26.03.2012

Avstemming i “Håndlaga 2012”

Tunikaen i forrige innlegg har blitt plukka ut som ein av ti finalistar i konkurransen “Håndlaga 2012”, under kategorien “barn”, jippiiii! Nå er det avstemming fram til 12. april, og kven som helst kan stemme, tak deg ein tur inn for å kikke og gjerne stemme: Håndlaga kategori barn. Det er fleire andre kategoriar også, med til saman mange flotte bidrag.

02.03.2012

Tunika for sommarens Danmarkstur

I går såg treåringen på stoffhylla, plukka ut den raude og kvite hjarte-interlocken og sa “eg vil ha genser av dette stoffet, mamma!" Den kunne eg vere med på, det laga seg med eitt ein genser i hovudet mitt, og i dag blei idéen sett ut i livet. Eg tenkjer på Danmark når eg ser den, mannen min tenkjer på jol ;-)
DSC_0808kompr
DSC_0806
DSC_0810
Tunikaen blei nesten slik eg hadde planlagt. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å bruke nitals-opning, men i dag var det meir freistande å bruke eit mønster som var ferdig enn å teikne eit nytt :-)Av ein eller annan grunn var ermane klipt bittelitt smale øvst, men eg tippar at det ikkje har så mykje å seie når den kjem på.

I det innerste berestykket er det to lag jersey, i armane eitt lag jersey, medan stoffa med store sirklar og hjarte på er interlock. Dei kvite stripene er strimlar av liknande interlock på vranga (ljost rosa trykk som ikkje synst godt gjennom).

Mønster: Eige (registrert halsdesign).
Stoff: Småprikkete jersey frå Textart.no. Interlock frå JNYDesign. Raud jersey også frå JNYDesign, trur eg (Cetho Designs). Ribb frå Stoff og Stil i halsutringing og ermar.

Ny ammetopp

DSC_0776

Prosjekt: Leggje inn meir fylde, eller kva det nå heiter, i toppen rundt bysta.

Framgangsmåte (etter eige hovud):Untitled

Eg klipte opp langs dei grønne linjene, spreidde ca to cm kvar stad. For å samle det nedst, sydde eg løpegang med eit tynt strikk i.

Resultat: Det blei veldig fint på prøvedokka, men ikkje like bra på meg, som har mindre byste. Her illustrert på prøvedokka korleis det blei sjåande ut på meg såfort eg ikkje stod heilt rakt i ryggen:

DSC_0777

Redningsoperasjon:

Sy i eit strikk til, nokre cm ovanfor løpegangen.

DSC_0778

DSC_0781

Konklusjon: Dette var eit lærerikt forsøk. Om eg hadde spreidd mønsteret berre éin cm i staden for to kvar stad, hadde det kanskje blitt betre? Toppen slik den blei i fyrste ongang kunne nok godt passa nokon med større byste enn meg, men om ein forstørrar for ei større byste, bør ein nok også leggje til litt i lengda, vil eg tru, ikkje berre breidda.

Mønsteret for øvrig: Klassisk t-skjorte-ammetopp, som eg endra halsutringing og ermar på.

Opprinneleg mønster og Stoff: Stoff og Stil

Jakke ad modum Aldrich

Prosjekt: Teikne mønster etter framgangsmetoden for jente-regnjakke i Aldrich si bok for barneklede. Eg tenkte det kunne passe til å bli ei fôra vinterjakke, str 4 år.

Resultat: Aaaaaltfor vid jakke! Det er kanskje meininga at regnfrakkar skal vere voldsomt vide? Sidan eg la inn justerbar ermelengd, kan den i beste fall brukast om to-tre år. Skikkeleg demotiverande prosjekt, urk og æsj. Men bortsett frå at jakka er til å svømme inni, blei den ganske så bra (mager trøyst, etter alle timane brukt…)

DSC_0794

DSC_0788

DSC_0792

Endringar frå “mønsteret” i boka: Ballongeffekt nedst, litt kortare lengde. Ermeavslutninga. Pluss enkelte mindre, detaljendringar. Fôret hadde eg tenkt å lage separat, for å gjere det avtagbart, men det blir nok ikkje laga med det fyrste.

DSC_0789

DSC_0784kompr

Her er jakka fotografert på eldstemann, som vanlegvis brukar str. 6 år i klede.

Frå far til son

Mannen min har dumpa nokre av sine dongeribukser i stofflageret mitt; bukser som er slitt hol i i seteområdet, men som elles er brukande. Nå har ei av buksene blitt bukse til femåringen! Lynet McQueen-merket er også frå ei utslitt bukse, men den var ikkje pappa’n sin ;-)

DSC_0799

DSC_0797

Ribben i livet er frå Stoff og Stil. 3,5 cm breitt strikk inni.

Forvalte sitt pund

For litt sidan fylte det eldste fadderbarnet vårt sju år, og i gåve fekk ho ein pengepung. Mest fordi det er ein ting som sju år gamle jenter gjerne synest er stas. Men også ved å gje henne ein fargeglad og munter pengepung, håpar vi at ho vil forvalte sine pengar med kjærleik og omtanke :-).

DSC_0624

DSC_0628

DSC_0629

Stoff/tilbehør:
-Fugle- og blomsterstoff frå Stoff og Stil. Tynn stripe Anna Maria Horner-stoff (rosa og brunt), samme stoff i reima. Turkise retro-blomar frå Stoff og Stil. Prikkar frå Stoff og Stil (?). Fôr frå Etsy.
-“S” sydd av jersey
-Raude KAM-knappar, runde og hjarte-forma, frå Lykkedragen.no
-Kvitt band inni lommeboka, med teksten “name”, frå Etsy
-Vevd sommarfuglband i reima, frå Farbenmix.de/leanne.no
-Bit av rosa, vevd band på framsida av lommeboka, også Farbenmix, trur eg (fått i gåve)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...