27.12.2012

Vinter-jakke til eittåringen

Minstejenta, som nå er 16 månader gamal, hadde vinterdress, men jakka ho brukte i haust har blitt for liten og for kald. Så då tenkte eg at eg skulle sy ei jakke. Det er gøy å sy barnejakker! Av dei syprosjekta som eg har brukt mest tid på og lagt mest flid i, har mange av dei vore ytterjakker. Av samme grunn er det ikkje så ofte eg syr dei…

DSC_0917lkvit

DSC_0919

DSC_0920kvit

Denne jakka er sånn middels forseggjort samanlikna med fleire andre jakker ag har sydd (til dømes jakka i headeren). Middels fordi eg har gjort nokre forenklingar i fôringa. Om du har lyst til å lese meir om korleis eg har sydd, jakka, kan du lese nedanfor.

Mønster:

Ottobre 4/2004

DSC_0976 DSC_0978
 

Stoff: Mønstra poplin frå Hilco, einsfarga poplin frå Stoff og Stil. Fôr av ullfilt frå Stoff og Stil. Tynn ullribb frå ein lokal forhandlar av ullklede. Teddy-stoff kjøpt frå Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal. Knappar og refleks-biseband frå Stoff og Stil.

Litt om laginga av jakka:

-For å gjere jakka raskare å sy, laga eg fôr og ytterstoff i prinsippet like, dvs at eg eg lot vere å ha belegg midt framme, og eg hadde heller ikkje nokon oppbrett av ytterstoff i ermar eller nedst på jakka.
-“Ytterstoff-jakka” blei montert for seg, inkludert kragen på ytterstoffet, og “fôr-jakka” blei montert for seg, inkludert teddy-kragen med hempe mellom.
-Fôret monterte eg rette mot vrange i skuldrar og ved montering av ermar på resten av jakka, for at det ikkje skulle bli så tykke saumar med ullfilten. Eg hadde allereie klipt 1 cm saummonn overalt, så eg la stoff-delane så det blei 1 cm kant på kvar side av saumen, og klipte saummonnen ned etterpå. Meir om å sy rette mot vrange i ullfilt her. Den langsgåande ermesaumen og sidesaumen på fôret sydde eg i éin saum rette mot rette, sparte vendeopning i den eine sida.
-Før eg monterte fôr og ytterstoff saman, sydde eg på ribb på ullfilten med sikksakk. (Eg tenkte at det kunne vere greitt med litt ribb for å få ein viss bremsing av vind…)
-Deretter la eg retta på ytterjakka mot retta på fôret og sydde langs heile kanten; ned framme, kanten nedst, opp framme og rundt kragen.
-Etter å ha vrengt jakka til slik den skulle vere, henta eg ut ermane ein etter ein gjennom vendeopninga og sydde fôr til ytterstoff. Litt om vrangsying står det her.
-Til slutt sydde eg att vendeopninga.

Om kragen: Eg ville heller ha krage enn hette. Eg klipte ytterstoffet på kragen som eit rektangel med langside like lang som halsopninga på jakka, slik at kragen endte kant i kant med jakkekanten framme (sjå øvste biletet om det var kronglete forklart…) Eg ville at teddyfôret i kragen skulle rulle seg litt utover. Så teddy-fôret blei ikkje klipt som eit rektangel, men som ein firkant der den øvre kanten var konvekst boga langs heile sida. Midt bak var breidda på teddyforet ein centimeter eller deromkring breiare enn ytterstoffet. Breidda på ytterstoffet var 3,5 cm, som viste seg å vere greitt.
krage

Sluttkommentar:
Jakka skulle eigentleg vere kåpe, men den er veldig vid samanlikna med lengda, så det blei meir ei jakke, synest eg. Ottobre er i grunnen kjent for å lage vide mønster. Ullfilt som fôr er nok varmt, men eg er usikker på kor slitesterkt det er. Eg har ei kjensle av at det ikkje er så slitesterkt, men det vil vise seg. (Andre som har erfaring med slitestyrke på ullfilt?). Tidlegare har eg gjerne  ikkje tenkt på å sy på refleks på barnejakkene, men det er jo eigentleg veldig viktig, og denne gongen hugsa eg det! Så er det dumt at eg har gått tom for den mønstra Hilco-poplinen, dette var siste rest. Den er så fin at den blei brukt på vinterjakke sjølv om motivet ikkje eigentleg er så vinterleg. Eg hadde ikkje nok til heile jakka, så det er derfor ermane har fleire stoff :-)

Fly-genser

Før jol blei mellomstejenta bedt i fireårsdag, og ho ville at eg skulle sy ein genser med fly på til bursdagsbarnet. Eit fint oppdrag eg ikkje kunne seie nei til.

