16.07.2011

Tutorial: Å sprette opp ein overlocksaum

Det finst fleire måtar å fjerne ein firetråds overlocksaum på, til dømes om ein klarer å få tak i og dra ut trådane frå nålene, skal det kunne gå fint, men i praksis synest eg dette er vanskeleg.

Så her er måten eg gjer det på, steg for steg.

Fyrst: Slik ser ein firetråds-overlocksaum ut frå oversida, der vi ser tråden frå venstre nål nedst, litt lenger opp tråden frå høgre nål, og på tvers tråden frå øvre gripar:
IMG_0268

Og på undersida ser det slik ut, der er det nesten berre tråden frå nedre gripar som synst.IMG_0269

 

1. Sprett opp den yttarste delen av øvre gripartråden, den kan godt sprettast opp heilt i kanten av stoffet, men unngå å kutte løkkene på nedre gripartråd.IMG_0270

Når du har gjort dette, vil undersida sjå slik ut, med frigjorte løkker i nedre gripartråd:

IMG_0271

2.  Ta tak i nederste del av nedre gripar-tråd i eit sting, utan å kutte tråden. Nå kan du dra heile nedre gripar-tråden av (så lenge alle løkkene langs kanten er frie).IMG_0272

Når du har gjort dette, ser det slik ut:

IMG_0273

3. Snu stoffet til oversida av overlock-saumen. Nå skal trådane frå både venstre og høgre nål vere frie til å bli dregne av. Dra dei av. IMG_0274

Og det vil sjå slik ut, med berre lause bitar frå øvre gripar-tråden att:

IMG_0276

4. Desse trådbitane fjernast fort  og greitt med ein teip-bit eller “klister-klesbørste”:

IMG_0277

1 kommentar:

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...