23.01.2014

Interludium

Mellomspel, på godt norsk. Innimellom ullplagga fekk eg sydd litt av restane; ein hals til femåringen og ei smal bukse til  toåringen. (Plagget etter desse er allereie sydd, bloggast når eg får tid :-)

Mønster, bukse/leggings: Ottobre 4/2004, str. 98 (vid leggingsmodell)
Stoff/tilbehør: Sportsull frå Janus. Refleks-vinyl frå Sydilla.no

Apropos interludium/musikk: Dei siste dagane har eg hatt filmmusikk i øyrene medan eg har sydd. Eg er veldig glad i filmmusikk, men ein må høyre den med headset for at den skal kome til sin rett, då er det akkurat som ein kjem inn i ei eventyrverd når ein høyrer på filmmusikken! Er du også glad i filmmusikk? Her er link til lista mi på Spotify (evt. om du heller vil ha nettlesar-Spotify). Drama, action, komedie, men ikkje grøssarmusikk.

Kjole med krage versjon II

Den turkise kragen i forrige innlegg blei veldig stilig  når kjolen ligg flatt, men gjorde litt mindre av seg når kjolen kjem på. Så eg fekk lyst til å lage ein kjole til, med ein større krage. Her er den!

I tillegg til at denne kragen er større, er den asymmetrisk. Men noko eigentleg overlapp er det ikkje, den er sydd som ein ring. Og med biseband. Eg tenkte at denne gongen skulle eg ikkje ha turkise detaljar. Kikka gjennom stoffhylla etter eit stoff til bisebanda, og jammen stoppa ikkje augene mine ved eit (delvis) turkis stoff, nemleg froskejerseyen frå Znok! Eg klipte ei 3 cm brei remse, og inni er det anorakksnor. Ermeutringingane er kanta på samme måte som sist, men denne gongen har eg kutta av 0,5 cm frå utgangspunktet meint for kantebandsapparat. Så med 1 cm i saummonn trekkast altså frå tilsaman 1,5 cm. Så har eg klipt ei 5 cm brei remse og sydd på til ein 1,5 cm brei kant. Stoffet er veldig elastisk til å vere så tykt, så det taklar å bli brukt til ein så brei kant, men så mykje breiare kant kan ein nok ikkje ha ved å bruke dette stoffet.

Og denne gongen trur eg kragen vil gjere seg betre på ein person enn når den ligg flatt ;-)

Mønster: Eige
Stoff: Ull frå Janus, bomullsjersey frå Znok

Crazy about collars? It was so much fun making the collar for the turquoise dress the other day (last post), that I made one more dress with a modified version of the first collar! It looks like an overlap, but it’s not, its made as a closed ring. Like a snake biting its tail.

21.01.2014

Kjolen som blei akkurat som den skulle!

DSC_0113bkvit

Kjole str. 6 år: Den skulle ha krage, og eg har bruka ganske så lang tid på å spekulere ut korleis eg skulle teikne mønsteret til kragen, sidan eg ikkje kunne finne slik krage i nokon av mønsterbøkene mine. Og så blei det akkurat slik eg ønskte meg, juhuuuu! Litt sånn 60-talls feeling? (eller er det 50-tall? Er ikkje kjempestø på motehistorikken :-)

Kjolen er sydd av tykk, deileg  og stretchy krinkelull med glittertrådar i. Frå Janus. Når eg ser på den, får eg litt assosiasjonar til supersyntetisk vintage-stoff, og så gjev det ei veldig god kjensle å tenkje på at dette er EKTE ULL, mjuk og god!

DSC_0115kvit

 

Eit full fart-foto, med litt av rotet litt krampeaktig rydda opp i Photoshop i etterkant (små barn, seize the moment):

Ganske tilfeldig, har minstejenta på seg den redesigna kjolen ho har arva etter storesyster. Desse kjolane liknar nokså mykje på kvarandre (den ljosebrune ullkjolen kan du lese om her). Kragen eg sydde i dag er fôra, medan den gamle kjolen er sydd av ein høghalsa damegenser, der kragen er rulla utover og sydd på for hand i nedre kant. Men sluttresultatet liknar. Og ermekantinga er veldig lik.

