Viser innlegg med etiketten Stoffbutikkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stoffbutikkar. Vis alle innlegg

24.11.2014

Symessa 2014!

Då er årets symesse på Norges varemesse på Lillestrøm over for i år. Eg kosa meg tre timar på fredag og mange timar på laurdag, fyrst og fremst fordi eg fekk møte masse hyggelege menneske! Folk eg har møtt tidlegare, folk eg har kjent på nett men ikkje møtt face to face før nå, og folk eg møtte for fyrste gong. Kjempemoro! Tusen takk til alle som tok kontakt, og takk for tilbakemeldingar om at bloggen min kjem til nytte :-)

Som i fjor har eg knipsa på slutten av dagen, når dei fleste har gått heim. Så det har vore mykje meir folk her enn dette. I år var det eit kjempestort utval av trykte jerseystoff å få kjøpt, og det var litt meir tilbod enn i fjor, trur eg.

Og så var det sykonkurranse mellom seks av dei i alt åtte deltakarane i NRKs “Det store symesterskapet” som går på NRK1 på onsdagane framover. Oppgåva var å redesigne ein grå joggegenser frå H&M. Sidan eg  går i samme syforening som Anne og Solveig, var det ekstra moro og stas å heie og fylgje med!

Anne (http://www.topstitched.net/) Solveig (http://houseofhopen.blogspot.no/)

Sjølv om innspelinga er ferdig og resultatet eigentleg er klart (men ukjent for oss sjåarar), må eg berre seie heia, heia! til dykk i Det store symesterskapet, håpar at det er ein av dykk to som vinn! Eg er stolt av dykk, Anne og Solveig!

Her er eit bilete av Symesterskap-gjengen etter at dei har sydd og redesigna:

 

Til slutt: For min del slutta symessa på ein fantastisk måte i år; Ein Babylock Imagine blei med meg heim! Endeleg, eg som skulle kjøpe den på symessa i fjor, men då hadde dei den ikkje på lager då eg var der. Denne gongen skulle eg eigentleg ikkje ha maskin, sidan eg reiste kollektivt. Fredag ettermiddag var dei utselte. Men selgaren henta ei maskin til laurdag, i tilfelle eg skulle ville ha maskin likevel. Og JA! Vidunderlege lykke og glede, maskina blei mi!! (Og takk til dei i syforeninga som kom på den geniale idéen om å ha med seg trillekoffert på symessa, så fekk eg den med meg heim :-)

(Om du har lyst til å sjå bilete frå messa i fjor, er det å finne HER!)

03.01.2014

Nå er det tid for salg!

I dag starta januarsalget i yndlings-salgs-stoffbutikken min, nemleg STOFSTEDET i Danmark. Masse fine stoff, og dei brukar å ha salg på det aller meste utanom nyheitane. Øko-tex-bomullsjerseyen kan anbefalast!

Om du er kjapp, kan du få med deg salget hjå FABELBLÅ, men berre til og med i dag, 3.jan.

Ein annan fin, dansk nettbutikk som har salg nå er MALIKA OG ROSA.

STOFF OG STIL har salg,

det samme har danske STOF2000.

Går du inn på SYDILLA nå, vil du finne ein “Januarsalg”-kategori.

Har du god tid til å gå i stoff-nettbutikk, har dei salg hjå FABRIC.COM,

og har du lyst til å shoppe hjå finnane, kan du enten gå til OTTOBRE på Etsy, eller

til MYLLYMUKSUT (der stod det i allefall rea, men eg fann ikkje så mykje salg etter ved ein lynkjapp titt…)

Dessutan er det framles fine stoff att til god pris hjå GEKKO.

 

Edit 08.01.14:

Nå er det salg også hjå KREATIV

og hjå TEXTART!

 

NB: Hugs at om ein kjøper for 200 kr eller meir frå utlandet må ein betale 25% moms på både vareverdi og frakt. Dessutan kjem det i tillegg fortollingsgebyr, om det er Posten som fortollar, stig fortollingsgebyret når vareverdien kjem opp i 1000kr. Men dei fleste butikkane vil (skal, eigentleg) trekkje frå eigen moms, så det hjelper jo litt.

