13.07.2011

Mamma-tights

I går laga eg mønster og sydde meg ein mamma-tights, i dag blei tights nr. to sydd, etter nokre mindre justeringar på mønsteret.

Har du lyst til å sy din eigen? Tutorial lenger nede i innlegget!

IMG_0094

Mønsteret er laga utifrå eigne kroppsmål, ca str. L/XL, men alle breiddemål på mønsteret er redusert med 10%. Dette gav behageleg ettersitjande resultat.  Fyrsteutgåve i viscosejersey (lilla) blei litt lausare enn neste utgåve i stripete bomullsjersey (Båe stoffa frå Stoff og Stil). Etter den lilla tightsen blei mønsteret heva litt øvst i ryggen, og beinlengda auka såvidt.

Mønsteret er tilpassa høggravid mage, men mønsteret skulle kunne tilpassast mindre magar også, sjå avnitt om forslag til mønsterendringar lenger nede (og med god stretch i stoffet reknar eg med at plagget vil kunne passe lenge sjølv når det er tilpassa mindre mage).

Om du ikkje har deg sjølv eller andre å med stor mage å måle på, kan du bruke mine mål som samanliningsgrunnlag, sjå avsnitt lenger nede.

IMG_0122

Å teikne sitt eige mønster:

Her kan du lære korleis eg gjorde det, og eg meiner det skulle vere gode sjansar for at du kan få eit brukande resultat du også. (Men eg er amatør på mønsterkonstruksjon, så det er nok lurt å ikkje teste på det dyraste, finaste stoffet du har.)

Måla  du treng:

  • Hoftevidde
  • “Livhøgde”: Set deg på ein stol, mål langs sida av kroppen avstanden frå stolsettet og opp til der du vil tightsen skal gå, i utgangspunktet nokre cm over der livet ditt ligg når du ikkje er gravid.
  • Omkrins av øvre del av magen, der strikket på tightsen vil liggje (sjå bileta av ferdigsydde plagg.) NB: Mål både bakre mål ( frå side til side over ryggen) og fremre mål (side til side over magen). (Har du ingen å måle på? Mine eigne mål  for svangerskapsveke 36 står lengre nede i innlegget)
  • Høgde frå hofte til kne
  • Omkrins av kne 

mammatights 001beskjært

Slik ser mønsteret ut. Forslag til justeringar for mindre mage: Sjå lenger nede. Teikn etter denne lista:

  1. AB = (hoftevidd:2)x0.9
  2. Merk av “F” midt mellom AB, ny linje 90grader på (vertikalt).
  3. AC = AB:9
  4. BD = AB:4,5
  5. FE = “livhøgde” (sjå over om måltaking)
  6. I nivå med E merkar du av eit punkt til kvar side, ca 1 cm frå E. På høgre side kallar du punktet “H” og teiknar linja FH. På venstre side teiknar du også linja, men forlengar den 4 cm (eller så mykje du vil ta inn i innsnitt i sida på tightsen). Merk dette punktet “G”.
  7. Innsnitt: Lag to innsnitt mot linja FG ved å teikne ei ca 10 cm lang linje 90 gr. på FG, med to skrå linjer over og under, båe med 1 cm avstand frå midterste linja i innsnittet. Kvar? Str. L: Nedste, midterste linja 16 cm frå F, og  deretter 7 cm mellom dei to midterste linjene (gjev ferdig sydde innsnitt 15 og 20 cm over F).
  8. GI = (Side til side rundt øvre del av magen:2)x0,9. La denne linja skrå oppover, eg skrådde den opp ca 25 grader frå linje vinkelrett på FG. (Sjå også “forslag til endringar i mønsteret” lenger nede)
  9. CJ: Teikn inn ein boge, sjå eigen figur under. På figuren er AJ=AC
    CJ mammatights
  10. JI: Teiknast inn som ei kurve som på teikninga. Dersom magen ikkje er så stor, la kurva vere veldig slak, eller teikn evt. ein rett strek.
  11. EK: (Side til side rundt ryggen:2)x0,9. K ligg i samme høgde som E frå AB-linja.
  12. Teikn inn bogen ned til D, eg gjorde det slik figuren viser: Fyrst hjelpelinje frå K til midt mellom B og D. To tredjedelar nede på denne linja bøyer mønsteret ut mot D. KD mammatights
  13. Forleng linja DK ca 5 cm frå K og merk nytt punkt “L”. Teikn linja HL.
  14. Beina: Teikn inn “M” i knehøgd.
  15. Teikn inn “N” i høgda tightsen skal slutte ikkje så langt nedanfor knea.
  16. Teikn to linjer frå F som ender ca 1 cm til kvar side for N.
  17. OP = (kneomkrins x 0,9)+2cm: I nivå med M teiknar du ei linje OP parallelt med AB, men sidan FD er litt lengre enn FC, lar du midten av OP liggje litt til høgre for M.
  18. Teikn inn OC og PD. Deretter teiknar du ei kurve innanfor, som på det meste ligg 0,5-1 cm frå den rette linja.
  19. I nivå med N teiknar du inn nedste avgrensing på tightsen, parallelt med OP, og omtrent like brei som OP. kneet når det er såpass nært kneet som her. Opplegg: Teikn gjerne på oppleggskant nedst på tights-beina, til dømes 2-2,5 cm.
  20. Teikn inn kant øvst for strikk, så brei kant som strikken er brei (t.d. 2,5 cm).
  21. Strikklengde: Eg målte rundt meg sjølv kva som var godt på (eg likar ikkje stramme strikk når eg er gravid). I praksis blei strikken ca 4-5 cm kortare enn omkrinsen på stoffet, (saummonn på strikken kom i tillegg)

