10.08.2016

Skjørt med tre i glade fargar

Minstejenta lika så godt skjørtet kusina hennar fekk til bursdagen sin. Det er stas når barna likar det eg lagar, så dermed blei det eit skjørt til i samme stil.

Framside og bakside:

“Jersey-applikasjon”

Dei fleste lappane er i single-jersey, dvs. “t-skjorte-stoff”. Klistra på med spraylim for tekstil og deretter sydd på. Fordelen med dette stoffet i applikasjonssamanheng er at det ikkje frynsar seg opp og raknar. Derfor syr eg det berre på med rettsaum med ikkje altfor lange sting.  Ulempen med rettsaum, er at etter nokre vask vil limet løyse seg opp og kantane rullar seg litt. Men det gjer ikkje noko, synest eg. Vil ikkje saumen ryke, det er jo rettsaum på elastisk stoff? Svar på dette kan du lese lenger nede. Eg brukar forresten “riveinnlegg” på baksida når eg syr, så ikkje stoffet skal bølge seg.

Ein ulempe med designet, er at genser/t-skjorte, som vanlegvis er utanpå skjørtelinninga, dekkjer over delar av dekoren på skjørtet. Skal prøve å hugse på dette neste gong eg lagar eit skjørt…

 

Vil ikkje saumen ryke, det er jo rettsaum på elastisk stoff?

I teorien ja, men i praksis nei. Men ein må take i betrakning kva for stoff lappane er sydd fast i. Det er to, strengt tatt tre, faktorar som er viktige: Kor tykt er samla stoff (lapp+underlag), kor elastisk er stoffa saman?, og så kan vi take med “blir det faktisk drag der i praksis?”

Svar i denne samanhengen:
-Isoli er såpass tykt, at saumen blir litt elastisk sjølv om det er rettsaum.
-Det er litt stretch i dette isolistoffet (isoli=“collegegenserstoff”), men ikkje allverdens.
-For det tredje; det vil ikkje bli så mykje drag i lappane i praksis, for isoli-stoffet vil heller strekke seg der det er tynnast, dvs ikkje påsydd lappar.
For den som likar teori: Kvifor blir saumen meir elastisk i tykt stoff?

Skal ein sy ein 30 cm lang saum i eit tynt stoff, brukar ein i praksis 30 cm lang overtråd og 30 cm undertråd (når ein ser bort frå ekstra tråd til start og slutt.). Skal ein derimot sy ein 30 cm lang saum i eit tykt stofflag, må ein ha meir enn 30 cm lang overtråd og undertråd, fordi trådane må vandre eit stykke gjennom stoffet for å møte kvarandre i kvart sting. All denne ekstra trådlengda gjer at ein har tråd å gå på når stoffet kjem på strekk, og saumen blir elastisk (til ein viss grad, i allefall). Av samme grunn vil ein få meir elastisk saum ved kortare enn lengre stinglengder, fordi fleire sting gjev meir tråd gjennom stoffet. (Men lengre stinglengd kan gjere at stoffet bølgar seg mindre, så det gjeld å finne ein god balanse.)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...