med Hi-fix, og det blei sydd ein saum langs velourkanten for å tene som guide for coversaumen på baksida av stoffet. (Eg hugsar ikkje kvar for saum eg brukte, mogleg det var tråklesting som eg fjerna etterpå for å ikkje hindre stretchen i stoffet)
IMG_8799IMG_8819
Denne lomma blei laga slik: øvre kanten på lomma bretta ned og sydd med opp-ned-trippelcoversaum. Vevde band festa med Hi-fix og sydd på. Deretter kanting med ribb. Ribb-endane bretta ned på baksida, lomma sydd på.
Baksida av samme kjole:
IMG_8820
IMG_8800
IMG_8801
IMG_8803
Slik er blomen sydd: Oransje stoff festa med Hi-fix, riveinnlegg på baksida. Deretter er det sydd på anorakksnor rundt (spesial-syfot).
IMG_8804
IMG_8802
IMG_8795
IMG_8821
Dei to kjolane over har alminnelege applikasjonar, sydd på med vanlege applikasjonssting (spikarmatte sett frå sida).
IMG_8822
IMG_8818
Ein bit av eit vevd band frå www.farbenmix.de på brystet.IMG_8810
IMG_8808IMG_8874
Tunika i bondeskjortestil med forklekjole. Kanta med alminneleg skråband.
IMG_8813
IMG_8814

Bukser

Design av Annwes: IMG_8792
IMG_8790
Enkel oppklipping av mønster før klipping av stoff:
IMG_8791
Enkle bukser. Denne mønstra, ornasje buksa er pynta med ein lapp jersey (i praksis ribb) under den raude merkelappen. (Tutorial her.)
IMG_8794
IMG_8789

T-skjorter

Desse er sydd med ribb eller interlock i kantebandsapparat på coverstitch-maskin. Om du har lyst til å sy slike kantar utan å ha dette utstyret, kan du sjå her. Om du lurar på korleis eg har laga opning med knepping i skuldra, kan du sjå her.

IMG_8806
IMG_8807

Tutorial: Knepping i skulder

Sidan små barn har relativt stort hovud i høve til halsen, trengst det på tettsitjande plagg som regel ein måte å utvide halsopninga på plagget under på- og avkledning. Som oftast brukast knepping eller "konvoluttopning".
I denne tutorialen visast korleis ein kan leggje inn knepping i skulder på plagg med ribb-kant som er bretta over stoffkanten, enten sydd med coverstitch-maskin med kantebandsapparat, eller manuelt med tvillingnål (sjå tutorial på sistnemnte her.)
IMG_8489

For å leggje til knepping treng du:
Ein liten rest av eit (tynt,) vevd bomullsstoff
2-3 trykknappar

Mønster-endringar
Knepping i venstre skulder (barnet si venstre skulder)
Forstykke:
  • Legg til eit 2 - 2 1/2 cm breitt felt (oransje på teikning) ovanfor skuldersaumen på høgre side av mønsterdelen. Bretting vil kome mellom opprinneleg mønster og oransje del.
IMG_9883

Bakstykke:
  • Legg til to tilsvarande felt på venstre side av mønsterdelen. Bretting vil kome mellom dei to oransje felta. Slik vil flappen på bakstykket liggje bak flappen på forstykket, på framsida av skuldersaumen.
IMG_9882
Vinklar: Ideelt sett skal vinkelen inn mot ein brett vere lik vinkelen ut frå bretten (sjå svake strekar på teikning av forstykke), men ikkje stress veldig med dette, for det er såpass få millimeter forskjellar om å gjere, at det ikkje treng vere heilt nøyaktig.
Merking:
  • Merk av opprinnelege skuldersaumar, og på bakstykket også brettekanten mellom dei to oransje felta.
Klipping:
  • Klipp med saummonn overalt, utanom:
    -Halsutringing, og halsutringingast fortsetjing over på oransje felt. 
    -Langsida av ytteste oransje felt (men då må du ikkje kutte noko stoff med overlocken i neste trinn!)
Merk av skuldersaumar og brettekant (bakstykke) med eit lite hakk, strek el.l. ytterst i stoffet.

Forsterking av "flappane":
  • Klipp ei remse vevd bomullsstoff, litt breiare i båe retningar enn breidda på eitt oransje felt.
  • Sy den på, ikkje kutt noko stoff med overlocken (om du ikkje har lagt til saummonn, då)
IMG_9881

Reinklipping av forsterkingsstoffet:
  • Det skal berre vere vevd stoff bak det oransje mønsterfeltet på forstykket og det yttarste oransje mønsterfeltet på bakstykket.
  • Klipp bort overskytande stoff av det vevde stoffet; langs kvar side av skuldra og langs brettekantane (dvs. langs opprinneleg skuldersaum på forstykket, og langsgåande mellom dei to oransje felta på bakstykket.):
IMG_9880

Brett og press:
  • Deretter brettar du flappen langs brettekant. Press. Om du vil, kan du sy fast flappen med ein stikning på tvers av skuldra, men både ribbkant, knappar og saum i skuldra kjem etterkvart til å halde den på plass.
IMG_9879
IMG_9878

Sy
  • Sy høgre skuldersaum (motsett side av kneppinga)
IMG_9877
Kanting av halsutringinga:
  • Når ein kantar med apparat (coverstitch-maskin), vil det stikke ut ein bit ribbremse både på starten og slutten av halsutringinga. Når ein kantar manuelt, kan ein starte og avslutte ribbkanten på annan måte om ein vil, men for å gjere det enkelt, viser eg felles framgangsmåte her, nemleg at ein kantar slik at det blir ein bit ekstra i kvar ende.
  • Start kantinga på bakstykket, med bretta "flapp".
  • Når du kjem rundt, passar du på at "flappen" er bretta inn også her før kanting.
  • Det ein fordel å la det vere minimum 3 cm ekstra ribbremse til overs i båe endar, gjer det enklare å feste ribbremse-enden. (Eg har visst laga endane litt for korte på teikninga, seg eg...)
IMG_9876
 
Festing av overskytande ribbremse:
  • Brett ribbremsa mot vranga på samme stad som stoffet er bretta (sjå figur nedanfor).
  • Fest ribbremsa med ein stikning parallelt med skulder-"saumen" (sjå biletet øvst i innlegget), berre nokre få millimeter frå bretten.
  • Klipp deretter av overskytande ribbremse nokre millimeter frå dette igjen.
IMG_9875

Montering av erme på sida med knepping:
  • Legg forstykkeflappen oppå bakstykkeflappen, slik at brettekanten på fortykkeflappen ligg i nivå med opprinneleg skuldersaum (hugsa du å merke av på bakstykket tidlegare?)
  • Sy ein stikning i saummonnen akkurat i dette overlappingsområdet (sjå figur nedanfor) for å halde det på plass ved montering av ermet.
  • Set gjerne også i ei knappenål for å halde flappane på plass på hals-/ ribbsida (men ikkje set knappenåler der du skal sy med overlock!!)
IMG_9874
Sy på venstre erme (velg sjølv om du vil kante eller legge opp enden av ermet før eller etter montering). Press saummonnen ut i ermet, sy eventuelt ein stikning.

Nå er sjølve syinga av halsopninga ferdig, det står att å setje i trykknappar, og sy resten av plagget.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...