29.11.2011

Sjå, ein spekkhoggar!

Spekkhoggarar er populære her i huset. Og spekkhoggarar er takknemlege å teikne, for dei har reine linjer og store flater med jevn farge (om ein kan kalle svart og kvit for farge…). Så eg kasta meg ut i det, og laga ei bukse med spekkhoggar-applikasjon!

DSC_0123

DSC_0128

DSC_0130beskjart

DSC_0132

DSC_0133

Om mønsteret:

Eg har prøvd ein del variantar av trouser-draft både etter Armstrong og Aldrich, utan å bli heilt fornøgd. Denne gongen har eg samanlikna dei to frofattarane sine bukser, og endte opp med ei bukse som liknar mest på Armstrong sin “slack foundation” hjå Armstrong, men eg har blant anna brukt mål frå boka til Aldrich. Og eg synest resultatet blei bra.

Om spekkhoggaren:

Google “killer whale”, og du får plenty av spekkhoggar-bilete. Eg fann eit eg likte, putta det inn i fotoredigerings-programmet vårt (paint.net) og skalerte opp til passande storleik. Printa ut, la vliesofix oppå og teikna rundt. Eg tenkte at det kanskje ville bli litt klumpete med fleire lag oppå kvarandre, så eg klipte svart stoff berre der kvalen er svart og kvitt stoff berre der han er kvit. Det skjøna eg etterpå at var utan poeng estetisk sett, og skapte berre unødvendig mykje arbeid. Så om det blir ein neste spekkhoggar, skal eg klippe heile kvalen i svart, og så skal eg leggje dei kvite felta oppå det svarte.

Stoff:

-Mørkeraud stretch-cord frå Stoff og Stil (eg prøvar å overtyde gutungen på snart fem om at gutar også kan gå i raude bukser, men det er førebels svært usikkert om eg lykkast)
-Ribb i livet frå Hilco (3,5 cm breitt strikk inni)
-Svart og kvit velour frå Stoff og Stil
-Stikningar i oransje dongeritråd frå Stoff og Stil (sydd med broderinål frå Stoff og Stil…)

Variantar av samme buksemønster

DSC_0155
DSC_0156
Om mønsteret:
Desse buksene er laga etter posemønster laga etter metode i Armstrong si bok. Utgangspunktet er eit vanleg "joggebuksemønster" (eigentleg "trouser"-grunnmønster) som er gjort om til posebuksemønster ved å splitte det opp i sida, og lagt til nokre centimeter (ca 5-6 cm)  i sida, illustrert med den gule stripa. I tillegg er det tatt bort litt på mønsteret tilsvarande dei blå felta. Dei blå felta tar bort 1"/2,5 cm øvst på innerbein-saumen. (Skissa er frå dette innlegget):
image

Sky-buksa og den lilla buksa: Desse buksene er posebukser (i motsetning til stjernebuksa, sjå lenger nede). Mønsteret på skissa over fungerer greitt til tynne stoff som babycord, men blir litt for posete øverst med tykkare stoff. Derfor er desse to buksene smalna inn øverst og gradvis vidare jo lenger ned ein kjem. Ein kan sjølvsagt klippe opp mønsteret til to delar, men eg synest det faktisk er enklare og raskare å klippe det i eitt, og så heller smalne inn i etterkant. Denne innsmalninga gjer eg ved å brette stoffet (rette mot rette) slik skissa under viser, og så sy langs den raude linja. Den raude linja byrjar ca 2,5 cm inne på stoffet, dvs. at det totalt forsvinn ca 5 cm øvst.
posebukse2

Då eg klipte stjernebuksa på biletet over, ville eg ha den meir som ei joggebukse enn posebukse, men det var berre posebuksemønsteret eg hadde tilgjengeleg. Så eg reverserte mønsterendringane ved å brette til mønsterpapiret tilsvarande om en hadde kutta ut den oransje stripa, og klipte litt grunnare skrittboge. Ingen sidesaum.

Om ribb-monteringa i buksebeina:
Buksebeina blei rynka ein del saman med gjennomsiktig strikk før ribben blei sydd på (resten av rynkinga stod ribben for sjølv). Meir om denne typen rynking her.

Stoff:
-Raud/kvite velourar frå Cetho Designs,
-turkis ribb frå Stoff og Stil (eller var det Stof2000?)
-Lilla velourar frå Stofstedet.dk (mogleg den einsfarga kjem frå Malika og Rosa…)
-Grå ribb frå Stoff og Stil

Innlegget er revidert 19.08.12

26.11.2011

Ullkjolar for kaldare dagar

Veka før jolemarknaden fann eg ut at eg skulle sy jentekjolar av raud ullfilt eg hadde liggande, og då eg reiste til Stoff og Stil for å kjøpe glidelåsar, kome eg like så godt heim med endå meir ullfilt. Til saman sju kjolar blei det. Pynta på litt ulike vis, men sjølve kjolane er sydd på samme måte, rette mot vrange. Litt liknande ei kåpe eg sydde for eit par år sidan (eit stykke nede i dette innlegget).

