22.10.2014

Bursdagsbuksa

(Korleis blei buksa så skeiv på biletet, tru?) Anyway; vi fekk ein aldri så liten change in plans og bursdagsselskapet blei booka om til Leos lekeland. Eg spurte nesten-seksåringen i forrige veke om ho hadde nokon kjole å ha på seg i bursdagen, skulle eg sy ein til henne? -Nei, eg må ha bukse til å leike i, sa ho. Sidan det var bursdagen hennar måtte eg pynte den litt, gjere den litt feminin, tenkte eg. Ikkje sånn retro-velour denne gongen. Delte opp med litt bogar mellom delane, og la inn litt rynking. Godt fornøgd med resultatet! Den grønne blomen er eg redd vil dette av ganske snart, men inntil dét står den der og smiler til oss og dekkjer over at ribben er sydd på bak fram ;-)

Mønster/design: Eige
Stoff: Diverse bomullsvelour. Ribb frå Stoff og Stil.

Luer til jentebursdag igjen!

I hadde vi stor suksess med å ha lue i premie på leikane til alle gjestene i femårsdagen til mellomstejenta vår. Det var stas både for dei og for meg, og ein bonus for meg var at eg, kvar ettermiddag eg henta i barnehagen, kunne sjå kvar jentene i femårsklubben var ute i leikeområdet i barnehagen!

Sidan vi har flytta frå Oslo til Kristiansand sidan forrige bursdag, blei det høve til å sy luer ein gong til, så her er årets samling. Veslesyster på tre held av landsbylua etter å ha fått genser i stoffet samme dag (forrige innlegg), og bursdagsbarnet sjølv la sin elsk lua i det brun-rosa-blomstrete Gekko-stoffet. Bursdagsselskapet var i går, og i dag var det visst fleire luer å sjå i skulegarden i dag, fekk eg høyre. Stas! Så fekk eg vere med på å spre litt farge og varme nokre øyrer ;-)

Her er forresten innlegget frå fjorårets bursdag, om nokon er nysgjerrige.

Mønster: Eige
Stoff: Diverse bomullsjersey

T-skjorter str. 134

Har ein ikkje nok stoff, får ein skøyte på litt… Kva er greitt til ein sju-åtte-åring og kva er for barnsleg? Desse to blei lagt i kleshylla til gutungen medan han var ute i går, eg har ikkje høyrd noko reaksjonar på dei ennå. Var litt i tvil om helikoptera etter å ha klipt dei, men så tenkte eg at fargen ikkje er noko barnsleg, så det fekk våge seg. Astronautane trur eg vil bli godt mottatt fordi han har hatt to t-skjorter av dette stoffet frå før, og den siste av dei brukar han ennå. Tynnslitt og velbrukt t-skjorte.

Eg har forresten byrja å sy stikning på t-skjorte-ermane når eg syr ribbkant som er éin cm brei (to-lags-ribb). Gutungen har nemleg ei slik t-skjorte utan stikning, der ribben konstant er bretta oppover slik av saummonnen blir ein synleg, nedre kant på ermane…

Mønster: Eige; basert på teknikken til Aldrich.
Stoff: Bomullsjersey designa av Johanna Ahlard.

Fleire jersey-genserar

Det lilla stoffet med ugler og diverse på likar eg veldig godt. Faktisk klipte eg ut av mønsteret til “verdifull-jakka” (forrige innlegg) av dette stoffet aller fyrst. Men eg fekk kalde føtter. Rett nok kan eg finne på å gå rundt i diverse litt rare, sjølvkomponerte kreasjonar, men det er grenser for kor mykje merksemd eg likar å tiltrekkje meg, tenkte eg. Så det blei omklipp, og det blei ein genser i str. 122 i staden for :-) (Og eg synest verdifull-jakka blei mykje betre slik den blei!)

Og eit par genserar til veslesyster også:

Genseren med det svenske landsbygs-stoffet blei umiddelbart helsa varmt velkommen av jenta på litt over tre år!

Mønster: Ottobre 1/2013, design nr. 10 (den øverste er gradert opp til str. 122).
Stoff: Singel-jersey: Det øverste er kjøpt av Ixat sin nettbutikk borti Asia den gongen ho (innbillar meg at det er ei dame…) var på Ebay. Landsbygdstoffet er frå Jofotex, og skooterstoffet er kjøpt enten i Sverige eller i Danmark (kan kanskje kjøpast hjå Kreativ i Norge? (pppp.no)).

