19.02.2012

Siste liten-kostyme

På torsdag var det karneval i barnehagen for dei to eldste barna her i huset, og i dag var det gudsteneste med (frivillig) utkledning for store og små. Så vi kledde oss ut heile familien!

Minstejenta fyrst:
DSC_0649kompr
DSC_0650kompr
Mellomste-jenta:

DSC_0630kompr

Meg sjølv:
DSC_0678kompr

Far i huset (Kråkehovudet er sydd av svigermor):
DSC_0684kompr
DSC_0685kompr

Storebror hadde på seg eit kjøpt kostyme, vi tar med eit bilete likevel:DSC_0655kompr


The making of:


Klovnekostyme, str. ca halvt år:
-Eg klipte ut på gefühl’en slik bileta viser, i god lengde (måling=halde målebandet over jenta medan ho søv…). Framstykke og bakstykke klipt likt (fire lag stoff på bileta):
DSC_0638
DSC_0639
DSC_0647

Framstykket fekk litt djupare utringing i halsen. Glidelås i bogen mellom beina. Ein strimmel blei sydd på i halsen før eg sydde på 5 mm breitt strikk på vranga nokre cm nedanfor kanten. Likeeins sydde eg strikk i handledd og anklar. Eg sydde berre over kantane i hals, armar og bein med overlock, utan å leggje opp (sjå dei øvste bileta.) Stoff: Stoff og Stil.


Bie-kostymet: Kostymet er sydd som ei bukse som er forlenga oppover heilt til oppunder armane, og ein hettegenser som ikkje går heilt med til livet. Følehorn (heiter det dét?) laga av ståltråd-spiral festa på ei hårbøyle.  Stoff: Stripete jersey frå Cetho, svart velour frå Stoff og Stil, brun velour frå Stof2000.


Tre: Sydd av eit gardinpar i breistripa cordfløyel. Etter å ha klipt to like og symmetriske delar, kutta eg ein svak boge til nakke på bakstykket og ein litt djupare ein på framstykket. La opp nederste kant på begge stoffdelar på enklaste vis i nesten heile breidda nederst. Sydde saman dei to stoffstykkene rundt, men utanom nederst, halsen, og opningar for hendene. Sydde på ribb. Eg sette også i tre knappar i den breie opninga nedst, men dei blei ikkje brukt då kostymet var i bruk. Barna var med på lime-på-filtblad-dugnad :). Stoff: Gardinpar frå Kid Interiør. Ribb og filt frå Stoff og Stil.
DSC_0637
DSC_0640

15.02.2012

Heia Sverige!

DSC_0615kvit

I Sverige designast det masse tøffe stoff! Fyrst og fremst er det designaren Johanna Ahlard som står for dette. I går var mine to eldste barn på fem og tre år i bursdag til ein liten gut, og med seg hadde dei eit sommarsett. Dét at guten sin pappa er svensk, gjorde det ekstra gøy å brukse svenske stoff (sjølv om eg har ein mistanke om at det stripete stoffet i shortsen eigentleg er finsk…)!

DSC_0617kompr

DSC_0618kompr

DSC_0616kompr

Om mønster/design: For å binde saman shortsen og t-skjorta, tok eg med ei dobbeltbretta stripe jersey i kantebandsapparatet nedst på shortsen, med sjø-stoffet frå t-skjorta (ikkje noko snor inni). Det blei fint, synest eg. Brun kant nedst på t-skjorta var eigentleg ikkje planlagt, men då eg byrja å sy, oppdaga eg at eg hadde klipt oppleggskant på framsida, men ikkje på baksida. Derfor kanting med kantebandsapparat i staden for. Eg brukar som hovudregel ikkje ribb nedst, fordi det så godt som alltid snurpar seg (Kan jo bli ein fin effekt om ein vil ha det). Interlock går likevel greitt utan nemneverdig snurping i mitt uoriginale type A-apparat. Eg hadde ikkje brun bomullsinterlock, så eg har brukt rutete bambus-interlock med vranga ut, der er rutene mindre synlege.

Om nitals-opning-designet: I haust fekk eg forresten registrert designet på “nitals-opning” ved det norske Patentstyret. Det var stas, sidan eg er amatør, og ikkje har noko erfaring med slikt frå før. Tusen takk til dei på Sykroken.net som oppfordra meg til å søkje! I praksis tyder registreringa at retten er min til å bruke dette designet i kommersiell samanheng. For meg er det greitt at hobbysyarar brukar designet til sal i liten skala (på Epla, blogg el.l). Ver i såfall vennleg å referere til min blogg. (Tutorial på mønster-teikning i tutorial-menyen.)

