24.11.2014

Symessa 2014!

Då er årets symesse på Norges varemesse på Lillestrøm over for i år. Eg kosa meg tre timar på fredag og mange timar på laurdag, fyrst og fremst fordi eg fekk møte masse hyggelege menneske! Folk eg har møtt tidlegare, folk eg har kjent på nett men ikkje møtt face to face før nå, og folk eg møtte for fyrste gong. Kjempemoro! Tusen takk til alle som tok kontakt, og takk for tilbakemeldingar om at bloggen min kjem til nytte :-)

Som i fjor har eg knipsa på slutten av dagen, når dei fleste har gått heim. Så det har vore mykje meir folk her enn dette. I år var det eit kjempestort utval av trykte jerseystoff å få kjøpt, og det var litt meir tilbod enn i fjor, trur eg.

Og så var det sykonkurranse mellom seks av dei i alt åtte deltakarane i NRKs “Det store symesterskapet” som går på NRK1 på onsdagane framover. Oppgåva var å redesigne ein grå joggegenser frå H&M. Sidan eg  går i samme syforening som Anne og Solveig, var det ekstra moro og stas å heie og fylgje med!

Anne (http://www.topstitched.net/) Solveig (http://houseofhopen.blogspot.no/)

Sjølv om innspelinga er ferdig og resultatet eigentleg er klart (men ukjent for oss sjåarar), må eg berre seie heia, heia! til dykk i Det store symesterskapet, håpar at det er ein av dykk to som vinn! Eg er stolt av dykk, Anne og Solveig!

Her er eit bilete av Symesterskap-gjengen etter at dei har sydd og redesigna:

 

Til slutt: For min del slutta symessa på ein fantastisk måte i år; Ein Babylock Imagine blei med meg heim! Endeleg, eg som skulle kjøpe den på symessa i fjor, men då hadde dei den ikkje på lager då eg var der. Denne gongen skulle eg eigentleg ikkje ha maskin, sidan eg reiste kollektivt. Fredag ettermiddag var dei utselte. Men selgaren henta ei maskin til laurdag, i tilfelle eg skulle ville ha maskin likevel. Og JA! Vidunderlege lykke og glede, maskina blei mi!! (Og takk til dei i syforeninga som kom på den geniale idéen om å ha med seg trillekoffert på symessa, så fekk eg den med meg heim :-)

(Om du har lyst til å sjå bilete frå messa i fjor, er det å finne HER!)

23.11.2014

Teikning i Silhouette Studio: Kran

Intro 1 : Då eg var barn, elska eg å teikne hestar, og av og til teikna eg dei ved å lage masse sirklar og ellipser oppå kvarandre og bygde hesten opp steg for steg. Blei magen litt tynn, var det berre å teikne endå ein sirkel oppå magen, men slik at  magen blei litt utvida. Litt det samme prinsippet ligg bak dette innlegget.

Intro 2: For nokre veker sidan kjøpte eg Silhouette Portrait, veslebror-modellen til Silhouette Cameo. På symessa på Lillestrøm i helga blei eg inspirert til å lære meg å teikne litt i programmet. Så nå har eg sett gjennom ein haug med videoar på Youtube med presentasjon av dei ulike funksjonane i Silhouette Studio-programmet. Som øvingsprosjekt har eg laga ei t-skjorte til mannen min, med ei kran av typen han er med på å lage.

Eg treng ikkje trøytte folk ut med å fortelje alt eg gjorde som ikkje funka så bra, så her er den redigerte versjonen ;-)

Eg fann eit bilete på nettet av den krana eg ville teikna av. Ein moglegheit som er mykje brukt, er å trace biletet; få programmet sjølv til å lage linjer rundt objektet. Kanskje eg lærer meg dette seinare, men nå skulle eg lære meg teikning.

Ikkje bry deg om dei svarte pilene. Dette er eit bilete frå slutten av prosessen. På eit motiv av denne typen, med mange rette linjer er det greitt å bruke polygon-verktøyet (tversoversløyfa som er aktiv på biletet over), dessutan teikna eg sirklar; når ein held inne shift-knappen medan ein teiknar, får ein sirkel i staden for ellipse. Nokon stader er det bua overgangar mellom dei rette linjene, då har eg brukt curve shape/”8-talet” nedanfor polygonverktøyet.

Korleis har eg å gått fram med desse verktøya? Eg teikna oppå biletet. Prinsippet er å lage strekteikningar som ikkje har nokon blindt-endande strekar, det er derfor eg teikna med polygon-verktøyet og ikkje linje-verktøyet. Når ein har to (eller mange) slutta figurar som overlappar kvarande, kan ein “smi” dei saman: Modify-vindauget oppe til høgre > weld. Så teikna eg ein ny del av krana, overlappande med den fyrste delen, smidde saman igjen, gjentok dette til krana voks større og større.

