31.08.2013

Og vinnaren er / The Winner is…

Heilt-Spesiell-og-Jubel.-Sy-glade-klaer-til-glade-barn_hd_image

… Trude!! (som posta 28.august)

Gratulerer så mykje!

Trude, kan du sende meg ei ein mail med adressa di på “annekrjo / ætt / online.no”? Så skal eg vidaresende den til forlaget :-)

27.08.2013

Vinn årets flottaste sybok!

Eg minner om konkurransen denne veka, der du kan vinne denne boka:

Heilt-Spesiell-og-Jubel.-Sy-glade-klaer-til-glade-barn_hd_image

Meir info og påmelding: Sjå to postar lenger ned! Frist fyrstkomande laurdag kl. 20.00. Lykke til!

This week you can win this new, great norwegian sewing book, more info to posts further down :-)

26.08.2013

Bursdagskjole til ein 5-åring

I dag var mellomste-jenta i bursdagsselskap! Det var ekstra spennande og moro sidan det var for ei av jentene i barnehagen, der jenta vår byrja for berre er 1,5 veke sidan. Med seg hadde ho ein kjole i velour, og stoffet hadde ho plukka ut sjølv. “Fordon”-motivet designa Johanna Ahlard er tøft, og i desse fargane feminint i samme slengen!

DSC_0487kvit happy

Kjolen er sydd i str. 4 år, forlenga til str. 5 år. Stoffet trur eg eg kjøpte hjå Fabelblå, ribben er frå Stoff og Stil.

Our oldest girl was invited to a birtday party today, and brought this dress for the five year old birthday child :-) The dress is made of velour. Isn’t that fabric both cool anc cute at the same time?! The print is designed by sweedish Johanna Ahlard.

25.08.2013

Vil du vinne årets flottaste sybok?

Vinn boka "Sy glade klær til glade barn"

To sy-bloggarar eg ser opp til gir i desse dagar ut bok, og det eg har sett av boka så langt ser kjempebra ut! Tak ein titt på boka på forlagets heimeside. Kanskje du deltok i konkurransen som akkurat er avslutta på Maja sin blogg, utan å vinne? Fortvil ikkje, her kjem ei ny sjanse her på Løgleg saum-bloggen!

Dette seier forlaget om boka:

“De to populære bloggene Heilt spesiell og Jubel foreligger endelig i bokform.

Damene bak bloggene, Kristin Thorsnes og Ane Sund, startet sykarrierene sine med å designe klær til egne barn – og i Sy glade klær til glade barn deler de sine beste oppskrifter. Forfatterne formidler syglede og kreativitet med stor entusiasme i denne fargesprakende boken. De presenterer 66 oppskrifter med ulik vanskelighetsgrad på bl.a. bukser, kjoler, skjørt, jakker, luer, bodyer og gensere. Alle plaggene er sydd i myke stoffer som passer perfekt til små barn. Mønstrene kommer i størrelsene 56 til 128 cl. Med på kjøpet får du mønsterark i full størrelse og en instruktiv syskole.”

For å vere med i trekninga gjer du slik:

1) Link til konkurransen på bloggen din og/eller Facebook (Du må gjerne bruke biletet over)
2) Signér under dette innlegget (Hugs å få med kontaktinfo/mailadresse)

Frist: Laurdag 31. august klokka 20.00. Vinnaren vil bli annonsert på bloggen samme kveld. Boka sendast ut til vinnaren direkte frå forlaget.

(Eg er lei for at de som ikkje har blogg og ikkje er på Facebook ikkje får vere med i konkurransen, reglane er bestemt av forlaget…)

Lykke til!

Sewing book of the year in Norway is right around the corner, check out the publisher’s site for a sneak peek! To win a copy of the book (it’s in norwegian…), you’ll need to place a link to this blog post from your blog or from Facebook, in addition to placing a comment in this blog post (including contact info). Contest closes 31 August, 08.00 p.m. Good luck!

11.08.2013

Jersey-shopping i Sverige

Vi har akkurat kome heim frå Sverige-tur, og eg har fylt på stofflageret mitt med jersey-stoff/trikå-tyger!

