23.03.2013

Scooter- Onion 2035

Hmmm, og eg som aldri har site på ein scooter… Men stoffet er så stilig at eg måtte sy meg ein topp med scooterar på likevel!

DSC_0123k copy

Mønsteret er Onion 2035. Då eg sydde kjole av mønsteret (Regnvêrskjolen), sydde eg i ein mellomting mellom S og M, og hadde blant anna ekstra vidde frå livet og ned (delt nedre bakstykke). Denne toppen er ein rein stsr. S som berre er kutta rett av litt over hoftene. Det byrjar å bli ei stund sidan eg sydde denne nå, men eg meiner eg hadde ermane litt vidare enn den smalaste varianten, ermane på Regnvêrskjolen blei nemleg for tronge. Som på Regnvêrskjolen har eg lagt til litt under bysta. Ja, så ein rein str. S var det vel ikkje likevel…

DSC_0120kb

(Det nederste biletet er litt overeksponert, fargane blir litt blasse…)

Det blir nok fleire Onion 2035-plagg!

Stoff: Bomullsjersey kjøpt på Stofstedet, Nord-Jylland (Stofstedet.dk).

Jungelkjole

Mellomstejenta var i bursdag i forgårs, og til gåve ønskte ho at eg skulle sy ein kjole i “jungelstoffet”. Dette stoffet har vore veldig populært, og det var ikkje nok igjen til ein heil kjole. Men det var ikkje så ille, for eg synest det blir endå finare å mikse fleire stoff! Kanskje det er fleire enn meg som har hatt stor glede av dette stoffet?

DSC_0110k copy

Baksida:

DSC_0112 copy

Som detalj framme har eg sydd på eit vevd band, og sett på to KAM-knappar:

DSC_0115

Mønster: Eige, str. 4 år

Stoff: Velour designa av Johanna Ahlard, grønn velour frå Stoff og Stil. Ribb frå Stoff og Stil. Vevd band frå Leanne.no, KAM-knappar frå Lykkedragen.no.

14.03.2013

Toppar frå Ottobre 1/2013

DSC_0060 copy

I siste fødselspermisjon teikna eg mykje mønster, men nå er det ikkje tid til det lenger. Derfor blei eg glad då siste Ottobre hadde mønster på smal, enkel genser. Eg har prøvd det ut, og det var akkurat slik eg håpa. Eg sydde genseren i str. 5 år, og då blei det passeleg inntilsitjande til mellomstejenta, som brukar str. 5. Ikkje pølseskinn, men heller ikkje laustsitjande. På smale barn vil nok genseren bli meir laustsitjande. Om den blir for laus, kan ein gå ned ein storleik neste gong, og leggje til litt i lengda på armar og nedst på genseren.

Etterpå sydde eg to singlettar frå samme blad, sydd i bomullsjersey. Dei blei gitt vekk, for dei blei litt i smalaste laget til mi jente. Mønsteret er meint for interlock, og då ville toppane passa mykje betre, sidan interlock føyer seg betre etter kroppen. Syteknisk fekk eg til å kante over ribbkant med kantebandsapparatet. Men singlettane blei litt skeive framme, fordi kantebandsapparatet har streva med  å kome over kanten og dermed strekt ut stoffet litt. Dermed har avstanden frå armhola fram til stroppen blitt ulik på dei to sidene, sidan dei to sidene kantast frå ulike retning.

DSC_0062

Mønster: Ottobre 1/2013
Stoff: Jersey, begge designa av Johanna Ahlard, for Liandlo og JNY. Ribb frå Stoff og Stil.

03.03.2013

Sweatshirt-blazer!

DSC_0063 copy

For litt sidan rydda eg i Onion-mønstera mine, og fann mønster til ei jakke med prinsesse-snitt og litt sånn volangaktig krage. I fast stoff. Så fekk eg eit innfall om å sy den i elastisk stoff i ein storleik mindre. Volangkragen kutta eg ut. Kanta med ribb, sette i glidelås framme. Syntest den blei litt sånn alder 50+-jakke og følte eg måtte sprite den opp litt. Derfor sette eg på beltet. Då mangla det noko øverst, og eg applikerte på jakkeslag. Då eg hadde kome så langt, tenkte eg at jakka kanskje blei litt sånn Elvis-stil, og det er ikkje akkurat meg. Så for å mjukne den opp sydde eg på bomullsblonder. Eg anar ikkje kor mykje eg kjem til å bruke denne jakka, om eg nokon gong kjem til å føle meg komfortabel i den. Og eg går og lurar på om eg skal take av blondene att. Det hadde vore artig å høyre kva de assosierte jakka med då de opna innlegget! Og, skal eg take av blondene?

DSC_0064

Syteknisk:

Jakka er sydd av isoli med ruglete bakside. Eg har sydd den vrange mot vrange, så saumane synst på utsida. Dekorativt, men ikkje så lurt om ein ønskjer å justere plagget i etterkant, fann eg ut. Men eg hadde gjort eit val om å sy jakka rett frå mønsteret utan å bruke tid på justering, briste eller bere, så får det heller vere at den ikkje sit veldig bra over bysta. Beltet er av eitt lag interlock, kanta med interlock. “Jakkeslaga” er også interlock. Beltet er sydd på på kvar side tett inntil glidelåsen, så det er ikkje noko beltespenne.

DSC_0067

Mønster: Onion (eg finn det ikkje på heimesidene deira, så det er nok utgått).
Stoff: Isoli kjøpt frå den asiatiske nettbutikken Ixat. Naturkvit ribb frå Stoff og Stil. Svart interlock, JNY? Blonder frå lokal maling- og tapetbutikk.

DSC_0066b

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...