Eit fly tar av

Baksida:

Flyterminal og flytårn bak på genseren

Om ein applikerer på eit stoff ved hjelp av vliesofix langs heile breidda av plagget, tar ein bort stretchen i breidde-retninga, noko eg ikkje hadde lyst til. Derfor prøva eg meg med å sy “bakken” på med cover-maskina utan fiksering (eg brukte kanskje nokre knappenåler undervegs). Eit risky prosjekt. Fyrst tråkla eg på den brune jersey-strimmelen på med symaskin frå rettsida, deretter sydde eg med covermaskina frå baksida medan eg bruka rettsaumen som guide-linje. Deretter drog eg ut sytråden i rettsaumen. Det funka greitt nok.

Flyapplikasjon på genser

Flyapplikasjon på genser

Mønster: Eige

Stoff: Frotté med skyer frå tidlegare Cetho Design/CitronE. Bomullsjersey frå JNYDesign (frottéen er vel gjerne også frå JNY…). Ribb frå Danmark, importert til Danmark av Jydsk Stoflager, vil eg tru.

Genser med hus på

Minstejenta trong overdelar, og då blei denne laga.

DSC_0887white

Mønster: Eige (teikna ved hjelp av Aldrich si barnemønsterbok)

Stoff: Vinterfrotté frå Hilco. Huset er av stretch-isoli frå Hilco (eit stoff som dessverre ikkje held seg så godt i vask fargemessig).  Ribb frå Stoff og Stil.

Og så eit lite sukk om fargar på digitale skjermar:

Fargen på genseren er ein flott plommefarge. Men eg har litt problem med farge-gjengiving på PC’en, og veit ikkje heilt korleis fargen blir på din skjerm. Eg kan take eit bilete som på skjermen på Nikon-speilrefleksen (5100) ser greitt ut, men på PC’en har det heilt andre fargar (her om dagen då eg la merke til forskjellen på kamera og PC på eit anna bilete, var PC-biletet for blått). Eg har prøvd å justere på skjerminnstillingane på PC’en, men det var framleis veldig stor forskjell på kamera-skjerm og PC-skjerm. Akkurat nå tenkjer eg at det ikkje er noko stor vits i å gjere mykje fargeredigering i til dømes Photoshop Elements på PC’n min, for eg veit jo ikkje korleis det eigentleg ser ut… Eg tar gjerne imot tips, om de har! Eg stolar på at kameraet gjengir fargane bra, men kan det vere feil?

God jol og godt nytt år!

DSC_0974k

Det er tredje joledag i dag, og det er tid for å slappe litt av. Fyrste etappe med joleselskap er over, og barna kosar seg med leikene dei har fått til jol. Og mor tar seg ei pause for å blogge. I år har vi inkludert Playmobil i leiketøys-sortementet vårt, etter at vi hittil har samla på Brio-tog og Lego. Jolekrybba på biletet har dei fått bit for bit i adventskalenderen, og etter jol skal den pakkast ned fram til neste års advent. (Og då har vi truleg også fått ettersendt krybba, som mangla i pakka…). Under joletreet i år låg det mest Lego til eldstemann på snart seks år, medan jenta på fire har fått Playmo. Minstejenta har fått litt av kvart, den største utfordringa er å hindre henne i å ete alle dei små Lego- og Playmo-bitane :-)

Det har vore ein travel haust med lite sying samanlikna med fjor og forfjor. Men eg har nokre få plagg å vise fram. Sisan dette blei joleinnlegg, får eg take jolekjolen til minstejenta i dette innlegget:

DSC_0912kvit

 

DSC_0914kvit

Mønster: Rikke Misciattelllis bok “Sy til barn”, str. 86. Mønsteret er ganske stort i storleiken. Då vi skulle i i selskap i går, var kjolen tilgrisa etter den 24. I kommoden fann vi ein kjole etter samme mønster, men i str. 74, ein kjole eg trudde var for liten. Men den funka, den. (Jenta brukar str. 86 til vanleg)

Stoff: Fløyel frå IKEA. Plast-“gullknappar” (trykknappar) frå KAM. På biletet over kan ein skimte at det er to knappar bakanfor stoffet lenger nede også. Etter mønsteret skulle det vere to ganger fire knappar, men eg syntest det blei litt voldsomt med så mange plastknappar.

