Viser innlegg med etiketten Pynt med vevde band. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pynt med vevde band. Vis alle innlegg

17.10.2013

Bursdagsgenser med “folie”!

Ein dag kom det hentemelding i posten, pakka viste seg å vere ein rull med vinyltransfer som ser ut som aluminiumsfolie. Eg skjøna ikkje bæret, men det viste seg å vere bror min som hadde vore på Ebay og shoppa til meg! Thanks!

På tide å teste ut… Det passa fint at eldstemann skulle i 6-årsdag til ein klassekamerat (det er heldigvis framleis ok å take med eit plagg mamma har sydd :-)

Mønster: Eige.
Stoff: Den mjukaste, deilegaste ljosegrå velour frå Textart, trur eg. Bilstoffet er dansk, men dessverre utselt. Den litt grove ribben, som gjer at velour transferen blir ruglete, er frå Jydsk Stoflager (kr 10,-/meter). Det vesle merket med raude og kvite striper er ripsband frå Stoff og Stil.

Det er forresten dei gråaste bileta (nr to og fire) som viser velourfargen riktigast, desse er tatt med blitz. Dei brungrå er tatt med utan blitz i kunstljos. Hmmmm, er det fleire enn meg som synest dei to farge-avbildingane minner om Knott frå Nidar?

Some weeks ago I recieved a package without knowing why. It appeared that my brother has ordered aluminium foil-like vinyl transfer for me on Ebay :-) Time for trying it out, here it is on a sweater I made when my son was going to a six year old birthday pary the other day. By the way, I’m grateful that he still think it’s ok to bring clothes his mom has made for presents :-) “LM” are the initials of the birthday child, maybe you have already guessed…

23.03.2013

Jungelkjole

Mellomstejenta var i bursdag i forgårs, og til gåve ønskte ho at eg skulle sy ein kjole i “jungelstoffet”. Dette stoffet har vore veldig populært, og det var ikkje nok igjen til ein heil kjole. Men det var ikkje så ille, for eg synest det blir endå finare å mikse fleire stoff! Kanskje det er fleire enn meg som har hatt stor glede av dette stoffet?

DSC_0110k copy

Baksida:

DSC_0112 copy

Som detalj framme har eg sydd på eit vevd band, og sett på to KAM-knappar:

DSC_0115

Mønster: Eige, str. 4 år

Stoff: Velour designa av Johanna Ahlard, grønn velour frå Stoff og Stil. Ribb frå Stoff og Stil. Vevd band frå Leanne.no, KAM-knappar frå Lykkedragen.no.

08.02.2013

Endå ein prikkete kjole

DSC_1168kvit

Då eg sydde “Dansande solsikke”-kjolen, sa fireåringen “eg har lyst på kjole i dette stoffet, mamma!” og peika på den rosa varianten av stoffet ho har kjole i frå før (her). Mønsteret var uansett framme, så kvifor ikkje ein kjole til?

DSC_1169

Cirkus-jerseyen frå Gekko (i berestykket) har vist seg å vere eit stoff brukande til mykje. Eg vann gåvekort hjå Gekko ein gong, og då ho var utselt for stoffet eg eigentleg hadde lyst på, valte eg dette. Det er eg glad for. Dekoren midt på berestykket er eit pynteband som kom med i eit pakke pynteband eg vann ein annan gong, premien levert av leanne.no. Eg hadde lenge inga aning om kva eg kunne bruke bandet til, men plutseleg passa det perfekt, her på denne kjolen!DSC_1171b

Monteringsteknikken har potensiale for å bli betre, men alt i alt synest eg det blei ein artig detalj. Bandet er sydd på steg for steg med ein sylinder under bandet under påsying. Eg har ein veldig djup snorfot, men ein vanleg blyant som sylinderform var for tykk til å få under syfoten. Enden av ein målepensel var smal nok, og blei brukt, men den hadde ikkje jevn diameter. Blant anna derfor blei ikkje bølgene like, slik intensjonen var.

Mønster: Eige
Stoff: Prikkete jersey frå Textart.no. Jersey med ringar/prikkar frå Gekkoshop.no. Ribb frå Stoff og Stil til kanting. Band frå Leanne.no.

