09.07.2011

Sommarkjole for ei lita frøken!

IMG_0012
For ei lita stund sidan fekk eg lyst til å lage ein kjole av kombinasjonen av desse to stoffa; guloransje fløyel og ein rest av blomstrete viscosejersey. Men eg heldt på å leggje idéen frå meg, før eg kikka innom denne utfordringsbloggen for saum, og fann ut at kjolen ville passe rett inn! Og med inkludering av utfordringas kriterier blei kjolen til:
-Blanding av fast og strechy stoff
-Sommarleg
-Ha med “det lille ekstra” i form av pynteband, sløyfe, blonde etc.
IMG_0017
På brystet har kjolen fått ein "ribb-applikasjon", og i sentrum av denne  bomullsmellomverk (maskinhekla blonde). Vertikalt over går ein liten oransje bit skråband som omfamnast av ein bit vevd pynteband. Stikningen langs berestykket på kjolen innlemmer eit stykke guloransje moulinégarn i saumen (under).
IMG_0021
IMG_0016
IMG_0009
Tusen takk for utfordringa, June!

Om konstruksjonen av kjolen:
Livet: Sjølve kjoledesignet er bygd på eit klassisk selekjole-design. Eg har tidlegare teikna eit grunnmønster  for diverse “overkroppsplagg” med hjelp av boka til Winifred Aldrich, og då er det relativt enkelt å teikne selekjole-liv. Det som ikkje er like lett, er å vite kor stor rørslevidde ein skal ha (kor mange cm ekstra i vidda i høve til barnet si brystvidde). 58 cm til jenta over som er 55 rundt brystet var i trongaste laget. Og kjolen skal jo også forbi baken ved på- og avkledning, det gjekk såvidt.  Livet er fôra med tynt bomullsstoff.
Skjørtemønsteret laga eg i utgangspunktet ved å teikne av det opprinnelege, firkanta mønsteret frå grunnmønsteret, forlenga til ønska lengd litt under knea. Så klipte eg dette opp i strimlar og la utover bordet slik at eg fann passeleg breidde og form på enkeltdelande. Eg bomma litt likevel, med tal på panel, men etter litt triksing gjekk det bra til slutt…
Å sy saman fast stoff og viscosejersey var ei utfordring, fordi viscosejerseyen drog seg medan det faste stoffet ikkje strekte seg. Det næraste eg kom nokon løysing, var å ha viscosejerseyen nedst mot transportørane på overlocken, og å stille diff’en litt opp. Diff’en blei stadig justert opp og ned. (Jo høgare diff, jo meir blir jerseyen trekt saman).
Ribb-applikasjonen: Tidlegare har eg berre laga slike applikasjonar med sirkulær form, denne gongen forsåvidt to halvsirklar i kvar ende, men det viste seg at kurvene bli for krappe til å få sydd det jevnt. Så neste gong: Større kurver.
Moulinégarns-stikninga: Eg har ein eigen syfot med eit smalt spor under, som passar akkurat til moulinégarn. Garnet blei sydd på med smal sikksakk. Det kan sikkert fungere utan ein slik fot også, til dømes med ein open applikasjonsfot, så ein har kontroll på garnet.

Stoff og tilbehør:
-Guloransje fløyel frå Textart
-Blomstrete viscosejersey frå… (har gløymt det)
-Rosa fôrstoff frå Midha Enterprise, stoffbutikk rett ved Oslo Spectrum
-Djup raud ribb frå www.stoffogstil.no
-Mellomverk frå Corona Fargerike
-Vevd pynteband frå www.Farbenmix.de / www.Leanne.no
-Skråband frå Stoff og Stil
-Moulinégarn frå Panduro
-Knappar frå KAM (til dømes hjå www.Lykkedragen.no)

14 kommentarer:

  1. Åh så deilig blogg! Jeg elsker det du gjør, en stor inspirasjon og det er kanongøy å lese de detaljerte forklaringene slik at jeg kan lære litt.

    SvarSlett
  2. Nå var plutselig kommentarfeltet der! Jippi :)
    Utrolig flott kjole! Så flott med alle detaljene - tror det skal mye til å slå den som min favoritt til utfordringa.

    SvarSlett
  3. Åååh.. Så fin den var!
    Og tusen takk for bidraget :)

    SvarSlett
  4. Kjempe fin kjole, og så bra med så detaljert beskrivelse på korleis du har gjordt det.

    SvarSlett
  5. Du er bare helt rå pådesign og stoffer altså:D kjempe tøff kjole:D

    SvarSlett
  6. Så flott kjole og for noen detaljer!:-) Sommerklem fra Gulltann&Pus

    SvarSlett
  7. Utrolig flott kjole! Stilig design og kombinasjon av både farger og stoffer, og med masse små detaljer. Utrolig fin blogg også, legger deg til på bloggrullen min så jeg kan følge med på de kommende prosjektene dine.

    SvarSlett
  8. Kjolen var virkelig flott.
    Takk

    SvarSlett
  9. Så herlig kjole! Denne bloggen må jeg nok innom flere ganger! :)

    SvarSlett
  10. Utruleg nydelig kjole, eg blir heilt imponert at nokon kan sy noko så fint :-)

    SvarSlett
  11. Nydelig kjole!! Likte kombinasjonen! Både fargevalg og stoffvalg! :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...