Viser innlegg med etiketten Barneskjørt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barneskjørt. Vis alle innlegg

22.07.2016

Patchwork à la Annwes

Framme:

Bak:

I mai fylte niesa vår 8 år, og eg fekk lyst til å lage eit plagg med det lille ekstra. Det er ikkje så ofte eg lagar denne typen plagg lenger, det var mykje meir av det dei fyrste åra eg sydde.

Å lage eit slikt skjørt tar litt tid, men det er ikkje vanskeleg i det heile tatt. Og etter at eg fekk limspray, går det mykje fortare enn i “gamle dagar”, då eg bruka vliesofix. Etter nærbiletet, kan du sjå korleis eg monterte skjørtet.

Skjølve mønsteret er veldig enkelt, eg har brukt mønsteret frå Öberg si bok, men laga midjen litt lågare framme enn bak. Sydde sidesaumen, deretter på med ribben, med merkelappen i samme saumen.

Deretter var det berre å kose seg; klippe ut lappar, spraye på lim, klasje lappen på. Sy rundt til slutt, med riveinnlegg bak (hmm, eg kan ikkje finne riveinnlegg hjå Stoff og Stil når eg leitar nå... Kom gjerne med innspel på kva ein kan bruke i staden for.) Nokon av lappane er av jersey, dei har eg stort sett sydd med rettsaum (draget på desse saumane mtp rakning reknar eg som ubetydeleg). Lappane av stumt stoff er sydd på med sikksakk.

Deretter motsette sidesaum og til slutt linning i livet. Oups, den kom bak fram, men då puttar vi berre på ein knapp. Mykje enklare å leggje til noko enn å fjerne noko.

01.03.2016

Finskjørt og nokre tips om differensialmating

Eg likar best å sy plagg av jerseystoff/strikka stoff, men av og til blir det eit plagg i fast stoff. Vel, det blei litt jersey i denne også, i form av ribben i livet. Skjørtet er sydd av eit polyesterstoff (?) eg kjøpte hjå Stofshop, Århus i 2012. Dette var forresten ein kjempeinspirerande butikk om ein skal sydameklede, utan at prisane var høge.

Mønsteret er fra Ottobre, nr. 4/2010.

Tips til å leggje opp runde bua kantar: Om eg skal leggje opp ein bua kant, brukar eg å sy langs stoffkanten ein gong med overlocken med høg diff, skal forklare nedanfor kva diff er. Deretter pressar eg kanten på plass med strykejern og syr den til slutt med coverstitch-maskin eller symaskin.

Diff/differensialmating: Å differensiere noko tyder å skilje noko frå kvarandre. Overlockmaskiner har to transportørar, dvs. dei taggete platene som fører stoffet framover. Desse er skilt frå kvarandre slik at dei kan røre seg uavhengig av kvarandre. Slik kan dei enten snurpe stoffet saman, eller dei kan strekkje det ut. Eller dei kan trekkje synkront/like mykje båe to (diff=1 eller N). Om ein syr i elastiske stoff, har dei ein tendens til å strekkje seg når dei kjem under syfoten, akkurat som ein deig blir pressa ut når du kjevlar den. Dette kan vi kompansere for med å skru diffen opp; overlock-maskina snurpar saman att det syfoten strekkjer ut. Derimot, om du har tynne stoff, snurpar dei seg så lett ved overlock-syinga, og ein kanskje må skru diffen til under 1 for å strekkje stoffet ut att.

Av og til kan ein faktisk ønskje å snurpe stoffet saman, slik som når ein skal leggje opp eit konveks bua kant i eit skjørt. Då kan ein bruke høg diff til dette. Det vil berre fungere om det du syr ikkje er for tykt eller for stivt. Funkar blant anna fint for eit enkeltlag stretch-velour.

08.06.2015

Skjørt til to bursdagsjenter

Dei fekk like skjørt, bortsett frå namnet på vranga. Fint å få bruke Silhouette-maskina av og til, det er ikkje mykje den blir brukt…

Mønstert er det samme som eg sydde dongeri-jersey-skjørt for nokre innlegg sidan. Mikke-stoffet er interlock.

