17.12.2015

Farvel Windows Live Writer

Det er lenge sidan eg har opna “Windows Live Writer” nå, programmet eg brukar til å blogge. Og der låg det jammen eit upublisert innlegg frå forrige skuleår. Ikkje heilt “Merry Christmas”, men “det fær våge seg” (slik vesttelemarkingane seier når dei meiner “det får bare være”).

Edit: Slik var teksten eg hadde tenkt å publisere. Men det gjekk dårleg, Windows Live Writer (WLW) fekk ikkje kontakt med Blogger, og etter litt googling ser greia nå ut til at ein nå må bruke “Open Live Writer” (OLW) i staden for WLW. Så får vi sjå korleis det går! Om du treng OLW, så fann eg den her: http://openlivewriter.org/ ) Oj, kvar kryssar ein av på kategori/etikett/labels?
DSC_0255skjort_thumb
DSC_0256k_thumb1
Læraren i fyrste klasse syntest at barna trong å trene på å knyte, alle har jo sko med borrelås eller strikk nå til dags! Jenta vår skulle trene heime, men då ho sa i frå, misforstod eg, og trudde ho skulle ha med ein sko på skulen. Så eg laga heller ein “knyte-trenar” til henne, lettare å take med noko slikt enn å take med ein sko, tenkte eg.

Ein slik ein er veldig rask å lage. Eg målte rundt låret hennar, og sydde deretter ein rektangel med to lag stoff, lengde litt kortare enn omkrinsen på låret. Maljer. Anorakksnor, festa i stoffstykket i eitt punkt. Ferdig.




08.06.2015

Prym-tang til KAM

For litt sidan kjøpte eg innsats for plastknappar til Prym-tanga. Det er ikkje så ofte eg brukar KAM-knappar lenger, sidan barna har kome over body-stadiet, men for ikkje lenge sidan blei Prymtanga testa på KAM-knappane i str. 12. Det funka fint.

Uavhengig av kva for tang du brukar, treng du ei syl i tillegg for å lage hol til å tre knappen gennom før du klemmer med tanga.

Klar for piknik

Eg likar ikkje å pakke. Så kom eg på at eg skulle lage ei piknik-pakke som kan ligge ferdig-pakka for tur, for å sjå om det blei lettare å kome seg ut på tur då. Førebels har vi bare hatt bruk for koppe-posen, men i morgon skal vi på sommaravslutning ute i det fri, så då skal den testast ut! Er det noko meir som passar oppi posen, plassmessig og behovsmessig?

Reste-tyning

Jammen var det ikkje litt att av racerbil-stoffet som eldstemann har vore så veldig glad i! Nok til front og rygg på ein genser. Eg likar å kombinere fleire stoff i eit plagg, det kjem godt med når det er lite att av kvart stoff :-)

Skjørt til to bursdagsjenter

Dei fekk like skjørt, bortsett frå namnet på vranga. Fint å få bruke Silhouette-maskina av og til, det er ikkje mykje den blir brukt…

Mønstert er det samme som eg sydde dongeri-jersey-skjørt for nokre innlegg sidan. Mikke-stoffet er interlock.

Konsert-klede til seksåringen

Ho skulle ha kvit overdel og mørk bukse, sistnevnte med lomme til å ha lommelykt i.

Når ein ikkje har nok stoff til ei bukse

Så får ein trikse det til. Her har eg verken hatt lange nok lengder til buksebeina, eller hatt nok av eitt stoff til ei heil bukse. Men ved å kombinere to stoff blei det bukse likevel!

Framside Bakside

Buksekne utan hol (?)

Gutungen i huset slit hol på knea på det meste av bukser. Men eitt tiltak har eg tru på meir enn andre.

Som de ser er knea på buksa i eit anna stoff. Poenget er ikkje utsjånaden, men at stoffet på knea er rotert 90°, slik at stretchen ikkje er i breidda som på buksa elles, men i lengderetninga. Så når det kjem drag når barnet set seg ned på knea, gir buksa etter i staden for å revne. I allefall i teorien, men eg trur ikkje det er så verst i praksis heller :-)

Mønster: Mønsteret eg hadde testa i forrige innlegg.
Stoff: Velour. Den stripete er frå Stof2000.