Kjole 1, Vågsbygd-kjole, str. 7 år (selt): Med tema frå Vågsbygd, deriblant kyrkja (bak til venstre på kjolen).

DSC_0135beskjart

DSC_0154

 

Kjole 2, str. 6 år: Med ein løgleg pippip på…

DSC_0138

DSC_0140

 

Kjole 3, str. 6 år, for den som er glad i hest… (selt)

DSC_0141

 

Kjole 4, str. 6 år, den hjartevarme:

DSC_0142

Hjartet er sydd med vanleg symaskin, men sikksakk-breidda er justert manuelt i midten av hjartet.

DSC_0143

Detalj frå nakken på kjolen:

DSC_0145

Og detaljbilete av glidelås-“renna”:

DSC_0146

 

Kjole 5, str. 4 år; mjauuu!

DSC_0148

 

Kjole 6, str. 3 år, titt hei, pus!

DSC_0149

DSC_0150

 

Kjole 7, str. 2 år; Bææææ! (Selt)

DSC_0153

DSC_0151

Om mønsteret:

Teikna med utgangspunkt i grunnmønster, teikna med med hjelp frå Aldrich si bok. Kjolane går i utgangspunktet til like under knea.

Om monteringa av kjolane:

Kjolane er i skuldersaumane og sidene sydd saman rette mot vrange, for å unngå tykke saumar. Éin cm saummonn blei lagt til på bakstykket, men ikkje på framstykket. Sidan ullfilten er eit strikka stoff, vil det ikkje frynse seg opp når ein har rå klippekantar. Glidelåsen er sydd på bakstykket heilt i starten, og splitten blei klipt opp etter (eigentleg mot slutten av) påsyinga av glidelåsen. Kantinga er gjort i kantebandsapparat på Coverproen. Alle kjolane er kanta med ribb (Stoff og Stil) rund hals og armar, og der eg hadde interlock i samme farge, har eg brukt dét nedst.

Om pynten med garn:

Strek-teikningane er gjort med det som i fylgje sy-leksikonet heiter “splitta kontursting”, sydd på for hand. Fyrst har eg tråkla teikninga med store sting med vanleg sytråd, deretter sydd med garn, på dei fleste kjolane brukte eg ullgarn.

Stoff og tilbehør:

-Raud ullfilt frå ein nå nedlagt butikk. Lilla og plommefarga ullfilt frå Stoff og Stil.
-Diverse ribb frå Stoff og Stil og interlock frå Cetho Designs.
-Fugl: Brent oransje velour, trykt bomull og oransje ribb (til nebb) frå Stoff og Stil. Anorakksnor frå Stoff og Stil.
-Hjarte: Lilla babycord og grønn, trykt bomull, båe frå Stoff og Stil, så vidt eg kan hugse.
-Knappar i nakken: KAM
-Glidelåsar frå Stoff og Stil.

Og så var årets marknad over…

Moro var det! Og eg fekk selt ein del, kanskje ein tredjedel av det eg hadde med meg. Det var eigentleg ikkje noko som peika seg ut som bestselgarar, det gjekk litt luer, litt kjolar, litt genserar, litt posebukser og nokre forkle. Nyfødt-klede, derimot, var det ingen som kjøpte, det var nok litt for smått. Men dét gjer ingenting, eg vil gjerne ha det for å gje bort til venner som får barn. Her er nokre bilete frå marknaden:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det blir nok ein marknad til neste år også!

14.11.2011

Julemarked Vågsbygd kirke (Kristiansand) 19.-20. november!


(Foto: Bjørg M. Nyjordet, lånt frå www.vagsbygdmenighet.no)

Eg bloggar lite for tida, og grunnen er at all ledig tid går med til å sy til årets jolemarknad i kyrkja. Det skal bli moro, akkurat som i fjor og i forfjor! Men eg skal prøve å hugse å få fotografert det eg syr, så blir det nok litt blogging i etterkant ;-)

Program:

Laurdag 19. november:
12.00-16.00: Jolemarknad og kafé
20.00: Konsert med Annbjørg Lien og Sondre Bratland
ca 21.30-23.00: Jolemarknad og kafé etter konserten

Sundag 20. november:
Gudsteneste kl 11, jolemarknaden og kaféen opnar etter gudstenesta (ca kl 12.30). Ope til 15.00.

Sjå også heimesidene til vågsbygd kirke.

Velkommen!

09.11.2011

Raud velour-kjole. –Til jol, kanskje?

