24.07.2011

Leiken kattunge på tunika

IMG_0408

Jentungen på 2,5 år ville ha katt på sin nye tunika. Eg fann eit fotografi på nettet, og gjorde den om til ein silhuett-applikasjon.

Framgangsmåten kan du finne her.

IMG_0391

Trådsnella er har fått ein tråd av mouliné-garn, garnenden forsvinn ned i saumen ved berestykket. Eg har ein eigen fot med ei renne under for å sy på snor med denne tjukkleiken, men det skal gå bra med vanleg fot eller applikasjonsfot også. På baksida stabiliserte eg med ei stripe strykeinnlegg før påsying av tråden.

IMG_0388

 

Mønster:

-Eigenteikna, med hjelp frå boka til Helen Joseph-Armstrong. Denne tunikaen har “bishop sleeves”, som gjev poseform, litt meir poseform på baksida enn framsida av handleddet. Slik ser mønsterdelen ut (fram til venstre):

IMG_0402

Før eg sydde i ribb, rynka eg ermeenden saman med transparent strikk, meir om dette her.

IMG_0403

Eg driv stadig å testar ut ulike innstillingar for sying av nitals-opninga. Hittil synest den å fungere best på plagg av litt tykkleik, til dømes isoli, og endå betre når barnet har på seg eit stabiliserande plagg (t.d. body) under, for at ikkje delane skal skli i høve til kvarandre. Ribb frå Stoff og Stil kan gjere at kanten rullar seg litt innomver nedst i halsutringinga framme, medan interlock ikkje har denne effekten.

 

Stoff og tilbehør:

-Nokså tykk isoli frå www.stofstedet.dk
-Kanta med lilla interlock frå www.cethodesigns.no
-Ribb i armane frå www.stoffogstil.no
-Lilla jersey i applikasjonane frå Cetho
-Lilla moulinégarn frå www.panduro.no
-Vliesofix og strykeinnlegg frå Stoff og Stil

DESIGN BY ANNWES liten versjon

9 kommentarer:

  1. Utrolig fin genser, jeg likte veldig godt applikasjonen!

    SvarSlett
  2. Så nydelig tunika! Detaljene med halsåpningen, katten og trådsnella er utrolig flotte!

    Beundrer virkelig din evne til å lage mønster selv!

    SvarSlett
  3. Eg har akkurat oppdaga bloggen din, og eg må sei at eg liker den veldig godt!!! Mange flotte tips og tutorials, og så mye fint du lager! Eg likte veldig godt kattetunikaen. Eg kommer garantert t å følge med her framover!

    Hilsen ein litt ferskere blogger og syerske...

    SvarSlett
  4. Så mye fint du lager! Du er lagret i favoritter! Her skal jeg inn å finne inspirasjon flere ganger. Titt gjerne innom min syblogg på http://magnhildn.blogspot.com/

    Hilsen Magnhild

    SvarSlett
  5. For en herlig applikasjon!
    Perfekt til halsåpningen, du er flink!

    SvarSlett
  6. Kjempefin tunika!
    Vinneren er kåret i syutfordringsbloggen forresten ;)

    SvarSlett
  7. Får jeg bare si at du er GENIAL!
    Så masse fint du syr, og masse flotte tutorials!

    La merke til deg på sykroken, og måtte bare besøke bloggen din og bli følger!

    Nok en gang, nydelig!

    SvarSlett
  8. Tusen takk for koselege kommentarar!

    SvarSlett
  9. thanks for visiting in my blog. this is nice dress <3.

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...