22.04.2018

Retroshorts

DSC_1185bk

DSC_1184kb

Denne shortsen likar eg  kjempegodt (men det er ikkje min, den er sydd i str. 134). Det fiolette stoffet er isoli av den tradisjonelle ikkje-stretchy typen. Eigentleg litt varmt til shorts, men shortsen har blitt brukt mykje likevel (eg sydde den i 2016, ligg ein smule etter med blogginga…). Det mønstrete stoffet er jersey som eg truleg har kjøpt i Danmark ein stad. Den oransje tittekanten er også ein strimmel av jersey bretta dobbelt. Mønster: Buksemønster med avklipte bein, sydd på ein brei kant på kvart bein. Ikkje eigentleg så komplisert, men ein må halde tunga beint i munnen medan ein monterer shortsen (kan du sjå kvar eg har gjort feil?)

Tid for takk!

I kyrkjelyden vi går i, er det ca 115 frivillige engasjert i gudstenestearbeidet, og når nokon sluttar, har eg ansvar for å takke dei. Våren 2016 sydde eg blomsterpottetrekk, eg hadde noko stoff (halvpanama?) frå Funky Doris eg syntest var stilig.

Kjole med glade fuglar

Denne blei sydd til eit bursdagsbarn i eldstejentas klasse. Eige mønster. Eg kan ikkje heilt hugse kva eg kjøpte dette stoffet, var nok på ein Danmarksferie. Kanskje kan det ha vore i Videbæk, der det var ein fin stoffbutikk.

Raud “Maud-kjole”

DSC_1093b

Hei, hei, nå er det jammen lenge sidan eg har blogga, over 1,5 år! Eg har syrom ennå, en brukar det på langt nær så mykje (til saum) som før. Men litt blir det innimellom. Nå fekk eg eit innfall om å leggje ut nokre bilete, medan resten av familien sit og ser Star Wars…

Denne kjolen har vi hatt mykje glede av, den er sydd i eit retro-stoff designa av Maud Fredin-Fredholm, kjøpt på Stoff og Stil for nokre år sidan. Det er eit tykt jerseystoff med veldig fint fall, eg veit ikkje kva det heiter eller korleis ein får tak i liknande stoff. Nederst er den kanta med vanleg skråband (vevd stoff-skråband). Mønsteret er sjølvteikna.

Så får eg sjå korleis det går å blogge med Windows Open Live Writer, om eg får publisert… Det var vanskeleg å få biletet i rett storleik, men blei ikkje aller verst til slutt. (ca str. 134)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...