Viser innlegg med etiketten GRAVID/AMME. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten GRAVID/AMME. Vis alle innlegg

29.07.2013

Ammetopp att / Nursing Top

Home made nursing top in single jersey

Eg jobbar med ammetopp-mønster for tida. Denne her blei sydd for nokre veker sidan til ei venninne som nyleg fekk barn. Fleire toppar kjem det til å bli, tusen takk til Sykrokarar som hjelper meg i konstruksjons-prosessen med å oppgi mål på seg sjølv :-)

Toppen er sydd i str. L og litt for stor til meg. Heldigvis viste det seg at den passa godt til ho som fekk den.  Når det gjeld stoff til ammetopp, er eg nokså nøye på at det er ein jersey som har god stretch. Og litt barnslege motiv   ̶  det må vere lov når det er ein ammetopp, synest eg!

My blog statistics show that many german seamstresses have found their way to the blog post of a nursing top I made a few years ago. You are very welcome, and the hits actually inpired me to work more with this design, even though I’m not nursing anynore. I made this top for a friend of mine who got a girl recently. It’s a little bit too large to me on the picture, but fortunately it fit my friend much better :-)

Stoff/Fabrics: Jersey kjøpt hjå Stofstedet, Nord-Jylland (Stofstedet.dk), ribb frå Stoff og Stil (stoffogstil.no)

02.04.2012

Ammetopp med jakke til

Fyrst sydde eg jakka. Eg mangla inspirasjon, og trong eit prosjekt med ferdig mønster. Eg fekk lyst til å bruke det lakserosa stoffet, og leita gjennom mitt vesle arkiv av kjøpte mønster etter eit cardigan-mønster. Det fann eg ikkje, derimot fann eg eit enkelt boleromønster frå Stoff og Stil. Så la eg på stoff nedanfor slik at det blei ei lang jakke. (Seinare får eg gå på leiting etter eit fint cardigan-mønster, for det ønskjer eg meg…)

DSC_1003

DSC_1004DSC_1007

Eg blei ikkje kjempeheldig med plassering av legga, men elles funkar jakka heilt greitt. Alternativet denne gongen var ikkje å lage ei meir grundig gjennomført jakke, men å ikkje få laga noko i det heile tatt. Så eg er godt fornøgd.

Når eg fyrst hadde kanta jakka med bil-interlock, fann eg ut at eg ville sy ein ammetopp til å ha inni. Også den blei laga med utgangspunkt i eit Stoff og Stil-mønster, det samme mønsteret som eg har brukt som utgangspunkt fleire gonger i det siste. Eigentleg berre mønster på ein ettersitjande t-skjorte-topp med overlapp over bysta.

DSC_1002

Sidan interlocken ikkje er god til å trekkje seg saman når den blir strekt, tredde eg i eit tynt strikk i faldane på dei to stykka som overlappar over bysta: DSC_0980

(Eg festa strikket for hand på kvar side før toppen blei montert). Dette har fungert fint ved bruk av toppen, men eg er litt redd at strikket kjem til å slite seg gjennom undertråden på coversaumen. Det vil tida vise.

Mønster: Utgangspunkt i to Stoff og Stil-mønster.
Stoff: Bil-interlock frå Stoff o gStil. Stripete, kraftig bomulljersey frå Stofstedet.dk. Kvar strikket er kjøpt, hugsar eg dessverre ikkje, eg er snart tom og kunne trenge meir…

02.03.2012

Ny ammetopp

DSC_0776

Prosjekt: Leggje inn meir fylde, eller kva det nå heiter, i toppen rundt bysta.

Framgangsmåte (etter eige hovud):Untitled

Eg klipte opp langs dei grønne linjene, spreidde ca to cm kvar stad. For å samle det nedst, sydde eg løpegang med eit tynt strikk i.

Resultat: Det blei veldig fint på prøvedokka, men ikkje like bra på meg, som har mindre byste. Her illustrert på prøvedokka korleis det blei sjåande ut på meg såfort eg ikkje stod heilt rakt i ryggen:

DSC_0777

Redningsoperasjon:

Sy i eit strikk til, nokre cm ovanfor løpegangen.