24.11.2013

Bilete frå symessa/JuleExpo 2013 på Lillestrøm!

Og det er messe også i dag, hiv deg rundt om du kan!

Sydilla på Symessa, Lillestrøm

Kristin og Wenches svenske medarbeidar hjå Sydilla, som står som arrangør av Symessa på Juleexpo!

_____________________________________

Sydilla har byrja å forhandle Silhouette Cameo, noko eg ikkje har tenkt at eg skal ha. Men jammen klarte dei ikkje å få meg til å få lyst på dette også ;-)

____________________________________

Gekko på Symessa på Lillestrøm 2013

Guro bak firmaet “Gekko”, her saman med Kristin bak bloggen “Heilt Spesiell” og boka “Heilt spesiell og Jubel: Sy glade klær til glade barn”.

_______________________________________

Olivias på Symessa

Olivias på sørvestlandet starta nettbutikk for ikkje så lenge sidan, dei forhandlar flotte jerseystoff frå bl.a. Lillestoff.

____________________________________

Sigurd Hoel eftf.

Sigurd Hoels eftf. lagar vevde band og lappar. Og om litt skal det bli lappar på  meg også derifrå. Spennande og moro!

_________________________________

Kreativ

Tone bak nettbutikken “Kreativ”.

_________________________________________

*Ønskjer meg*

_____________________________________________

Det blei ikkje til at eg tok noko bilete av standen til “Symagasinet” med dei hyggelge folka der, det får bli ein annan gong…

_____________________________________________

 

Eg kosa meg veldig på symessa i går, fyrst og fremst med å treffe så mange hyggelege menneske! Og takk til dykk som tok kontakt og sa “hei, du må vere Annwes!” – kjempekoseleg!

 

____________________________________

11.08.2013

Jersey-shopping i Sverige

Vi har akkurat kome heim frå Sverige-tur, og eg har fylt på stofflageret mitt med jersey-stoff/trikå-tyger!

We have just come home from our summer trip abroad, this year we went to Sweden. I shopped jersey fabrics, because you get a wider range of those fabrics in Sweden (and in Denmark) than in Norway.

tyg-shopping i sverige

Kartet viser sånn omtrentleg ruta vår (litt lenger nede står det om kva elles vi gjorde):

Stoffbutikk 1: Tygladan i Vänersborg


Nettside: http://tygladan.se/
Facebook-side: https://www.facebook.com/Tygladan

Tygladan/Tygfabriken er ein kjede med hovudsenter i Vänersborg. Dei tar i stor grad inn dei samme jersey-stoffa som dei andre butikkane eg besøkte, men til absolutt beste pris; 120 SEK for mønstra/trykt jersey/trikå, og 85 SEK for einsfarga jersey/trikå. Sjå på heimesida og Facebook-sida for å sjå bilete av stoff dei har. God utval av jersey, dei hadde minst 70-80 ulike mønstra, tenkjer eg. Av andre kles-stoff hadde dei litt forskjellig, men ikkje så godt merka med type kvalitet (bomull, polyseter, ull, etc).

Kjøpt hjå Tygladan:

Jersey Tygladan

2. Jofotex i Söderköping

Nettside: http://butik.jofotex.se/

Dette er ein butikk som er velkjent frå nettet for mange norske heimesyarar, kjent for blant anna interlock med kaniner eller elefantar på, eller landskapsstoffet på biletet under. Nå har dei ikkje desse interlockane lenger, men nokre av dei gamle motiva er trykt opp igjen på jersey.

Jofotex er ikkje billigaste i klassa, dei tar 139 SEK for mønstra jersey og 119 SEK for einsfarga. Men til gjengjeld hadde dei eit kjempestort utval av jersey. Og då eg fortalde den hyggelege dama i kassa at eg hadde høyrd rykte om ein rabatt for nordmenn, blei ikkje slutt-prisen så veldig mykje høgare enn Tygladan likevel :-)

Jofotex har også ein god del andre klesstoff også, nokonlunde likt Stoff og Stil på den fronten, tru?

