31.10.2012

Ulldress til eittåringen

Eg har tidlegare (to år sidan, trur eg) sydd ulldressar til dei to eldste, og barnehagen har gitt veldig positive tilbakemeldingar. I år får den mellomste arve etter den eldste, men den eldste og yngste treng nye dressar. Sistnevne er fyrst ut!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mønster: Utgangspunkt i eit klovnekostyme frå Alt om håndarbeide, men mykje endra, både i vidde og lengde.
Stoff: Nokså tykk interlock som er to lag strikka saman, bomull innerst og ull ytterst (Stofstedet.dk). Ullribb frå ein lokal forhandlar av ullklede.

Langerma t-skjorter under ullundertøyet

Vi skal i allefall gjere eit forsøk på det. Eldstemann av barna klaga her om dagen på at ullundertøyet berre klødde, men det gjekk fint då han tok på ei vanleg bomulls-t-skjorte innerst. Nå har eg sydd tre smale, tynne genserar av bomullsjersey eller –interlock, kanskje det kan fungere greitt å ha dei innanfor ullundertøyet?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mønster: Eige, i praksis eit litt smalt gensermønster i str. 5 år som eg forlenga til str. 7 år.
Stoff: Den øvste er av interlock frå Fabric.com/cottonholic.com (kjøpt stoffet i to omgangar) med ribb frå Stoff og Stil. Dei andre er i jersey frå Stoff og Stil, med ribb frå Fabric.com.

Vintergenser til seksåring

Eldstemann i huset skulle nyleg i bursdag, og sidan det snart er vinter, blei det ein varm fleece-genser til gåve. Med namn på. Det er jo ein av dei store fordelane med å sy sjølv, ein kan gjere plagga personlege! Guten min sa med ein gong han såg stoffet at det var kult, og det var jo ein bra start på gåve-makinga. Gåva blei godt mottatt også, i allefall av foreldra. Bursdagsbarnet sjølv hadde nok med å springe omkring med dei andre barna, det er jo mykje gøyare enn å sjå på genser-gåver ;-)

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mønster: Eige
Stoff: Fleece og ribb frå Stoff og Stil. Bokstavane er også av ribb, sydd på med rettsaum.

20.10.2012

Slik syr eg A-form-kjole av ullfilt

Eg la ut bilete av denne kjolen på Sykroken.net for ikkje så lenge sidan, og lurte i samme slengen på om nokon var interesserte i forklaring på korleis eg syr slike kjolar. Det var det fleire som var, veldig gøy!
Materiale og utstyr ein vil trenge:
-Ullfilt*
-Ribb, evt. interlock til kanting (jersey kan også brukast til kantar om du kantar med tvillingnål)
-Mønster til A-form-kjole
-Lang glidelås, vanleg eller usynleg
-Coverstitch-maskin med eit kantebandsapparat som taklar tykke stoff ELLER vanleg symaskin med tvillingnål (tutorial her).
-Du vil også trenge ei smal saks.
-og KAM-knappar (men har du ikkje, finn du berre på nokon annan form for lukking)

*Eg har vaska (ullvask i maskin) og tromla (låg varme) ullfilten før sying. Då blir den litt "fluffy", Stoff og Stil sin ullfilt er litt Vadmålsaktig/"flatpakka" før vask.

Ullfilt er eit stoff som er strikka, og som ikkje raknar. I tillegg er det nokså tykt og stivt, og desse eigenskapene synest eg passar godt til å sy rette mot vrange i staden for rette mot rette. Dette innlegget forklarar korleis.
Tutorial: A-form-kjole i ullfilt
Kjolen over er i str. 2 år. Fleire kjolar kan du sjå her.

Klipping:
I overkant av 1 cm saummonn leggast til, men  berre til på bakstykket, og berre på skuldersaumar og sidesaumar slik:
Slik kan du sy ein A-form-kjole i ullfilt

Glidelås:
Det er glidelås midt bak på kjolane. Det er finast med “usynleg glidelås” (lilla kjole), men det går heilt fint med vanleg glidelås også (raud kjole). Du treng ikkje ha eksakt lengde så lenge den er lang nok til at du kan klippe den ned til passeleg lengde.
Slik kan du sy ein A-form-kjole i ullfilt
Start med å klargjere glidelåsen:
Eg klipper av glidelåsen på augemål. Eg likar å ha god opning og lar den gå langt ned, til dømes 3/4 av bakstykkets lengde. Så kler eg den avklipte enden inn i ein liten jerseybit (jersey frynsar seg ikkje opp):

Det neste er å markere midt bak med nåler:

Deretter nålar eg fast glidelåsen på vranga. Ribbkantane mine er 14 mm breie, så eg legg stopparane på glidelåsen ca 14 mm frå stoffkanten (gulbrun pil).
Sy glidelåsen på: Eg startar øvst, så langt opp eg kjem utan at syfoten stangar inn i glidaren på glidelåsen. Så syr eg eit passeleg stykke ut frå midten, (eg målte etterpå at eg hadde sydd 7 mm frå midten av glidelåsen.)

