27.05.2014

Katte-t-skjorte

Femåringen skulle i bursdag og ville at t-skjorta til bursdagsbarnet skulle ha kattedyr på seg, fordi han som fylte år var glad i kattar. Løve og tiger og sånn!

Så eg fann fram dyrestoffet til Stoff og Stil, og fann heile fem ulike kattedyr-motiv!

Mønster: Eige, teikna med hjelp frå boka til Winifred Aldrich.
Stoff: Ulike bomullsjerseyar.
Syteknikk, lappane: Festa dei med dobbeltsidig strykeinnlegg. Riveinnlegg på baksida medan eg sydde lappane på med rettsaum. Vil rettsaumen ryke? Eg lurte litt på dette, ein viss risiko er det jo. Men eg trur at så lenge stoffet ikkje blir strekt mykje meir enn normal bruk, vil resten av t-skjorta ta unna før det blir for mykje drag på rettsaumane. Og strykeinnlegget vil også stabilisere, dette varer fleire vask, vil eg tru. 

My five-year-old daughter was invited to a birthday party to a boy, and she told med that he was fond of cats. Lions and tigers! So I fetched the animal print-jersey in my shelf, and cut out five different cat photos for this t-shirt :-) The pattern is self-drawn, with help from the book of Winifred Aldrich (english book).

24.05.2014

Ein kollega blei pappa…

Ein liten gut, fekk han, og dermed fekk eg høve til å sy litt baby-klede :-)

Ein body med nitals-opning, ei siklesmekke, og ein pysjpose. Sistnemnte type plagg hadde vi mykje glede av til minstejenta vår (ikkje at det var noko spesielt med henne i høve til dei to eldre syskena, men med dei to kom eg ikkje på å sy pysj-pose…) Lettvint å skifte bleie om natta, og dyna blei ikkje så lett sparka av (mest relevant haust og vinterstid…). Ingen pysj-bein å “gå seg vill i”.

Mønster: Eige på body og pysjpose, begge str. 3 mndr. Maja sitt sikleskjerf-mønster frå boka “Made by me”.
Stoff: Jersey designa av Johanna Ahlard, kjøpt hjå Textart. Blå og grønn einsfarga jersey kjøpt i Sverige? Brent oransje ribb frå Stoff og Stil. Turkus ribb frå Jydsk stoflager. På baksida av smekka er det eitt lag med den turkise ribben.
Link: Her finn du eit eldre innlegg om pysjpose med bl.a. nokre hint om du har lyst til å sy ein sjølv.

A colleague of mine got a son a couple of weeks ago. And I enjoied the opportunity to make som baby clothes :-) The sleep sack is a garment type we liked very much ourselves when we got our third child (never thought of sewing something like that for the first two children). In fact, she wore body and sleepsack every night the first months of her life. I have made a post about a sleepsack earlier, and if you would like to make one yourself, you get some hints how to do it here (the whole post in english, actually :-)

15.05.2014

Kantebandsapparat for FOE

(FOE= Foldover Elastic)

Her er “single fold”-apparatet mitt for Coverproen; ei venninne var nysgjerrig på apparatet, så her kjem ein presentasjon! Eg brukar det ikkje ofte, men nå har eg akkurat kanta kjøkkenhandkle med FOE, og då fungerer det supert!

Apparatet er kjøpt hjå Sharpsewing på Ebay, det kostar oppunder 180 kr inkl frakt frå USA. Slike apparat finst for ulike breidder på bandet, denne er for 5/8” band, så eg har  kjøpt FOE som er 5/8” breitt. Eg har ikkje prøvd apparatet til vanleg, vevd skråband. Eg har heller ikkje prøvd det på noko særleg svingar, men på rette strekningar fungerer det veldig fint. Og når stofftykkleiken er jevn og tynn; om stoffet derimot blir tykkare, kan det kanskje bli i utfordring å få nåla til å treffe inne på bandet. Nåla står forresten i høgre posisjon, kjedesting. Apparatet er veldig enkelt å stille inn (eg har berre brukt det med gjennomsiktig fot); stille det inn slik at “støttekanten” lengst framme står parallelt med og inntil syfoten, og deretter stramme skruane.

