19.09.2014

Pokemon-genser

Siste plagg i kveldens blogg-race: Genser til eldstegut.

Mønster: Eige
Stoff: Tynn isoli, den prikkete frå Hilco, kassettane hugsar eg ikkje, kjøpt i Danmark, tippar eg. Ribb frå Jydsk Stoflager. Vinyl-figuren ikkje akkurat lett å sjå kva er, klipt ut på frihand etter ein silhuett på nett. (Men snart, snart kjem det betre klipte merke, for i går kjøpte eg nemleg ein Silhouette Portrait!)

Smale bukser og vide bukser

Buksa til venstre er sydd av ein litt stiv isoli, litt eksperimentelt, sidan det ikkje finst så mange smale bukser i denne typen stoff (?). Eg har prøvd den på henne då eg hadde den med heim til Kristiansand forrige helg, og den såg grei ut då. (For dei som ikkje las kveldens fyrste innlegg, så er eg for tida vekependlar med hybel-syrom i Oslo…)

Mønster: Det smale er frå Ottobre, faktisk på “tights”, men Ottobre har (tidlegare) hatt ein tendens til å ha veldig vide snitt, så dette her blei bukse. Og treåringen min er ikkje den spinklaste i barnehagegruppa. Mønsteret på den andre er eige, frå den tida då eg teina ein del buksemønster, blant anna frå boka til Helen Armstrong.  Begge str. 98.

Stoff: Buksa til venstre er isoli frå Jydsk stoflager, Ikast, verdt eit besøk på Jyllands-ferieturen. Buksa til høgre restar av velour (all velouren min er av (hovudsakeleg) bomull, forresten). Ribb frå Stoff og Stil (oransje) og Jydsk stoflager (stripete).  Lomma er av velour kanta med FOE.

Truser må ein også ha

Mønster: Teikna av kjøpetruse
Stoff: Diverse restar av bomullsjersey. FOE 5/8” brei, frå Ebay.

Kjekke jersey-genserar

Eg har hittil sydde det aller meste av tøyet til barna (utanom vinterdressar, regntøy o.l.), men siste året har eg kome på etterskot. Mellomstejenta treng genserar, og ho likar tynne jersey-genserar.

Mønster: Ottobre 1/13, design nr 10. Gradert opp frå 116 til 122.
Stoff: Rosaprikkete stoff kjøpt hjå Textart. Dalahest-stoff kjøpt på Jofotex. Stripete stoff frå Hilco, kjøpt frå Sydilla, tru? Ribb frå Stoff og Stil. Det einsfarga stoffet er kjøpt i Sverige.

Med lommer på knea

På spørsmål om kva slags bukser eldstegut ønskte seg, svarte han at an hadde lyst på lommer på knea, for då kunne han sitje med hendene i lommene når han sat på stol (trur kanskje eg hadde sydd nokre slike allereie mtp forsterking av knea, og så lika han det godt.) På den tredje buksa klipte eg lommene, men gløymte å sy dei på, men det gjekk fint for han dét også :-)

Mønster: Eige, str. 134. Alle tre buksene er sydd av samme mønster. På dongeribuksene er det lagt til oppleggskant, på joggebuksa er det lagt til ribb frå samme lengda (så jogge-buksa er litt lenger totalt sett). Det er litt stretch i dongerien. Eg trur han framleis likar best å ha bukse utan smekk, derfor er det strikk i livet. For at det skal gå an å få den over rumpa, prøvde eg ut fyrst å sy lommer av eit litt tynt isoli-stoff eg hadde, og det funka fint. På den andre dongeribuksa sydde eg inn ein kile av eit tynt isoli-stoff i kvar side. Det funkar fint under bruk, men det var ikkje så lett å sy spissen.

Stoff: Dongeri med stretch frå Fabric.com (kjøpt på salg for, kva var det, 3-4 dollar/yard, fekk i allefall ei stor pakke med mange meter stoff under 200kr-grensa! (2-3 år sidan). Det kongeblå stoffet i joggebuksa er ein middels tykk isoli med stretch, det aldeles mjukaste stoffet av bomull eg har kjent, trur eg. Om Textart har det ennå, kan det anbefalast på det varmaste! (I skrivande stund har eg “tights-bukse” på meg av det samme stoffet, det er ikkje fullt like fløyelsmjukt etter fleire vask, men den er kjempedeileg å ha på likevel!) Kassett-stoffet hugsar eg ikkje kvar er i frå, det andre grå isoli-stoffet er frå Textart.

Refleks-M

Genser i bursdagspresang til gutta har blitt ein slager :-)

Øverst med blitz, nederste utan blitz.