Jersey kjøpt hjå Jofotex

 

3. Tygfabriken i Karlstad

Som nemnt lenger oppe er Tygfabriken ein del av Tygladan-kjeden (samme nettside). Samme låge prisar og stort sett samme stoffa. Eg innbillar meg at dei hadde bittelitt fleire einsfarga jerseyar inne, men litt færre mønstra jerseyar enn i Vänersborg. Butikken ligg i eit lagerlokale-aktig hus litt aust for sentrum.

PS: På ferietur med mann og små barn med? Les lenger nede om kvar du kan “parkere” resten av familien under stoff-shoppinga i Karlstad ;-)

 

4. Ohlsons tyger i Karlstad

Nettside: http://www.ohlssonstyger.se/

Denne butikken låg inne i eit kjøpesenter midt i byen og minte litt om “Kid” eller “Princess”, men med klesstoff i staden for dyner. Av butikkane eg besøkte, hadde dei minst utval av jersey, men ikkje så aller verst utval likevel. Dyraste butikk med 149 SEK for mange av dei mønstra jerseyane, men nokon det stod “nyhet” på kosta berre 99 SEK (kampanje?). Einsfarga jersey til 119 SEK. På nettsida deira er ikkje nyheitane til 99 kr med, derimot har dei ein del stoff til 99 SEK som ikkje var i butikken (blant anna det blå/turkis-småblomstra stoffet på biletet over). Det blei ikkje med meg jersey heim frå denne butikken, men eit vevd stoff som eg håpar eg får vist fram ein annan gong.

 

Generelt om ferieturen vår:

Vi reiste måndag morgon frå Oslo. Etter å ha køyrd innom Nordby kjøpesenter like over grensa ved Svinesund, berre for å ha sett senteret alle Harry-shoppar på, køyrde vi vidare til Nordens ark ved ein fjord sånn ca midt mellom Strømstad og Gøteborg. Her går ein ei løype rundt i koseleg skog og får sjå ikkje berre padde, hakkespett og stork, men også tiger, leopard, og ulv mm. Barna kosa seg. Vidare køyrde vi til Uddevalla der vi hadde booka hotell på Coop hotellkupp.

Hotellrommet hadde vi to netter, og tysdag reiste vi på dagstur til Gøteborg og Universeum rett inntil Liseberg. Eit litt-av-kvart-hus med litt akvarium, litt regnskog, litt vitensenter, litt dinosaur-utstilling, romskip-utstilling og krimteknikk-utstilling. for ikkje å gløyme leikerommet i kjellaren. Heile familien kosa seg i Universeum, men vi var glade for at vi var der i slutten av, og ikkje midt i, høgsesongen, for det var ikkje speseielt god plass der. Her har mellomste jenta vår akkurat klart å temme ein dinosaur:

 

I Uddevalla er det faktisk ein stoffbutikk i Tygladan-kjeden på torget, Lilla Tygladan, men eg fekk ikkje til å gå innom, for den opna litt for seint og stengte litt for tidleg.

Onsdag køyrde vi til Vänersborg og mann og barn tusla rundt i området rundt den ganske skjarmerande butikken (Tygladan=Stofflåven) medan eg handla stoff. Hovudstopp for dagen var Ekehagens forntidsby der det var den siste familiedagen i sesongen, med fleire aktivitetar enn andre dagar, blant anna fekk eg prøvd meg som bogeskyttar:

Forntidsbyen låg passeleg til på vegen mellom Vänersborg og Vimmerby. Parken er artig for den som er interessert i natur og historie (steinalder osv), men vi ville nok ikkje ha reist lang omveg berre for denne attraksjonen. På veg til Vimmerby køyrde vi forbi Jönköping, her er det Ohlsons tyger, men utan at vi hadde høve til å stoppe der.