God jol vidare! Merry Christmas!

“Gloria, gloria, in excelsis deo, angels are singing, the Christ child is born”

09.12.2012

Nød-rull

DSC_0877

Eg har sydd mitt fyrste reserve-dorull-trekk! Sånn àla dei gamle dorulldokkene, men i ein litt annan stil, må ein kunne seie, hehe. Bakgrunnen var at eg skulle på jolebord med jobben, og kom samme dag på at alle skulle ha ei lita gåve med seg. Sikkert til “pakkeleiken”, tenkte eg (noko som viste seg å vere rett). Altså, leiken går  ut på at kvar gruppe får utdelt to terningar og passeleg mange pakker, og så er det ein eller annan  som tar tida (fem minutts tid???). Medan klokka går, trillar ein terningane etter tur. Får ein sekser, får ein ta ei pakke, enten frå bordet eller frå ein av dei andre (etter kvart berre frå dei andre). Får ein to sekserar, får ein ta to pakker. Så går turen vidare, rundt og rundt. Og når nokon ein eller annan stad seier at nå er tida ute, får ein dei pakkene ein har framføre seg til odel og eige. Om ein i det heile tatt har nokon, då.

Så var det det å finne på noko løgleg (artig) å ha inni pakka, då! Eg fann ut at eg skulle prøve å lage ei pakke som alle skjøna kva var, men som ikkje var det i det heile tatt. Men det var litt vanskeleg å skulle forme til ein ting og samtidig ha samme vekt og greier. Så i staden for blei det ein dorull. For den skjønar alle kva er. Og ingen vil vel ha ein dorull? Men denne dorullen var litt annleis, den hadde nemleg fått eit trekk over seg, surprise ;-) Og ekstra artig var det at mottakaren synest det var tøft!

DSC_0876

DSC_0878

Mønster: Ikkje noko/dorullen sjølv
Stoff: Raud singel-jersey av bomull, kvit singel-jersey stryke på med vliesofix. (Sidan pakka i utgangspunktet ikkje skulle innehalde nokon flott ting, og eg uansett reknar med at trekket ikkje skal vaskast kvar veke, har eg ikkje sydd lappen fast)

21.11.2012

Veloursett str. 1,5 år

Når eg er vant til å sy mykje klede til barna, er det akkurat som eg ikkje hugsar korleis det er å gå i ein butikk og handle klede til dei. Eg kjem liksom ikkje på at det går an å kjøpe. Og om eg kjem på det, blir eg gåande i butikken og tenkje “men ein sånn genser med enkelt snitt kan eg jo heller sy sjølv, eg har jo masse stoff som passar akkurat”. Så blir eg lei av å gå i butikk med ein gong og går heim. Dette høyrest sikkert sært ut for dei som ikkje syr masse klede, men kanskje nokon av dei som syr til eigne barn kjenner seg att? (Eller så er det berre eg som er sær, hehe ;-)

Men, som eg veit at eg ikkje er aleine om; å finne tid til å sy alt ein har lyst til, er ikkje så enkelt det heller. Barna veks fortare enn eg klarer å hengje med. Men litt nytt får dei. Dette settet til minstejenta var ferdig for litt sidan, str. 86:

Buksa bak:

Mønster: Eige
Stoff: Velour med skyer frå JNYDesign, (kjøpt hjå tidlegare Cetho/CitronE). Prikkete velour frå Stofstedet.dk. Ribb frå Stoff og Stil.

Og så eit lite Photoshop-tips (eg kan lite om photoshop, men eg har lært dette på nett ein gong, og syntest det funka bra):

Buksa er fotografert mot kvit bordplate, men kompaktkameraet taklar veldig dårleg at det er lite ljos i rommet. For å lysne biletet på ein veldig kjapp måte, har eg gått inn på (Photohsop Elements 10) “Enhance” på menylinja øvst, vidare på “adjust lighting”, deretter “Levels”.