DSC_0778

DSC_0781

Konklusjon: Dette var eit lærerikt forsøk. Om eg hadde spreidd mønsteret berre éin cm i staden for to kvar stad, hadde det kanskje blitt betre? Toppen slik den blei i fyrste ongang kunne nok godt passa nokon med større byste enn meg, men om ein forstørrar for ei større byste, bør ein nok også leggje til litt i lengda, vil eg tru, ikkje berre breidda.

Mønsteret for øvrig: Klassisk t-skjorte-ammetopp, som eg endra halsutringing og ermar på.

Opprinneleg mønster og Stoff: Stoff og Stil

12.09.2011

Ammetopp med ugler på pastell

DSC_1072

Denne er sydd etter samme mønster som den forrige eg sydde.

Mønster: Eige

Stoff:
-Mjuk og veldig elastisk bomullsjersey frå Stoff og Stil.
-Ribb frå Stoff og Stil
-Clear elastic tape frå Stoff og Stil

22.08.2011

Forbetra ammetopp-utgåve

DSC_0696

Hurra, denne fungerer veldig bra! Dei siste dagane har eg testa ut ulike variantar av dette designet, sjå innlegg om dei andre her.  Om du lurar på korleis toppen er laga, kan du lese om det lenger nede i innlegget.

Action-bilete med demo av ammeopninga (illustrasjonfoto, det er berre unntaksvis eg står og ammar, hehe):

DSC_0726kompr

Mønsteret:

Utgangspunktet er eit mønster på ein heilt enkel, relativt ettersitjande topp. Dei fyrste modellane (linken lenger oppe) har omslagsstykke som er kopiar av sjølve framstykket på toppen, bortsett frå halsutringinga (og at  dei er kutta nedanfor bysta). Det kan fungere dét, men på dei forrige var utringinga litt i grunnaste laget.  Denne gongen har eg gjort nokre endringar:

-Djupare halsutringing, så øvre kant på omslagsstykka passerer på eller like nedanfor brystvorta. Nedre kanten på omslagsstykka også flytta litt ned.
-Eg har lagt inn (nokre beskjedne) innsnitt under brysta, innsnittet er sydd inn på den breie sida av omslagsstykket, og integrert i mønsteret på den smale delen av omslagsstykket.
-Dessutan har eg brukt ein bomullsjersey med veldig mykje stretch.

Mønsteret forøvrig:

-Det nedre forstykket er lett vifteforma, fordi ein typisk ikkje har flat mage i tida etter svangerskap/fødsel…
-Eg har lagt inn eit indre forstykke. Dette har ein smal skuldersaum, som verken når ut til ermet eller til halsutringinga på innsida. Nedst er det sydd saman med  omslagsstykka og nedre forstykke.  Så på vranga ser toppen slik ut:

DSC_0702

Dei blindt endande sidene på innerstykket er kanta berre med ein vanleg firetråds overlock-saum, der eg løsna litt på trådspenninga på trådane til venstre og høgre nål, for å få ein elastisk saum. Diff’en stod på 1,5, etter ein del prøving og feiling. (Eg løsna også litt på spenninga til øvre gripar, men er usikker på kor naudsynt dette var). Forstørring av skulderområde på biletet over:

DSC_0702 (2)

Toppen er kanta med ribb og ikkje interlock, då interlock har for dårleg evne til å trekkje seg saman etter å ha bli strekt ut.

Stoff:

-Blomstrete bomullsjersey frå Stofstedet.dk. Stoffet sin kvalitet liknar på dei mjuke bomullsjerseyane som Stoff og Stil har hatt ein del av. Prikkete bomullsjersey frå Textart.no. Kanta med ribb frå Stoff og Stil.

17.08.2011

Jakta på den optimale ammetoppen

Testing av design, mønster og stoff til ammetopp fortset. I forgårs blei denne ammetoppen til:
DSC_0579
DSC_0578
Den er sydd i jersey med middels stretch. Overlappande øvre forstykke, som båe er festa til nedre forstykke, samme type design som denne og desse, men eit anna grunnmønster. Toppen er med vilje kanta med ribb og ikkje interlock, fordi interlocken ikkje får tilbake fasongen bra nok etter å ha blitt strekt (erfaring med toppen i fyrste linken).
Under toppen er det ein eigen topp:
DSC_0577
Denne er sydd i jersey, kanta med foldover elastic (FOE), sydd på med eige apparat på Coverproen:
DSC_0584

