På torsdag var det karneval i barnehagen for dei to eldste barna her i huset, og i dag var det gudsteneste med (frivillig) utkledning for store og små. Så vi kledde oss ut heile familien!
Minstejenta fyrst:
Mellomste-jenta:
Meg sjølv:
Far i huset (Kråkehovudet er sydd av svigermor):
Storebror hadde på seg eit kjøpt kostyme, vi tar med eit bilete likevel:
The making of:
Klovnekostyme, str. ca halvt år:
-Eg klipte ut på gefühl’en slik bileta viser, i god lengde (måling=halde målebandet over jenta medan ho søv…). Framstykke og bakstykke klipt likt (fire lag stoff på bileta):
Framstykket fekk litt djupare utringing i halsen. Glidelås i bogen mellom beina. Ein strimmel blei sydd på i halsen før eg sydde på 5 mm breitt strikk på vranga nokre cm nedanfor kanten. Likeeins sydde eg strikk i handledd og anklar. Eg sydde berre over kantane i hals, armar og bein med overlock, utan å leggje opp (sjå dei øvste bileta.) Stoff: Stoff og Stil.
Bie-kostymet: Kostymet er sydd som ei bukse som er forlenga oppover heilt til oppunder armane, og ein hettegenser som ikkje går heilt med til livet. Følehorn (heiter det dét?) laga av ståltråd-spiral festa på ei hårbøyle. Stoff: Stripete jersey frå Cetho, svart velour frå Stoff og Stil, brun velour frå Stof2000.
Tre: Sydd av eit gardinpar i breistripa cordfløyel. Etter å ha klipt to like og symmetriske delar, kutta eg ein svak boge til nakke på bakstykket og ein litt djupare ein på framstykket. La opp nederste kant på begge stoffdelar på enklaste vis i nesten heile breidda nederst. Sydde saman dei to stoffstykkene rundt, men utanom nederst, halsen, og opningar for hendene. Sydde på ribb. Eg sette også i tre knappar i den breie opninga nedst, men dei blei ikkje brukt då kostymet var i bruk. Barna var med på lime-på-filtblad-dugnad :). Stoff: Gardinpar frå Kid Interiør. Ribb og filt frå Stoff og Stil.
Konge, dette var fine bilete!!
SvarSlettUtrolig flotte. Fin blogg du har, masse inspirasjon her :)
SvarSlettSååå herlige dere var i kostymene! Ikke verst å lage alt dette selv! =D
SvarSlett!!!!! Jeg blir helt stum av alt det fine og morsomme du lager. Kostymene er veldig fine! Hihi, alle sammen! Hvor har du fått tak i det klovnestoffet? Jeg har ikke sett sånn klovnete klovnestoff før, hvis du skjønner hva jeg mener ;)
SvarSlettSorry.. hihi, ser nå at det er fra Stoff og stil ;)
SvarSlett