We have just come home from our summer trip abroad, this year we went to Sweden. I shopped jersey fabrics, because you get a wider range of those fabrics in Sweden (and in Denmark) than in Norway.

tyg-shopping i sverige

Kartet viser sånn omtrentleg ruta vår (litt lenger nede står det om kva elles vi gjorde):

Stoffbutikk 1: Tygladan i Vänersborg


Nettside: http://tygladan.se/
Facebook-side: https://www.facebook.com/Tygladan

Tygladan/Tygfabriken er ein kjede med hovudsenter i Vänersborg. Dei tar i stor grad inn dei samme jersey-stoffa som dei andre butikkane eg besøkte, men til absolutt beste pris; 120 SEK for mønstra/trykt jersey/trikå, og 85 SEK for einsfarga jersey/trikå. Sjå på heimesida og Facebook-sida for å sjå bilete av stoff dei har. God utval av jersey, dei hadde minst 70-80 ulike mønstra, tenkjer eg. Av andre kles-stoff hadde dei litt forskjellig, men ikkje så godt merka med type kvalitet (bomull, polyseter, ull, etc).

Kjøpt hjå Tygladan:

Jersey Tygladan

2. Jofotex i Söderköping

Nettside: http://butik.jofotex.se/

Dette er ein butikk som er velkjent frå nettet for mange norske heimesyarar, kjent for blant anna interlock med kaniner eller elefantar på, eller landskapsstoffet på biletet under. Nå har dei ikkje desse interlockane lenger, men nokre av dei gamle motiva er trykt opp igjen på jersey.

Jofotex er ikkje billigaste i klassa, dei tar 139 SEK for mønstra jersey og 119 SEK for einsfarga. Men til gjengjeld hadde dei eit kjempestort utval av jersey. Og då eg fortalde den hyggelege dama i kassa at eg hadde høyrd rykte om ein rabatt for nordmenn, blei ikkje slutt-prisen så veldig mykje høgare enn Tygladan likevel :-)

Jofotex har også ein god del andre klesstoff også, nokonlunde likt Stoff og Stil på den fronten, tru?

Jersey kjøpt hjå Jofotex

 

3. Tygfabriken i Karlstad

Som nemnt lenger oppe er Tygfabriken ein del av Tygladan-kjeden (samme nettside). Samme låge prisar og stort sett samme stoffa. Eg innbillar meg at dei hadde bittelitt fleire einsfarga jerseyar inne, men litt færre mønstra jerseyar enn i Vänersborg. Butikken ligg i eit lagerlokale-aktig hus litt aust for sentrum.

PS: På ferietur med mann og små barn med? Les lenger nede om kvar du kan “parkere” resten av familien under stoff-shoppinga i Karlstad ;-)

 

4. Ohlsons tyger i Karlstad

Nettside: http://www.ohlssonstyger.se/

Denne butikken låg inne i eit kjøpesenter midt i byen og minte litt om “Kid” eller “Princess”, men med klesstoff i staden for dyner. Av butikkane eg besøkte, hadde dei minst utval av jersey, men ikkje så aller verst utval likevel. Dyraste butikk med 149 SEK for mange av dei mønstra jerseyane, men nokon det stod “nyhet” på kosta berre 99 SEK (kampanje?). Einsfarga jersey til 119 SEK. På nettsida deira er ikkje nyheitane til 99 kr med, derimot har dei ein del stoff til 99 SEK som ikkje var i butikken (blant anna det blå/turkis-småblomstra stoffet på biletet over). Det blei ikkje med meg jersey heim frå denne butikken, men eit vevd stoff som eg håpar eg får vist fram ein annan gong.

 

Generelt om ferieturen vår:

Vi reiste måndag morgon frå Oslo. Etter å ha køyrd innom Nordby kjøpesenter like over grensa ved Svinesund, berre for å ha sett senteret alle Harry-shoppar på, køyrde vi vidare til Nordens ark ved ein fjord sånn ca midt mellom Strømstad og Gøteborg. Her går ein ei løype rundt i koseleg skog og får sjå ikkje berre padde, hakkespett og stork, men også tiger, leopard, og ulv mm. Barna kosa seg. Vidare køyrde vi til Uddevalla der vi hadde booka hotell på Coop hotellkupp.

Hotellrommet hadde vi to netter, og tysdag reiste vi på dagstur til Gøteborg og Universeum rett inntil Liseberg. Eit litt-av-kvart-hus med litt akvarium, litt regnskog, litt vitensenter, litt dinosaur-utstilling, romskip-utstilling og krimteknikk-utstilling. for ikkje å gløyme leikerommet i kjellaren. Heile familien kosa seg i Universeum, men vi var glade for at vi var der i slutten av, og ikkje midt i, høgsesongen, for det var ikkje speseielt god plass der. Her har mellomste jenta vår akkurat klart å temme ein dinosaur:

 

I Uddevalla er det faktisk ein stoffbutikk i Tygladan-kjeden på torget, Lilla Tygladan, men eg fekk ikkje til å gå innom, for den opna litt for seint og stengte litt for tidleg.