Mønster, turkis kjole: Eige (samme mønster som “alle” A-form-kjolane som det står eige mønster på, men nå altså med krage i tillegg). Vanlegvis kantar eg eg ermeutringinga med ribb, og klipper ingen saummonn her. Eg har heller ikkje lagt til saummonn denne gongen, men latt den ytterste cm’en vere saummonn samtidig som ferdig kant er 1 cm. Når eg klipper ei 4 cm brei remse til kanting, brettar på langs vrange mot vrange og syr på med éin cm saummonn, går alt opp i opp.

Materiale: Krinkelull frå Janus. Og berre det. Ikkje ofte eg berre brukar eitt stoff!! Og ja, så har eg forresten brukt ein liten bit vinyl transfer som storleiksmerke (eigentleg fyrst og fremst markør for kva som er bak på kjolen).

I spend quite a lot of time  thinking over how to draw a collar that is not split at the front, and is somwhere in the middle between a polo neck and a Peter Pan collar. Something with volume. And I made this dress, and am very happy about the result! It is made of a wonderful, stretchy wool fabric from Janus.

Gult er kult!

Femåringen i huset er glad i gult. Dette gule stoffet blei kjøpt med henne i tankane då eg var på shopping i nettbutikken Textart for litt sidan. Eg hadde høyrd at denne isolien var mjuk, stretchy og god, men at den var såååå mjuk, hadde eg ikkje trudd! Ein får nesten litt sånn semska skinn-feeling når ein tar på det :-) Heldige jente, eg har også lyst på genser i slikt stoff!

Mønster: Boka til Heilt Spesiell og Jubel: “Omslagsgenser”, str. 116. La til 9,5 cm i lengda inkl drøye 2 cm oppleggskant, og 4 cm i breidda nedst på kvar side av framstykke og bakstykke. Det vil seie, eigentleg la eg til 4,5 cm, for eg aukar alle saummonnar frå 0,5 cm til 1 cm. Tunikaen blei prøvd i dag, den er ikkje veldig vid (nå er heller ikkje jenta veldig smal heller). Nokså lang i ermane, men det skal nok gå når berre ribben er stram nok til å halde ermet oppe. Greitt å ha litt å vekse i også.

Materiale: Gul isoli med stretch og børsta bakside frå Textart.no. Stjernevelour frå JNY. Ribb frå Stoff og Stil. Fôr i hetta er “Campan”/bomullsjersey frå Hilco/Sydilla.no.

Eg sydde av “omslagsgenser”-mønsteret før jol også, då skulle jentungen vere esel i jolespel i barnehagen, og trong grå klede. Fint å ha noko som kan brukast seinare også, tenkte eg, og sydde ein genser utan esel-detaljar. Ferdig i siste lita, rakk såvidt eit bilete, og sendte genseren til barnehagen. Og der har den vore sidan, dei skal ha fleire spel, skulle det vise seg… Mønsteret er fylgd slavisk, synest eg å hugse. Grå velour frå Textart, bomullsjersey frå Ixat inni hetta.

 

My five year old daughter loves yellow, and I ordered the yellow isoli fabric for her. Only one shade of yellow would be little bit boring (or easter chicken), so I added som more fabrics, as I usually do :-) The grey sweater is an exception from the “multiple fabrics rule”, because it was made when the girl was going to play donkey in a christmas play in the kindergarden and needed grey clothes…

Ein skikkeleg vinterkjole!

Deileg ull frå Janus, tykk og god, mmmmm! Kjolen låg under treet hjå niesa mi til jol.

Mønster: Boka til Heilt Spesiell og Jubel: “Brun hettekjole”. Fjerna glidelås-splitten og lommene, og gjorde om hetta f rå spiss til rund.
Stoff: Sportsull frå Janus. Bomullsribb til kantar og bomullsjersey i hetta.
Detaljar: Linjene er sydd med oppned-dobbel-coversaum med ein “metallisk” (plast) tråd som undertråd. Fargen er ujevn fordi tråden skifter mellom sylvfarge og  koppar-farge. Lue, skjerf og vottar er vinyl-transfer frå E-bay.

This dress was made for Christmas present for my six year old niese. It is made of wool from the norwegian company “Janus”, who has made wool clothes for decades, and recently also started to sell wool fabrics!