Til slutt teikna eg fisken på frihand, denne teikna eg “ferdig” før eg smidde delane saman. Her har eg berre brukt Curve shape-verktøyet. Ved hjelp av “edit points” (nest øverste verktøy til venstre) flytta eg strekane litt og finjusterte fisken til eg var fornøgd, før eg smidde den saman. Når ein er i select-modus (pila øverst til venstre) kan ein gå over til “edit points” ved å dobbeltklikke på figuren. Fiskesnøret er forresten laga med firkant-verktøy.

Dei svarte pilene er klippelinjer/”klipperamme” for at det skal bli litt lettare å dra av overskytande vinyl. Om ein googlar “weeding lines” finn ein tutorialar på korleis ein kan gjere Silhouette-livet enklare for seg når ein skal fjerne vinylen rundt motivet. Men det er vel fyrst og fremst når ein jobbar med klistremerkevinyl at det er spesielt nyttig.

Merke både bilete og ramme: Select-pil og klikke og dra over begge (evt. klikke på begge medan shift-knappen er inne). Feste dei saman til eitt bilete: “Make” under modify-menyen. Deretter endre storleik på både biletet og klipperamma. Og ikkje minst, til slutt, når motivet skal strykast på: SPEGELVENDE MOTIVET; Object-meny øverst > Miror > Flip horisontally. (Flytt biletet dit du vil ha det på arket.)

Kutte ein til ved sida, etterpå: Eg klipte fyrst ut i øvre, høgre hjørne. Sidan Portrait har variabel breidde mellom hjula som matar inn arket i maskina, vil eg få problem med å bruke opp den biten som er igjen til venstre for motivet. Så eg fann ut at eg like gjerne skulle kutte ut motivet ein gong til. Replicate-meny (blomsteraktig ikon oppe til høgre) > Duplicate left . Sidan biletet til høgre allereie er kutta ut, vil eg ikkje kutte dette ut ein gong til på samme plass. Om eg ikkje vil slette det, kan eg merke det og gå på Silhouette-menyen (øvst til venstre) > Cut settings (Ctrl+F2) > “No cut” (i menyen på høgre side).

Sånn. Eg har lett for å gløyme data-ting om det er lenge mellom kvar gong eg gjer tinga. Så når eg skriv ned kan eg slå opp i bloggen når eg treng ei oppfrisking. Kanskje kan det kome til nytte for andre også?

Materiale: Vinylen er dessverre dårleg vinyl frå Asia, sidan vinylen eg kjøpte hjå Sydilla på symessa ligg på lager hjå broren min (sånn går det når ein handlar for mykje på symessa til å få med seg alt heim på ein gong ;-) T-skjorta er sydd av bomullsjersey. Mønster frå Ottobre.

OG: Om du ser eg har gjort ting på ein tungvinn måte, er du velkommen til å komme med tips til måtar å gjere det betre på!

13.11.2014

Solhattar i november

Eg fekk så lyst til å sy solhatt, eg, og sette i gang. “Du syr solhatt, ja. Ja det passar jo fint nå i november!” sa dei andre på syforeininga sist, med glimt i auget :-) Jauda, eg veit at det ikkje akkurat er så mykje sol nå, men det har seg slik at akkurat nå er ikkje sy-iveren min kjempehøg. Får eg lyst til å sy ein ting, så syr eg den. Om eg skulle tenkt “nei, nå passar det mykje betre å sy vinterlue”, så er eg redd det ikkje ville bli verken sommar- eller vinterlue.

Prototype: Justérbar hatt! Og den passa til begge jentene, og storebror fekk også (såvidt)til å tre den over hovudet. Patentet funkar!

Prototypen funka så bra at eg sydde ein til, denne gongen med biseband i ytterst i bremmen:

Mønster: Eige str. 51-55
Stoff: Bomullspoplin frå Hilco i begge, i allefall den nederste. Stripete stoff frå Panduro. Ripsband frå Stoff og Stil.

Det snør!

Ullgenser til seksåringen: Denne er sydd av tykk og god sportsull frå Janus (tykk frotté). Applikasjonen er ein test på korleis det er å kutte ut stoff med Silhouette’n. Det gjekk, men ikkje superbra, det var for tynt og kniven tok med seg stoffet litt undervegs. (Eg strauk på Vliesofix bak stoffet, tok av papiret og klistra stoffbiten på kuttematta med limsida ned. Knivdjubda hugsar eg ikkje, måtte prøve meg litt fram, endte eg på 7, tru?)

Mønster: Eige
Stoff: Janus (fargen på det øvste biletet ikkje så aller verst gjengitt). Applikasjonsstoffet er quiltestoff.

Og dessutan: Jenta ønskte seg ein nattkjole, så eg tok samme mønsteret og skrådde ut og forlenga:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...