25.07.2012

Kåpe str. 5 år

Og så har eg sydd kåpe til mellomste-jenta, av ullstoffet eg ikkje klarte å gå forbi på Jydsk stoflager. Dette var det fyrste eg sydde av Danmarks-stoffet, før den grå ullgenseren eg posta innlegg om i stad…

Kåpe etter mønster frå Ottobre

DSC_0207

DSC_0205

Her er eit par detaljbilete av knappen, eg fann på at eg kunne prøve å feste knappen heilt inntil stoffet ved hjelp av ein maskemarkør (til hekling/strikking), så får vi sjå om det vil henge fast eller ei ;-)

DSC_0084

DSC_0086

Mønster: Ottobre 6/2008

Stoff og tilbehør: Kokt ull frå Jydsk stoflager, Ikast. Acetat-foret er også derifrå. Knappar frå Textart.no. Vevd lapp frå Minanamnband.se. Knapp frå “knappe-lykkepose” hjå Panduro.no. Maskemarkøren er kjøpt hjå Spar Kjøp.

Baby-velourbukse

Inspirert av ei bukse eg såg på  Sykroken for ei stund sidan, med oppdelte buksebein, utan at eg kunne hugse detaljane, sydde eg denne buksa her om dagen. Eg har ikkje klart å finne biletet av inspirasjonsbuksa att (og hugsar dessverre ikkje kven som hadde laga den fine buksa). Slik blei i allefall varianten min:

DSC_0210

DSC_0211

Forresten, innimellom blogginga gjorde eg eit siste søk, og fann buksa; her (men den er nok berre synleg for Sykroken-medlemmer)

Mønster på buksa mi er i str. 80, og teikna med utgangspunkt i “one piece trouser block, easy-fitting shape” i boka til Winifred Aldrich, men med 6 cm ledigheitsvidde rundt hoftene, i staden for “1/4 hip/seat measurement plus 5,5 cm”. Eg synest 22 cm i lediheitsvidde høyrest frykteleg mykje ut.

Stoff: Mørkekrosa velour frå Rainbow, ljoserosa velour frå Stoff og Stil. Army-grønn ribb frå Stoff og Stil.

Om å sy genser i veldig tøyeleg stoff

Tid for å blogge litt att. Denne veka byrja eg på jobb att, etter ein lang fødselspermisjon og deretter ferie. Så den siste ferieveka har eg hatt desperat trong til å sy, som om eg aldri skulle få sy att liksom, og blogginga har blitt nedprioritert. Men i kveld orkar eg ikkje sy, men prøvar meg på litt blogging :-) Moro at du kikkar innom, enten du har vore her før eller berre tilfeldig har hamna her!

I danmark kjøpte eg ein kjempe-tøyeleg, tykk og veldig mjuk jersey, i ein eller annan ullblanding. Fyrste plagg er sydd av stoffet, og det blei ein genser til meg sjølv, og eg trur eg kjem til å bu i den utover hausten! Eg er dessverre ikkje i action-bilete modus akkurat nå, så det blir eit bilete av genseren på golvet (orka ikkje rydde bort all legoen på det kvite bordet heller…)

Onion 5017 snitmønster / pattern / mønster /mönster

 

Om å sy i veldig tøyeleg stoff:

Det baud på ein del utfordringar, ja. Eg ville ha rullefald på rysjekanten, og prøva med ein del ulike innstillingar, men gav opp, for stoffet låg ikkje stabilt noko under syfoten. I stadenfor blei det ein tretråds overlock-saum.

Onion 5017 snitmønster / pattern / mønster /mönster

Montering med overlock:

Vanlegvis brukar eg 3 4 4 4 i trådspenning på overlocken (9 er max. Huskylock 910). Det er gjerne tråden  gjennom nålene (dei to fyrste av dei fire tala) som begrensar tøyelegheiten, så eg senka trådspenninga på desse. I praksis blei det 2 2,8 4 4, og då blei saumen veldig god. Diff’en på max (2,5). Stinglengda var omtrent 3. Eg prøvde både med normalt trykkfotpress og minimums-press, men det var ikkje store forskjellen.

