29.06.2012

Det er sommar!

I allefall var det det her i går, og heile familien var ute og snusa inn litt sommarluft i hagen.

Minstejenta hadde på solhatten sin ei lita stund, før ho blei lei av å ha på hatt…

DSC_0531k

Eldstemann kosa seg med vannpistolen han fekk i bursdagen til ein kamerat dagen før…

DSC_0533k

Mellomste-jenta fekk også prøve vannpistolen, innimellom syklinga…

DSC_0545k

Far fekk lufta sjongleringsballane sine litt…

DSC_0561k

Og mor sprang rundt og øva seg med kameraet vi kjøpte i fjor, og tenkte på at nå er det på tide å sy nye bukser:

DSC_0542k

 

Skal ein få mykje tid til å sy, må noko anna nedprioriterast, og hagearbeid er i sistnemnte kategori. Men det går an å glede seg over det ein finn i hagen likevel:

Alle dei fine blomane som kjem opp i plenen:

DSC_0528k

Skvallerkålen ser jo ikkje så aller verst ut…

Skvallerkål

Billene som et opp tigerliljene får leve i fred…

DSC_0560k

Til slutt eit bilete av irisen som var planta av dei forrige eigarane (i hagen vår er det slik at dei fine blomane som klarer seg sjølv, dei får lov ttil å stå ;-)

DSC_0537k

I det siste har all ledig tid gått med til sying, og blogginga har blitt nedprioritert. Det kjem nok ein del på bloggen etterkvart, så får desse bileta vere “ventebilete” imens. Nyt sommaren, alle saman!

26.06.2012

Syrommet gjeninnreda!

Har du lyst til å sjå syrommet mitt? Velkommen inn!

Bakgrunn: Det vesle rommet sentralt i huset har fungert som lager/bortstuingsrom dei siste åra. Nå er familien blitt så stor at vi må byrje å ete i stova, ved bordet der eg har sydd dei siste tre åra. Eg måtte altså finne ei ny løysing til sysakene mine. Og løysinga var å flytte ut ein heil del ting frå roterommet, og innrede på nytt.

Stikkord for ny-innredninga:-Lite rom (Ca 10 m²)
-Praktisk innredning
-Lågt budsjett…
-…sidan rommet i seg sjølv ikkje er det vakraste rommet i huset

Resultat:
Sjølv om rommet er lite, har det har blitt eit fullt brukande syrom. Liten plass har også fordelar; eg kosar meg med at eg når fram til det meste nesten utan å flytte meg…

Og så bileta:
Oversiktsbilete, hovudsida av rommet:
Innredning av et lite syrom
På motsett side finn ein dette (litt overlapp mellom bileta):
DSC_0336k DSC_0337k
Detaljar:
DSC_0332k
Øverst over syplassen er det to stykk Billy-vegghyller frå IKEA ved sida av kvarandre. Det skulle eigentleg vere to skilleveggar i kvar hylle, men vi lot vere å montere den eine.



DSC_0334k
Under Billy-hyllene heng det ei hylle som er ei 20 cm djup, lang (2,40 m?) hylleplate kjøpt på Byggmakker. Det gule sortimentskåpet kjøpte eg på Jula for 139 kr, veldig fornøgd med det.

DSC_0331kEg er godt fornøgd med desse veggkrokane frå Jula, som eg brukar til å oppbevare rullar med band. I tillegg har eg brukt nokre gamle dusjgardin-krokar for å henge opp brett med band.








Magnetlist eit must på syrommet!
Den aller kjæraste dingsen eg kjøpte, er kanskje denne magnetslista. Det viktigaste som heng her, er den vesle, oransje broderisaksa, som eg brukar til stadigheit. Og like til høgre for denne; den butte stoppenåla, som eg festar overlock-trådremsene med.


Oppbevaring av sysaker
På kvar side av magnetlista, er det ei lang Bygel-stang, med diverse Bygel-tilbehør på. Blant anna denne boksen med pennar og diverse i, er kjærkomen.