07.06.2015

Testbukse

Eldstemann har vakse ut av buksene sine, og eg laga nytt buksemønster. Han likar best bukser i joggebukse-stil. Han likar ikkje sagge-bukser, og dermed må sitjehøgda vere passeleg. Dvs høgda mellom skrittet og livet. Å få rett sitjehøgde i buksa er noko av det vanskelegaste når eg teiknar barnebuksemønster, og denne gongen blei det for stort mål. Strikket på den ferdige buksa blei sitjande på nedre del av brystkassa når han hadde trukke buksa så langt opp som han ville ha den. Easy fix:  lage ein horisontal fald på vranga og “sy den av” med overlocken, derfor ein ekstra saum nedanfor linninga i livet.  Funkar så fint, att :-)

Skjørt i dongeri-jersey

Her er det skjørtet som er det nye plagget. Eg gløymde å fotografere det for seg sjølv, slik eg brukar å gjere med nye plagg. Og jentungen var så glad for det nye skjørtet at ho like godt tok det utanpå shortsen ho allereie hadde på seg :-)

Skjørtet er sydd av dongeri-jersey kjøpt av Sydilla, ein litt tykk jersey, stødig stoff, men likevel med stretch. Har lyst til å sy eit slikt til meg sjølv etterkvart. Mønsteret er frå Inger Öberg si bok, grunnmønsteret for skjørt. Skjørtet er sydd i sstr. 122/128, men lengde svarande til 116. Utanom justering av lengda, senka eg midjen 1 cm på framstykket (skrådde jevnt ned slik at det midt framme blei 1 cm lågare enn opprinneleg). Den mørke stripa nederst på skjørtet er ribb bretta dobbelt. Den lilla stripa midt framme er pynt for å skjule saumen i ribben, i ein ukonsentrert augneblink sydde eg på ribben feil veg. Då er det ofte raskare og like greitt å spille med ved å setje på nokon ekstra detaljar, enn det er å sprette opp og sy på nytt.

Grå og lilla genser frå HS&J-boka

Sydd av stretch-isoli frå Hilco/Sydilla. I hetta er det Campan/jersey, også denne frå Hilco/Sydilla.

Stjerner på rosa bakgrunn

Fargane på denne kjolen er gjengitt heilt feil… Betre på sjølve kjolen som ei jente fekk til bursdagen sin.

Kattar på lilla bakgrunn

Til eit bursdagsbarn…

Stoffet er kjøpt av Olivias, det sammen gjeldstoffet i berestykket. Begge deler jersey.

22.04.2015

Katte-t-skjorte med nitalsopning

Denne t-skjorta i str. 128 er sydd etter samme mønster som t-skjorta i forrige innlegg, men med “nitalsopning”. Eigentleg blei nitalsopninga designa for baby- og småbarnsplagg for å få ei utvidbar halsopning utan bruk av knappar  og med litt stil. Som alternativ til konvolutt-opninga ein ofte ser på bodyar. Når barna blir litt større, er halsopninga på plagget gjerne så stor at ein ikkje treng knepping eller liknande. Både fordi større storleik totalt sett gir større strekk i kanten på halsutringinga, men også fordi forskjellen på hovud og hals minskar med alderen. Halsen på eit nyfødd barn er spinkel samanlikna med storleiken på hovudet. Av samme grunn sit dei motsett veg i bilen, den smale halsen tåler dårleg at det store hovudet blir slynga framover i ei møteulykke. Men nok om det.  Sidan denne halopninga er signaturdesignet mitt, er det moro å bruke det av og til. Nå har eg ikkje baby i huset meir, så det blir brukt som eit reint designelement.

Mønsteret er teikna slik at det går litt nedanfor hoftenivå. Det er ein relativt smal modell, og sidan overvidda gjerne er mindre enn hoftevidda på eit menneske, skrår plagget litt ut for ikkje å sitje stramt rundt hoftene. Gutte-t-skjorter, derimot, er vanlegvis designa så vide rundt brystkassa at dei også ligg laust rundt hoftene.

Jersey med kattar og jersey med små sirklar er kjøpt hjå Olivias. Det raude prikkestoffet i ermane er frå Textart ein gong i tida.

The No 9-opening was originally designed as an alternative to buttons on garments for babies and small children. Babies have large heads compared to the neck. In garments for older children, the neck opening serves no big practical purpose, but as it is kind of my signature-design, I like to use the design now and then, just for aesthetical reasons.

21.04.2015

01.04.2015

Musikalske t-skjorter

Eldstemann var i dobbelbursdag til eit par gutar som fylte åtte år. Sidan bursdagsbarna kjem frå musikalske familiar, tenkte eg at eg skulle bruke gitarstoffet eg kjøpte på Symessa i november. Den eine har namn på E og den andre på F, dette gav notevalet på t-skjortene. G-nøkkelen og nota kjøpte eg på Silhouette-nettbutikken. Eg blei veldig godt fornøgd med t-skjortene, og synest det blir veldig fint med den der Silhouette-maskina som klipper ut vinyl-strykemerker!