Here’s a presentation of my single fold binder for my Coverpro. I don’t use it much, but in some cases, like when I made tea towels the other day, it workes splendidly. Bought at Sharpsewing on Ebay, cheap. Several sizes, I bought 5/8” and bought 5/8” FOE at the same time (in other shops on Ebay). Very easy to adjust and use, at least when the fabric is even and thin, but I’m afraid it doesn’t work that well in bends and sewing across seams with some thickness. Maybe it will work with woven biastape too, I haven’t tried. The needle is placed in the right position, chain stitch.

09.05.2014

Ein HS&J-kjole til :-)

Niesa vår fylte 6 år nettopp, og etter å ha sydd ein kjole frå Heilt Spesiell og jubel-boka, og syntest møsnteret var flott, blei det ein kjole til!

Stoff: Kattejersey frå Stoff og Stil. Den raud-rosa ribben er også derifrå (eldre type, den nye typen har eg ikkje prøvd ennå). Det lilla stoffet i berestykket er bomull/bambus-interlock frå Strømming Design. Ribben nederst trur eg er kjøpt hjå Jydsk Stoflager.

Glede seg til sommaren med å sy

Femåringen har gått gjennom stofflageret og plukka ut stoff ho likar. Så når eg skal sy noko til henne nå, går eg fyrst til favoritt-bunken og ser kva eg finn der. Og der fann eg dette breistripete stoffet, og leita deretter fram ein liten rest av det tilhøyrande smalstripete. Eg synest kjolen blei kjempestilig, så står det att å sjå om den fell i smak hjå jentungen (fyrste respons var ikkje overveldande positiv… Men det kan jo endre seg ;-)

Mønster: Frå boka til Heilt Spesiell og Jubel. Str. 116.
Stoff: Singeljersey, kjøpt hjå Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal.

Kjolen er kanta med samme jerseyen ved bruk av kantebandsapparat på Coverproen. Det går, men eg må fylgje kjempegodt med på remsa, for den vrir seg veldig raskt i apparatet. Ved kanting av dei konvekse kurvene på lommene drog eg litt i lommestoffet for at stoffet ikkje skulle snurpe seg (vanskeleg å unngå snurping heilt).

06.05.2014

Romantisk versjon av “Barn igjen-kjolen”

Boka “Barn igjen” kom på salg, og eg kjøpte den for å sy av “Singoallakjole”-mønsteret var ein slager i symiljøet for nokre år sidan. Dette er ikkje testkjolen, den fyrste kjolen har eg visst gløymt å take bilete av. Kjem kanskje etterkvart…

Kjolen er heil-fôra. Kappa nedst er lagt på i lengda i høve til opprinneleg kjolelengde, eg fekk inntrykk av at kjolen var litt kort. Kva for erfaring har de andre med lengda på mønsteret? (Kjolen er sydd i str. 116).

Stoff: Ytterstoff var restestoff kjøpt i ein tysk nettbutikk for fleire år sidan. Kappa og ermane er av Tilda-Stoff frå Panduro. Fôret er tynn bomull frå Midha Enterprice Oslo. Mellomverk kjøpt på ein butikk i Fargerike-kjeden.

Med dyr og astronautar

Astronaut-t-skjorta til 7-åringen er ein favoritt, så nå får han ei ny ei som er litt større og ikkje tynnslitt som den fyrste. T-skjorta ved sida av tippar eg også kjem til å bli ein favoritt, han synest det er moro med ville dyr. Ein leik vi har brukt mykje når det blir kjedeleg for dei små å sitje ved bordet til måltidet er slutt, er “tenkje på eit dyr-leiken”. Så enkelt som at éin omtalar eit dyr (/fugl/fisk/reptil) og dei andre skal gjette kva for dyr det er. Den som gjettar rett fyrst “tenkjer” på dyr neste runde!