Nå har mellomstejenta, akkurat fylt 6 år, fått til saman tre slike nokså smale jersey-genserar. Konklusjonen i dag var at ho ønskjer seg fleire :-)

Blomst til ei klassevenninne på 6 år

Denne blei gitt vekk i bursdagsgåve for ikkje så veldig lenge sidan! Designen er eit samarbeidsprosjekt mellom mor og dotter, i praksis eit kompromiss mellom tilgjengeleg stoff/vinyl og design-ønskja til jenta mi. Det er moro at barna engasjerer seg i designen! Her hadde jenta mi, i tillegg fargeønskje for kjolen, ønskje om at dekoren skulle vere ein blomst og forbokstaven til bursdagsbarnet.

Mønster: Eige, str. 6 år
Stoff: Isoli, Jydsk stoflager. Ribb frå Stoff og Stil. Flocked heat transfer fr å Silhouette.

Verdifull-jakke. Verdifull jakke.

Skulle nesten tru at overskrifta høyrer til eit innlegg om orddelingsfeil i det norske språk, hehe! Men om du ser på bileta lenger nede, vil du skjøne kvifor dette er “Verdifull-jakka mi”. Og den kjem til å bli ei verdifull jakke for meg, fordi mønsteret er teikna av ei av yndlingsjakkene mine ;-)

Mønster: Knock-off.
Stoff: Ytterstoff: Lilla singel-jersey i bomull. Krage også av singel-jersey (turkis-prikkete), men den ytterste, lilla stripa er av ribb sidan jersey ikkje er slitesterkt nok for brett. Fôret er bomullsinterlock, eg har aldri heilt likt designet på det stoffet (eitt eller anna med rosa og lilla saman som blir krasj for meg, trur eg…). Men inn mot huden er det deileg, stoffet er mjukt og godt :-) Glidelås frå Stoff og Stil. Vinylen er frå Ebay, eg er redd den kjem til å dette av etter eit par vask,  *iiik*…

Og for å slutte der eg starta: Om du lurar på korleis dei der orddelingsgreiene er, så skal det på norsk ikkje vere mellomrom mellom to ord som uttalast som eitt. Enten skrivast dei i eitt, eller så brukar vi bindestrek. Det var dagens skrivetips. Eller skrive-tips. (Men ikkje skrive tips ;-)

19.10.2014

Tyning av stoffrestar!

Tidlegare har eg samla på velour i ulike fargar, det er moro å kombinere ulike stoff. Då eg byrja å sy i 2009 la eg meg opp eit kjempestofflager, og dette har eg tæra på i over to år nå utan å kjøpe særleg nytt. Men nå går det mot slutten (det er generelt mykje sotff i hyllene ennå volummessig, men det er ikkje så veldig mange store stykke att). Kanskje dette er siste guttegenseren før eg må kjøpe inn nytt. Eg synest den blei veldig fin sjølv om den er laga av restar, så små bitar treng ikkje vere noko hinder for saumen (men det krev litt meir på tankefronten…)

Enten har eg blitt sabla god til å klippe i vinyl til å stryke på, eller så har eg gått til innkjøp av ei kuttemaskin. Og det er det siste som er tilfelle, eg har kjøpt ein Silhouette portrait, kjøpte samtidig eit par rullar flocked vinyl. I skrivande stund er det nesten ein månad sidan eg laga denne genseren, og maskina har ikkje blitt brukt til mykje etterpå. Litt fordi eg har det så trongt på hybelen at eg ikkje har inspirasjon til å dra den fram (når eg er i symodus må eg rydde bort PC’en for å få plass til symaskin). Å kunne ha god plass rundt seg når ein syr er verkeleg eit gode.

Mønster: Eige, str. 134.
Stoff: Diverse. Vinyl (flocked) frå Silhouette/Bikuben. Motivet fann eg på ein blogg eller nettsid som heitte SmartE PartE.

Enkel topp av Symagasinmønsteret

Det blir litt blogging i rykk og napp for tida. For litt sidan trong eg toppar til meg sjølv så eg sydde denne. Det er samtidig ei omforming av omslagstoppmønsteret til vanleg topp med heil framside. Det er ei nokså enkel ombygging når ein brukar versjonen for minste bysta, sidan denne skjerast i rett horisontal linje under bysta. Då blir det som ein heilt vanleg topp, og det er elastisitetet i stoffet som avgjer korleis den blir på større byste. Cap sleeves som eg er glad i (men ikkje så lett å sjå når mønsteret er mønstra…)

Mønster: Eige, publisert i Symagasinet 3/2014.  Str. M.
Stoff: Gekko. Ribb frå Stoff og Stil.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...