Genser med søte kattar

Denne genseren er sydd til ei jente som fylte 6 år nyleg. Det søte kattestoffet kjøpt hjå Olivias passa godt :-) (Fargane er dårleg gjengitte, altså)

Jenta er slank, og dermed sydde eg ein slankare variant enn dei genserane eg syr til eigne jenter. Enklaste måten å gjere dette på, er å bruke samme mønster, men ein storleik mindre (evt. to, hugsar ikkje kva eg gjorde her), og så auke lengda på ermar og nederst på genseren slik at lengdene svarar til barnets lengde (ermelengda og  rygglengda/frontlengda i den storleiken som svarar til barnets lengde).

Bukse i stretch-isoli

Litt eksperimentelt denne gongen, med velour i beina, rynka saman i sidene. Den lilla er sydd av ullribb frå Janus, var meint som ein tights men blir i praksis ei smal bukse. Det blomstrete isoli-stoffet er frå Sydilla (Hilco, reknar eg med…). Begge str. 7 år.

20.02.2015

Oppgåve: “Kjole av desse seks stoffa!”

Det var tid for å sy ein kjole att, og denne gongen hadde eg lyst til å gjere litt ut av den! Eg blei kjempefornøgd, juhuuu! Mellomstejenta, som nå er 6 år, var med og tok ut stoff. Det eine etter det andre, og til saman blei det seks stykk. Utanom den lilla ribben til kanting. Moro med mange stoff i eit plagg :-)

Fyrste stoffet er grunnstoffet i kjolen; turkis isoli. Vidare er tre jersey-stoff brukt i ein slags “lommestolpe” med tre lommer nedover. Dei to siste stoffa er sydd på som lappar applikert på kjolen; øverst med knappar på og på ryggen. Knappane er det minstejenta på 3 1/2 år som har kosa seg med å plukke ut til storesyster. Eg hadde lyst til å teste ut å legge inn ein tittekant av jersey i kantebandet ved sying med kantebandsapparatet. Det blei enkelte hoppesting, men resultatet elles blei veldig fint! Då eg hadde kanta halsutringing og ermeutringingar, fekk eg lyst til å ha tittekantar i sidene også. Det er ikkje noko snor inni tittekantane, berre ein strimmel tynn, veldig tøyeleg bomullsjersey bretta dobbelt. Tittekantane går ikkje heilt opp og heilt ned, eg syntest det blei ryddigare å avslutte dei eit par cm frå endane av saumane.

Sånn, og så var det snart vinterferie :-)

18.02.2015

Sjørøvarbursdag!

Kortbukse, t-skjorte med tørkle om livet hadde han frå før, det har vore kostymet hans i nesten tre år nå! (Bukse med strikk i livet og lang t-skjorte kan passe lenge) Men sidan det var han sjølv som var bursdagsbarnet denne gongen, hadde han lyst på ein frakk i tillegg. Tid hadde eg lite av, men i grunnen er det å bruke kort tid på eit plagg noko av det morosame med å lage kostyme! Og far pynta etterpå med å stryke på gull-vinyl og sy på knappar. (Og om nokon lurar på kvifor det er viktig å passe på at luven på velour og cord-stoff ligg rett veg, kan sjå på biletet øverst til venstre, der den nederste delen på den eine sida på frakken er snudd opp ned…) Biletet er forresten tatt eit par dagar etter selskapet, og antrekket er på berre for fotograferingas skuld. Dette som forklaring på det ikkje veldig gode humøret på bursdagsbarnet ;-)

Designa av minstejenta på 3 1/2

Her om dagen var minstejenta på 3 1/2 år i sitt fyrste bursdagsselskap i barnehagesamanheng. Det verkar som om ho var medviten om at heimesydde plagg er vanleg å ha med seg når barna i dette huset skal i bursdagsselskap, og ho ville gjerne vere med på å lage kjole. Ho plukka ut stoff etter sjølv å ha gjort eit utval av ulike (rosa) stoff ho trudde mottakaren ville like. Og ho bestemte vidare at det skulle vere sjokoladekake på kjolen. Og  ho fekk ikkje nok av berre å velge og ønskje seg, ho var også med då eg klipte kjolen og teikna og klipte kaka,  noko som tok litt tid. Eg blei igrunn ganske overraska over iveren og tolmodet til den vesle jenta., det å lage kjole var jammen stas for henne!

Super t-skjorte

Eg håpar han som fylte 8 år blei like fornøgd med t-skjorta som eg blei! (T-skjorta er forresten turkis, men mobilkameraet klarer ikkje gjengi fargane.) Supermann-logoen er laga i Silhouette Studio-programmet ved hjelp av eit bilete eg fann på nett.