Opplegg med brei coverstitch-saum:

I utgangspunktet stod maskina (Janome Coverpro 1000 CPX) innstilt slik: 4 - 4 3 (“-“ tyder at det ikkje står i nål i midten), diff. 1,0 og stinglengde 4. Trykkfotpress middels.

Dette gav bølgete saum, og eg prøva å rette på dette slik eg brukar å gjere, nemleg å auke diff’en. Bølgeproblemet blei mykje mindre, men elastisiteten i saumen forsvann, undertråden blei for stram med høg diff. Eg fiksa på dette ved å senke trådspenninga på undertråden, overtrådane også, men fornøgd med elastisiteten blei eg ikkje før eg minska stinglengda frå 4 (max) til ca 3. Då var det eg såg at trykkfoten skuva stoffet framom seg. Så eg senka trykkfotpresset det eg kunne (skrudde skruen på toppen så langt opp eg kunne), og problemet blei litt mindre, men ikkje heilt borte. Men nå kom eg ikkje på fleire tiltak, så eg sydde, og pressa bort ein del av små-bølgene med strykejernet etterpå. Eg prøvde forresten med vanleg trådspenning (4-43) på ein prøvelapp i etterkant, og fekk nesten like elastisk saum som med låg trådspenning (2-2  1,5), så lenge stinglengda ikkje var på max.

Mønster: Onion 5017

Stoff: Kølkær stoff og Hobby, Hammerum/Herning på Jylland

16.07.2012

Danmarksferie og påfyll på stoff-lageret!

DSC_1048For fjerde året på rad har vi reist til Jylland på sommarferie saman med ein vennefamilie av oss. Ein veldig koseleg tradisjon, der den meste av tida går med til aktivitetar som er morosame for barna (eldstemann 5 1/2 år). I tillegg er desse feriane ein av mine viktigaste måtar å fylle opp stofflageret mitt på, for på Jylland er det mykje flotte stoff å få tak i, og dei er billige!

I år gjekk turen til Søhøjlandet feriecenter nokre få mil vest for Århus. Vi hadde valt å feriere i dette området fordi det er veldig mange spennande attraksjonar i eit par timars køyreavstand, og det viste seg å vere ei veldig god plassering i høve til stoff-shopping også.

Nå har vi akkurat kome heim att, og medan eg pustar ut etter turen, skriv eg litt om stoff-shoppinga. Eg har liksom lyst til å rope det ut til alle sygale når eg har funne ein flott butikk, så alle kan handle der;-) Berre eit lite obs til stoff-shopping; tak med kontantar, dei fleste butikkane tok ikkje anna enn Dankort.

STOFSTEDET, LITT SØR FOR AALBORG
Eg tar det i kronologisk, eg, bilete kjem lenger nede i innlegget. På veg nedover frå ferja, stoppa vi på STOFSTEDET i Arden. Dei har nettbutikk, og eg hadde sett meg ut på førehand kva eg ville ha. Med utålmodig familie på slep, fekk eg ikkje sett meg så mykje rundt, anna i jersey-hylla medan ekspeditøren klipte. Men det er ein nokså stor butikk, hyggleg og veldig effektiv betjening. Ein av dei få som tar Visa og kredittkort. Prismessig ikkje av dei aller billigaste, jerseyane med sjiraffar på kosta ca 120 DKK, medan dei andre stader kosta ca 100 DKK eller ca 110 DKK.