Etter å ha prøvd ammetoppen på, er dommen at den nok kjem til å funke, men er litt for stram for ammeopning.
Så, neste dag laga eg ein til, denne gongen i velour med god stretch. Også denne kanta med ribb:
DSC_0576
Denne var igrunn lik den andre i passform; kjem nok til å funke, men er litt stram å opne for amming. Så problemet er nok mønsteret og ikkje stretchen i stoffet. Neste topp skal få djupare utringing på omslagsstykka (og stoff med masse stretch…).
Mønster: Eige
Stoff og utstyr:
Lilla, mønstra topp: Jersey frå Ixat på Etsy. Ribb frå Stoff og Stil.
Lilla innertopp: Jersey frå Cetho Designs. 5/8” FOE kjøpt hjå hobovian på Ebay. Sydd på med 5/8” single fold binder (utgått) frå sharpsewing på Ebay.
Velourtopp: Velour og ribb frå Stoff og Stil.

19.07.2011

Frå vanleg topp til mammatopp

Dette er ikkje eigentleg ein tutorial, men meir eit tips-innlegg basert på erfaring med ein mammatopp eg laga under tidleg graviditet, og som nå viser korleis den fungerer på høggravid mage.
IMG_0332kopi
Toppen blei laga utifrå eit Onionmønster på toppen med raglanerme under her, men om  det er raglanerme eller vanlege erme har ingenting å seie for omgjeringa til mammatopp.
IMG_7646

Prinsipp for endring til mammatopp:
-Auke lengda både på forstykke og bakstykke, så toppen rekk godt ned på hoftene
-I tillegg auke lengda på forstykket, denne auka lengda takast inn i rynker i sidene på forstykket
-Auke breidda i livet på forstykket
-Lage ein boge nedover nedst på forstykket, slik at magen dekkast betre
Desse endringane har eg prøva å oppsummere i denne skissa av forstykket:
gravidtopp
Ein legg altså til lengde svarande til den lilla, nedre streken på både for- og bakstykke, medan ein i tillegg legg til ekstra lengde og nedoverboge på framstykket (oransje).

Kva med måla?
Toppen min er i str. M/L, sydd i bomullsjersey med god stretch. Mammatoppen si vidde i livnivå er 52 cm på forstykket og 45 cm på bakstykket, og det er passeleg til ein høggravid mage. Lengda på toppen frå nakkenivå (toppen er ikkje utringa bak) og ned er 56 cm, også dette er eit greitt mål.
Men: Lengda frå “smykkegropa” øvst på brystbeinet og ned er 55 cm, og dette er for kort. (NB: sjå tilleggskommentar nedst i innlegget). Sjå biletet med pil nedst i hjørnet, der toppen ikkje dekkjer magen heilt ned. (beklager “.com” over det aktuelle området…):
IMG_0332paint
Om eg skulle lage ein til, ville eg ha auka lengda på forstykket litt meir, og tatt dette inn att i rynkinga i sidene, og i tillegg gjort bogen nedst på forstykket litt større (bogen her var veldig liten). Til dømes at bogen gjorde midten framme 5 cm djupare enn sida nedst. 65 cm  frå “smykkegropa” til nedre kant i str. M/L synest eg verkar fornuftig.
Når ein rynkar forstykket, kan ein til dømes lage eit 16-18 cm langt rynkeområde med livnivå midt i området. Merk av dette området i saummonnen på bakstykket. Legg forstykke og bakstykke mot kvarandre frå armhola og nedover til du kjem til øvste merket på bakstykket, merk dette av på forstykket også. Gjer tilsvarande frå nedsida. Rynk midtpartiet på forstykket så det passar til bakstykket. (Sjølv gjorde eg rynkinga på sparket ved overlocken, fordi det  ikkje var så viktig at denne toppen blei “fin”, men om du vil gjere det meir ordentleg, bør du sy inn rynketrådar.)
Tilleggskommentar 23.07.11: Eg ser at då eg skreiv om denne toppen for nokre veker sidan, hadde den mål 65 cm framme, medan nå berre 55 cm, og dessutan større boge nedst den gongen. Hovudgrunnen vil eg tru er krymping i vask, (evt. også ulik måltaking). Forrige innlegg om toppen her.

