27.06.2016

Tips til full-fart-kostymesying

Eg ligg etter med blogginga, og nå har eg kome til februar og karnevalstid. Eldstegut ønska seg jedi-kostyme. I kyrkja der vi går er det blitt tradisjon at alle som har lyst, kler seg ut på gudstenesta den søndagen som fell saman med karnevalstid. Så laurdagen før brukte eg litt tid på syrommet.

Eg brukte 2 timar og 15 min, inkl. googling for å finne bilete av jedi. Korleis er dette mogleg? Syerfaring er selvfølgeleg av betydning, men bortsett frå dét:
-Vide, ganske “formlause” plaggdelar som ikkje treng å bli klipt nøyaktig.
-Rekkjefylgje ved sying som ikkje krev at stoffet er nøyaktig klipt (sjå lenger nede).
-Justering av lengde (på beina osv.) etter sying.
-Ikkje bruke tid på finish. I staden for å leggje opp kantane, syr eg langs kantane på vevd stoff med overlock-maskina. På dei strikka stoffa (dei brune) gjer eg ingenting med klippekantane.

Vil du vite meir korleis eg laga kostymet, kan du lese vidare.

 

Buksa var enklast å lage:

Eg la stoffet på golvet, eit måleband på og klipte slik figuren viser. Altså blir buksa lik framme og bak, men det gjer ikkje noko når den er såpass vid. (Dessuten blir øverste del av buksa gøymd under skjorta).

 

 

 

 

 

Skjorta blei også klipt utan mønster. Denne er ikkje like enkel å forklare på grunn av utstrakt bruk av skjønn, og på grunn av kragen og overlappinga. I staden for kan eg heller forklare korleis eg laga piratfrakk i fjor.

Her tok eg utgangspunkt i eit collegemønster-genser, dvs eit mønster til eit plagg eg visste kor stort var i forhold til guten.

 

 

 

 

 

 

 

 

Sånn ca slik klipte eg fyrst bakstykket (turkis er originalt college-mønster, mørkeblått pirat-bakstykke):

Altså: Ikkje så skrå skuldrar. Vidare halsopning. Djupare ermeopningar. Vidare rundt kroppen.

 

 

 

 

 

 

 

piratfrakk framstykke

Etterpå brukte eg bakstykket som mal for å klippe framstykka (kombinert mørkeblå og rosa strekar) Ulikt: Djupare halsutringinga framme. Framstykka kryssar også midtlinja/er litt breiare framme for å kunne få litt overlapp.

 

 

 

 

 

 

 

 

piratfrakk erme

Så var det ermane, då. Dei blei klipt omtrent som på figuren til høgre. Då eg laga piratfrakken, målte eg opp med måleband kor lang ermeopninga var (viktig: Ikkje mål ved klippekanten, men mål ei saummonnsbreidde innanfor klippekanten.) Og deretter sjekka på ermet at kanten på toppen av ermet var ca like lang.

Men om ein klipper meir på måfå i full fart, og ermet er litt breiare enn ermeopninga, kan ein justere dette mer saks etterpå. I allefall om ein syr ermet på symmetrisk. Skal forklare dette lenger nede.

Klipp ermet litt lenger enn du trur du treng, og kutt av ved prøving av plagget etterpå. På piratfrakken berekna eg litt for kort, vanskelegare å forlenge enn å forkorte…

Montering/sying:

montere erme piratfrakk

Om du klipper på måfå og ikkje veit om mønsterdelane passar heilt saman, lønner det seg å sy kvar saum i to omgangar, fann eg ut då eg sydde jedi-kostymet. Start på midten eller der det er punkt som skal passe overeins (ved erme-påsying vil dette seie midten av ermetoppen an mot skuldersaumen). Sy saumen ut den eine retninga, og deretter frå midten og ut den andre retninga. Om stoffa ikkje er like lange, så ikkje snurp det eine stoffet saman for å få det til å passe. Klipp heller av det overflødige slik figuren nedanfor viser:

 

 

Då overdel og underdel var “grovmontert”, prøva eg det på barnet for å finne passe lengde på ermane og beina, og passe høgde på livet. Klipte av i ønska lengde. Kantane blei ikkje lagt opp, men eg sydde ein overlock-saum langs klippekantane.

Lang stinglengde gjer det raskare å sy, og i tilfelle du må sprette opp ein saum, tar det mindre tid med lengre sting (gjeld symaskin).

 

Mine forutsetningar når eg syr full fart-kostyme:

-Stor tabbekvote, i verste fall blir det ikkje noko kostyme i det heile tatt
-Kostymet treng ikkje tåle veldig mykje (vil kanskje ikkje tåle vask)
-Stoff eg har råd til å mislykkast med. Typisk stoff som har lege i hylla lenge, utan at eg har funne noko å bruke det til.

 

Kostyme-sying er gøy! Berre dure på og sleppe å bry seg om dei små detaljane som vanlegvis tar tid! Ikkje bry seg om at det blir litt skeivt her og der!

26.06.2016

Avenger-genser

Her er eit par genserar laga av jersey frå fjorårets stoffshopping på Jylland:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...