20.01.2014

Fordon-genser

Denne genseren fann eg i bilete-katalogen for november, så det har vore lite tid til blogging i det siste, ja. Eldstemann hadde den med seg i burdagsselskap til ein klassekamerat med namn på “M” i november. “Fordon”-stoffet til Johanna Ahlard er veldig stilig, JNY.se har faktisk noko igjen av det ennå, men i jersey i staden for velour, og andre fargar. Fargane på denne genseren er forresten ikkje heilt rett gjengitt, både velour og turkis er vanskeleg å fotografere fargemessig.

Mønster: Eige
Stoff: Velour, den mønstra er kjøpt hjå Fabelblå. Den turkise hugsar eg ikkje. Ribben er frå Jydsk-stoflager.dk, butikken alle sygale på ferie på Midt-Jylland bør besøke :-)

This is a birthday present for a classmate of my eldest child. It is made of velour designed in Sweden by Johanna Ahlard.

11.01.2014

Joleklede

Hektisk før jol. Og jammen hektisk etter jol også! Men her kjem omsider nokre bilete frå jola, med dei kleda som blei sydd til høgtida dette året. To plagg; ein vest til eldstegut og ein kjole til minstejenta.

Her er det katten “Daisy” som blir frigjort ifrå den tørre, kjedelege pappboksen den har stått i i vekesvis. Kanskje den har nokre tvillingsystrar rundt omkring?

Eldstemann fekk ny velourvest. Mellomstejenta skulle få “prinsessekjole”, det blei eit fikse-mikse-forlenge-og-deretter-forkorte-igjen-prosjekt. Eg trudde ikkje at den skulle bli så eksperiementell som den blei. Men den blei nå litt prinsessete likevel :-)

Mellomstejenta i lilla kjole hadde ein “gamal” kjole som ho har vore veldig glad i (eg også). Ein eigen post om den kan du finne her.

Eg kanta forresten kjolen med FOE (foldover elastic). Kantebandsapparatet frå Ebay fungerer veldig greitt på rette strekningar. Breidde: 5/8”.

Janome Coverpro 1000CPX

Some photos from our Christmas. The eldest got a new velour vest the youngest got a princess dress. The middle girl has a purple dress from last spring, you can read more about it here (a full english post, actually).

07.01.2014

Tonje Sara i Symagasinet; Vinn eit blad!

(Bilete lånt av Tonje Sara)

Denne hyggelege dama, som eg har møtt både på nett og in real life, er gjestesyar i den nyaste utgåva av Symagasinet (den norske utgåva). Ho har giveaway på nokre eksemplar av bladet, eg håpar veldig å vinne eitt av dei, og kanskje du vinn eitt du også?

Sjå meir på bloggen hennar: http://tonjesara.blogspot.no/2014/01/intervju-i-alt-om-handarbeide-og.html, trekning av giveaway 9.januar!

03.01.2014

Nå er det tid for salg!

I dag starta januarsalget i yndlings-salgs-stoffbutikken min, nemleg STOFSTEDET i Danmark. Masse fine stoff, og dei brukar å ha salg på det aller meste utanom nyheitane. Øko-tex-bomullsjerseyen kan anbefalast!

Om du er kjapp, kan du få med deg salget hjå FABELBLÅ, men berre til og med i dag, 3.jan.

Ein annan fin, dansk nettbutikk som har salg nå er MALIKA OG ROSA.

STOFF OG STIL har salg,

det samme har danske STOF2000.

Går du inn på SYDILLA nå, vil du finne ein “Januarsalg”-kategori.

Har du god tid til å gå i stoff-nettbutikk, har dei salg hjå FABRIC.COM,

og har du lyst til å shoppe hjå finnane, kan du enten gå til OTTOBRE på Etsy, eller

til MYLLYMUKSUT (der stod det i allefall rea, men eg fann ikkje så mykje salg etter ved ein lynkjapp titt…)

Dessutan er det framles fine stoff att til god pris hjå GEKKO.

 

Edit 08.01.14:

Nå er det salg også hjå KREATIV

og hjå TEXTART!

 

NB: Hugs at om ein kjøper for 200 kr eller meir frå utlandet må ein betale 25% moms på både vareverdi og frakt. Dessutan kjem det i tillegg fortollingsgebyr, om det er Posten som fortollar, stig fortollingsgebyret når vareverdien kjem opp i 1000kr. Men dei fleste butikkane vil (skal, eigentleg) trekkje frå eigen moms, så det hjelper jo litt.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...