18.07.2011

Å lage ein gravid- og ammetunika

September 019beskjært

Her kan du lære korleis du kan gjere om eit mønster på ein topp (av typen “passeleg ettersitjande bomulls-topp”) til ein tunika du kan bruke både under graviditet og amming. Ammetilgangen får du via glidelåsar øvst i kvar side. Sjå link til fleire bilete nedst i innlegget!

Du treng eit mønster på topp av denne typen:
skisse topp

Forslag til mønster på topp:
-Ottobre Design Nr 2, 2007.
-Teikn eit mønster sjølv ved hjelp av Winifred Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Women's Wear”
-Teikn av ein topp du har (eventuelt ofre ein topp du har ved å klippe den opp i saumane)

Stoff og tilbehør:
-Tunikaen over er sydd av viscosejersey, som har godt fall utan å klistre seg til kroppen.
-To stk glidelåsar, 35-40 cm lange
-Evt tilbehør til løpegang nedst (sjå under “Sy”-avsnittet)

Kva du bør ha ei viss formeining om:
-Korleis du syr i glidelås
-Korleis du rynkar med rynketrådar

Mønsterendringar:

1. Lag berestykke både på framstykket og bakstykket ved å klippe mønsterdelane i to etter den raude linja:

berestykke

2. Avgjer tunikaen si vidde. Eg er redd det ikkje finst nokon måletabell for livvidde ved høggravid mage, men sjølv er eg vanlegvis str. 40-42 i overdel, og nå når eg er 37 veker gravid, har eg største livvidde 110 cm. Tak også omsyn til hoftevidda (ein blir gjerne litt breiare enn vanleg når ein er høggravid...)

3. Avgjer tunikaen si sidde. Til dømes til midt på låret.

4. Lage mønster til nedre for- og bakstykke: Du kan velje om du vil lage mønster, eller klippe direkte. Om du vil klippe direkte: Legg stoffet dobbelt. Del ønska tunika-livvidde på fire, (t.d. 120 cm:4= 30 cm) og legg ytterkanten på mønsteret i livnivå så langt frå brettekanten (i dømet 30 cm frå brettekanten). (Om du har lyst til at forstykket skal vere vidare enn bakstykket, kan du justere dette som du vil, men det er eit poeng for ammetilgangen seinare at bakstykket er breiare enn ryggen din)

Legg til for opplegg nedst, og om du vil ha løpegang, legg du til litt ekstra.

nedre mønsterdel

Grønne linjer: Stoffet bretta dobbelt
Svart: Opprinneleg mønster (bretta/kutta ved “midt for”)
RAUDE LINJER: NYTT MØNSTER, gravid-/ammetunika, hugs å klippe med saummonn
Oransje strek=avstandsmål: Ein fjerdedel av ønska livvidde i tunika
Blå strek=avstandsmål: Ein fjerdedel av ønska hoftevidde i tunika
Lilla: Ønska lengde på nedre for- og bakstykke

Klipp armar og berestykka. Gjer halsutringinga på fremre og bakre berestykke større dersom du ønskjer det.

 

Sy:

1. Sy saman den eine skuldersaumen (Kanting av halsutringing før den neste).  Sy med fordel inn ein stabiliserande strimmel i skuldersaumen. (Enten du har skulderband, eller brukar bendelband, eller ein stoffstrimmel med lite/ingen stretch, eller dét du har…)

2. Halsutringing: Tunikaen over er kanta med skråbandsfot for symaskin, men denne metoden er ikkje så nybyrjarvenleg. Då er det betre å klippe ein strimmel jersey med stretchen langs strimmelretninga, mellom 4 og 4,5 cm brei. Brett den i to og sy den på rette mot rette medan du strekkjer lett i den. Press kanten mot halsopninga og sy gjerne ein stikning.

3. Sy den andre skuldersaumen.

4. Montér berestykke til nedre stoffstykke: Det enklaste er å rynke overskytande vidde på det nedre stoffstykket, slik at det passar til til dømes midtre tredjedel av berestykket. (Sy to rynketrådar i saummonnen eller litt innanfor saummonnen, lengste stinglengd og evt også løsne trådspenninga. Justér rynkene til dei passar til berestykket). Om du ikkje vil ha rynker, kan du ha legg. Etter mi erfaring er det finare å ha legga midt på ved gravid mage, enn å fordele dei på kvar sida av magen.

5. Sy inn glidelås i øvre del av kvar sidesaum, saummonnen på toppen må vere fri til å sy på erme. Sy sidesaumane nedanfor i samme seanse.

6. Sy ermesaumane (dvs. sy sjølve ermet til ein sylinder), og sy erma på tunikaen. Avhengig av korleis du vil kante/leggje opp ermet, gjer du det før eller etter monteringa av ermet.

7. Om du vil ha løpegang nedst for å snurpe saman rundt ein stor mage: Sikkert mange måtar å gjere dette på. Eg tredde løpegangen med nokre millimeter breitt, rundt strikk og sette på ein snorstoppar (opninga/opningane frå løpegangen må vere mindre enn snorstopparen). Sånn, tja, 20-30 cm oppe i sidesaumen sydde eg på ein bit bendelband i saummonnen, i bandet hadde eg festa ein trykknapp som ga ei løkke for oppheng av overflødig strikk ved snurping av tunikaen.

Sjå fleire bilete av tunikaen her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...