Eg sluttar saumen nokre få millimeter før eg kjem ned til glidelåsenden (festar godt).

Deretter snur eg og syr oppover på andre sida (festar godt i starten). Når eg nærmar meg toppen att, sluttar eg saumen når syfoten møter glidaren, fjernar så stoffet frå maskina.

Når eg har kome så langt, ser det slik ut, det vil seie at det manglar saum øvst.

Nå klipper eg opp stoffet framom glidelåsen, midt mellom saumane. Eg stoppar eit par millimeter før enden av saumane (bilete nr. to nedanfor)


Opnar glidelåsen og syr siste del av saumane.

Om ein lukker glidelåsen etter sying, ser det slik ut:


Montering av kjolen:
Har du forresten hugsa å pynte kjolen? Det heldt nemleg eg på å gløyme, eg var så opptatt med å take bilete av denne kjolen, at eg nesten gløymde å sy på katten. Heldigvis kom eg på det, det er nemleg atskillig enklare å applikere før plagget er montert, enn etterpå!

Gangen i monteringa er:
1. Skuldersaumane
2. Kante halsutringinga, setje i knapp
3. Kante ermeutringingane
4. Sy den eine sidesaumen
5. Kante kjolen nedst
6. Sy den andre sidesaumen
Slik syr eg saumane rette mot vrange:

rette mot vrangeMedan både framstykke og bakstykke ligg med retta opp, legg eg framstykket oppå saummonnen på bakstykket. Nålar fast på langs der saumen skal ligge, og med nålespissen peikande mot syfoten, så det er lett å nappe ut nålene undervegs.  Syr ei halv saummonn-breidde frå kanten på stoffet. Sånn cirka, i allefall.

Når det skal kantast:
Eg brukar kantebandsapparat og sørger for at det blir nokre cm kant “ute i lufta” både før og etter sjølve kanten. I halsutringinga festar eg remseendane med ein KAM-knapp slik:

sy ein barnekjole av ullfilt
Eg lar det vere ei lita løkke på utsida (øvst på biletet over), slik at ein har noko å ta tak i når ein skal opne knappen. Eg har fyrst berekna kor lang remse eg treng, deretter klipt av før eg har festa knappen til slutt. Men det finst ulike måtar å avlsutte kantebandet i halsen på. Hovudpoenget er at ikkje glidelåsen går opp av seg sjølv. Kanskje det ikkje trengst nokon knapp? Det går heilt sikkert fint å bruke ei hempe av nokon slag, sjå kva du har i syskrinet. Om du ikkje avsluttar kantebandet med ein kapp som på biletet, kan du avslutte kanten med å brette det mot vranga i enden, og feste det med ein saum på tvers nokre få millimeter frå bretten. Om du kantar med tvillingnål, kan det godt hende du kan finne på ein betre måte å avslutte kanten på.

Avslutning av kantane ved sidesaum:
barnekjole i ullfilt
Den frie kanten på framstykket brettast rundt stoffkanten mot vranga før ein legg stoffa mot kvarandre for sying av sidesaumen. Når ein har sydd sidesaumen, klippast overskytande ribbkant av to-tre millimeter frå saumen. For at ikkje ribbkant-bretten skal stikke ut, kan ein sy den fast, som på biletet.  Ein kan også sy den fast som det aller fyrste trinnet, før sidesaumen syast.
Sånn, og om du har fylgd rekkjefylgja som står litt lenger oppe, så skulle du vel vere ferdig nå, trur eg!

Mønster: Eige
Materiale: Ullfilt frå blant anna Stoff og Stil. Ribb (stretch hersey)frå Stoff og Stil. Når eg har hatt både ribb og interlock i samme farge, har eg brukt interlock nedst og ribb i hals- og ermeutringing. KAM-knappane er frå Lykkefragen.no.

