31.03.2014

Bursdagssaum-epoken var ikkje over!

Sjuåringen synest framleis det er ok å ha med seg heimesydde gåver i bursdag, og mor kosa seg på syrommet i går :-)

Mønster: Gått utifrå grunnmønster for t-skjorte, Inger Öberg. Lagt til 5 cm i lengda.
Stoff: Ulike bomulljersey-stoff, unntatt sky-stoffet, som er frotté, og kantane som er ribb (Stoff og Stil). Gepard-biletet er tatt frå eit jerseystoff Stoff og Stil har i salg nå, med fotoprint av mange forskjellige dyr!

Tilbake i Annwes-sporet

Lite sying i vinter, men når vårsola kjem, og barna er tidleg i seng etter å ha brukt opp alle kreftene på trampolina, håpar eg på mykje lyst og overskot til å sy! Har i allefall byrja bra denne veka, synest eg, med fem t-skjorte-tunikaer heilt etter min stil. Og med mønstra stoff plukka ut av mottakaren, så då blei ho strålande fornøgd også :-)

Design/mønster: Eige. Men denne gongen har eg brukt grunnforma på t-skjorte til Inger Öberg som utgangspunkt.

-Det er ikkje sydd inn nokon stripe i sida, men bakstykket er breiare enn forstykket.
-Jenta hadde overvidde ca 59 cm, som etter tabellen svarar til str. 110/116. Plaggmålet i 110/116 er 67 cm, dvs. 8 cm rørslevidde (eller la oss nynorsk-kapitulere og kalle det “bevegelighetsvidde”, hehe). 8 cm bevegelighetsvidde vil seie at om ein står framom barnet og tar tak i overskytande stoff i kvar side samtidig, så får ein ein to cm brei fald mellom fingrane på kvar side. Eg synest det er litt lettare å sjå for seg bevegelighetsvidda ved å tenkje på denne måten…
-T-skjorta i str. 98/104  har overvidde 63 cm, passar betre med ønska bevegelighetsvidde på mitt plagg (4 cm). Eg sjekka at ermane i 98/104 ikkje blei for smale for jenta, og tok deretter utgangspunkt i str. 98/104 for vidare konstruksjon.
-Om ein brukar så smal overvidde, vil t-skjorta bli for trong over hoftene. Her er dette korrigert ved å skrå rett utover for å lage ein tunika.
-På lengda tok eg utgangspunkt i str. 116, og la til litt for å få meir tunikalengde. Ser i etterkant at grunnmønsteret er nokså kort, så på t-skjorta som bloggast etter dette innlegget har eg lagt til 5 cm på lengda.

Stoff: Diverse bomullsjersey. All ribb er frå Stoff og Stil.

Heltebukse

Til sonen i huset…

Mønster: Eige, str. 8 år
Stoff: Melert isoli frå Stoff og Stil. Trykt isoli med deileg, flossa bakside: Frå Textart på Jæren.

Maud-kjolen ferdig

Kjolen blei sydd på “syalong” på Sykroken.net, takk til arrangør Nina for motivasjonen til å setje i gang med kjolesying!

Mønster: Tok utgangspunkt i eit tunikamønster frå Ottobre og endra ein heil del.
Stoff: Stoff og Stil, eit fast strikka, tykt, trykt jerseystoff designa av Maud Fredin-Fredholm.
Tightsen, som omtrent ikkje synest, er forresten sydd av denim-farga jersey frå Olivias.no.

20.03.2014

Endeleg eit prosjekt for det deilege stoffet

Joda, eg syr. Sånn bittelitt innimellom. Her om dagen blei det sydd t-skjorte som bursdagsgåve til ein klassekamerat som fylte sju :-)

DSC_0253kvit

Mønster: Eige
Materiale: Interlock som er “fast i fisken” og veldig godt å take i, synest eg. Fekk det i gåve av ei venninne (Tøydama, for dei som måtte kjenne henne på Sykroken ;-) Kanta med ribb frå Stoff og Stil (t-skjorta er kanta, ikkje venninna, altså, hehe). Initialane til mottakaren, “FI” er laga av refleks-venyltransfer, kjøpt av Sydilla.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...