Stoff:

-Jersey med sjømotiv: Znokdesign.se (J. Ahlard)
-Jersey med bylgjer og stjerner: JNYdesign.se
-Ribbkantar: Turkis ribb frå Danmark ein stad, brun ribb frå Stoff og Stil. Brun bambus-interlock til kant frå Myllymuksut.
-Gul/turkis-stripete frotte, frå Myllymuksut.com?

08.02.2012

Sommarkjole med berre rette kantar

Alle mønsterdelar er enten rektanglar eller trapes…

DSC_0568

Og om stoffa: Eg fekk lyst til å sy i stoff i friske fargar, og tok fram bunken med amerikanske quiltestoff som blei kjøpt inn frå Etsy for to vintrar sidan. Men eg endte opp med Stoff og Stil-stoffa eg kjøpte på salg nå ved nyttår (unntatt skulder-stroppane), og er veldig fornøgd! Eg har som fast prosedyre å kikke innom jersey-hyllene kvar gong eg er på Stoff og Stil, men har visst i litt for stor grad oversett trykt bomull-hyllene, fann eg ut. Der er det mykje fint!

DSC_0566

DSC_0569

Mønster: Eige

Og plutseleg fekk eg ein ny hobby

Før jol klarte ei venninne å inspirere meg til å lære å hekle! Sjølv om dette er ein syblogg, blei eg så glad over å ha klart å hekle denne hunden, at eg må vise den fram:

DSC_0572

DSC_0573

Inspirasjon: Eg møtte Lene på ein lunsj for litt sidan, og ho sat og hekla tøffe smokk-haldarar. Og ho lærte meg nokre hekletriks. Tusen takk, Lene! På neste lunsj hadde ei anna venninne med seg ei apekatt-leike som ho hadde hekla etter mønster frå Kaptein eitt-eller-anna, som eg etterpå fann ut at var frå denne bloggen.

Så eg tenkte at eg skulle prøve å hekle litt på måfå og sjå kva det likna på. Og eg hekla i veg, og det såg ut som ei Dachsbikkje-rumpe, og dermed kom idéen til hunden. Eg har forma den til med halvstavar her og der, i tillegg til fastmasker, om det er “lov” med halvstavar i amigurumi, anar eg ikkje. Men det er ikkje så nøye, ho som skal leike med den bryr seg ikkje om slikt :D. Hunden er hekla i eitt frå hale til snute, og så er bein og øyre sydd på etterpå. Rangleboks inni, saman med fyll av polar-fleece (eg som aldri har sydd bamsar eller puter har ikkje fyllvatt liggjande…).

Før eg hekla hunden, hekla eg booties etter dette mønsteret, dama som har laga støvel-mønsteret har lagt ut videotutorialar som var til uvurderleg hjelp for meg. Ved å ha hekla booties på førehand, fekk eg litt innsikt i korleis ein kan hekle tredimensjonale ting, elles hadde nok ikkje denne hunden blitt til så kort tid etter at heklenålene kom i hus!

Og så nokre bilete for bestemødre og andre som måtte ha lyst til å sjå:

S og hunden2

S og hunden3

S og hunden1

S og S med hunden

Vevd stoff til ei forandring

Eg syr for det meste i strikka stoff til vanleg, men nå fekk eg lyst til å sy noko i vevd (eller vove, som det eigentleg heiter på nynorsk…) stoff. Og då blei denne skjorta til:

DSC_0544

Inspirasjon: Mange syr flotte skjorter i retrostil, særleg borte i Sverige. Aller mest blei eg inspirert av retro-stuff, ho syr berre såå mykje stilig!

Mønster: Mønsteret er teikna med utgangspunkt i Aldrich-boka, str. eitt år. Fyrst grunnmønster for overdel, som deretter er gjort om til Kimono-grunnmønster, og igjen endra til raglanermar, før siste finish blei gjort for å gje skjorta sitt særpreg.

Men str. eitt år er den nok ikkje i praksis, den ser ut til å vere aaaltfor stor, hehe. Så vi får sjå når den kan brukast, til neste jo, kanskje? ;-).

DSC_0546

DSC_0547

Den smale stripa på ermet og knappeklaffane er laga av eit fargesterkt stoff som eg har brukt med vranga som rettside. Det gav ein veldig fin effekt, synest eg.

Stoff og tilbehør:

-Dei to hovudstoffa er frå Stoff og Stil, stoffet med vranga ut er frå Etsy.com. Hjarte-KAM-knappar frå lykkedragen.no. Skråband frå Stoff og Stil.