DSC_0341Tråd-korgene passar greitt til Mara-tråden…





DSC_0333k
Den svarte rullen med skulderband passar også fint oppi ei av korgene. Så er det berre å dra ned så mykje band ein treng. I boksen til venstre er det to rulleknivar; ein med skarpt blad til stoff, og ein med eit gamalt, sløvt blad til papir (mønster). Kalkulatoren bakanfor brukast som mønstervekt, i tillegg til å rekne med:-)



DSC_0335
Dette er ein rest etter roterom-tida; glidelåsar hengt opp i dusjgardin-krokar via delvis utfalda bindersar. Eg har ikkje hengt opp nokon gardiner på rommet ennå, og tenkte at glidelåsane likesågodt kunne henge. (Eg har fått kommentarar frå folk som har sett dei frå utsida, og lurar på om vi brukar glidelåsar som gardiner, hehe…)










DSC_0338
Denne hylla er eg veldig fornøgd med, dvs., det er ikkje sjølve hylla, men hylle-knektane, eg er så fornøgd med. Inni dei kan eg nemleg oppbevare rullar; mønsterpapir, vliesofix. Og balkongflagget…




DSC_0342
To skjerematter er veldig greitt til klipping av småbarnsklede, så slepp eg å flytte stoffet midt i klipping av enkeltdelar. Vel, klipping er jo eigentleg skjering, for eg brukar rullekniv og ikkje saks.
Under bordet: Eitt av hjelpemidla eg er aller mest fornøgd med; ein stor dunk til sy-avfall. Eg når den frå alle maskinene, og frå klippeplassen. Nokon fordelar er det med veldig lite syrom!




DSC_0345
Og her havnar alt avklipp med så store bitar at eg trur det kan kome til nytte…





Eg har brukt rommet i, tja, ein månads tid nå, og eg diggar funksjonaliteten i rommet! Så lett å leggje ting på plass at det ikkje blir noko sak å rydde! (Og eg er ikkje spesielt glad i rydde, berre spør mannen min om korleis det såg ut då eg brukte stova som syrom, hihi!
Har du lyst til å vise fram ditt syrom? Legg gjerne inn ein link i kommentarfeltet!



Tillegg: Det var ønskje om detaljbilete av glidelåsopphenget, her er eit utsnitt av biletet i høg-oppløyseleg versjon :-)

24.06.2012

Astronautar ville han ha på t-skjorta!

Klikk for større bilete

Denne blei sydd her om dagen, etter rysje-toppen og før overlocken blei tredd med rosa tråd ;-) Gutungen fekk velje hovudstoffet sjølv, og då var det astronautstoffet som blei valt!

Mønster: T-shirt block, basic shape, frå boka til Aldrich. Str 122, men måla er henta frå boka til Rigmor Haugsand.

Stoff: Astronaut-jersey og ljoseblå stjerne-jersey frå Textart.no. Marineblå “organic baby rib knit” frå Fabric.com. Stoffet minner veldig om den tykke interlocken til JNY (om det er JNY sin interlock eg tenkjer på, då…)

Rosa, del II og III: T-skjorte-tunikaer

Tunika med nitals-opning, design av Annwes

Tunika med nitals-opning, design av Annwes

Ettersom barna veks og treng større klede, må nye mønster til også. Denne gongen har eg gradert tunikamønsteret i str. 3 år opp til str. 4 år, i praksis 4-5 år, sidan ein kortarma, lang tunika kan brukast lenge.

Då eg sydde desse, var planen å ha sky-armar på den øvste, og gule armar på den nederste. Armane var klare til montering, og eg lurte litt fram og tilbake på om eg skulle bytte. Eg kom til slutt til at nei, eg held meg til den opprinnelege planen. Sydde fyrste armen på, og såg at… hmmm, det blei visst ikkje den opprinnelege planen likevel, hehe. Og er godt fornøgd med at det blei slik det blei!

Baksidene på tunikaene:

DSC_0486 DSC_0489lys

Halsdesign og mønster: Eige

Stoff: Prikkete jersey kjøpt hjå Textart.no. Apejersey av Johanna Ahlard/Mjuka tyger. Astronaut-stoff kjøpt hjå Textart.no (også designa av Johanna Ahlard). Sky-jersey av JNYDesign. Den stripete jerseyen på framsida av sky-tunikaen er kjøpt i Lyngdal, medan den nesten like, stripete jerseyen på ape-tunikaen er Campante frå Hilco. Gul jersey, JNY? Rosa ribb til kanting frå Stoff og Stil.

Rosa tema, del I: Fleire jente-underbukser

DSC_0474lys

Treåringen treng fleire truser til ferien, når vi ikkje har tilgang på vaskemaskin heile tida. Eg spurte henne om ho likte best vanlege truser eller bokserar. Ho var klar på at det var bokser-underbuksene som var best. Så då blei det tre nye av dei!