Då kjem det opp eit diagram, og eg lysnar bakgrunnen ved å dra den kvite markøren mot venstre (markert med raudt).

Korleis lysne kvit bakgrunn i photoshop elements 10

19.11.2012

Tør eg gje meg ut på dette?

Hekle jakke til fireåringen:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då eg byrja å hekle for oppunder eit år sidan, kjøpte eg inn bomullsgarn på salg på Spar Kjøp. Herlege fargar som eg har kosa meg med å sjå på i hylla i stova, medan eg har spekulert på kva eg skal bruke det til. Tenkt og tenkt. Litt tykt og stivt garn, og eg har lyst til å hekle klede. Ikkje så lett kombinasjon.

Her om dagen meldte eg meg inn på Ravelry.com,  wow, der inne var det masse fint av hekla og strikka ting, og masse oppskrifter! Etter å ha surfa rundt der inne og samla inspirasjon, fekk eg ein idé om å hekle jakke/sommarkåpe til fireåringen. Vertikale striper i mange fargar. Skal prøve å bruke opp det garnet eg har. Men lurar veldig på om det blir veldig hippie-aktig, om eg i det heile tatt klarer å få ein ok fasong på plagget?Tynne striper, tykke striper? Kva for fargar saman? Det lurar eg på.

I forgårs laga eg ei skisse på jakka:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I tillegg kjem armar og krage. Kragen skal vere nokså stor,  slik at den brettar seg utover, tenkte eg. Eg skal byrje å hekle opp og ned frå sidesaum og innover mot midten. Fastmasker øvst og halvstavar nedover så det blir litt vifteform. Har eg tenkt, i allefall, men eg veit ikkje heilt korleis eg skal få jevn utviding av “skjørtet”. La overgangen mellom fastmasker og halvstavar på dei ulike radene kome i ulike nivå? Nokon som har tips?

Barnegenser med barnekunstverk

Kanskje de hugsar Ridder Mikkel-kjolen eg sydde for litt sidan? Mikkel skulle eigentleg få plass på ein marineblå genser. Men etter at genseren var ferdigklipt, takka mottakaren nei til Ridder Mikkel. Så eg sydde genseren og tenkte at den fekk få nokon annan dekor etterkvart. Og nå har den fått det! Eg diggar gutungens mange teikningar, og spurte om han ville ha ei av teikningane sine på den blå genseren. Det ville han gjerne, og denne teikninga har han laga for at eg skulle overføre den på genseren. Blei det ikkje tøft?!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På lager hadde eg fargestifter/feittstifter for tekstilar, men det passa dårleg; uskarpt avgrensa, svakt metta strek. Så hadde eg tekstilmåling, men det eignar seg dårleg til strekteikningar. Til slutt var det denne “Pearl touch”-pennen, då, som eg hadde kjøpt på salg ein gong i tida. I praksis fungerer den som å dekorere ei kake med pynte-gele eller halv-tykk melis-glasur. Når det tørkar blir det som ein bittelitt klissete gummitråd på tøyet, og det er framleis litt “sticky” nå etter at eg har fiksert det med strykejern. Det blir spennande å sjå korleis det held seg i vask, eg har aldri prøvd dette før.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Gutungen teikna altså på eit papir, og så teikna eg det over på genseren etterpå. Deretter har det tørka i minst 12 timar, og til slutt fiksert med strykejern.

Stoff: Tynn isoli og ribb frå Stoff og Stil

14.11.2012

Å vrangsy

Å vrangsy er vanskeleg. Det typiske for min del er at dei gongene eg tenkjer meg fram til korleis det skal vere, går det galt, og eg må sprette opp att. Ergerleg... Men om eg brukar hendene til å finne ut kva for stoff-kantar og -sider som skal syast saman, går det mykje betre.

I dag sydde eg ferdig ein fôra genser, og då tok eg like godt nokre bilete av det siste trinnet i vrangsyinga, syinga av den nederste kanten. Om du skal sy ei jakke med fôr og du har montert både jakke og fôr, som så skal syast saman i erma, blir prinsippet det samme som på bileta her.