01.09.2012

Bukse med ridder-tema

Endå ei bukse til gutungen!  Pappaen syntest guten også skulle få bukser som ikkje er i jogge-/kosebuksestilen (som racerbil-buksa her om dagen). Og når den mannen kjem med ønskje, klarer eg ikkje å la vere ;-) (Men slike bukser er atskillig meir tidkrevjande enn velourbukser, så det blir ikkje kjempemange av dei.)

DSC_0500

DSC_0502

Knelappane har stretchen i vertikal retning i staden for horisontal retning, slik resten av buksa har. Då skal det meir til for å lage hòl på knea.

Tutorial på korleis eg syr lommene kjem etterkvart.

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Tynn stretch-cord frå Textart.no. Band med ridder-tema frå Leanne.no. 3,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil i livet. Knappar frå Stoff og Stil.

11.04.2012

Vårjakke til treåringen

DSC_0556

Etter å ha brukt mykje tid på ei jakke som blei heilt mislykka til treåringen, tenkte eg at denne gongen skal eg ha eit raskare prosjekt, og valte eit stoff som eg hadde lyst til å bli kvitt. Men den gong ei, det ballar på seg, og jakka blei ikkje så enkel likevel! Trass i at eg ikkje likar fargen på det einsfarga stoffet så godt, så blei jakka heilt ok, synest eg. Det flotte mønstra stoffet frå Hilco hjelper godt til. Stilen på jakka er litt hummer og kanari, blanding mellom amerikansk baseball-jakke (ikkje tilsikta) og, tja, eg veit ikkje heilt, hehe ;-)

DSC_0555

Når jakka ikkje er snurpa saman i livet ved hjelp av snora i løpegangen, ser den slik ut:

DSC_0559

DSC_0558

Fôr i “thermal knit”, trur eg, med pusekattar på.

DSC_0560

Baksida er pynta med ei stripe mønstra stoff sydd på med trippelcover-saum opp ned. Ein lapp kvit microfleece med eit vevd pynteband på. Eit par hjarte sydd som “frihandsbroderi” på sidene.

DSC_0562

Mønster: Oppskalering av eit mønster eg teikna i fjor, då eg laga denne jakka:

IMG_9314

Stoff: Oransje isoli frå Stofstedet.dk. Stretch-isoli frå Hilco. Stripete ribb kjøpt i Danmark ein stad, kvit micro-fleece frå Stoff og Stil. Vevd band med hestar på er frå Leanne.no, eg tippar dei er laga av Farbenmix.de. Grøn ribb på lommene frå Stofstedet.dk.

Den nedste jakka er sydd i poplin frå Hilco, kanta med 5/8” FOE (foldover elastic) kjøpt på Etsy eller Ebay, ribb i ermane frå Hilco/Sydilla.no. Beltet er påsydd eit vevd band frå farbenmix.de. Fôr i tynn, vevd bomull, frå Midha Enterprise i Oslo, meiner eg.

02.03.2012

Jakke ad modum Aldrich

Prosjekt: Teikne mønster etter framgangsmetoden for jente-regnjakke i Aldrich si bok for barneklede. Eg tenkte det kunne passe til å bli ei fôra vinterjakke, str 4 år.

Resultat: Aaaaaltfor vid jakke! Det er kanskje meininga at regnfrakkar skal vere voldsomt vide? Sidan eg la inn justerbar ermelengd, kan den i beste fall brukast om to-tre år. Skikkeleg demotiverande prosjekt, urk og æsj. Men bortsett frå at jakka er til å svømme inni, blei den ganske så bra (mager trøyst, etter alle timane brukt…)

DSC_0794

DSC_0788

DSC_0792

Endringar frå “mønsteret” i boka: Ballongeffekt nedst, litt kortare lengde. Ermeavslutninga. Pluss enkelte mindre, detaljendringar. Fôret hadde eg tenkt å lage separat, for å gjere det avtagbart, men det blir nok ikkje laga med det fyrste.

DSC_0789

DSC_0784kompr

Her er jakka fotografert på eldstemann, som vanlegvis brukar str. 6 år i klede.