 

Forslag til endringar i mønster:

  • Ikkje så stor mage ennå: La linja IG på toppen framme skrå mindre oppover. Minimal eller ingen utoverbuking/konveksitet i linja mellom J og I. Senk evt. også livhøgda, dvs. FG og FH, men så lenge du ha innsnitt, må FG framleis vere lengre enn FH (4 cm/så mykje du til saman tar inn i innsnitta)
  • Endå større mage enn meg: Eg trur ikkje du treng gjere så mykje med mønsteret, så lenge stretchen i stoffet er god

  • Ikkje gravid i det heile tatt? Redusér livhøgda til ca ein cm nedanfor livet ditt. Fjern innsnitta og la FH vere lik FG. La GI gå parallelt med AB, og teikn ein rett strek mellom J og I. Så lenge du ikkje har innsnitt, treng du eigentleg ikkje sidesaum heller.
  • Lyst på ein strammare tights? Gang breiddemåla med eit lågare tal, til dømes 0,85

 

Enkelte av mine mål på mønsteret (dvs at breiddemål allereie er ganga med 0,9), str L/XL og høggravid:

  • “Livhøgde”/FH 29 cm
  • AB 45,5 cm
  • FM ca 34 cm
  • MN: ca 7 cm
  • HL 21 cm (NB: Eg er vanlegvis str. M i overkroppen)
  • GI 23 cm
  • Største avstand mellom FG og JI: 26,5 cm
  • OP: ca 33,5 cm


Å sy tightsen:

NB: Ein tights som denne er absolutt best å sy på overlockmaskin. Har du ikkje ei slik maskin, må du bruke ein elastisk saum på symaskina di.

Materiale:
-Jersey med ein del stretch, bomull eller viscose. I str. L heldt 1 meter stoff, forutsett breidde minst 140 cm.
-Strikk til livet, 2,5 cm breitt er veldig greitt.

Klipp:

Legg til saummonn (eg brukar 1 cm) over alt utanom oppleggskanten nedst, om den er teikna inn fullt på mønsteret, og utanom øvre kant der strikken går, der du klipper så mykje saummonn som du tenkjer overlocken skal klippe bort etterpå. Eg klipte av gamal vane 1 cm saummonn også øvst, men lot overlocken klippe vekk heile centimeteren ved påsying av strikket.

Klipp hakk i saummonnen for den øvste og nedste linja på kvart innsnitt. NB: hakka i saummonnen blir i forlenginga av linjene, og derfor litt lengre frå kvarandre enn på mønsteret.

Klipp evt. også enkelte passmerkehakk langs JI og DL (får å gjere sying utan knappenåler enklare).

Sy:

  1. Sy dei fire innsnitta. Sjølv merkar eg av kor langt innsnittet skal vere med ei knappenål omtrent slik biletet viser (OBS: Hald kanppenåla i trygg avstand frå sylinja/overlock-kniven). (Den oransje teksten på biletet er dårleg, det står “hakk”)
    IMG_0091innsnitt mammatights
  2. Sy sidesaumane. Press saummonnen bakover. Press i samme slengen opp oppleggskanten nedst på tightsen.
  3. Sy fremre skrittsaum. Og bakre skrittsaum.
  4. På dette tidspunktet brukar eg å sy oppleggskanten nedst på coverstitch-maskina, om du brukas symaskin synest du kanskje det er like greitt å gjere det til slutt. Bruk i såfall enten tvillingnål eller ein elastisk saum maskina tilbyr, t.d. trestings-sikksakk.
  5. Sy båe innerbeinsaumar i eitt.
  6. Sy på strikken: Min metode er:
    -Eg deler øvre kanten av tightsen i fire like lange delar ved å klippe eit lite hakk i sidene slik teikninga viser:
    Untitled hakk mammatights

-og deler inn strikken utanom saummonnen i fire like deler ved hjelp av tusj-merke
-Syr på strikken på vranga av stoffet, slik at merka stemmer overeinsIMG_0092 
-Når eg kjem rundt, brettar eg strikken éin gong ned mot vranga, og syr ein runde med dobbeltsaum på coverstitch-maskina langs nedre strikkant frå rettsida, medan eg strekkjer akkurat så mykje at stoffet ligg utan faldar. (Ikkje covermaskin? Bruk samme metode som nedre oppleggskant). Eg legg inn ein liten bit flatt band av noko slag (ripsband el.l.) delvis innunder strikken ved bakre skrittsaum, for å markere at dét er bak (Slik som merkelappen ligg på kjøpte plagg).

Kjelder:

Bakgrunnsinformasjon har eg fått frå:
-Winifred Aldrich: Metric Pattern Cutting for Women’s Wear
-Helen Joseph-Armstrong: Petternmaking for Fashion Design
-Dessutan fekk eg nokre tips av å kikke på ein mamma-tights frå Hennes &Mauritz

 

Kommentarar?

Sei gjerne ifrå om tutorialen fungerer, og særleg om den ikkje fungerer. Er noko uklart, så berre spør!

3 kommentarer:

  1. Så gøy å se konstruksjonen din!

    Jeg holder på på akkurat samme måte med klærene til mannen for tiden. En veldig god følelse når en er ferdig og VET at det er noe en har laget HELT selv.

    Du er flink!!

    Hilsen Nina

    Hilsen Nina

    SvarSlett
  2. Så flink du er!

    Når babyen kommer ut og blir en skikkelig sovebaby kan du lage masse fine mønster på amme/daffeklær :D

    SvarSlett
  3. Knall tutorial - og perfekt timing da jeg stadig frustreres over manglende utvalg av tights i butikken.
    Lykke til i tiden som kommer:)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...