07.06.2015

Skjørt i dongeri-jersey

Her er det skjørtet som er det nye plagget. Eg gløymde å fotografere det for seg sjølv, slik eg brukar å gjere med nye plagg. Og jentungen var så glad for det nye skjørtet at ho like godt tok det utanpå shortsen ho allereie hadde på seg :-)

Skjørtet er sydd av dongeri-jersey kjøpt av Sydilla, ein litt tykk jersey, stødig stoff, men likevel med stretch. Har lyst til å sy eit slikt til meg sjølv etterkvart. Mønsteret er frå Inger Öberg si bok, grunnmønsteret for skjørt. Skjørtet er sydd i sstr. 122/128, men lengde svarande til 116. Utanom justering av lengda, senka eg midjen 1 cm på framstykket (skrådde jevnt ned slik at det midt framme blei 1 cm lågare enn opprinneleg). Den mørke stripa nederst på skjørtet er ribb bretta dobbelt. Den lilla stripa midt framme er pynt for å skjule saumen i ribben, i ein ukonsentrert augneblink sydde eg på ribben feil veg. Då er det ofte raskare og like greitt å spille med ved å setje på nokon ekstra detaljar, enn det er å sprette opp og sy på nytt.

19.09.2014

Bursdagsskjørt x2

Mellomstejenta skulle i to bursdagar til til saman tre barn ikkje lenge etter skulestart. Jentene fekk kvart sitt skjørt, medan tvillingbroren til den eine jenta fekk ein genser (neste innlegg).

Mønster: Heilt Spesiell & Jubel i utgangspunktet
Ribben av Stoff og Stil-type klipte eg 51 x 19 cm inkl 1 cm saummonn, men har ikkje fått sett korleis det blei på i praksis.

Lomma klipte eg ved å klippe den likt som skjørte-forstykket i sida og så kutte det av sånn passe på den sida av lomma som vender inn mot midten. Fyrst kanta eg lomma med ribb, deretter tråkla eg på skjørte-forstykket med lange sting på symaskina øverst, i sida og nederst. Deretter nåla eg ribbkanten fast og sydde den fast med trestingssikkakk, lot ei lommeopning stå igjen øverst. (Applikasjonen blei gjort aller fyrst).

Slik blei det ei lomme med ein litt annan vri, det er ikkje den mest naturlege lomma når det gjeld å få handa si nedi, men eg synest det blei såpass bra at eg sydde to skjørt med samme patent.

Stoff: Bomullsvelour frå diverse stader. Ribb frå Stoff og Stil (grønn) og ? (turkis). Oranske blomsterstoff frå Tygladan.se. Raudprikkete jersey frå Textart (?)

Før hadde eg full kontroll på kvar alle stoff kom frå, nå er lageret fleire år gamalt, og det går litt i surr…

08.02.2013

Blomstrete skjørt i jersey

Eg bladde gjennom nokre mønsterblad her om dagen, og fann dette skjørtet i eit Ottobre-blad. Det er laga av berre rektanglar. Veldig enkelt, og blei veldig fint!

DSC_1192kvit

-Dei to nederste kappene er sydd saman og rynka i éin operasjon, ved hjelp av gjennomsiktig strikk(om det var slik ein eigentleg skulle gjere det, veit eg ikkje, men dette funka i allefall fint). I livet er strikket sydd på på vranga med overlock fyrst, deretter bretta mot vranga og sydd over med coverstitch.

Mønster: Ottobre 1/2011, str. 110
Stoff: Ixat. 2,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil. Gjennomstiktig strikk frå Stoff og Stil.

28.08.2012

Akutt behov for noko sukkersøtt

Innimellom alt det retro-aktige, får eg av og til veldig behov for å sy noko sukkersøtt. Og denne gongen blei det eit skjørt til jentungen som fyller fire i haust. Eg er veldig godt fornøgd, og det blei jentungen også (det er berre å seie at ein har sydd eit prinsesse-skjørt, så er det bra med ein gong ;-)

DSC_0467levelsDSC_0470k

Skjørtet er ca 5 år (4-6). Skjørtet er sydd utelukkande av rektanglar, som eit forsøk. Det blei greitt, men litt tykt i livet, kanskje, når det var så mykje stoff som skulle snurpast.

Snurpinga rundt knappane: Eg tråkla ein ring og snurpa den saman medan eg trykte stoffet bakover (blei ein knopp på baksida). Knaut saman med ein knute, sydde deretter på knapp og sydde samtidig knoppen fastare saman på baksida.

 DSC_0354

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Bomullsstoff frå Panduro (Tilda), rosa stripete stoff frå Hilco (rest hjå ein tysk tyll-butikk). Knappar for å trekkast med stoff frå Prym.

02.06.2012

Sommar i frotté

Dette er siste syprosjekt som har lege i blogg-kø i denne omgangen. Tusen takk for alle kommentarane, eg set stor pris på dei. I ny og ne tar eg meg ein bloggrunde og høyrer korleis de andre har det og lar meg inspirere av det flotte de lagar :-)

Eg hadde noko att av den deilege sommarfrottéen Hilco laga for to-tre år sidan. Og det blei til eit sommarsett til treåringen, noko ho blei veldig glad for!