12.09.2011

Ufrivillig klovn, bukse str. 5 år

Ut av boksen på kneet på denne buksa sprett det opp ein klovn. Problemet hans er berre at han ikkje kan fordra å vere klovn, for han skvett til og blir forskrekka kvar gong han sprett opp av boksen, stakkars. Men ein gut blir i allefall glad for å ha han der likevel!
DSC_1062
Buksa framme:
DSC_1060
Og bak:
DSC_1066
Om mønsteret:
Teikna med hjelp frå boka til Winifred Aldrich. Lommer og knelappar på slump storleiksmessig (men to og to like store). Lange buksebein som er lagt opp ein del centimeter, og som kan leggast ned igjen. Med strikk i livet også, kan buksa brukast lenge, –om stoffet held, då.  Tutorial på ribben i livet finn du her.
Stikningar:
Lommer og lappar er sydd på med naturkvit dongeritråd frå Stoff og Stil.
Klovnen:
Eg teikna masse forslag til klovnar, men endte med ein veldig enkel variant; laga omtrent berre av ellipser. Sidan eg er usikker på om dette stoffet held meir enn to dagar i sandkassa, brukte eg samme tråden overalt på klovnen for å spare tid. Fjæra er av moulinégarn. Det samme er håret; etter å ha festa enden av garnet, kveila eg opp garnet på ein pinsett heilt inntil syfoten, to-tre slynger om gongen, la slyngene ned framfor nåla (open applikasjonsfot), og sydde over. Deretter nye slynger, heilt til det blei passeleg mykje.  Pupillane er sydd med ein saum på maskina som lagar fylte sirklar, men transportøren var ikkje nøyaktig nok på det eine auget, og det blei ei ellipse…
Klikk på biletet for større versjon.
DSC_1064
Tag på baklomme:
Ein liten bit av eit vevd band…
DSC_1067
Denne buksa er også eit bidrag i septemberutfordringa i denne bloggen: http://sy-utfordring.blogspot.com/

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør:
-Kraftig lin frå Stoff og Stil
-Ribb kjøpt i Danmark
 -Klovnen: Raudt bomullsstoff til hovud, Stoff og Stil-ribb til auger, munnen hugsar eg ikkje. Moulinégarn frå Stoff og Stil.
-Vevd band med borg, Leanne.no
-3,5 cm breitt strikk, Stoff og Stil

09.07.2011

Sommarkjole for ei lita frøken!

IMG_0012
For ei lita stund sidan fekk eg lyst til å lage ein kjole av kombinasjonen av desse to stoffa; guloransje fløyel og ein rest av blomstrete viscosejersey. Men eg heldt på å leggje idéen frå meg, før eg kikka innom denne utfordringsbloggen for saum, og fann ut at kjolen ville passe rett inn! Og med inkludering av utfordringas kriterier blei kjolen til:
-Blanding av fast og strechy stoff
-Sommarleg
-Ha med “det lille ekstra” i form av pynteband, sløyfe, blonde etc.
IMG_0017
På brystet har kjolen fått ein "ribb-applikasjon", og i sentrum av denne  bomullsmellomverk (maskinhekla blonde). Vertikalt over går ein liten oransje bit skråband som omfamnast av ein bit vevd pynteband. Stikningen langs berestykket på kjolen innlemmer eit stykke guloransje moulinégarn i saumen (under).
IMG_0021
IMG_0016
IMG_0009
Tusen takk for utfordringa, June!