Torsdag nådde vi hovudmålet for turen vår; Astrid Lindgrens Värld. Dette er ein slags “teaterpark” der ein går rundt mellom modellar av stadene i Atrid Lindgrens bøker, medan det spelast teater frå diverse scener. Vi hadde ein kjempeflott dag, einaste dumme var at det kom regn etterkvart. Sidan vi var der såpass seint i sesongen (8. august), var det greitt å få plass på tribunene rundt omkring. Vi fann ganske fort ut at Pippi var aller gøyast, med Emil som ein god nummer to (det var desse figurane barna kjente best til, og dei hadde glede av å sjå teater-stykka sjølv om dei ikkje skjøna svensk). Vi var i parken frå den opna til den stengte, og alle var stor-fornøgde med parken!

Teater i Villa Villekulla

 

Fredag morgon reiste vi nordover, fyrste stopp var Jofotex i Söderköping. Medan eg var i stoffbutikken var resten av familien i ein leikebutikk og ein stor daglegvarebutikk i nærleiken. Vidare køyrde vi til Norrköping, der det er ei Titanic-vandreutstilling nå i sommar. Ikkje like stor suksess med små barn, sjølv om utstilling i seg sjølv var fin. Så overnatta vi i Örebro. Det vesle vi såg av byen på veg til hotellet i sentrum såg veldig koseleg ut, med historiske bygningar og yrande folkeliv ein seinsommar-fredagskveld.

Både i Norrköping og Örebro var det Ohlsons tyger, utan at eg fekk høve til å besøke dei.

Laurdag var dagen for å reise heim, men med ein god stopp i Karlstad. Fyrst blei mann og barn køyrd til parken “Mariebergsskogen” like sør for sentrum. Dette viste seg å vere ein kjempeflott plass for barnefamiliar, med blant anna store leikeplassar. Og eit område med dyr dei kunne besøkje, der det var blant anna hest, ku, geit, kanin og undulat. Gratis inngang, det einaste dei betala for var bruk av minigolf-banen. Wow! I mellomtida var eg på Tygfabriken og dretter på Ohlsons tyger. Sidan Ohlsons tyger låg midt i sentrum, var det enkelt å kjøpe med seg noko lunsj og ete på ein benk saman med familien i den idylliske parken etterpå.

Mariebergsskogen i Karlstad

Mariebergsskogen i Karlstad Mariebergsskogen i Karlstad

Oppsummering:

Mest skjarmerande stoffbutikk: Tygladan Vänersborg
Best stoffutval: Jofotex
Best pris: Tygladan/Tygfabriken
Mest gøy: Astrid Lindgrens Värld

I fjor var vi på familieferie/stoff-shoppingstur i Danmark/Jylland, det kan du lese om her.

16.07.2012

Danmarksferie og påfyll på stoff-lageret!

DSC_1048For fjerde året på rad har vi reist til Jylland på sommarferie saman med ein vennefamilie av oss. Ein veldig koseleg tradisjon, der den meste av tida går med til aktivitetar som er morosame for barna (eldstemann 5 1/2 år). I tillegg er desse feriane ein av mine viktigaste måtar å fylle opp stofflageret mitt på, for på Jylland er det mykje flotte stoff å få tak i, og dei er billige!

I år gjekk turen til Søhøjlandet feriecenter nokre få mil vest for Århus. Vi hadde valt å feriere i dette området fordi det er veldig mange spennande attraksjonar i eit par timars køyreavstand, og det viste seg å vere ei veldig god plassering i høve til stoff-shopping også.

Nå har vi akkurat kome heim att, og medan eg pustar ut etter turen, skriv eg litt om stoff-shoppinga. Eg har liksom lyst til å rope det ut til alle sygale når eg har funne ein flott butikk, så alle kan handle der;-) Berre eit lite obs til stoff-shopping; tak med kontantar, dei fleste butikkane tok ikkje anna enn Dankort.

STOFSTEDET, LITT SØR FOR AALBORG
Eg tar det i kronologisk, eg, bilete kjem lenger nede i innlegget. På veg nedover frå ferja, stoppa vi på STOFSTEDET i Arden. Dei har nettbutikk, og eg hadde sett meg ut på førehand kva eg ville ha. Med utålmodig familie på slep, fekk eg ikkje sett meg så mykje rundt, anna i jersey-hylla medan ekspeditøren klipte. Men det er ein nokså stor butikk, hyggleg og veldig effektiv betjening. Ein av dei få som tar Visa og kredittkort. Prismessig ikkje av dei aller billigaste, jerseyane med sjiraffar på kosta ca 120 DKK, medan dei andre stader kosta ca 100 DKK eller ca 110 DKK.

