Viser innlegg med etiketten Klipp opp mønsteret. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klipp opp mønsteret. Vis alle innlegg

31.03.2014

Bursdagssaum-epoken var ikkje over!

Sjuåringen synest framleis det er ok å ha med seg heimesydde gåver i bursdag, og mor kosa seg på syrommet i går :-)

Mønster: Gått utifrå grunnmønster for t-skjorte, Inger Öberg. Lagt til 5 cm i lengda.
Stoff: Ulike bomulljersey-stoff, unntatt sky-stoffet, som er frotté, og kantane som er ribb (Stoff og Stil). Gepard-biletet er tatt frå eit jerseystoff Stoff og Stil har i salg nå, med fotoprint av mange forskjellige dyr!

27.12.2012

Vinter-jakke til eittåringen

Minstejenta, som nå er 16 månader gamal, hadde vinterdress, men jakka ho brukte i haust har blitt for liten og for kald. Så då tenkte eg at eg skulle sy ei jakke. Det er gøy å sy barnejakker! Av dei syprosjekta som eg har brukt mest tid på og lagt mest flid i, har mange av dei vore ytterjakker. Av samme grunn er det ikkje så ofte eg syr dei…

DSC_0917lkvit

DSC_0919

DSC_0920kvit

Denne jakka er sånn middels forseggjort samanlikna med fleire andre jakker ag har sydd (til dømes jakka i headeren). Middels fordi eg har gjort nokre forenklingar i fôringa. Om du har lyst til å lese meir om korleis eg har sydd, jakka, kan du lese nedanfor.

Mønster:

Ottobre 4/2004

DSC_0976 DSC_0978
 

Stoff: Mønstra poplin frå Hilco, einsfarga poplin frå Stoff og Stil. Fôr av ullfilt frå Stoff og Stil. Tynn ullribb frå ein lokal forhandlar av ullklede. Teddy-stoff kjøpt frå Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal. Knappar og refleks-biseband frå Stoff og Stil.

Litt om laginga av jakka:

-For å gjere jakka raskare å sy, laga eg fôr og ytterstoff i prinsippet like, dvs at eg eg lot vere å ha belegg midt framme, og eg hadde heller ikkje nokon oppbrett av ytterstoff i ermar eller nedst på jakka.
-“Ytterstoff-jakka” blei montert for seg, inkludert kragen på ytterstoffet, og “fôr-jakka” blei montert for seg, inkludert teddy-kragen med hempe mellom.
-Fôret monterte eg rette mot vrange i skuldrar og ved montering av ermar på resten av jakka, for at det ikkje skulle bli så tykke saumar med ullfilten. Eg hadde allereie klipt 1 cm saummonn overalt, så eg la stoff-delane så det blei 1 cm kant på kvar side av saumen, og klipte saummonnen ned etterpå. Meir om å sy rette mot vrange i ullfilt her. Den langsgåande ermesaumen og sidesaumen på fôret sydde eg i éin saum rette mot rette, sparte vendeopning i den eine sida.
-Før eg monterte fôr og ytterstoff saman, sydde eg på ribb på ullfilten med sikksakk. (Eg tenkte at det kunne vere greitt med litt ribb for å få ein viss bremsing av vind…)
-Deretter la eg retta på ytterjakka mot retta på fôret og sydde langs heile kanten; ned framme, kanten nedst, opp framme og rundt kragen.
-Etter å ha vrengt jakka til slik den skulle vere, henta eg ut ermane ein etter ein gjennom vendeopninga og sydde fôr til ytterstoff. Litt om vrangsying står det her.
-Til slutt sydde eg att vendeopninga.