18.07.2011

Å lage ein gravid- og ammetunika

September 019beskjært

Her kan du lære korleis du kan gjere om eit mønster på ein topp (av typen “passeleg ettersitjande bomulls-topp”) til ein tunika du kan bruke både under graviditet og amming. Ammetilgangen får du via glidelåsar øvst i kvar side. Sjå link til fleire bilete nedst i innlegget!

Du treng eit mønster på topp av denne typen:
skisse topp

Forslag til mønster på topp:
-Ottobre Design Nr 2, 2007.
-Teikn eit mønster sjølv ved hjelp av Winifred Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Women's Wear”
-Teikn av ein topp du har (eventuelt ofre ein topp du har ved å klippe den opp i saumane)

Stoff og tilbehør:
-Tunikaen over er sydd av viscosejersey, som har godt fall utan å klistre seg til kroppen.
-To stk glidelåsar, 35-40 cm lange
-Evt tilbehør til løpegang nedst (sjå under “Sy”-avsnittet)

Kva du bør ha ei viss formeining om:
-Korleis du syr i glidelås
-Korleis du rynkar med rynketrådar

Mønsterendringar:

1. Lag berestykke både på framstykket og bakstykket ved å klippe mønsterdelane i to etter den raude linja:

berestykke

2. Avgjer tunikaen si vidde. Eg er redd det ikkje finst nokon måletabell for livvidde ved høggravid mage, men sjølv er eg vanlegvis str. 40-42 i overdel, og nå når eg er 37 veker gravid, har eg største livvidde 110 cm. Tak også omsyn til hoftevidda (ein blir gjerne litt breiare enn vanleg når ein er høggravid...)

3. Avgjer tunikaen si sidde. Til dømes til midt på låret.

4. Lage mønster til nedre for- og bakstykke: Du kan velje om du vil lage mønster, eller klippe direkte. Om du vil klippe direkte: Legg stoffet dobbelt. Del ønska tunika-livvidde på fire, (t.d. 120 cm:4= 30 cm) og legg ytterkanten på mønsteret i livnivå så langt frå brettekanten (i dømet 30 cm frå brettekanten). (Om du har lyst til at forstykket skal vere vidare enn bakstykket, kan du justere dette som du vil, men det er eit poeng for ammetilgangen seinare at bakstykket er breiare enn ryggen din)

Legg til for opplegg nedst, og om du vil ha løpegang, legg du til litt ekstra.

nedre mønsterdel

Grønne linjer: Stoffet bretta dobbelt
Svart: Opprinneleg mønster (bretta/kutta ved “midt for”)
RAUDE LINJER: NYTT MØNSTER, gravid-/ammetunika, hugs å klippe med saummonn
Oransje strek=avstandsmål: Ein fjerdedel av ønska livvidde i tunika
Blå strek=avstandsmål: Ein fjerdedel av ønska hoftevidde i tunika
Lilla: Ønska lengde på nedre for- og bakstykke

Klipp armar og berestykka. Gjer halsutringinga på fremre og bakre berestykke større dersom du ønskjer det.

 

Sy:

1. Sy saman den eine skuldersaumen (Kanting av halsutringing før den neste).  Sy med fordel inn ein stabiliserande strimmel i skuldersaumen. (Enten du har skulderband, eller brukar bendelband, eller ein stoffstrimmel med lite/ingen stretch, eller dét du har…)

2. Halsutringing: Tunikaen over er kanta med skråbandsfot for symaskin, men denne metoden er ikkje så nybyrjarvenleg. Då er det betre å klippe ein strimmel jersey med stretchen langs strimmelretninga, mellom 4 og 4,5 cm brei. Brett den i to og sy den på rette mot rette medan du strekkjer lett i den. Press kanten mot halsopninga og sy gjerne ein stikning.

3. Sy den andre skuldersaumen.

4. Montér berestykke til nedre stoffstykke: Det enklaste er å rynke overskytande vidde på det nedre stoffstykket, slik at det passar til til dømes midtre tredjedel av berestykket. (Sy to rynketrådar i saummonnen eller litt innanfor saummonnen, lengste stinglengd og evt også løsne trådspenninga. Justér rynkene til dei passar til berestykket). Om du ikkje vil ha rynker, kan du ha legg. Etter mi erfaring er det finare å ha legga midt på ved gravid mage, enn å fordele dei på kvar sida av magen.