Fram med dei glade stoffa

Denne tida av året er fin til å finne fram lette stoff med friske fargar, for å glede seg til sommaren. Eg fekk lyst til å prøve meg på å sy pengepungar i friske fargar. Det er mange som syr slike vesker av denne typen i ulike variantar rundt omkring i verda, men eg har særleg latt meg inspirere av fru-jansen, som har sydd nokre flotte nokon innimellom. (Det er også mykja anna flott på bloggen hennar, til dømes syr ho nokre herlege barnekjolar).
DSC_0549
Og i skrivande stund ser eg også at Skrekk og Gru også har laga mange tøffe nokon!
Det var artig å sy slike, og det kan godt hende det blir fleire med tid og stunder.
Korleis syr ein så ei slik lita fôra veske/pung/mappe med glidelås? Det finst massevis av tutorialar på dette rundt omkring, ein kan til dømes google “zippered pouch tutorial”, eller “wristlet tutorial”. På youtube finst det forklaringar, til dømes denne: http://www.youtube.com/watch?v=8BrtcXAzeBU. Ein norsk tutorial finst på bloggen til hanne@landet.


DSC_0550
Tilfeldigvis passa armbandet akkurat rundt pungen, ikkje så dumt eigentleg, og noko å vurdere også neste gong…
Stoff: Etsy og Stoff og Stil. Dyrestoffet har eg fått i gåve.

07.02.2012

Lue og pysj-pose til ein ny verdsborgar

Like før 2011 var ferdig fekk nokre vener av oss ein liten gut. Sidan han arvar mykje tøy, tenkte eg at eg skulle prøve meg på noko anna enn slike klede eg elles brukar å gje til nybakte foreldre. Så det blei ei lue, og i tillegg ein “pysj-pose”, som vi kallar det her i heimen.

DSC_0481

DSC_0482

Veslejenta vår har brukt slik pose saman med body i staden for pysj sidan ho var nyfødt. Idéen er henta frå andre medlemmer på Sykroken.net (eg hugsar dessverre ikkje kven eg skal gje credit’en til), men det er mogleg at dei igjen har henta idéen frå http://gekko-attsyengecko.blogspot.com/, som lagar slike posar i velour.

Mønster: Eige

Stoff:
Lue: Interlock frå JNYdesign (trur eg), kjøpt hjå Cetho Designs. Fôra med micro-fleece frå Stoff og Stil.
Pose: Interlock frå Cetho Designs, ribb frå Stoff og Stil.

06.02.2012

Nerdelue

Androidlue

Eg hadde sylyst, men ikkje inspirasjon. Mannen min gav meg derfor i oppdrag å sy lue til han. Og han fann fort ut at han ønskte seg android på den. “Android??”, spurte eg, “skal du ha bilete av ein smart-telefon på lua?” Men nei, det var visst ein robot-aktig logo det var snakk om, fekk eg snart vite. Den fekk med seg eit rumpeakebrett, sidan lua skulle syast for vintervêret utanfor.

Lua blei sydd, og mannens kollegaer sa det var ei skikkeleg nerdelue. Noko dei alle er veldig fornøgde med. Og dei hadde idéar til endå betre motiv, så får vi sjå om det blir fleire luer, eller om det held med denne eine.

Mønster: Mønsteret er laga utifrå metoden eg har skrive om i dette innlegget. Eg la til éin cm i høgda på mønsteret, dvs. totalt to cm frå øyre til øyre. I breidda trekte eg ifrå oppunder 20%, og det var for mykje, rundt 10% ville nok vore betre. Lua har dobbelt stoff heilt nedst (panneband-forma fôr), elles berre eitt stofflag.

Stoff: Eit tykt, interlock-aktig stoff, dobbeltstrikka med bomull på innsida og ull på utsida. Kjøpt på stofstedet.dk. Applikasjonen er i grønn interlock frå JNY(?) og raud ribb frå Stoff og Stil.

Tunika til å halde varmen i

For ei vekes tid sidan var husets femåring i bursdagsselskap, og med seg hadde han denne tunikaen pakka inn i gåvepapir. Tanken er at tunikaen kan brukast som ein slags vest utanpå ein tynnare genser, eller rett og slett som eit varmande mellomlag under yttertøyet på kalde dagar. Bursdagsbarnets mamma har kome med positive tilbakemeldingar, og det er stas!

stripete tunika


Mønster/design: Eige
Stoff: Fleece frå Stoff og Stil, kanta med ribb frå Stoff og Stil. T’en som er applikert på er i vinterfrotté frå Hilco.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...