Om kragen: Eg ville heller ha krage enn hette. Eg klipte ytterstoffet på kragen som eit rektangel med langside like lang som halsopninga på jakka, slik at kragen endte kant i kant med jakkekanten framme (sjå øvste biletet om det var kronglete forklart…) Eg ville at teddyfôret i kragen skulle rulle seg litt utover. Så teddy-fôret blei ikkje klipt som eit rektangel, men som ein firkant der den øvre kanten var konvekst boga langs heile sida. Midt bak var breidda på teddyforet ein centimeter eller deromkring breiare enn ytterstoffet. Breidda på ytterstoffet var 3,5 cm, som viste seg å vere greitt.
krage

Sluttkommentar:
Jakka skulle eigentleg vere kåpe, men den er veldig vid samanlikna med lengda, så det blei meir ei jakke, synest eg. Ottobre er i grunnen kjent for å lage vide mønster. Ullfilt som fôr er nok varmt, men eg er usikker på kor slitesterkt det er. Eg har ei kjensle av at det ikkje er så slitesterkt, men det vil vise seg. (Andre som har erfaring med slitestyrke på ullfilt?). Tidlegare har eg gjerne  ikkje tenkt på å sy på refleks på barnejakkene, men det er jo eigentleg veldig viktig, og denne gongen hugsa eg det! Så er det dumt at eg har gått tom for den mønstra Hilco-poplinen, dette var siste rest. Den er så fin at den blei brukt på vinterjakke sjølv om motivet ikkje eigentleg er så vinterleg. Eg hadde ikkje nok til heile jakka, så det er derfor ermane har fleire stoff :-)

08.07.2012

Enkelte stoff held ein liv i så lenge ein kan

Og eitt av desse stoffa er dette bil-frotté-stoffet. Etter å ha sydd fleire genserar tidlegare av samme stoff-stykke, er det ikkje lenger nok til ein heil genser. Men det er likevel nok til å ha med stoffet i eit plagg!

DSC_0520

DSC_0517kk

Genseren blei sydd som bursdagsgåve til ein gut som nyleg feira seksårsdagen sin.  KAM-knappane er utelukkande pynt, bortsett frå den nederste. Eg oppdaga nemleg at eg hadde bretta den stripete stoffremsa feil veg då eg la opp genseren. Då kan ein enten sprette opp og sy på nytt, eller ein kan berre la det vere, og så ser det litt rart ut. Eller ein kan spele på lag med feilen, og prøve å få det til å sjå litt fint ut på trass av den. Dette var eit forsøk på sistnemnte.

DSC_0519

Genseren er forresten prikkete på baksida.

DSC_0518

Mønster: Eige

Stoff: Frotté med bilar kjøpt hjå Textart.no. Stretch-isoli frå Hilco. Stripete jersey (“Campan”) frå Hilco. KAM-knappar frå Lykkedragen.no eller Ebay. Lime-grønn ribb frå stoff og Stil.

10.05.2012

Velourgenserar, og litt om det å dele opp mønsteret

Dei eldste to, på 5 og 3,5 år trong genserar. Denne gongen har eg brukt samme gensermønsteret til jenta også, medan eg tidlegare berre har sydd guttegenserar av det. Men det skulle vel ikkje vere nokon grunn til at ikkje jenter kan gå med slik fasong, vel?

DSC_0984
DSC_0986
Jenta har i det siste gått og ønskt seg rosa tøy med gule striper, så det blei rosa genser med éi stor, gul stripe. Gutungen likar best det han har frå før, men han kjem nok til å like genseren sin etterkvart, berre han får litt tid på seg :-)

Om oppdelinga av mønstera (samme mønster, men i str. 4 og 6 år):


Mønsteret har eigentleg heil framside og bakside, men eg har delt det opp (også bak). Det vil seie, i praksis har eg berre bretta mønsteret til, og lagt til 1 cm saummonn utanfor brettekanten. Det som ikkje er lurt, om ein vil ha fleire stoff i staden for eitt, er å klippe opp etter at ein har klipt ut den store mønsterdelen i eitt stoff, for då får ein ikkje med saummonn!

Om ein synest det blir litt kjelkete med bretting, eller ein vil dele opp eit mønster i linjer som ikkje er rette, kan ein teikne av ein ekstra mønsterkopi, og klippe i veg! Berre hugs, at jo mindre rette kantane er, jo vanskelegare er det å sy etterpå! Det enklaste er å dele opp med rette linjer, og i litt avstand frå hjørner og slikt på mønsteret.