Om nokon lurar på kva for fasong dei tre (fire) ulike delane på underbuksa har, kan dei studere bileta under:

DSC_0470

DSC_0471

DSC_0472

Det er ein fjerde del, og det er det indre laget i kilen. Den har samme fasong som kilen, men er mellom 1 og 1,5 cm smalare på kvar side. (Festast berre i saumane til framstykke og bakstykke)

Eg har montert heile underbuksa og sydd på strikket til slutt for å unngå klumpete saummonn. Ikkje det aller stiligaste, og i etter å ha sydd desse, kikka eg litt nøyare på kjøpe-bokseren, korleis dei har gjort det der. Neste gong skal eg vente med å sy den siste sidesaumen før eg syr strikket på, og så sy strikkendane inn i sidesaumen.

DSC_0473

Fargen på dei prikkete underbuksene ser forresten ganske raude ut, medan dei eigentleg er meir pink. Eg har ikkje skjøna meg heilt på kameraet ennå…

Mønster: Knock-off… (Teikna av ei kjøpe-underbukse)

Stoff/tilbehør: Apejersey frå Mjuka Tyger/Johanna Ahlard. Prikkete jersey kjøpt frå Ixat i Sør-Korea. FOE kjøpt på Ebay.

23.06.2012

Blått, del II: Jente-topp

DSC_0480

Eg skulle sy t-skjorte til gutungen, nå som overlocken var tredd med blått etter buksesying. Så fekk eg så veldig lyst til å sy jente-t-skjorte i staden for, og slik blei det!

I det eksperimentelle hjørnet: Eg fekk veldig lyst til å sy rysjekant og prøva meg med ei lang remse jersey som eg kanta med rullefald. Prøvde fyrst å strekkje i stoffet medan eg sydde, men då blei det rulling i dobbel forstand, og remsa blei ikkje noko fin. Så eg sydde nye remser utan å strekkje. Rynka dei deretter med gjennomsiktig strikk, og sydde på med sikksakk på symaskina, like innanfor ermekanten. Sjølve kanten på ermet har eg ikkje kanta på noko vis. (Blir spennande å sjå korleis armane blir etter ein runde i vaskemaskina…)

DSC_0481

“Kragen” er laga ved at belegninga ligg på utsida i staden for innsida. Det er strykeinnlegg bak, og halsopninga er derfor ikkje elastisk. Derfor måtte eg lage splitt…

DSC_0482

Mønster: Eit mønster eg eigentleg teikna til t-skjorter i interlock (smal modell) i str. 7 år, men etter å ha laga jentefasong på liv og hofter, og sydd i jersey i staden for interlock, blei den til slutt str. ca 5 år.

Stoff: Prikkete jersey frå Textart.no. Turkis jersey frå tidlegare Cetho (JNY?). Satengband frå Panduro.

Blått, del I: Gutebukse

 DSC_0429

Eg har sydd bukse. Med smekk og greier. Og sit med samme kjensla som då eg hadde sydd finbukse til guten for eit par-tre år sidan: “Ugh, aldri meir, dette var ikkje verdt slitet…”. Men finbuksa har vi faktisk hatt veldig mykje glede av, så kanskje eg endrar meining om denne buksa også? Og ei trøyst då den var ferdig, var at då eg fortalte i bilen frå barnehagen at eg hadde sydd bukse, var responsen: “Har den smekk?”

DSC_0428

Stikningane er sydd med Mara 70/kraftig sytråd, og nål for stikningar. Eg synest det er veldig fint med stikningar, og synest det er gøy å teikne strekteikningar med kraftig tråd i symaskina. Sidan poenget er at saumen skal vere godt synleg, vil også festing av tråden med “fram og tilbake-metoden” også synast, så derfor har eg festa trådane for hand i staden for. Tips til korleis ein kan gjere det på ein mindre tidkrevjande måte mottakast med takk!

Stikninger med Mara 70

Symaskina mi er framleis på reparasjon, så eg har brukt den kjempe-enkle Janome-maskina mi i tillegg til overlocken. Covermaskina blei ikkje brukt til denne buksa. Eg saknar Pfaffen, men eg kom i mål på eit vis med den enkle maskina også. Men glidelåsfot hadde eg ikkje (fann ikkje tilbehørsskrinet, som uansett ikkje er veldig velutstyrt), så eg såg på det som ei god unnskyldning for å ha knappegylf i staden for glidelås :-)

DSC_0435

Bukseknea er ein utsett stad på gutebuksene her i huset, så eg sette på eit par lappar velour, eg har veldig god erfaring med velour på slitasjeutsette stader. Angrar på at eg ikkje tok blå velour, men hòl skal det i allefall ikkje bli!