JYDSK STOFLAGER, IKAST
Tredje dag i ferien fekk eg lov å reise på stoffshopping “aleine”, mot at eg tok med meg minstejenta på snart eitt år, medan mannen min og dei to eldste leika og bada på feriecenteret. Eg køyrde fyrst ned til adressa til “Lagersalget i Låsby”, som eg har sett omtaler av på nettet, men eg fann det ikkje på den oppgjevne adressa, og det var eit lokale til leige der. Så eg trur det ikkje finst lenger.
Vidare køyrde eg på veg nr. 15 mot vest, forbi Silkeborg til Ikast, og fann ei lita gullgruve av ein butikk, nemleg JYDSK STOFLAGER (http://www.jydsk-stoflager.dk/). Der trur eg eg blei verande eit par timars tid! Eg kikka og kikka og plukka rullar frå hyllene, medan eg innimellom rydda opp knappe-røyr som jentungen fekk lov å leike med. Og eg fekk også snakka ein del med den hyggelege, unge dama som selte. Dei er grossistar av klesstoff og sel ut restparti og slikt til private i denne butikken ved lageret. Om ein er ute etter basis-stoff (einsfarga velour, isoli, jersey, ribb o.l.) til ein billig penge, er det hit ein skal reise, altså! Einsfarga velour i mange fargar til rundt 60 DKK/m, einsfarga jersey i kjempemange fargar(ulike kvalitetar) til 40-70 DKK/m, eit utruleg utval av ribb til rundt 50 DKK/m (men gjerne smal breidde), ullfilt, ullboucle og kokt ull til rundt 130 DKK/m, trur eg det var. Isoli til rundt 60-70 DKK/m. Dei hadde generelt mange fargar, men ikkje så mykje skarpe fargar (rein raud, oransje, limegrønn o.l.). Og så fekk eg ein heil haug stoff for 10 DKK/m, deriblant vindstoff med fleecebakside!! Dei tok forresten berre Dankort.

KØLKÆR STOF OG HOBBY, HERNING
Berre 3-4km vest for Jydsk Stoflager låg KØLKÆR STOF OG HOBBY. Eg fekk på førehand vite at dei er ein av butikkane Jydsk Stoflager sel til, men at dei også har ein del anna, så det var likevel verdt eit besøk. Butikken minte eigentleg litt om Stoff og Stil-butikken i Kristiansand, både i utsjånad og vareutval, men litt mindre. Prisnivået var bra, sjiraffstoffet nemnt tidlegare kosta berre 100 DKK her, og stoffa frå Jydsk stofflager var ikkje allverdens mykje dyrare enn på lagerutsalet, etter det eg kunne forstå. Men så har dei også svært låge transportkostnader frå grossisten, går eg utifrå, når dei berre ligg nokre kilometer unna:-) Denne butikken er eit fint supplement til Jydsk stofflager, men eg er veldig glad eg kom hit etter og ikkje før lager-butikken. Dei tok berre Dankort.
Forresten er det ein Stoff og Stil-butikk ei drøy mil frå Kølkær-butikken, men eg besøkte ikkje denne sidan vi har Stoff og Stil heime i Kristiansand. Eg hadde notert meg adressa til stof-sycenter.dk i Videbæk før eg reiste ut på stoff-turen, men droppa å reise dit fordi eg hadde brukt så mykje tid og funne så mykje stoff i Ikast/Herning.