Utgangspunktet er gjerne eit halvvegs ferdig sydd plagg som ligg litt hulter til bulter før ein skal finne ut kva for kantar som syast saman. Start med å leggje plagget slik ytterstoff og fôr vil liggje når plagget er ferdig:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Finn fram vendeopninga du har spart i ein saum, typisk sidesaum i fôret:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Før handa di inn i vendeopninga, mellom ytterstoff og fôr:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ta tak i stoffkant på ytterstoff og fôr, og brett dei innover mot handa di, så dei blir liggande rette mot rette mellom fingrane dine:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hald stoffa godt fast mellom fingrane dine medan du drar handa tilbake og ut gjennom vrengeopninga:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ikkje slepp taket før du har sett i ei knappenål!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nå er det klart til å vrenge genseren til, slik at du får lettast mogleg tilgang til å sy.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Finn deretter fram plassen med knappenål. Så lenge du fortset å leggje stoffa mot kvarandre på samme måte som knappenåla viser, kontinuerleg rundt heile, er du trygg på at vrangsyinga skal gå bra. Så er det berre å sy, og deretter vrenge tilbake!

 

Den aktuelle genseren:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fyrst av alt: Denne genseren er sydd med eit mellomlag, altså tilsaman tre lag. Tenk deg nøye om før du finn på noko slikt, det skal i allefall eg gjere! (tungvinte greier, og lett å leggje gale stoffsider mot kvarandre)

Det finst fleire måtar å vrangsy erme på. Ein kan enten sy ermane saman til sylindrar før ein monterer erme-enden på ytterfor saman med erme-enden på fôr, etter prinsippet over. Eller, som eg har gjort her, kan ein montere erme-endane til kvarandre fyrst, og sy det saman til ein kontinuerleg sylinder etterpå.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Slik monterte eg heile genseren (vi latar som eg berre har to stofflag, og ikkje dette mellomlaget):
1. Skuldersaumar på ytterstoff og skuldersaumar på fôr
2. Halsribb
3. Ribb på erma: Fyrst den eine ribb-langsida på fôret. Deretter fylgde eg samme prinsipp som over for å sy den andre ribb-langsida til ytterstoff: Leggje heile genseren slik den skal vere ferdigmontert, for så å brette til ytterstoff og ribb rette mot rette, halde godt tak, vrenge og sy.
4. Sydde så i eitt sidesaum ytterstoff, erme ytterstoff, erme fôr og sidesaum fôr på den eine sida
5. Vendeopning i den andre sidesaumen: Sydde ca nedre tredjedel av sidesaumen i fôret. Hoppa over ca midtre tredjedel, og sydde deretter øvre tredjedel av fôrets sidesaum, kontinuerleg vidare til erme på fôr og ytterstoff, og sidesaum ytterstoff, som på andre sida.
6. Nedre kant som forklart lenger oppe.
7: Lukka vendeopninga
(I tillegg til laga eg nokre festepunkt mellom fôr og ytterstoff her og der).

Mønster: Eige
Stoff: Jersey med ville dyr, designa av Johanna Ahlard (kjøpt av tidlegare Cetho/CitronE Design). Mellomlag av ullinterlock frå Kølkær i Herning*. Tynn bomullsinterlock med paraplyar, kjøpt på Etsy. Ribb frå Stof og Stil (halsen ser litt herja ut, den blei sydd på to gonger, hehe…)

*heile greia med desse tre laga var at ull-interlocken er altfor stikkete, sjølv om det stod på rullen at den var meint til undertøy. Så derfor tenkte eg at eg skulle pakke den inn…

08.11.2012

Hovudomkrins på norske barn

Hovudomkrinsen på barn varierer veldig, både mellom kjønn og mellom ulike individ av samme kjønn. Det gjer det ikkje så lett for oss som skal sy luer til barn vi veit alder på, men ikkje kjenner hovudomkrinsen til. Kva for ein storleik skal vi velje? Og motsett, når ein står i butikken og les av storleiken “50”, kva for alder svarar det eigentleg til? I dag har eg brukt masse tid på å lese percentilskjema, og tenkte at eg skulle lage nokre ryddige tabellar over storleikar i høve til alder. Men, eg fann ut at variasjonen er altfor stor, det blei ingen tabell som var god nok. I stadenfor har eg laga ein tabell over medianomkrins/50-percentil* og normalområde** for hovudomkrins for dei to kjønna.

