19.01.2015

Jolesokkar (med framgangsmåte)

Endeleg har eg kome til jol 2014 sånn bloggmessig, i mitt oppsamlingsheat på bloggfronten!

Eg har gode minne frå morgonane på 24. des frå eg var barn, då hadde mamma kjøpt inn godteri-sokk og gøymt på rommet vårt. Så eg hadde lyst til å lage jolesokkar til barna våre til å putte eitt eller anna etande i som dei kan kose seg med før dei vaksne vaknar morgonen den 24. Her er resultatet, sydd om kvelden den 23. des:
 

Bileta er tekne når sokkane er tomme. Nå medan eg skriv er sokkane pakka bort etter jol, men dei er vel sånn, hmm, tja, rundt 25 cm høge, kanskje. Sokkane er ikkje vrangsydde, men er lukka i toppen ved påsyinga av det kvite stoffet. Det kvite stoffet er deretter bretta over og skjuler sin eigen saum. Dermed er sokkane ganske enkle å sy.

Slik er dei oppbygde:
Stretch-velour ytterst
Bomullstoff i til dømes quiltekvalitet innerst
Eit stivt, tykt mellomlag, i praksis brukte eg “zorb”, som liknar på filt (er eigentleg eit absorberande materiale til å ha i bleier og bind og slikt, men som eg aldri fekk brukt til det…). Zorben er tykk, men litt mjukare enn dei filtplatene eg ser Stoff og Stil sel for tida.

Slik laga eg dei:

1. Klipte ut noko eg syntest likna på ein sånn derre amerikansk henge-på-peisen-christmas-stocking, stor nok til å inkludere saummonn og plass nok til å kunne putte noko oppi den til slutt og også rommeleg nok til å få ei hand nedi.
2. Brukte denne som mal til mellomlag og innerlag.
3. La innerlaga rette mot rett og mellomlag utanpå på kvar side, sydde rundt (unntatt i toppen)
4. Då denne var ferdigsydd, brukte eg den som mal for ytterstoffet, men la til saummonn rundt før eg klipte (i praksis medan eg klipte).
5. Eg lurar på om eg strauk på vinylmerka til slutt, men pynten er vel ideelt å setje på før ein syr ytterlaga saman.
6. Sydde ytterlaga saman rette mot rette unntatt i toppen. Vrengte.
7. Tredde yttersokken over inner-/mellomsokken.
8. Festa på hempe øverst i kanten ( i saummonnen øverst) slik av hempa blei hengande nedover inni sokken
8. Kvitt band øverst: Eg brukte microfleece, hadde vel eigentleg sett for meg å bruke velour men hadde ikkje kvit velour. Rektangel der breidda var dobbel av sokkens ytre breidde, la til saummonn på kvar side. Høgda var cirka dobbelt av det eg såg for meg som ferdig høgde på det kvite på sokken, dette inkluderte saummonn.
9. Sydde rektangelet saman til eit røyr, sydde det deretter på sokken, og her må ein halde tunga beint i munnen fann eg ut: Fleecerøyret la eg inni sokken med retta på fleecen mot retta på innerstoffet. Sydde rundt (fleecen blir litt breiare enn indre diameter på sokken, men det får ein jobbe til og jevne ut medan ein syr). Bretta fleecen ut, bretta nedre kanten innunder. Sidan verken fleece eller velour raknar, treng ein ikkje kante den frie enden.

Så var sokken ferdig! (I allefall ferdig til å fyllast :-) Eg blei riktig så fornøgd med desse sokkane!

Pynten er vinyl kjøpt hjå Sydilla, klipt ut på Silhouette Portrait, og deretter stryke på med strykejern. Motiv kjøpt på Silhouette America.

Bursdags-t-skjorter

Alle i str. 8 eller 9 år.

Er det forresten nokon som har tips til kva ein skal gjere med jersey som har blitt skeiv i vask, slik stoffet har blitt på t-skjokrta nederst til venstre? Eg drog og drog i stoffet før klipping for å få linjene til å bli horisontale, men gav til slutt opp. (For dyrebileta var horisontale før eg vaska stoffet går eg utifrå, eller? Andre som har stoffet frå Stoff og Stil?)

Bukse med sleng str 4 år, med mønsterforklaring

Dette er eitt av dei siste plagga eg sydde medan eg budde på pendlarhybel i Oslo i haust. (Når er eg tilbake i Kristiansand). Fotografert oppå dyna mi så ser det litt skeivt ut. Men poenget med buksa er ikkje livet, men vidda i beina. Om du ser godt etter, er det ein saum under knea, du kan blant anna sjå det der det er sydd inn ein oransje Løgleg-lapp på det eine buksebeinet.