Onsdag køyrde vi til Vänersborg og mann og barn tusla rundt i området rundt den ganske skjarmerande butikken (Tygladan=Stofflåven) medan eg handla stoff. Hovudstopp for dagen var Ekehagens forntidsby der det var den siste familiedagen i sesongen, med fleire aktivitetar enn andre dagar, blant anna fekk eg prøvd meg som bogeskyttar:

Forntidsbyen låg passeleg til på vegen mellom Vänersborg og Vimmerby. Parken er artig for den som er interessert i natur og historie (steinalder osv), men vi ville nok ikkje ha reist lang omveg berre for denne attraksjonen. På veg til Vimmerby køyrde vi forbi Jönköping, her er det Ohlsons tyger, men utan at vi hadde høve til å stoppe der.

Torsdag nådde vi hovudmålet for turen vår; Astrid Lindgrens Värld. Dette er ein slags “teaterpark” der ein går rundt mellom modellar av stadene i Atrid Lindgrens bøker, medan det spelast teater frå diverse scener. Vi hadde ein kjempeflott dag, einaste dumme var at det kom regn etterkvart. Sidan vi var der såpass seint i sesongen (8. august), var det greitt å få plass på tribunene rundt omkring. Vi fann ganske fort ut at Pippi var aller gøyast, med Emil som ein god nummer to (det var desse figurane barna kjente best til, og dei hadde glede av å sjå teater-stykka sjølv om dei ikkje skjøna svensk). Vi var i parken frå den opna til den stengte, og alle var stor-fornøgde med parken!

Teater i Villa Villekulla

 

Fredag morgon reiste vi nordover, fyrste stopp var Jofotex i Söderköping. Medan eg var i stoffbutikken var resten av familien i ein leikebutikk og ein stor daglegvarebutikk i nærleiken. Vidare køyrde vi til Norrköping, der det er ei Titanic-vandreutstilling nå i sommar. Ikkje like stor suksess med små barn, sjølv om utstilling i seg sjølv var fin. Så overnatta vi i Örebro. Det vesle vi såg av byen på veg til hotellet i sentrum såg veldig koseleg ut, med historiske bygningar og yrande folkeliv ein seinsommar-fredagskveld.

Både i Norrköping og Örebro var det Ohlsons tyger, utan at eg fekk høve til å besøke dei.

Laurdag var dagen for å reise heim, men med ein god stopp i Karlstad. Fyrst blei mann og barn køyrd til parken “Mariebergsskogen” like sør for sentrum. Dette viste seg å vere ein kjempeflott plass for barnefamiliar, med blant anna store leikeplassar. Og eit område med dyr dei kunne besøkje, der det var blant anna hest, ku, geit, kanin og undulat. Gratis inngang, det einaste dei betala for var bruk av minigolf-banen. Wow! I mellomtida var eg på Tygfabriken og dretter på Ohlsons tyger. Sidan Ohlsons tyger låg midt i sentrum, var det enkelt å kjøpe med seg noko lunsj og ete på ein benk saman med familien i den idylliske parken etterpå.

Mariebergsskogen i Karlstad

Mariebergsskogen i Karlstad Mariebergsskogen i Karlstad

Oppsummering:

Mest skjarmerande stoffbutikk: Tygladan Vänersborg
Best stoffutval: Jofotex
Best pris: Tygladan/Tygfabriken
Mest gøy: Astrid Lindgrens Värld

I fjor var vi på familieferie/stoff-shoppingstur i Danmark/Jylland, det kan du lese om her.

02.08.2013

Stas med hest / Proudly Presenting the Horse

Dette settet var det jammen stor stas med! Det var ikkje få gongene jenta sa “hessst!” etter å ha fått bodyen på! Hesten er klipt ut av vinyl transfer og strykt på. Mønsteret på buksa er frå Ottobre 3/2013, modell nr 7. Eg klipper av ein cm på toppen av framstykket, synest buksa heng betre då.

Oh joy! The little girl said “hessst!” plenty of times after getting this bodysuit on. “Hest” means “horse”, maybe you have guessed it already ;-) The horse is made of vinyl transfer. The pattern for the pants are from Ottobre 3/2013, design no 7. I have modified the pattern slightly by cutting a cm from the top of the frontpiece, I think the fabric falls/drapes better when doing that.

Fabrics: Stoff og Stil

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...