Mønster: Boka til Inger Öberg. Forlenga med 5 cm, trur eg det var.
Stoff: Astronautstoffet er designa av Johanna Ahlard, trur eg kjøpte det av Cetho i si tid. Dyrestoffet er frå Stoff og Stil, årets kolleksjon. Stripete Campan frå Hilco (kjøpt i ein tysk nettbutikk). Ribben i begge er frå Jydsk Stoflager, om eg ikkje hugsar feil.

04.05.2014

Bodyar og nokre ord om interlock vs. jersey

Mønster: Heilt Spesiell og Jubel-boka. Str. 104 i breidda, forkorta til 98 i lengda.
Stoff: Interlock designa av Johanna Ahlard. Kjøpt av Cetho den gong den butikken eksisterte.

 

Mønster: Eige, men med skulderopning frå boka til Heilt Spesiell og Jubel.
Stoff: Interlock, også denne kjøpt av Cetho.

Denne halsopninga har ikkje vore min favoritt estetisk sett. Men den er så rask å sy at den redda bodyen frå å ligge umontert. Det var så raskt at eg til og med fekk tiltakslyst til å setje på eit merke framme, noko som i utgangspunktet ikkje var aktuelt.

Interlock har gått litt av moten, har eg inntrykk av, nå er det mest (singel-)jersey å finne når det gjeld stoff med print. Eg brukar ikkje interlock mykje sjølv heller. Her er nokre ord om (bomulls-)interlockens eigenskaper: Interlocken er dobbelstrikka, og er dermed litt tykkare enn jersey. Det gjer også at den ikkje rullar seg i kantane, og det gjer den mykje meir handterleg å sy av. Den vidar seg lett i breidda, men trekkjer seg ikkje like godt saman att, slik jersey gjer. Interlock kan derfor av og til bli litt “slaskete”, men den fungerer veldig fint på tettsitjande plagg som bodyar og singlettar. Då føyer den seg fint etter kroppen, og blir ikkje sitjane som eit pølseskinn på samme måten som jersey kan gjere om plagget er litt smalare enn kroppen. Nokre ord om tøyelegheit i lengda høyrer også med, for interlocken strekkjer seg veldig lite i lengda. Det er medverkande grunn til at den er lettare å sy i enn jersey; saumen bølgar seg ikkje like lett. Men det gjer også at eit barn ikkje kan vekse like lenge i ein interlock-body eller –sparkedress enn i ein av jersey. Korleis ser ein forskjell på interlock og jersey i praksis? Om ein ser nøye på stoffet, har det vertikale riller både på fram- og baksida. Vranga kan gjerne brukast som rettside (einsfarga/gjennomfarga stoff har ikkje noko rette og vrange). Jerseyen har berre vertikale, tynne striper på rettsida, medan det har meirhorisontale, løkkeaktige riller på baksida, ein miniatyrversjon av ein klassisk, heimestrikka ullgenser.

Interlock vs. jersey del II (25/5-14):

I Norge brukar vi berre  å seie “interlock” og “jersey”, men eigentleg er “jersey” eit vidare namn på strikka stoff, som omfattar både interlock og jersey (utan at eg kan så veldig mykje meir om stoffstrikking enn dét…) Så i utlandet kan ein sjå at interlock kallast for “interlock jersey”, og det vi kallar for jersey for “single jersey”. Kanskje nokon som har gått og stussa på dette?

Elles er det lettare å forklare forskjellen på baksida ved hjelp av bilete i tillegg til berre ord:

Om vi ser litt nærare:


Ganske så likt på rettsida og vranga, ikkje sant? Legg også merke til at klippekanten ikkje rullar seg. Dette bidrar også til at det er lettare å sy i interlock enn jersey. Klikk på biletet for å forstørre det :-)

Her er baksida på jerseyen, nokon som kjenner den att frå ein av sine heimestrikka gensererar? :-)
og klippekanten, den rullar seg… Framsida er ikkje så allverdens ulik interlocken. Og for ordens skuld: I båe stoffa er stretchen (hovudsakeleg) sidevegs, og “trådretninga” nedover. (Men mange jersey stoff har mykje stretch i lengderetninga også).

Ha ein fin kveld, nokon som skal sjå Selfridge’s, kanskje? :-) (Det skal eg!)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...