Beyblade-bukse

Velour-bukse med vinyl transfer. Lomme-eksperiment som ikkje blei vellykka. Beyblade-motivet blei eg derimot veldig godt fornøgd med, den er laga delvis ved å trace eit bilete av ein Beyblade (i Silhouette Studio-programmet).

19.01.2015

Jolesokkar (med framgangsmåte)

Endeleg har eg kome til jol 2014 sånn bloggmessig, i mitt oppsamlingsheat på bloggfronten!

Eg har gode minne frå morgonane på 24. des frå eg var barn, då hadde mamma kjøpt inn godteri-sokk og gøymt på rommet vårt. Så eg hadde lyst til å lage jolesokkar til barna våre til å putte eitt eller anna etande i som dei kan kose seg med før dei vaksne vaknar morgonen den 24. Her er resultatet, sydd om kvelden den 23. des:
 

Bileta er tekne når sokkane er tomme. Nå medan eg skriv er sokkane pakka bort etter jol, men dei er vel sånn, hmm, tja, rundt 25 cm høge, kanskje. Sokkane er ikkje vrangsydde, men er lukka i toppen ved påsyinga av det kvite stoffet. Det kvite stoffet er deretter bretta over og skjuler sin eigen saum. Dermed er sokkane ganske enkle å sy.

Slik er dei oppbygde:
Stretch-velour ytterst
Bomullstoff i til dømes quiltekvalitet innerst
Eit stivt, tykt mellomlag, i praksis brukte eg “zorb”, som liknar på filt (er eigentleg eit absorberande materiale til å ha i bleier og bind og slikt, men som eg aldri fekk brukt til det…). Zorben er tykk, men litt mjukare enn dei filtplatene eg ser Stoff og Stil sel for tida.

Slik laga eg dei:

1. Klipte ut noko eg syntest likna på ein sånn derre amerikansk henge-på-peisen-christmas-stocking, stor nok til å inkludere saummonn og plass nok til å kunne putte noko oppi den til slutt og også rommeleg nok til å få ei hand nedi.
2. Brukte denne som mal til mellomlag og innerlag.
3. La innerlaga rette mot rett og mellomlag utanpå på kvar side, sydde rundt (unntatt i toppen)
4. Då denne var ferdigsydd, brukte eg den som mal for ytterstoffet, men la til saummonn rundt før eg klipte (i praksis medan eg klipte).
5. Eg lurar på om eg strauk på vinylmerka til slutt, men pynten er vel ideelt å setje på før ein syr ytterlaga saman.
6. Sydde ytterlaga saman rette mot rette unntatt i toppen. Vrengte.
7. Tredde yttersokken over inner-/mellomsokken.
8. Festa på hempe øverst i kanten ( i saummonnen øverst) slik av hempa blei hengande nedover inni sokken
8. Kvitt band øverst: Eg brukte microfleece, hadde vel eigentleg sett for meg å bruke velour men hadde ikkje kvit velour. Rektangel der breidda var dobbel av sokkens ytre breidde, la til saummonn på kvar side. Høgda var cirka dobbelt av det eg såg for meg som ferdig høgde på det kvite på sokken, dette inkluderte saummonn.
9. Sydde rektangelet saman til eit røyr, sydde det deretter på sokken, og her må ein halde tunga beint i munnen fann eg ut: Fleecerøyret la eg inni sokken med retta på fleecen mot retta på innerstoffet. Sydde rundt (fleecen blir litt breiare enn indre diameter på sokken, men det får ein jobbe til og jevne ut medan ein syr). Bretta fleecen ut, bretta nedre kanten innunder. Sidan verken fleece eller velour raknar, treng ein ikkje kante den frie enden.

Så var sokken ferdig! (I allefall ferdig til å fyllast :-) Eg blei riktig så fornøgd med desse sokkane!

Pynten er vinyl kjøpt hjå Sydilla, klipt ut på Silhouette Portrait, og deretter stryke på med strykejern. Motiv kjøpt på Silhouette America.

Bursdags-t-skjorter

Alle i str. 8 eller 9 år.

Er det forresten nokon som har tips til kva ein skal gjere med jersey som har blitt skeiv i vask, slik stoffet har blitt på t-skjokrta nederst til venstre? Eg drog og drog i stoffet før klipping for å få linjene til å bli horisontale, men gav til slutt opp. (For dyrebileta var horisontale før eg vaska stoffet går eg utifrå, eller? Andre som har stoffet frå Stoff og Stil?)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...