Velourlapper for å hindre hull på knærne

Mønsteret: Ein variant av Helen Joseph Armstrong sin “Slack foundation”.

Stoff og tilbehør: Twill frå Stoff og Stil. Turkis velour frå ??, Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal, trur eg. Kvit Mara-tråd frå Willy. “Stick-nadel/embroidery Needle” str. 90 frå Stoff og Stil. Blå plastknappar frå KAM. Svart anorakk-knapp frå Prym. 3,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil.

18.06.2012

Bukse til eit bursdagsbarn

I dag var det bursdag for ei som blei seks år. Eg er så heldig å ha ein son som likar å take med seg det mammaen har sydd når han skal i bursdag, og eg kosar meg med å sy. Denne gongen blei det ei bukse til bursdagsbarnet.
DSC_0420
DSC_0421
Buksa er sydd med mål frå “Plus size”-tabellen i Aldrich si bok, dvs. at storleiken er 128 i lengda, og 140 i breidda. Eg teikna fyrst eit vanleg buksemønster etter typen “slack foundation” i Armstrong si bok, med 5 cm bevegelegheitsvidde rundt hoftene. Eg hadde lyst til å gjere buksa litt meir feminin enn berre “joggebukse i jentefarge”, og endte opp med å leggje inn det blomstrete stoffet i sidene, samtidig som det lilla stoffet skyvast til sidene som ei gardin ved sida av det blomstrete stoffet. Lommer er kjekt å ha også, og dei gjorde buksa litt meir spennande, synest eg. Bortsett frå lommene, er buksa designmessig lik framme og bak (men ikkje i snittet). Eg blei veldig fornøgd med buksa til slutt, men fann ut at det finst enklare typer design enn denne måten å sy buksebein på…

Stoff og tilbehør:
-Lilla velour frå Stoff og Stil.
-Grå velour frå Textart.no.
-Nokså tynn, blomstrete jersey frå Ixat, strykeinnlegg frå Stoff og Stil på baksida.
-Naturkvit ribb frå Stoff og Stil.
-Mørkelilla ribb i livet (ferdig breidde 4 cm), 3,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil inni. Samme ribben nedst, også der 4 cm brei ferdigsydd.

Jenteunderbukser

Bleieslutt krev underbukser. I starten kan det til og med vere greitt med nokon ekstra på lur. Eg fann ei underbukse med god passform i klesskåpet til jentungen og teikna av, og resultatet i kveld blei desse to:

DSC_0424

Når ein har coverstitch-maskin, er denne typen underbukse veldig rask og grei og sy: Eg syr kilen fast i for- og bakstykke fyrst, deretter legg eg opp  nedst, syr så sidesaumane, og syr på strikk til slutt. Eg sydde ei fyrste test-utgåve rett før helga, og på den brukte eg farga strikk frå Stoff og Stil, 1 cm breitt, litt grovt strikk. Men i dag kom eg på at eg har liggande masse foldover elastics (FOE), og det fungerte supert. Eg har sydd FOE’n på ubretta. Eg er litt spent på om det vil brette seg i vask, men eg trur eigentleg ikkje det.

DSC_0426

Stoff og tilbehør: Kvit/raud/grønn jersey frå Stoff og Stil. Apejersey kjøpt i Hjørring, trur eg. 5/8” brei FOE frå Ebay.

12.06.2012

Toppen i vaksen-utgåve

DSC_0327

Det var så gøy å lage den feminine jentetoppen her om dagen, at eg måtte sjå korleis det ville bli å lage ein i vaksenstorleik også! Det tok ein del lenger tid, fordi eg nytta høvet til å lage mitt fyrste grunnmønster for overdel til meg sjølv.

DSC_0326

DSC_0330

Om mønsteret:

Eg tok utgangspunkt i “the close fitting bodice block” i Aldrich si lilla bok. Den er vel eigentleg meint til ein tettsitjande overdel i vevd stoff. Grunnmønsteret inkluderer 10 cm bevegelegheitsvidde/ease, som er mykje for ein tettsitjande jersey-topp. Men pytt, alt treng vel ikkje vere tettsitjande... Innsnitta, som eigentleg går frå bysta opp til overgangen hals/skuldersaum, flytta eg til halsutringinga skrått opp mot midtlinja, skjult under rysjekanten. Det var veldig moro å endeleg flytte eit innsnitt på eit mønster, slik som eg har sett masse teikningar på i bøkene, men ikkje gjort på ordentleg før! Når dette var gjort, er resten av endringane frå grunnmønster til topp nokså like barnetoppen.