5. Sy inn glidelås i øvre del av kvar sidesaum, saummonnen på toppen må vere fri til å sy på erme. Sy sidesaumane nedanfor i samme seanse.

6. Sy ermesaumane (dvs. sy sjølve ermet til ein sylinder), og sy erma på tunikaen. Avhengig av korleis du vil kante/leggje opp ermet, gjer du det før eller etter monteringa av ermet.

7. Om du vil ha løpegang nedst for å snurpe saman rundt ein stor mage: Sikkert mange måtar å gjere dette på. Eg tredde løpegangen med nokre millimeter breitt, rundt strikk og sette på ein snorstoppar (opninga/opningane frå løpegangen må vere mindre enn snorstopparen). Sånn, tja, 20-30 cm oppe i sidesaumen sydde eg på ein bit bendelband i saummonnen, i bandet hadde eg festa ein trykknapp som ga ei løkke for oppheng av overflødig strikk ved snurping av tunikaen.

Sjå fleire bilete av tunikaen her.

13.07.2011

Mamma-tights

I går laga eg mønster og sydde meg ein mamma-tights, i dag blei tights nr. to sydd, etter nokre mindre justeringar på mønsteret.

Har du lyst til å sy din eigen? Tutorial lenger nede i innlegget!

IMG_0094

Mønsteret er laga utifrå eigne kroppsmål, ca str. L/XL, men alle breiddemål på mønsteret er redusert med 10%. Dette gav behageleg ettersitjande resultat.  Fyrsteutgåve i viscosejersey (lilla) blei litt lausare enn neste utgåve i stripete bomullsjersey (Båe stoffa frå Stoff og Stil). Etter den lilla tightsen blei mønsteret heva litt øvst i ryggen, og beinlengda auka såvidt.

Mønsteret er tilpassa høggravid mage, men mønsteret skulle kunne tilpassast mindre magar også, sjå avnitt om forslag til mønsterendringar lenger nede (og med god stretch i stoffet reknar eg med at plagget vil kunne passe lenge sjølv når det er tilpassa mindre mage).

Om du ikkje har deg sjølv eller andre å med stor mage å måle på, kan du bruke mine mål som samanliningsgrunnlag, sjå avsnitt lenger nede.

IMG_0122

Å teikne sitt eige mønster:

Her kan du lære korleis eg gjorde det, og eg meiner det skulle vere gode sjansar for at du kan få eit brukande resultat du også. (Men eg er amatør på mønsterkonstruksjon, så det er nok lurt å ikkje teste på det dyraste, finaste stoffet du har.)

Måla  du treng:

  • Hoftevidde
  • “Livhøgde”: Set deg på ein stol, mål langs sida av kroppen avstanden frå stolsettet og opp til der du vil tightsen skal gå, i utgangspunktet nokre cm over der livet ditt ligg når du ikkje er gravid.
  • Omkrins av øvre del av magen, der strikket på tightsen vil liggje (sjå bileta av ferdigsydde plagg.) NB: Mål både bakre mål ( frå side til side over ryggen) og fremre mål (side til side over magen). (Har du ingen å måle på? Mine eigne mål  for svangerskapsveke 36 står lengre nede i innlegget)
  • Høgde frå hofte til kne
  • Omkrins av kne 

mammatights 001beskjært

Slik ser mønsteret ut. Forslag til justeringar for mindre mage: Sjå lenger nede. Teikn etter denne lista:

  1. AB = (hoftevidd:2)x0.9
  2. Merk av “F” midt mellom AB, ny linje 90grader på (vertikalt).
  3. AC = AB:9
  4. BD = AB:4,5
  5. FE = “livhøgde” (sjå over om måltaking)
  6. I nivå med E merkar du av eit punkt til kvar side, ca 1 cm frå E. På høgre side kallar du punktet “H” og teiknar linja FH. På venstre side teiknar du også linja, men forlengar den 4 cm (eller så mykje du vil ta inn i innsnitt i sida på tightsen). Merk dette punktet “G”.
  7. Innsnitt: Lag to innsnitt mot linja FG ved å teikne ei ca 10 cm lang linje 90 gr. på FG, med to skrå linjer over og under, båe med 1 cm avstand frå midterste linja i innsnittet. Kvar? Str. L: Nedste, midterste linja 16 cm frå F, og  deretter 7 cm mellom dei to midterste linjene (gjev ferdig sydde innsnitt 15 og 20 cm over F).
  8. GI = (Side til side rundt øvre del av magen:2)x0,9. La denne linja skrå oppover, eg skrådde den opp ca 25 grader frå linje vinkelrett på FG. (Sjå også “forslag til endringar i mønsteret” lenger nede)
  9. CJ: Teikn inn ein boge, sjå eigen figur under. På figuren er AJ=AC
    CJ mammatights
  10. JI: Teiknast inn som ei kurve som på teikninga. Dersom magen ikkje er så stor, la kurva vere veldig slak, eller teikn evt. ein rett strek.
  11. EK: (Side til side rundt ryggen:2)x0,9. K ligg i samme høgde som E frå AB-linja.
  12. Teikn inn bogen ned til D, eg gjorde det slik figuren viser: Fyrst hjelpelinje frå K til midt mellom B og D. To tredjedelar nede på denne linja bøyer mønsteret ut mot D. KD mammatights
  13. Forleng linja DK ca 5 cm frå K og merk nytt punkt “L”. Teikn linja HL.
  14. Beina: Teikn inn “M” i knehøgd.
  15. Teikn inn “N” i høgda tightsen skal slutte ikkje så langt nedanfor knea.
  16. Teikn to linjer frå F som ender ca 1 cm til kvar side for N.
  17. OP = (kneomkrins x 0,9)+2cm: I nivå med M teiknar du ei linje OP parallelt med AB, men sidan FD er litt lengre enn FC, lar du midten av OP liggje litt til høgre for M.
  18. Teikn inn OC og PD. Deretter teiknar du ei kurve innanfor, som på det meste ligg 0,5-1 cm frå den rette linja.
  19. I nivå med N teiknar du inn nedste avgrensing på tightsen, parallelt med OP, og omtrent like brei som OP. kneet når det er såpass nært kneet som her. Opplegg: Teikn gjerne på oppleggskant nedst på tights-beina, til dømes 2-2,5 cm.
  20. Teikn inn kant øvst for strikk, så brei kant som strikken er brei (t.d. 2,5 cm).
  21. Strikklengde: Eg målte rundt meg sjølv kva som var godt på (eg likar ikkje stramme strikk når eg er gravid). I praksis blei strikken ca 4-5 cm kortare enn omkrinsen på stoffet, (saummonn på strikken kom i tillegg)

 

Forslag til endringar i mønster:

  • Ikkje så stor mage ennå: La linja IG på toppen framme skrå mindre oppover. Minimal eller ingen utoverbuking/konveksitet i linja mellom J og I. Senk evt. også livhøgda, dvs. FG og FH, men så lenge du ha innsnitt, må FG framleis vere lengre enn FH (4 cm/så mykje du til saman tar inn i innsnitta)
  • Endå større mage enn meg: Eg trur ikkje du treng gjere så mykje med mønsteret, så lenge stretchen i stoffet er god

  • Ikkje gravid i det heile tatt? Redusér livhøgda til ca ein cm nedanfor livet ditt. Fjern innsnitta og la FH vere lik FG. La GI gå parallelt med AB, og teikn ein rett strek mellom J og I. Så lenge du ikkje har innsnitt, treng du eigentleg ikkje sidesaum heller.
  • Lyst på ein strammare tights? Gang breiddemåla med eit lågare tal, til dømes 0,85

 

Enkelte av mine mål på mønsteret (dvs at breiddemål allereie er ganga med 0,9), str L/XL og høggravid:

  • “Livhøgde”/FH 29 cm
  • AB 45,5 cm
  • FM ca 34 cm
  • MN: ca 7 cm
  • HL 21 cm (NB: Eg er vanlegvis str. M i overkroppen)
  • GI 23 cm
  • Største avstand mellom FG og JI: 26,5 cm
  • OP: ca 33,5 cm


Å sy tightsen:

NB: Ein tights som denne er absolutt best å sy på overlockmaskin. Har du ikkje ei slik maskin, må du bruke ein elastisk saum på symaskina di.