Mønster: Eige
Stoff: Ullfrotté frå Janus. Refleks-vinyl frå Sydilla. Ribb frå Jydsk Stoflager, tru?

Bursdagsskjørt x2

Mellomstejenta skulle i to bursdagar til til saman tre barn ikkje lenge etter skulestart. Jentene fekk kvart sitt skjørt, medan tvillingbroren til den eine jenta fekk ein genser (neste innlegg).

Mønster: Heilt Spesiell & Jubel i utgangspunktet
Ribben av Stoff og Stil-type klipte eg 51 x 19 cm inkl 1 cm saummonn, men har ikkje fått sett korleis det blei på i praksis.

Lomma klipte eg ved å klippe den likt som skjørte-forstykket i sida og så kutte det av sånn passe på den sida av lomma som vender inn mot midten. Fyrst kanta eg lomma med ribb, deretter tråkla eg på skjørte-forstykket med lange sting på symaskina øverst, i sida og nederst. Deretter nåla eg ribbkanten fast og sydde den fast med trestingssikkakk, lot ei lommeopning stå igjen øverst. (Applikasjonen blei gjort aller fyrst).

Slik blei det ei lomme med ein litt annan vri, det er ikkje den mest naturlege lomma når det gjeld å få handa si nedi, men eg synest det blei såpass bra at eg sydde to skjørt med samme patent.

Stoff: Bomullsvelour frå diverse stader. Ribb frå Stoff og Stil (grønn) og ? (turkis). Oranske blomsterstoff frå Tygladan.se. Raudprikkete jersey frå Textart (?)

Før hadde eg full kontroll på kvar alle stoff kom frå, nå er lageret fleire år gamalt, og det går litt i surr…

Når dei små frøknane skal i bryllaup…

…ryddar mor tid til å sy kjolar. For det er så gøy å sy noko riktig søtt innimellom, når det elles går i velurbukser og college-genserar!

Design og møsnter: Eige
Stoff og tilbehør: Var på salg på Panduro og fekk begge stoff og smykke til ein billig penge… Cowboy-trykknappane er faktisk også kjøpt på slag på Panduro, men det var for fem år sidan.

Og til slutt må eg vise fram det flotte brureparet, her er Andreas, min bror, og hans Nina :-)

På tide å blogge litt att

Sidan forrige innlegg har vi (Mann, kone, eldstegut på 7 1/2, mellomstejenta på 5 1/2 og minstejenta på 3) flytta frå Oslo til Kristiansand, og deretter har eg “flytta” tilbake til Oslo i form av at eg vekependlar i haust. Hybelen er syrom, og eg har fått sydd litt, sjølv om ettermiddagane og kveldane flyr overraskande fort av stad til andre ting. Men nå, nå skal det bli eit blogg-race!

Her er eit bilete av  hybelen, her ligg eg om natta med hovudputa mellom søyler av fargerike stoff, vel, fargerike så lenge nattlampa er på, i allefall! “Under” biletet er det klippebord/sybord/TV-bord/PC-bord (men alt på éin gong er ein smule vanskeleg ;-) Det er trongt, og syinga går derfor litt seinare enn før, men det går!
 

Hybelen min!

Og forresten, eg har lyst til å vise fram dei fyrste bileta frå stova vår i Kristiansand, etter at eg måla den kvit i sommar (bileta er tatt med mobilkamera i kveldinga, så veggen ser ikkje heilt kvit ut alle stader, hehe):

 

Sofaene er utslitte i stoffet, så når vi har funne ut korleis huset vårt skal bli på sikt, skal vi få oss nye. Eller kan det lønne seg å trekkje om, nokon som veit? Dei er gode å sitje i, er liksom for galt å berre kaste dei på dynga…
 

Tapet fra PIP studio i vitrineskap Echino-stoff til veggpynt

Medan vi har budd i Oslo, har eg samla idéar og drøymt om korleis huset vårt i Kristiansand kan bli, og her er eit par idéar sett ut i livet: Til venstre har eg tapetsert bakplata på vitrineskåpet med tapet frå PIP studio. Eg har kikka i diverse butikkar både fysiske og på nett, det er mange interiørbutikkar som har dei, men som regel berre som bestillingsvare. Då eg kom over tapeten på Maxbo på Alnabru til eit par hundrelappar under det dei kostar elles, klarte eg ikkje å la vere å kjøpe eit par rullar :-) Eg synest det blei akkurat så fint som eg hadde håpa på, jippi, eg frydar meg å sjå på den tapeten! LED-ljoset er frå IKEA.

På biletet til høgre har eg spent opp stoff frå den japanske designaren Echino på målelerret. Og så har eg testa ut korleis det går å spraymåle gardinstenger med turkis Quick bengalack!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...