Kvifor saum under knea? Buksa er sydd utan sidesaum. Om ein har lyst på bittelitt ekstra vidde, kan ein i prinsippet leggje til litt i vidda på kvar side av buksebeinet når ein klipper, men då vil alt det som er ekstra kome på innsida. Eller ein kan sy bukse med sidesaum og leggje til litt både på innsida og utsida, dvs. langs innerbeinssaumen og sidesaumen. Bå blir det jevnare fordelt. Men om du vil ha mykje vidde, og om du vil ha det jevnt fordelt, kan du dele opp buksa på tvers og sy på eit nedre stykke med vifteform. Slik er mønsteret på denne buksa:

På denne buksa teikna eg vifteforma på gefylen, og eg reknar med at eg la til litt i lengda også,  sidan auka vidde nederst tar litt av lenga når det blir snurpa saman. Men prinsippet bak vifteforma er at ein klipper opp mønsterdelen (lag ein kopi av mønsterdelen til å klippe i), og sprer delane nederst men ikkje øverst:

Når du har spreidd delane utover, legg du eit nytt mønsterpapir over og teiknar rundt. Eg har lagt til litt ytterst også, som om den opprinnelege mønsterdelen var eit rektangel (Eg er ikkje interessert i den opprinnelege innsmalinga i beinet).

Mønster i buksa: Eige
Stoff : Stretch isoli/sweat frå Hilco. Ribb frå Stoff og Stil.

Sløyfe-genser til treåringen

Det er lenge mellom kvart design-stykke eg lagar for tida. For nokre år sidan hadde eg skikkeleg sydilla og låg og designa klede i hovudet før eg sovna om kvelden og brukte alle ledige minutt til å sy. Slike diller varer gjerne ikkje for alltid, og nå syr eg mykje mindre. Men for litt sidan fekk eg ein idé eg hadde lyst til å setje ut i livet, og dette blei det denne sløyfe-genseren av:

Stoff: Bomullsjersey, kanta med ribb frå Stoff og Stil.

Syinga har forresten vore i restemodus i heile haust, dette forklarar at det er forskjellig farge på ribben i hals og på kvar arm. Man tager hva man haver, og eg synest også det er fint med ulike fargar :-)

Det har forresten blitt sydd ein god del tynne jentegenserar i haust, dei er veldig praktiske. Og når Janus har byrja å selje kvalitetsullstoff, kan ein sy godt ullundertøy også!

Genserane til venstre er sydd av Janusjersey (eller var det tynn ribb, tru?), genseren til høgre er av eit bomulls/polyester-stoff som er litt flecce-aktig. Kjøpt i ein tysk nettbutikk for ein del år sidan.

Fleire jakker til meg sjølv

I haust sydde eg eg ei “Verdifull-jakke”, og den var så fornøgd med at eg sydde meg to til:

Den lilla er sydd i sportsull frå Janus, og er deileg (har den på i skrivande stund…). Biletet er dårleg, me glidelåsen er raud. Halskragen, erme-mansjettane og den nederste kanten er alle sydd av samme stoffet bretta dobbelt.

Den rosa har eg ikkje brukt ennå, den er lagt vekk fram til våren. Den er sydd av bomullsjersey med bomullsinterlock-fòr, og eg går berre kledd i ull om vinteren *frysepinn*… Den er meir rosa i verkelegheiten, samme stoff som kjolen i forrige innlegg.

18.01.2015

Kjole frå “Barn igjen”

For nokre år sidan var det veldig populært å sy kjolar frå boka “Barn igjen”, kjolane blei også gjerne kalla “Singoallakjkolar”. Eg sydde ein kjole i jersey i str. 122 til jenta vår på 6 år. Synest den blei litt for “telt-aktig”, men er usikker på kva som spela mest inn årsaksmessig til dette. Den ville nok blitt finare med smalare ermar, det går jo an å ha det litt trongare når ein syr i jersey. Og om den var sydd i vikosejersey ville den nok falle finare. Neste kjole blir i eit anna snitt.

Refleksvest med refleksvinyl

Refleksvest frå IKEA, refleksvinyl-bokstavar kutta ut på Silhouette-maskina. Bokstavane blei stryke på ein bit bevernylonstoff før sistnevnte blei sydd på vesten (eg var rett vesten ville smelte om eg strauk vinylen rett på…).

Det blei nokre slike jolegåver sendt ut av dette huset for ein månads tid sidan.

T-skjorte med Ichtys-fisk til mannen

T-skjorta er sydd etter eit ganske gamalt Ottobre-mønster. M’en i nakken tener som markør for kva som er bak på t-skjorta, eg gløymte å sy i lapp før eg sydde ned saummonnen i halsutringinga. Då er det greitt å berre kunne stryke på. (Klipt ut for hand i full fart). Fisken er klipt ut med Silhouette’n, eg kjøpte fila på Silhouette America.

Eg har ikkje så mange stoff i hylla som passar for herre-t-skjorte for tida. Men dei jersey-stoffa vi hobbysyarar syr av er jo av kjempemykje betre kvalitet enn stoffa i klassiske (billige) herre-t-skjorter, så det spørs om eg ikkje bør prioritere å kjøpe inn og sy litt til mannen framover!

Kameleonar

Dette stoffet frå Stoff og Stil har lege i hylla mi lenge. Eg har gong på gong valt det vekk fordi eg har vore usikker på om barna ville like det om eg sydde av det. Men då eg fyrst sydde ei T-skjorte til eldstemann på 7, var det så populært at veslesyster på 6 ville ha også!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...