HOVUDOMKRINS PÅ NORSKE BARN:
ALDER JENTER
50-percentil (normalområde i parantes). Alle mål i cm.
GUTAR
50-percentil (normalområde i parantes) Alle mål i cm.
Nyfødd 35,3 (32,9-37,7) 35,3 (32,8-37,9)
3 mnd 40,0 (37,6-42,4) 41,1 (38,7-43,5)
6 mnd 42,8 (40,6-45,1) 43,8 (41,6-46,1)
9 mnd 44,5 (42,3-46,7) 45,8 (43,7-48,0)
12 mnd 45,5 (43,5-47,7) 46,8 (44,7-49,0)
18 mnd 47,2 (45,0-49,5) 48,4 (46,2-50,5)
2 år 48,5 (46,2-50,7) 49,4 (47,2-51,6)
3 år 49,7 (47,3-52,0) 50,5 (48,2-52,1)
4 år 50,2 (47,8-52,6) 51,2 (48,8-53,6)
5 år 50,6 (48,2-53,0) 51,7 (49,2-53,9)
6 år 51,5 (48,8-54,2) 52,7 (50,2-55,7)
7 år 51,9 (49,5-54,5) 53,2 (50,6-55,7)
8 år 52,4 (49,8-54,8) 53,6 (50,8-56,6)
9 år 52,7 (50,0-55,3) 54,0 (51,2-56,9)
10 år 52,9 (50,2-55,7) 54,3 (51,3-57,2)

14 år

54,6 (51,6-57,2)

56,8 (52,8-58,8)
16 år 55,3 (52,0-57,6) 56,7 (53,8-59,2)

*Om 50-percentilen til treåringar er 49,7, tyder dette at halvparten av alle treåringar har hovudomkrins 49,7 cm eller mindre.
**Normalområde: Frå 3-percentil til 97-percentil, som cirka svarar til median +/- 2 standardavvik.

Kjelder:
Alder 0-5 år: Data frå vekststudien i Bergen 2007, kurvene er tilgjengelege her.
Alder 6 år og oppover: Helsestasjonskurver for Norge (“Percentilskjema-norske” på samme sida som det er linka til over)

Søkjeord: Hodeomkrets, huvudomkrets, head circumference children baby, infants, normal range, hovedomkreds børn

06.11.2012

Lue- og genser-testing

Å sy er å rekreasjon for meg i ein hektisk kvardag, så saumen er nokså høgt prioritert. Å teikne masse mønster slik eg gjorde i siste fødselspermisjon synest eg ikkje er verdt tidsbruken i forhold til det eine eksemplaret eg syr av mønsteret, men av og til klarer eg ikkje å la vere likevel. Denne gongen har det blitt eit par luemønster og ein lang genser/tunika.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA         OLYMPUS DIGITAL CAMERA         Ytterstoff: Nylon-poplin
Fôr: Ull-interlock

Fyrste lua blei for kort i nakken, og kanskje bittelitt trong, så eg laga ei nye med litt større vidde og høgde (mønstra lue). Lue nr. to sit fint på biletet, men er for lang i nakken, og dyttast derfor framover og ned i augene. Men den funkar om ein brettar den opp ein cm i panna.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA         OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Tunikaen ho viser fram, er eit genser-mønster som er forlenga og ørlite grann utskrådd. Eg lurte på å lage jakke, men hadde ein del tykke, ikkje delbre glidelåsar eg tenkte eg kanskje kunne få brukt. Så eg forsøkte meg på å setje inn glidelås med opninga nedst i staden for øvst. Det blir ikkje noko rein jakke, men ein genser som blir litt lettare å få av og på. Det fungerer sånn passe, om glidelåsen er heilt att, får ho “glidelås-gravidmage” når ho set seg, så i praksis er glidelåsen tredjedels open heile tida.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For spesielt interesserte i luemønster, og for meg sjølv, om eg skulle finne på å teikne endå eit luemønster:

Mønsteret er av samme type som mønsteret i dette innlegget.
Jentas hovudomkrins: 50 cm
Kvit lue: Både ytterstoff og fôr med vidde 52 cm. Fôret blei for slapt. Ytterstoffet eigentleg greitt, men ikkje så veldig mykje å gå på. Strikk sydd i bak, som tar inn att to cm i vidda på lua.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På den neste lua er vidda på ytterstoffet 52,7 cm. I nakken tok eg inn ca 3 cm med strikk. Denne gongen laga eg litt mindre fôr (i microfleece), 49 cm i vidde, og 3 mm kortare i høgda enn ytterstoffet. Dette fungerte bra. Men største endringa frå lue nr. ein var at lue nr. to er litt høgare generelt sett, og at mønsteret baktil går rett bakover frå øyreflappen mot baksaumen, medan det fyrste mønsteret skrådde oppover frå øyreflapp til baksaum.

Neste gong då? Kva med: Vidde på ytterstoff 52,5 cm, høgde på mønster framme ved panna: 16,7 cm, ved øyret 21 cm, og bakerst 20,5 cm (alle mål loddrette frå nivå med spissane øvst på mønsteret). Fôr litt mindre, som på lue nr. 2.  Eg har eigentleg andre ting å gjere enn å sy fleire luer til ho som har to allereie. Nokon andre som har lyst til å prøve seg?

04.11.2012

Vottar utan tommel

OLYMPUS DIGITAL CAMERA         OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vottar til minstejenta! Eg klarte ikkje å tenkje ut ein enkel måte å lage vottar med tommel, så det blei vottar utan tommel (jenta er 15 mndr gamal, funkar det eigentleg utan tommel då? Eg får spørje barnehagen i morgon, ho har hatt vottane der ei veke eller to…). Saum-metoden eg har brukt, har eg lært hjå Little Svali.

Etterpå har Linda med denne bloggen vist korleis ho syr babyvottar, så om eg skal sy fleire vottar, skal eg prøve hennar metode :-)

Mønster: Eige
Materiale: Nylon-poplin og ull-interlock frå Stoff og Stil. Anorakk-snor frå Stoff og Stil. Merkelappen som er bretta rundt snora og sydd på, er interlock.

Fireårs-bursdag med vimpelrekkje i staden for ballongar

Det byrjar å bli ei stund sidan bursdagen til mellomste-jenta nå, det var til dette selskapet ho fekk Ridder Mikkel-kjolen. Etter selskapet har eg tenkt at eg skulle vise fram vimpelrekkja vi laga kvelden før selskapet, for den blei så frisk og fin:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er moro å pynte litt til bursdagar, men eg er ikkje blant dei som brukar veldig mykje tid på det. Kvardagen er hektisk nok. Vimpelrekkja er laga på enklaste vis, og med rullekniv gjekk det radig.

Fyrst teikna eg eit vimpelmønster på ei papp-plate og skar den ut til ei mal:

vimpelmønster

Eg bretta stoffet dobbelt (med vranga inn) og la kortsida på vimpelmalen langs bretten. Kutta dei to langsidene. Sydde ein rettsaum parallelt med bretten, ein drøy cm ifrå. Pressa. Tredde vimplane inn på ei anorakksnor. Ferdig! I praksis hadde vi ein dugnad; medan eg sydde og pressa, klipte far ihuset trådar og tredde på snor. Sosialt også!

Mønster: Eige (ikkje veldig gjennomtenkt, altså, men fungerte bra)
Materiale: Diverse quiltestoff frå Etsy.com og Stoff og Stil. Tynnaste anorakksnor-typen frå Stoff og Stil.

31.10.2012

Ulldress til eittåringen

Eg har tidlegare (to år sidan, trur eg) sydd ulldressar til dei to eldste, og barnehagen har gitt veldig positive tilbakemeldingar. I år får den mellomste arve etter den eldste, men den eldste og yngste treng nye dressar. Sistnevne er fyrst ut!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mønster: Utgangspunkt i eit klovnekostyme frå Alt om håndarbeide, men mykje endra, både i vidde og lengde.
Stoff: Nokså tykk interlock som er to lag strikka saman, bomull innerst og ull ytterst (Stofstedet.dk). Ullribb frå ein lokal forhandlar av ullklede.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...