Om konstruksjonen av kjolen:
Livet: Sjølve kjoledesignet er bygd på eit klassisk selekjole-design. Eg har tidlegare teikna eit grunnmønster  for diverse “overkroppsplagg” med hjelp av boka til Winifred Aldrich, og då er det relativt enkelt å teikne selekjole-liv. Det som ikkje er like lett, er å vite kor stor rørslevidde ein skal ha (kor mange cm ekstra i vidda i høve til barnet si brystvidde). 58 cm til jenta over som er 55 rundt brystet var i trongaste laget. Og kjolen skal jo også forbi baken ved på- og avkledning, det gjekk såvidt.  Livet er fôra med tynt bomullsstoff.
Skjørtemønsteret laga eg i utgangspunktet ved å teikne av det opprinnelege, firkanta mønsteret frå grunnmønsteret, forlenga til ønska lengd litt under knea. Så klipte eg dette opp i strimlar og la utover bordet slik at eg fann passeleg breidde og form på enkeltdelande. Eg bomma litt likevel, med tal på panel, men etter litt triksing gjekk det bra til slutt…
Å sy saman fast stoff og viscosejersey var ei utfordring, fordi viscosejerseyen drog seg medan det faste stoffet ikkje strekte seg. Det næraste eg kom nokon løysing, var å ha viscosejerseyen nedst mot transportørane på overlocken, og å stille diff’en litt opp. Diff’en blei stadig justert opp og ned. (Jo høgare diff, jo meir blir jerseyen trekt saman).
Ribb-applikasjonen: Tidlegare har eg berre laga slike applikasjonar med sirkulær form, denne gongen forsåvidt to halvsirklar i kvar ende, men det viste seg at kurvene bli for krappe til å få sydd det jevnt. Så neste gong: Større kurver.
Moulinégarns-stikninga: Eg har ein eigen syfot med eit smalt spor under, som passar akkurat til moulinégarn. Garnet blei sydd på med smal sikksakk. Det kan sikkert fungere utan ein slik fot også, til dømes med ein open applikasjonsfot, så ein har kontroll på garnet.

Stoff og tilbehør:
-Guloransje fløyel frå Textart
-Blomstrete viscosejersey frå… (har gløymt det)
-Rosa fôrstoff frå Midha Enterprise, stoffbutikk rett ved Oslo Spectrum
-Djup raud ribb frå www.stoffogstil.no
-Mellomverk frå Corona Fargerike
-Vevd pynteband frå www.Farbenmix.de / www.Leanne.no
-Skråband frå Stoff og Stil
-Moulinégarn frå Panduro
-Knappar frå KAM (til dømes hjå www.Lykkedragen.no)

01.07.2011

Frå guttebukse til jenteshorts

Arving av tøy treng ikkje vere kjedeleg, om ein fiksar litt på plagget, kan det få ein heilt ny stil!
IMG_9891kompr
Storebrors dongeribukse med grasgrønne stikningar, og nå med hòl på knea, har fått kortare bein, pynteband og pynteknappar. Kva blir det?Shorts til veslesyster!
IMG_9885K
IMG_9893K
IMG_9896K
Pynt:
-Tre knappar frå ein knappemix eg kjøpte på www.panduro.no
-Vevd band med mus på sopp frå www.farbenmix.de
-Lilla, hekla bomullsblonde frå www.stoffogstil.no

28.06.2011

Barnekjolar

IMG_8797
Denne kjolen har lommer som er sydd på stoffet, etter kanting med ribb. KAM-knappar til pynt.
Samme kjolen bak:
IMG_8798
Sky-velourstoffet er sydd med trippel-coversaum sydd frå baksida. Lappen blei fyrst festa med Hi-fix, og det blei sydd ein saum langs velourkanten for å tene som guide for coversaumen på baksida av stoffet. (Eg hugsar ikkje kvar for saum eg brukte, mogleg det var tråklesting som eg fjerna etterpå for å ikkje hindre stretchen i stoffet)
IMG_8799IMG_8819
Denne lomma blei laga slik: øvre kanten på lomma bretta ned og sydd med opp-ned-trippelcoversaum. Vevde band festa med Hi-fix og sydd på. Deretter kanting med ribb. Ribb-endane bretta ned på baksida, lomma sydd på.
Baksida av samme kjole:
IMG_8820
IMG_8800
IMG_8801
IMG_8803
Slik er blomen sydd: Oransje stoff festa med Hi-fix, riveinnlegg på baksida. Deretter er det sydd på anorakksnor rundt (spesial-syfot).
IMG_8804
IMG_8802
IMG_8795
IMG_8821
Dei to kjolane over har alminnelege applikasjonar, sydd på med vanlege applikasjonssting (spikarmatte sett frå sida).
IMG_8822
IMG_8818
Ein bit av eit vevd band frå www.farbenmix.de på brystet.IMG_8810
IMG_8808IMG_8874
Tunika i bondeskjortestil med forklekjole. Kanta med alminneleg skråband.
IMG_8813
IMG_8814
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...