STOFSHOP.DK, RANDERS
Så. Ferdig med shoppinga nå? Å neidå, er det ein stoffbutikk i nærleiken, er det akkurat som at eg blir dradd mot den, hehe! Fjerde dagen på turen var vi i Randers Regnskov, som forøvrig var ein spennande attraksjon, og der fekk vi litt tid til å rusle rundt i byen etterpå. Og mannen min syntest at vi like gjerne kunne rusle rundt og leite etter stoffbutikken, som å rusle i ein tilfeldig retning, (altså, han fann ikkje på det med stoffbutikken heilt av seg sjølv, altså ;-). Då vi fann den, fekk eg 10 minuttar på meg før parkeringa gjekk ut. Dette skulle inkludere kassekø, klipping og betaling, så det var ikkje så mykje eg fekk sett. Men det var ein nokså liten butikk, men med eit kjellarlokale med ein del stoff, deriblant eit nokså stort område med stoff til 39DKK/m. Eg fann etter nokre minutt jerseyhylla i butikken, og rakk akkurat å kjøpe ein bit mønstra isoli. Eg fekk inntrykk av at prisane v ar nokså låge, men ikkje like låge som hjå Kølkær. Nokre Hilco-stoff såg eg også (Bil-interlocken, blant anna). Tok berre Dankort.
I Randers er det forresten også ein Stof2000-butikk.

STOFSHOP.DK, ÅRHUS
Den neste dagen var vi i Legoland. Men dagen etterpå, laurdag, skulle vi ha ein roleg dag. Eg hadde lest mykje positivt om Stofshop.dk sin butikk i Århus, og hadde veldig lyst til å reise dit. Kvelden før hadde UV-filteret på speilrefleksen blitt knust, og vi ville gjerne ha nytt for å beskytte linsa. Dermed blei det ein liten tur til Århus for å handle kameratilbehør, stoff og mat, jippi! Og for ein stoffbutikk! Om du (som kvinne) skal sy tøy til deg sjølv, er det denne butikken du skal reise til av dei eg har besøkt! Flotte stoff, og veldig fint presentert. Butikk-lokalet er eit typisk by-butikk-lokale, ikkje så veldig mange kvadratmeter. Det var naturleg inndelt i to, der dei hadde stoff som passa for barnetøy i den eine halvdelen, og for dame i den andre. Og klesstoffa var hovudsakeleg sortert etter farge, og ikkje etter stofftype, i båe avdelingane. Kjempeinspirerande! I tillegg hadde dei, som i Randers, eit rom i kjellaren med masse stoff til 39DKK/m (og nå når det var salg var det i tilleg 10% avslag på dei), og innanfor der igjen eit bittelite rom med velour og isoli og andre basis-stoff. Igrunnen motsett av lagerbutikken i Ikast, der basis-stoffa var det fyrste eg kom til… Prisnivået hjå Stofshop var ikkje avskrekkande, faktisk ganske lågt, sjiraffstoffet kosta her 100 DKK/m, og eg fekk alt i alt veldig mykje stoff for pengane. Men heller ikkje denne butikken tok andre kort enn Dankort, dessverre.

"STOFFER" I HJØRRING
Søndagen var vi i Ebeltoft, og der finst det ein liten stoffbutikk som eg har høyrd godt om. Men sidan det var søndag, blei det ingen shopping, men eg fekk lirka inn litt vindus-titting i programmet (snakk om synerd, altså, hehe)

I dag, måndag, reiste vi altså heim att. Det fine med å reise med ferje frå Hirtshals, er at Hjørring ligg like sørafor, og er greitt å stoppe i om ein har litt tid til overs før ferja. Og i dag hadde vi berekna ekstra god tid sidan det har vore vegarbeid i Limfjordtunnellen i det siste. Men vegarbeidet var slutt, ingen kø, så det blei tid til 25 minuttar i stoffbutikken i Hjørring i staden for! Det er tredje eller fjerde gongen eg har vore der nå. Ein liten butikk, med ein del høgare prisar enn dei andre stoffbutikkane eg har besøkt, men framleis billigare enn i Norge. Til dømes hadde dei campan frå Hilco (eg såg berre éin farge-variant) til rundt 140 DKK/m, tilsvarande pris i Norge er rett oppunder 200 NOK. For 177 DKK fekk eg med meg fire Onion-mønster (to til fullpris og to utgåande mønster til redusert pris).

Sånn, nå får det bere nok stoff-shopping på ei stund! Stor takk til mann og barn, som har funne seg i å leggje opp programmet slik at eg fekk ein heilt topp ferietur stoff-shoppingmessig! Nå er det berre å setje i gang å vaske alle stoffa, og deretter sy!