DSC_0241k

DSC_0240k


Litt sånn cheerleader? Ikkje det at det var meininga det skulle bli det, hehe, sluttresultatet blir ikkje heilt sjeldant litt annleis enn eg har tenkt ut på førehand! Gong på gong har det blitt meir 70-tals og retro enn eg eigentleg hadde meint, men ofte er eg fornøgd likevel.

Singletten tenkte eg å sprite opp med ei liten runding/”dråpe” i halsutringinga, inspirert av ein modell som var i Ottobre ein gong. Men kurva blei altfor skarp for kantebandsapparatet, og bandet buka veldig nedst i svingen, så eg måtte sy ein stikning. Dermed blei det i stadenfor ein slags “V”. Greitt nok, det gjorde uansett singletten meir spennande.

Skjørtemønsteret er likt framme og bak. Biletet over viser at livet til eit barn ikkje ligg i horisontalplanet, og skjørtet blir derfor lengre framme enn bak. Dette kjem eg nok til å justere på seinare skjørt, men denne forskjellen er heldigvis ikkje like synleg når jenta spring rundt omkring.

Dei kvite stripene er laga av anorakksnor som er sydd på. Det krev stabilisering bak når ein syr anorakksnor på stretch, ellers strekk stoffet seg under påsyinga, og det blir bølgete. I dette tilfellet er heile den oransje stripa lima på med vliesofix. Eg var litt usikker på om det ville vere stabilisering nok berre av lim og dobbelt stofflag, men det funka.

I livet  på skjørtet sydde eg på ei 3 cm brei linning/løpegang av det rosa frottéstoffet og tredde med 2,5 cm breitt strikk. Lengda på linninga var litt kortare enn livvidda på barnet (85-90%, hugsar ikkje nøyaktig…) Strikket var ca 85% av livvidda, funka greitt.

 

Mønster: Eigne. Skjørtemønsteret er det samme som er brukt her (str. 5 år) og dei to her (str. 3 år).

Stoff: stretch-sommarfrotte frå Hilco. Anorakksnor frå Stoff og Stil, tynnaste varianten (3,5 mm?)

 

Og slik på tampen slenger eg med eit par bilete av genseren eg sydde i går kveld. Den blei eg ikkje veldig fornøgd med, blei altfor mykje mønster, og liksom ikkje heilt… …Det blei too much, liksom. Men varme kroppen til den vesle jenta, det kan den, så den kjem til å bli brukt Smilefjes. Genseren er i str. 80, og er meint å gå langt ned på hoftene. Sydd i jersey.

DSC_0273k

DSC_0272k

Den deilege buksa i isoli er sydd av svigerinna mi.

Ha ei god natt!

03.11.2011

Interlock-skjørt

DSC_0790

DSC_0791

DSC_0809

Om mønsteret:
Dette skjørtet er sydd i str.  5 år, og er sydd etter samme grunnmønster som dei to skjørta i dette innlegget. Mønsteret er smalare i livet enn i hofta, og skjørtet må derfor syast i elastiske stoff.

Stoff:
-Interlock frå Citrone designs
-Kanta med interlock frå Cetho designs
-Ribb frå Stoff og Stil

06.10.2011

Skjørt i glade fargar!

Her om dagen blei vi bedt i bursdagselskap til ein tre-åring.  Eg nytta sjansen til å teste det nye skjørtemønsteret på interlock, og med seks panel får ein ei god sjanse til å kombinere mange ulike stoff, jippi!

DSC_0116

Biletet over blei ein smule skarpt i fargane, under er det to bilete av skjørtet liggande flatt, framsida fyrst, deretter baksida:

DSC_0112

DSC_0113

Einaste forskjellen som skil framme og bak, er saumen i ribben, så eigentleg kan ein velje sjølv kva ein vil ha framme og bak…

Under er det eit bilete av eigen jentunge med testutgåva av skjørtet, dette skjørtet er sydd i nokså tynn stretch-cordfløyel:

DSC_1076kompr

Mønster:

Eigenteikna. Ribb (Stoff og  Stil sin); livvidde x 0,8 (livvidda tar eg ut frå tabell i Aldrich, som du også kan finne her.) Ribben er 9 cm djup, og startar litt nedanfor livnivå.

Materiale:

Skjørt 1: Interlock frå Cetho, unntatt det oransje med rektanglar på som er kjøpt på Etsy eller Ebay,  www.fabric.com har det også. Ribb frå Stoff og Stil.

Skjørt 2: Trykt stretch-cordfløyel frå www.fabric.com.  Ribb frå Stoff og Stil.

Båe skjørt har foldover elastic 5/8” frå Hobovian på Etsy/Ebay. Sydd på med kantebandsapparat frå Sharpsewing/Ebay på Coverproen, slik blir det sjåande ut:

 DSC_0118

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...