Sying:

Denne gongen rynka eg med vanleg 5mm breitt strikk. Sidan rysjekanten uansett ikkje skulle gjennom kantebandsapparatet, var det ikkje så nøye at strikket var flatast mogleg. Stoffet er rynka cirka 2:1, bortsett frå i svingen ved blomen, der det er 1:1/ingen rynking (svingen lagar rynke-effekt i seg sjølv). Eg forsterka også kanten på stoffet i armholene med strikk. Kantinga er gjort manuelt, det vil i praksis seie at eg sydde stoffremsa på rette mot rette med max klippebreidde på overlocken (7 mm). Deretter bretta eg stoffet over til vranga og gjorde ferdig kanten med coverstitch-maskina. Manuelt fordi toppen er sydd i viscosejersey, som fungerer dårleg i kantebandsapparatet.

Blomen er sydd av ei stoffremse som eg rulla og delvis bretta undervegs, frå midten og utover, samtidig som eg kontinuerleg sydde i botnen for hand. Liknande slik ein sydde satengroser på 90-talet, tenkjer eg.

Den raude kanten (rullefalden) er raud fordi det var det maskinene var tredd med sidan forrige topp, eg var utålmodig, dette var ein test-topp. Så sånn var dét. Men det blei fint, synest eg!

Stoff: Viscosejersey frå Stoff og Stil

11.06.2012

Bli med på guida tur med kantebandsapparatet mitt

DSC_0354k
DSC_0319

Innimellom får eg ulike spørsmål om kantebandsapparatet mitt. Eg har ei kantebandsløysing som eg er svært fornøgd med, men som dessverre ikkje så lett lar seg reprodusere. Eg har derfor latt vere å blogge om det tidlegare, fordi eg har frykta at eg ville forvirre meir enn å hjelpe om eg skreiv om det. Men, kanskje nokon har lyst til å sjå korleis eg kantar likevel, sånn berre for moro? Eller, om ein sit som eit sprøsmålsteikn med eit flunk nytt apparat mellom hendene, og er desperat etter tips til kva ein kan prøve å stille på?
Og, som ved alle guida turar; det er lov å stille spørsmål :-)

Maskin: Janome Coverpro 1000CPX (ei rein coverstitch-maskin)
Kantebandsapparat: Type A-apparat (ingen brett på baksida), 1 1/2” (frå 38 mm brei remse t il 14 mm brei kant). Ikkje “fits Janome”.

DSC_0353

Kjøpt her: http://stores.ebay.com/SHARP-SEWING-SUPPLIES. Annonsa på mitt apparat har gått ut, og eg veit ikkje om dei har akkurat denne modellen lenger.

Slik monterer eg apparatet (sjå tekst som kjem opp når du held musemarkøren over biletet. Nokon bilete kan forstørrast ved å klikke på dei.):

DSC_0354k apparat med stoette
DSC_0356
Legg til bildetekst
Festeplata kjem frå det originale 42mm-apparatet, men plata kan også kjøpast separat hjå Symaskiner.no for ein billig penge.
Når apparatet er festa berre i eitt punkt, er det akkurat så mobilt at eg enkelt kan flytte bittelitt på det. Dette likar eg veldig godt. Om eg roterer apparatet rundt skruen, kan eg justere kantebadet sidevegs; vrir eg bittelitt med klokka, flyttast kantebandet mot høgre under syfoten, og mot klokka omvendt.
Fyrste gong eg stilte apparatet inn, justerte eg “armane” til venstre på apparatet, slik at saumen på baksida dekkjer heile stoffkanten:
DSC_0357 med piler
Innstillingar på maskina (hald musemarkøren over bileta for å få fram tekst):
DSC_0348
Nåler: Organ ELx705 str. 90.
DSC_0364

OBS: Brukar du den korte, originale syfoten som fylgde med originalt kantebandsapparat, og slit med at det berre blir surr på undersida av kantebandet? Prøv å bytte til ein annan syfot!