Materiale:
-Jersey med ein del stretch, bomull eller viscose. I str. L heldt 1 meter stoff, forutsett breidde minst 140 cm.
-Strikk til livet, 2,5 cm breitt er veldig greitt.

Klipp:

Legg til saummonn (eg brukar 1 cm) over alt utanom oppleggskanten nedst, om den er teikna inn fullt på mønsteret, og utanom øvre kant der strikken går, der du klipper så mykje saummonn som du tenkjer overlocken skal klippe bort etterpå. Eg klipte av gamal vane 1 cm saummonn også øvst, men lot overlocken klippe vekk heile centimeteren ved påsying av strikket.

Klipp hakk i saummonnen for den øvste og nedste linja på kvart innsnitt. NB: hakka i saummonnen blir i forlenginga av linjene, og derfor litt lengre frå kvarandre enn på mønsteret.

Klipp evt. også enkelte passmerkehakk langs JI og DL (får å gjere sying utan knappenåler enklare).

Sy:

  1. Sy dei fire innsnitta. Sjølv merkar eg av kor langt innsnittet skal vere med ei knappenål omtrent slik biletet viser (OBS: Hald kanppenåla i trygg avstand frå sylinja/overlock-kniven). (Den oransje teksten på biletet er dårleg, det står “hakk”)
    IMG_0091innsnitt mammatights
  2. Sy sidesaumane. Press saummonnen bakover. Press i samme slengen opp oppleggskanten nedst på tightsen.
  3. Sy fremre skrittsaum. Og bakre skrittsaum.
  4. På dette tidspunktet brukar eg å sy oppleggskanten nedst på coverstitch-maskina, om du brukas symaskin synest du kanskje det er like greitt å gjere det til slutt. Bruk i såfall enten tvillingnål eller ein elastisk saum maskina tilbyr, t.d. trestings-sikksakk.
  5. Sy båe innerbeinsaumar i eitt.
  6. Sy på strikken: Min metode er:
    -Eg deler øvre kanten av tightsen i fire like lange delar ved å klippe eit lite hakk i sidene slik teikninga viser:
    Untitled hakk mammatights

-og deler inn strikken utanom saummonnen i fire like deler ved hjelp av tusj-merke
-Syr på strikken på vranga av stoffet, slik at merka stemmer overeinsIMG_0092 
-Når eg kjem rundt, brettar eg strikken éin gong ned mot vranga, og syr ein runde med dobbeltsaum på coverstitch-maskina langs nedre strikkant frå rettsida, medan eg strekkjer akkurat så mykje at stoffet ligg utan faldar. (Ikkje covermaskin? Bruk samme metode som nedre oppleggskant). Eg legg inn ein liten bit flatt band av noko slag (ripsband el.l.) delvis innunder strikken ved bakre skrittsaum, for å markere at dét er bak (Slik som merkelappen ligg på kjøpte plagg).

Kjelder:

Bakgrunnsinformasjon har eg fått frå:
-Winifred Aldrich: Metric Pattern Cutting for Women’s Wear
-Helen Joseph-Armstrong: Petternmaking for Fashion Design
-Dessutan fekk eg nokre tips av å kikke på ein mamma-tights frå Hennes &Mauritz

 

Kommentarar?

Sei gjerne ifrå om tutorialen fungerer, og særleg om den ikkje fungerer. Er noko uklart, så berre spør!

06.07.2011

Ammetopp, modifisert Stoff og Stil

IMG_9899transparent bakgrunn
Kanskje har du eit amme-t-skjorte-mønster frå Stoff og Stil liggande? Av typen på teikninga under? Dét hadde eg. Men eg synest t-skjorta fortente å bli litt meir spennande, så eg gjorde nokre nokså enkle endringar (sjå lenger nede).  Funksjonaliteten til toppen kan eg dessverre seie så veldig mykje om,  fordi toppen nyleg er gitt bort, og eg har ikkje høyrd noko frå mottakaren…
Untitled
Endringar:
For det fyrste auka eg halsutringinga ein del, for å gjere det meir til ein sommartopp.
For det andre endra eg armane til “cap sleeves”, som eg synest er både meir sommarlege og meir elegante.
IMG_9900
Korleis eg laga cap sleeves:
Eg endra mønsteret som skissa under viser (blå strekar; nytt erme). Etter sying av skuldersaumar og halsutringing, laga eg merke for der ermet skulle starte og slutte på for-/bakstykke ved å take utgangspunkt i merket for skuldersaum på toppen. Samanlikna sidene for symmetri.
Denne gongen sydde eg ermet på og kanta etterpå. Det går også an å kante før ein syr ermet på, deretter sy på ermet, og så brette den frie kanten lenger nede mot vranga og feste den med ein (elastisk) saum. Sjå døme på dette her.
cap sleeve
NB: Dette er berre ei skisse, ikkje eit reelt mønster.