15.10.2012

Ridder Mikkel-kjole!

Har du lyst til å sjå den største applikasjonen eg har laga nokon gong? Det har tatt si tid, og eg er veldig fornøgd :-) Her er den!

Ridder Mikkel-applikasjon

Det starta med at eg hadde klipt ein marineblå genser i isoli/joggestoff til eldstemann. Etter forslag frå far i huset, og med gutungen med på planen, klipte eg ut delar til Ridder Mikkel. Men guten ombestemte seg, og veslesyster på straks fire år sa kjapt ja til å take over applikasjons-råmaterialet. Så kjole blei det! Den skal på når ho skal feire bursdagen sin denne veka, kanskje blir det riddar-tema på heile festen?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Want to take a look at the Mike The Knight dress I made last week?

Kjolen er i str. 5 år. Applikasjonen laga eg ved å finne eit passande bilete på nett, forstørre det til passeleg storleik før eg printa det ut. Deretter teikna eg av del for del på vliesofix. Bak har eg eitt lag med riveinnlegg. Speilrefleksen  vår er på reparasjon etter at den datt i golvet her om dagen (eg gløymde kor mobil eittåringen har blitt, og… dunk…der låg kameraet) Men eg veit ikkje kor mykje det har å seie, for både kompaktkameraet og speilrefleksen har store problem med å gjengi turkisfargen i kjolen. Her ser den i grunn blå ut (eller er det PC-skjermen min som er problemet, kanskje?).

Mønster, str. 5 år: Eige

Stoff: Velour frå ulike stader, men hovudstoffa (kongeblått og turkis) er kjøpt hjå Jydsk stoflager.dk.

Pysjamas

DSC_0817

På kalde kveldar er det greitt med pysj! Denne blei sydd for litt sidan til jentungen i huset. Den blei fort populær, i allefall dei fyrste dagane. Før ho fann ut at ho eigentleg lika betre å sove i t-skjorte… 

Det går lengre tid mellom kvar gong det er aktivitet på bloggen nå. Det er hektisk på jobb, og det som er att av tid skal fordelast på familie og mykje anna. Men saumen er framleis eit rekreasjons-middel, så litt sying blir det heldigvis. I går blei eg ferdig med eit tidkrevjande prosjekt, som eg håpar eg skal få blogga om om ikkje så altfor lenge!

Mønster: Ottobre 6/2009.

 Stoff: Jersey frå JNY Design (Kjøpt hjå tidlegare Cetho/CitronE). Designa av Johanna Ahlard. Ribb frå Fabric.com (passar fint her som ribben rundt handledd og anklar skal vere litt laus)

04.10.2012

Finskjørt til meg sjølv

For halvanna veke sidan, var eg på sydag saman med hyggelege folk frå Sykroken.net, og då sydde eg dette skjørtet. Meininga var at det skulle passe saman med satengtoppen eg sydde for ei stund sidan.

DSC_0808

Korleis det ser ut på meg, veit eg ikkje ennå, det har vore så travelt at eg ikkje har fått prøvd det saman ennå… Prøvedokka får vise fram i staden for:

DSC_0812

Mønster (skjørtet): Ottobre
Stoff: Eit litt kreppa, vevd stoff kjøpt på Stofshop.dk i Århus. Trur nok det er ein del syntetisk i stoffet. Og så er forresten skjørtet fora med eit vevd stretchstoff i polyester (?).

Hekla kjole str. 5 år

Eg har tidlegare hekla denne tunikaen, og då eg kom over noko fleirfarga merino-ullgarn på nettet, fann eg ut at eg skulle lage ein liknande kjole i ein større storleik. Nå  er kjolen endeleg ferdig!

DSC_0810 copy

“Oppskrifta” er eit sy-mønster for enkel A-form-kjole. Før eg byrja å hekle, gjorde eg nokre utrekningar på kor ofte eg måtte redusere talet på masker for å få passande innsmalning, og så starta eg nedst og hekla meg oppover. La heklearbeidet over symønsteret av og til og såg om eg var på nokonlunde rett kurs. Eg fann etterkvart ut at eg hadde for lite garn, og var heldig å finne tilsvarande garn i einsfarga då vi var på sommarferie i Danmark.

Her er eit nærbilete:

DSC_0809b

Garn:
Fleirfarga merinoull frå Coats, kjøpt på Fabric.com. Einsfarga merinoull kjøpt hjå Stofstedet.dk.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...