DSC_0349
DSC_0350
Diff’en står på 0,5 (lågast) ved kanting med ribb, og oppover mot 1 ved kanting med interlock. Ønskjer eg ein sjeldan gong at kantebandet skal rynke stoffet, skrur eg opp diff’en på max. Eg veit at andre (med andre typer apparat) kantar med mykje høgare diff enn meg med godt resultat, men eg har ikkje skjøna kvifor dette varierer.
Trykkfotpress-skruen cirka halvvegs nede
Apparatet mitt er ikkje så følsomt for ulike trykkfot-press, men om du slit med hoppesting på ditt apparat, kan det vere at det hjelper å auke presset, dvs. skru nedover.
DSC_0352

Stoff til kanteband:
Eg brukar både ribb/stretch-jersey frå Stoff og Stil, eller ribb av liknande kvalitet, og ulike typer interlock. Men mest ribb, og alltid ribb der kanten kjem på strekk, slik som i halsutringing. Alltid interlock der eg ikkje ønskjer snurping, slik som nedst på eit plagg eller nedst på armar (men heilt snurpefritt får eg det sjeldant).
Eg brukar rullekniv, quiltelinjal og skjerematte når eg kuttar remsene, så dei blir jevne.

Treing av stoff i apparatet:
DSC_0365

Stoffremsene krummar seg ofte i nokon grad mot retta. Eg matar som regel remsa inn i apparatet med retta mot meg, med mindre det blir lett synleg at det då er vranga som blir liggande ut. Med ribb og interlock er det kanskje ikkje store forskjellen på kva for side som er inn og ut, men nokon stoff fungerer mykje betre å kante med om dei brettast samme veg som dei naturleg rullar seg.

DSC_0367
DSC_0369 med pil
DSC_0370
DSC_0374 med markeringar
Eg brukar høgre handa mi til å halde rundt apparatet medan eg syr, og høgre peikefinger kviler mot kantebandet for å hindre det i skli mot høgre.
DSC_0376

Slik avsluttar eg saumen:
DSC_0378 med piler
DSC_0379
DSC_0380 med pil
DSC_0381
DSC_0382
DSC_0383
Som ein kan sjå, rynkast stoffet litt med ribb. Det rynkar seg ofte bittelitt også med interlock, men mindre enn med ribb.
Pinsetten er grei å ha når ein kantar, til dømes i kurver:
DSC_0386
Eller for å hindre enden på stoffet i å skli unna:
DSC_0387

Kommentarar på slutten av turen:
Eg har til saman fem ulike kantebandsapparat; det originale 42 mm-apparatet som brettar på baksida, og fire frå Sharpsewing, ingen av desse brettar på baksida. Eg rakk aldri å lære meg det originale apparatet før eg fekk dette som har fungert supert for meg. Både det originale, og alle dei andre har vore litt vriene i starten, og sidan eg har hatt eit apparat som har fungert har det aldri blitt til at eg har øvd med dei andre. Om du har eit originalt apparat du slit med å få til, vil eg råde deg til å bli medlem av syforumet Sykroken, fordi der er det mange som har mykje erfaring med dette, og som kan hjelpe.

Eg blir av og til spurt om eg kan fortelje kva for eit apparat folk skal kjøpe. Eg synest det er vanskeleg å svare på dette, fordi det er så mange ulike faktorar som spelar inn på om resultatet blir vellykka eller ei. Det er vanskeleg å kante, rett og slett, det krev øving, og det er vanleg å streve i starten (Eg har gitt opp å bruke fire apparat…)

Men, om du absolutt vil ha eit råd, og er villig til å hoppe uti det, med risiko for at det er bortkasta tid og pengar, ville eg gått for eitt av to alternativ:

1. Om du har Janome Coverpro 1000CP/CPX eller tilsvarande Elna-maskin: Janomes original-apparat, 42 mm. Dette er apparatet for den som vil vere sikker på at apparatet passar til maskina. Mange har apparatet, så det er relativt lett å hå hjelp. Men, det er dyrt, og det brettar stoffet på baksida, slik at det blir ein tykk kant. Ja, det går forresten an å trikse det til for å få det til å la vere å brette på baksida, men det har eg ikkje prøvd sjølv.

2. Uoriginalt type A-apparat med klippebreidde 1 1/2” hjå Sharpsewing, til dømes denne, eller dette. Eit slikt apparat er billig, og brettar berre ein gong på baksida. Men, ein har ingen garanti for at apparatet vil passe, heller ikkje dei som det står “fits Janome” på, og ein må gjerne vere litt kreativ når ein festar apparatet. OBS: Festeplate må kjøpast separat, og kan kjøpast hjå Symaskiner.no.
Det var det for nå, ha ein fin kveld!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...