Bilete at stoffa:
Stofstedet:
Stoff frå Stofstedet.dk
Alle desse stoffa er jerseyar i ein fast og god kvalitet, men med masse stretch. Flotte stoff. Velour heilt til høgre.
Jydsk stofflager:
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Alle stoffa over fann eg i hylla med 15DKK/m, 10 meter for 100DKK (og det trong ikkje vere 10 meter av samme stoff). Så det er 11 meter stoff som eg har betalt 115 DKK for, til saman! Nærbilete av vindstoffet:
Jydsk stoflager, Ikast
Dei hadde “sommarfrotté” til 45 DKK/m, men ikkje så mange fargar. Dei to stoffa til venstre er frotté, dei andre to er isoli med god stretch. Dei hadde mange ulike isoli-kvalitetar, men ikkje så mange med så god stretch som den brune her.
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Kølkær:
Til venstre ulljersey til undertøy, tre meter for 150DKK. I midten eit litt udefinerbart, strikka stoff som eg tenkjer å sy ein cardigan el.l. av. Til høgre ein deileg, tykk ulljersey som passar til å sy høghalsa genserar av , til dømes. 69 DKK/m, innbillar eg meg den kosta…
Kølkær stof og hobby
Kølkær stof og hobby
Stofshop, Randers:
DSC_1042
Stofshop, Århus:
Fyrst fann eg stoffet heilt til høgre i billig-kjellaren. Deretter leita eg ei god stund etter stoff til litt finare klede til meg sjølv, og endte opp med det mønstra stoffet (bomull/syntet?) med det naturkvite, strikka stoffet inntil (acryl/lin) og det burgunder sateng-aktige stoffet (er det sateng, tru, har ikkje så god greie på den typen stoff…). Dei tok berre cash, og til slutt hadde eg råd til ein meter sjiraffstoff også :-)
Stofshop Århus
DSC_1045

Også nokre andre bilete frå turen:
DSC_0873kb
Djurs sommerland
Randers regnskov
Alligator i Randers regnskov

Sånn, der gjekk jammen kvelden! God natt!
_________________________________________________________________________

Vis Stoffbutikker/stofbutikker Midt-Jylland i et større kart

Dette er eit kart eg oppretta før turen (obs: sjekk internett før du legg ut på langtur, kartet blir ikkje oppdatert om butikkar blir lagt ned)

06.04.2012

Klesstoff i Roma

Eg har akkurat kome heim frå ein deileg ferietur til Roma saman med mannen min og minstejenta på 8 månader, og der fekk eg tatt ein rask titt i enkelte stoffbutikkar innimellom all kunst og historiske attraksjonar. Den største butikken var ein attraksjon i seg sjølv, vi gjekk gjennom åtte rom med stoff, og i tillegg var det fleire rom med stoff som ikkje var klesstoff! Butikken heiter Bassetti Tessuti (nettadresse http://www.fratellibassetti.com/wp/) og ligg i Corso Vittorio Emanuele II, 73 (sjå kartet). Her er nokre bilete frå butikken:
(Klikk på bileta for større versjon)
DSC_0074anonymisert
DSC_0075
DSC_0076anonymisert
DSC_0077


NB: Butikken ligg i andre etasje, og det lyser liksom ikkje “stoffbutikk” på utsida i gatenivå. Lurt å merke seg adressa før ein går dit.

Ein annan, nokså liten butikk eg tok bilete i var denne, som på kartet ligg nært Via Margana:
Stoffbutikk Roma2Stoffbutikk Roma1
I tillegg var det ein liten butikk i Via Falegnami, der eg ikkje tok bilete. Om eg hadde hatt betre tid, og skulle velje mellom dei minste to her, ville eg valt den siste.

Her er eit kart over dei tre klesstoffbutikkane eg var i, pluss ein butikk som hadde stoff for boliginteriør. Trykk på minus-knappen i kartet om du ikkje får fram dei blå markeringane.


Vis Klesstoff Roma i et større kart
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...