Kanskje de hugsar Ridder Mikkel-kjolen eg sydde for litt sidan? Mikkel skulle eigentleg få plass på ein marineblå genser. Men etter at genseren var ferdigklipt, takka mottakaren nei til Ridder Mikkel. Så eg sydde genseren og tenkte at den fekk få nokon annan dekor etterkvart. Og nå har den fått det! Eg diggar gutungens mange teikningar, og spurte om han ville ha ei av teikningane sine på den blå genseren. Det ville han gjerne, og denne teikninga har han laga for at eg skulle overføre den på genseren. Blei det ikkje tøft?!
På lager hadde eg fargestifter/feittstifter for tekstilar, men det passa dårleg; uskarpt avgrensa, svakt metta strek. Så hadde eg tekstilmåling, men det eignar seg dårleg til strekteikningar. Til slutt var det denne “Pearl touch”-pennen, då, som eg hadde kjøpt på salg ein gong i tida. I praksis fungerer den som å dekorere ei kake med pynte-gele eller halv-tykk melis-glasur. Når det tørkar blir det som ein bittelitt klissete gummitråd på tøyet, og det er framleis litt “sticky” nå etter at eg har fiksert det med strykejern. Det blir spennande å sjå korleis det held seg i vask, eg har aldri prøvd dette før.
Gutungen teikna altså på eit papir, og så teikna eg det over på genseren etterpå. Deretter har det tørka i minst 12 timar, og til slutt fiksert med strykejern.
Stoff: Tynn isoli og ribb frå Stoff og Stil
Så kult! Håper det holder seg i vask.
SvarSlettKjempeartig genser! Må være kjekt å ha sitt eget motiv på genseren!
SvarSlettTusen takk, Elisabeth og SiKaLo! Dessverre såg eg her om dagen at "gummistrekane" har byrja å sprekke opp og dett av :-( Så det blir nok ikkje fleire slike kunstverk med denne teknikken.
SvarSlett