Stoff:
-Prikkete jersey frå Textart.
-Stripete jersey ("Campan") frå Hilco, kjøpt hjå Mineti.de
-Limegrøn ribb til kanting, Stoff og Stil.

30.06.2011

Fleire ammetoppar med omslags-berestykke

Desse er sydd etter samme mønsteret som denne, (bortsett frå armane på den nedste). Fylg linken for ein nærare omtale av designet. Desse to er sydd i ein mjuk og tøyeleg viscosejersey.

IMG_9144

IMG_9146

Ammetopp med omslagsstykke

Dette er ein type ammetopp-design eg likar veldig godt, etter erfaring frå tidlegare amming. Omslags-“berestykka” er flate utan innsnitt. Det nedre forstykket er lett utsvinga i sidene og har krumma nedre oppleggskant for å gje plass til ein forstørra ettergravid mage, men også min nokså store gravide mage får plass (eg brukar stadig toppen, oppunder ein månad att til termin). Du får ei aning om korleis stoffet er klipt ved å sjå på stripene nedanfor bysta og nedst. Toppen er også nokså lang for å dekkje heile magen.

Ein annan fin ting med denne, er at det ikkje lyser “eg ammar” lang veg, og den kan derfor brukast av alle, enten ein ammar eller ei!

IMG_9065

Mammatopp

IMG_9076
Denne mammatoppen i jersey er sydd utifrå mønsteret på ein enkel topp som abolutt ikkje har plass til stor mage. Eg gjorde ein del endringar på forstykket: “Magedelen” av forstykket blei gjort litt breiare og litt lengre, den ekstra lengdai høve til bakstykket blei tatt inn att som rynker i kvar side. Dessutan er forstykket klipt i ein boge nedst for å dekkje magen, kanten framme er ca 5 cm lenger nede enn kanten bak. Også lengda på toppen totalt sett er auka frå grunnmønsteret, og framme er lengda frå skulder og ned litt til sida for midten ca 65 cm. Tilleggskommentar 23.07.11: Toppen har seinare krympa i vask, sjå seinare innlegg om toppen.
IMG_9077
I skrivande stund har eg mage tilsvarane veke 34-35, og toppen passar svært bra.

(Gravid-) og ammetunika, 1. og 2. versjon

Då eg blei gravid seint i haust, fekk eg lyst til å lage ein ny modell gravid-/ammetunika (eg har laga ein annan type før, sjå her.  Prinsippet denne gongen er ein omslagstopp med eit forstykke innanfor som er ope ut mot armane. For at ikkje motsett bryst skal blottleggast når ein ammar, heng omslagsdelande fast, men kan gjerast 8-10 cm lengre ved å løsne eit par knappar i sidene (sjå bilete nr. to).
Eg laga fyrst den lilla velour-tunikaen som test, med ekstra vidde for gravid mage. Omslagsdelande er kanta med ribb, noko som blir litt tykt. Alt i alt er det mykje som kan forbetrast på denne, omslagsdelane blei for tykke, særleg nedanfor bysta, og dei sklir også i høve til kvarandre.
IMG_9012
IMG_9013
Deretter laga eg ny versjon i vinterfrotté. Denne gongen utan ribbkant på nedsida av omslagsdelande. Dette blei også nokså tykt, så ein seinare versjon skal lagast med nokon form for innsnitt, tenkjer eg. Men til jersey, som er mykje tynnare, kan det nok fungere greitt. Denne versjonen vekk smalare mage, sidan eg ikkje hadde så stor mage ennå i vinter.
IMG_9059
IMG_9061
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...