20.02.2015

Oppgåve: “Kjole av desse seks stoffa!”

Det var tid for å sy ein kjole att, og denne gongen hadde eg lyst til å gjere litt ut av den! Eg blei kjempefornøgd, juhuuu! Mellomstejenta, som nå er 6 år, var med og tok ut stoff. Det eine etter det andre, og til saman blei det seks stykk. Utanom den lilla ribben til kanting. Moro med mange stoff i eit plagg :-)

Fyrste stoffet er grunnstoffet i kjolen; turkis isoli. Vidare er tre jersey-stoff brukt i ein slags “lommestolpe” med tre lommer nedover. Dei to siste stoffa er sydd på som lappar applikert på kjolen; øverst med knappar på og på ryggen. Knappane er det minstejenta på 3 1/2 år som har kosa seg med å plukke ut til storesyster. Eg hadde lyst til å teste ut å legge inn ein tittekant av jersey i kantebandet ved sying med kantebandsapparatet. Det blei enkelte hoppesting, men resultatet elles blei veldig fint! Då eg hadde kanta halsutringing og ermeutringingar, fekk eg lyst til å ha tittekantar i sidene også. Det er ikkje noko snor inni tittekantane, berre ein strimmel tynn, veldig tøyeleg bomullsjersey bretta dobbelt. Tittekantane går ikkje heilt opp og heilt ned, eg syntest det blei ryddigare å avslutte dei eit par cm frå endane av saumane.

Sånn, og så var det snart vinterferie :-)

18.02.2015

Sjørøvarbursdag!

Kortbukse, t-skjorte med tørkle om livet hadde han frå før, det har vore kostymet hans i nesten tre år nå! (Bukse med strikk i livet og lang t-skjorte kan passe lenge) Men sidan det var han sjølv som var bursdagsbarnet denne gongen, hadde han lyst på ein frakk i tillegg. Tid hadde eg lite av, men i grunnen er det å bruke kort tid på eit plagg noko av det morosame med å lage kostyme! Og far pynta etterpå med å stryke på gull-vinyl og sy på knappar. (Og om nokon lurar på kvifor det er viktig å passe på at luven på velour og cord-stoff ligg rett veg, kan sjå på biletet øverst til venstre, der den nederste delen på den eine sida på frakken er snudd opp ned…) Biletet er forresten tatt eit par dagar etter selskapet, og antrekket er på berre for fotograferingas skuld. Dette som forklaring på det ikkje veldig gode humøret på bursdagsbarnet ;-)

Designa av minstejenta på 3 1/2

Her om dagen var minstejenta på 3 1/2 år i sitt fyrste bursdagsselskap i barnehagesamanheng. Det verkar som om ho var medviten om at heimesydde plagg er vanleg å ha med seg når barna i dette huset skal i bursdagsselskap, og ho ville gjerne vere med på å lage kjole. Ho plukka ut stoff etter sjølv å ha gjort eit utval av ulike (rosa) stoff ho trudde mottakaren ville like. Og ho bestemte vidare at det skulle vere sjokoladekake på kjolen. Og  ho fekk ikkje nok av berre å velge og ønskje seg, ho var også med då eg klipte kjolen og teikna og klipte kaka,  noko som tok litt tid. Eg blei igrunn ganske overraska over iveren og tolmodet til den vesle jenta., det å lage kjole var jammen stas for henne!

Super t-skjorte

Eg håpar han som fylte 8 år blei like fornøgd med t-skjorta som eg blei! (T-skjorta er forresten turkis, men mobilkameraet klarer ikkje gjengi fargane.) Supermann-logoen er laga i Silhouette Studio-programmet ved hjelp av eit bilete eg fann på nett.

Beyblade-bukse

Velour-bukse med vinyl transfer. Lomme-eksperiment som ikkje blei vellykka. Beyblade-motivet blei eg derimot veldig godt fornøgd med, den er laga delvis ved å trace eit bilete av ein Beyblade (i Silhouette Studio-programmet).

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...