DSC_0005
Halsopninga her er kanta med velour (sydd på med overlock-maskina). Det funka i og for seg, men stoffet er eigentleg ikkje elastisk nok til å kante med. Så på armane blei det ribb.
Action-bilete (det er ikkje meininga at kjolen skal brukast til lime-grønn bukse, altså, hehe ;-), kjolen er i str. 3 år, og modellen er str 4 år rundt brystet:

DSC_0003 (2)
DSC_0004 (2)
Sidan velorkanten ikkje er så elastisk, blir den ståande litt opp, og kjolen får litt Kina-aktig preg, synest eg…
Mønster/design: Eige
Stoff: Velour frå Citrone design, ribb frå Stoff og Stil. Lime-grønn velour frå Stoff og Stil. Dessutan har storebror på seg t-skjorte i interlock frå Cetho Designs.

04.11.2011

T-skjorte: “Vi vil ha sommar!”

Det er ikkje så veldig lenge sidan det var sommar, men det er lov å drøyme om neste sommar :-) Eg har i lang tid gått og sikla etter dette stoffet med havmotiv, og då eg kjøpte ei reste-forundringspakke med stoff frå Citronedesign.no, var eg så heldig å få med eit lite stykke av stoffet. Jippi! T-skjorta er forresten sydd i str. 4 år.

DSC_0840dok

DSC_0843dok

DSC_0845

“Oj, der klipte eg bylgjestoffet opp ned”. Men så kom eg til å tenkje på at ei syglad venninne tidlegare har sagt at ho med vilje brukar stoffet opp ned, fordi då ser bylgjene meir snille ut. Og jo meir eg ser på dei, jo meir tenkjer eg at båe sider går like fint å ha opp, og eg er einig i at bylgjene ser litt meir hissige ut når spissane vender opp… Tenkte du over kva for ein veg bylgjestoffet låg, før du las dette avsnittet? :-)

Mønster/design: Eige

Materiale: Ulike jerseyar frå Cetho designs/Citrone design. Ribb frå Stoff og Stil.

 

DESIGN BY ANNWES liten versjon

03.11.2011

Tunika og bukser til nyfødte

DSC_0825kvit

DSC_0822kvit

Meir nyfødt-tøy! Tunikaen over er i str. 56/62, buksene under er av ein posete variant i str. 56, og buksene nedst i ein smal variant str. 50/56.

DSC_0827

DSC_0831

Mønster: Teikna med hjelp frå Aldrich si bok. Begge buksemodellane er testa ut på eiga dotter, og dei har fungert veldig greitt.

Stoff:
Tunika: Sky-velour frå Citrone. Stripete velour frå Danmark (Stof og Stuff, tru?) Ribb frå Stoff og Stil.
Posete bukser: Jersey frå Citrone og Cetho, ribb frå Stoff og Stil.
Smale bukser: Jersey og ribb frå Stoff og Stil.

Posebukse, revidert

DSC_0835

For litt sidan lagga eg nokre posebukser som blei litt for posete i livet (i allefall når dei var sydd i litt stivare stoff enn babycord). Då eg klipte buksa som blei sydd med legg i sidene, klipte eg eigentleg to bukser, og nå har eg sydd den andre også. Men utan legg. Eg bretta heller stoffet omtrent der ein sidesaum ville gått, og så sydde eg sidesaum slik skissa viser. Dermed forsvann ca 5 cm i kvar side øvst. Og det blei igrunnen ganske så bra! posebukse2

Det er ikkje så lett å sjå den eigentlege forma på bukser i såpass mønstra stoff som dette, men ein får ein idé i allefall:

DSC_0832

DSC_0833

Mønster: Eige, modifisert utgåve av mønster teikna med hjelp av Armstrongs bok.

Stoff:
Stretch-cord “hundreogørten wales”(veeeldig smale riller), Fabric.com Ribb kjøpt i Danmark ein eller annan stad.

Fire barnegenserar til!

Det har vore gensertid her i det siste :-) Desse er i str. 6, 5, 5 og 3 år.DSC_0856kvit

DSC_0854

DSC_0846

DSC_0850

DSC_0851

DSC_0852

Sånn, nå er det på tide å sy noko anna enn genserar, puh!

Mønster: Eige, utgangspunkt i mønster str. 5 år teikna med hjelp av Armstrong si bok.

Stoff:
1: Turkise velour-stoff frå Stofstedet.dk, ribb frå Stof2000(trur eg)
2: Eit isoli-aktig, ganske grovt stoff kjøpt hjå Ixat på Etsy. Ribb frå Hilco/Sydilla.no
3: Velour frå Cetho Designs, ribb frå Stoff og Stil.
4: Dyrestoff frå Cetho Designs, einsfarga velour frå Stoff og Stil, ribb fått frå “hemmeleg venn” på Sykroken.net :-)

Interlock-skjørt

DSC_0790

DSC_0791

DSC_0809

Om mønsteret:
Dette skjørtet er sydd i str.  5 år, og er sydd etter samme grunnmønster som dei to skjørta i dette innlegget. Mønsteret er smalare i livet enn i hofta, og skjørtet må derfor syast i elastiske stoff.

Stoff:
-Interlock frå Citrone designs
-Kanta med interlock frå Cetho designs
-Ribb frå Stoff og Stil

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...