Her er nokre døme på tidlegare plagg med oppklipte/-delte mønster:



Mønster, genserane øvst i innlegget:

Eige, skal lure på om det var Armstrong si bok eg fekk hjelp av? Har i allefall gradert det til fleire storleikar med hjelp frå Aldrich.

Stoff:

Einsfarga, rosa og einsfarga gul velour frå Rainbow tekstil. Stripete rosa/raud velour frå Danmark ein stad (stofogstuff.dk?). All ribb, og limegrønn velour frå Stoff og Stil. Stjernevelour frå JNYDesign, trur eg. Den brune velouren er frå Stofstedet.dk.

03.11.2011

Interlock-skjørt

DSC_0790

DSC_0791

DSC_0809

Om mønsteret:
Dette skjørtet er sydd i str.  5 år, og er sydd etter samme grunnmønster som dei to skjørta i dette innlegget. Mønsteret er smalare i livet enn i hofta, og skjørtet må derfor syast i elastiske stoff.

Stoff:
-Interlock frå Citrone designs
-Kanta med interlock frå Cetho designs
-Ribb frå Stoff og Stil

28.06.2011

Barnekjolar

IMG_8797
Denne kjolen har lommer som er sydd på stoffet, etter kanting med ribb. KAM-knappar til pynt.
Samme kjolen bak:
IMG_8798
Sky-velourstoffet er sydd med trippel-coversaum sydd frå baksida. Lappen blei fyrst festa med Hi-fix, og det blei sydd ein saum langs velourkanten for å tene som guide for coversaumen på baksida av stoffet. (Eg hugsar ikkje kvar for saum eg brukte, mogleg det var tråklesting som eg fjerna etterpå for å ikkje hindre stretchen i stoffet)
IMG_8799IMG_8819
Denne lomma blei laga slik: øvre kanten på lomma bretta ned og sydd med opp-ned-trippelcoversaum. Vevde band festa med Hi-fix og sydd på. Deretter kanting med ribb. Ribb-endane bretta ned på baksida, lomma sydd på.
Baksida av samme kjole:
IMG_8820
IMG_8800
IMG_8801
IMG_8803
Slik er blomen sydd: Oransje stoff festa med Hi-fix, riveinnlegg på baksida. Deretter er det sydd på anorakksnor rundt (spesial-syfot).
IMG_8804
IMG_8802
IMG_8795
IMG_8821
Dei to kjolane over har alminnelege applikasjonar, sydd på med vanlege applikasjonssting (spikarmatte sett frå sida).
IMG_8822
IMG_8818
Ein bit av eit vevd band frå www.farbenmix.de på brystet.IMG_8810
IMG_8808IMG_8874
Tunika i bondeskjortestil med forklekjole. Kanta med alminneleg skråband.
IMG_8813
IMG_8814

Bukser

Design av Annwes: IMG_8792
IMG_8790
Enkel oppklipping av mønster før klipping av stoff:
IMG_8791
Enkle bukser. Denne mønstra, ornasje buksa er pynta med ein lapp jersey (i praksis ribb) under den raude merkelappen. (Tutorial her.)
IMG_8794
IMG_8789

Bodyar

Bodyar er veldig greie å sy når ein har coverstitch-maskin med eit (velfungerande) kantebandsapparat. Det finst andre måtar å kome til målet på, men desse er sydd med kantebandsapparat på Coverproen.
Ved tettsitjande halskant syr eg inn splitt med knepping i bodyens venstre skulder, sjå tutorial til høgre i bloggen.

IMG_9019
På desse er mønsteret klipt opp før stoffklipping, pass på at du stiller opp diff’en før du syr dei tverrgåande saumane på brystet om du syr på overlock, elles blir saumen bylgjete (viktigare jo meir stretch det er i breidda på stoffet).
IMG_9020
IMG_8805
IMG_8788
IMG_8812
IMG_8809
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...