JYDSK STOFLAGER, IKAST
Tredje dag i ferien fekk eg lov å reise på stoffshopping “aleine”, mot at eg tok med meg minstejenta på snart eitt år, medan mannen min og dei to eldste leika og bada på feriecenteret. Eg køyrde fyrst ned til adressa til “Lagersalget i Låsby”, som eg har sett omtaler av på nettet, men eg fann det ikkje på den oppgjevne adressa, og det var eit lokale til leige der. Så eg trur det ikkje finst lenger.
Vidare køyrde eg på veg nr. 15 mot vest, forbi Silkeborg til Ikast, og fann ei lita gullgruve av ein butikk, nemleg JYDSK STOFLAGER (http://www.jydsk-stoflager.dk/). Der trur eg eg blei verande eit par timars tid! Eg kikka og kikka og plukka rullar frå hyllene, medan eg innimellom rydda opp knappe-røyr som jentungen fekk lov å leike med. Og eg fekk også snakka ein del med den hyggelege, unge dama som selte. Dei er grossistar av klesstoff og sel ut restparti og slikt til private i denne butikken ved lageret. Om ein er ute etter basis-stoff (einsfarga velour, isoli, jersey, ribb o.l.) til ein billig penge, er det hit ein skal reise, altså! Einsfarga velour i mange fargar til rundt 60 DKK/m, einsfarga jersey i kjempemange fargar(ulike kvalitetar) til 40-70 DKK/m, eit utruleg utval av ribb til rundt 50 DKK/m (men gjerne smal breidde), ullfilt, ullboucle og kokt ull til rundt 130 DKK/m, trur eg det var. Isoli til rundt 60-70 DKK/m. Dei hadde generelt mange fargar, men ikkje så mykje skarpe fargar (rein raud, oransje, limegrønn o.l.). Og så fekk eg ein heil haug stoff for 10 DKK/m, deriblant vindstoff med fleecebakside!! Dei tok forresten berre Dankort.

KØLKÆR STOF OG HOBBY, HERNING
Berre 3-4km vest for Jydsk Stoflager låg KØLKÆR STOF OG HOBBY. Eg fekk på førehand vite at dei er ein av butikkane Jydsk Stoflager sel til, men at dei også har ein del anna, så det var likevel verdt eit besøk. Butikken minte eigentleg litt om Stoff og Stil-butikken i Kristiansand, både i utsjånad og vareutval, men litt mindre. Prisnivået var bra, sjiraffstoffet nemnt tidlegare kosta berre 100 DKK her, og stoffa frå Jydsk stofflager var ikkje allverdens mykje dyrare enn på lagerutsalet, etter det eg kunne forstå. Men så har dei også svært låge transportkostnader frå grossisten, går eg utifrå, når dei berre ligg nokre kilometer unna:-) Denne butikken er eit fint supplement til Jydsk stofflager, men eg er veldig glad eg kom hit etter og ikkje før lager-butikken. Dei tok berre Dankort.
Forresten er det ein Stoff og Stil-butikk ei drøy mil frå Kølkær-butikken, men eg besøkte ikkje denne sidan vi har Stoff og Stil heime i Kristiansand. Eg hadde notert meg adressa til stof-sycenter.dk i Videbæk før eg reiste ut på stoff-turen, men droppa å reise dit fordi eg hadde brukt så mykje tid og funne så mykje stoff i Ikast/Herning.

STOFSHOP.DK, RANDERS
Så. Ferdig med shoppinga nå? Å neidå, er det ein stoffbutikk i nærleiken, er det akkurat som at eg blir dradd mot den, hehe! Fjerde dagen på turen var vi i Randers Regnskov, som forøvrig var ein spennande attraksjon, og der fekk vi litt tid til å rusle rundt i byen etterpå. Og mannen min syntest at vi like gjerne kunne rusle rundt og leite etter stoffbutikken, som å rusle i ein tilfeldig retning, (altså, han fann ikkje på det med stoffbutikken heilt av seg sjølv, altså ;-). Då vi fann den, fekk eg 10 minuttar på meg før parkeringa gjekk ut. Dette skulle inkludere kassekø, klipping og betaling, så det var ikkje så mykje eg fekk sett. Men det var ein nokså liten butikk, men med eit kjellarlokale med ein del stoff, deriblant eit nokså stort område med stoff til 39DKK/m. Eg fann etter nokre minutt jerseyhylla i butikken, og rakk akkurat å kjøpe ein bit mønstra isoli. Eg fekk inntrykk av at prisane v ar nokså låge, men ikkje like låge som hjå Kølkær. Nokre Hilco-stoff såg eg også (Bil-interlocken, blant anna). Tok berre Dankort.
I Randers er det forresten også ein Stof2000-butikk.

STOFSHOP.DK, ÅRHUS
Den neste dagen var vi i Legoland. Men dagen etterpå, laurdag, skulle vi ha ein roleg dag. Eg hadde lest mykje positivt om Stofshop.dk sin butikk i Århus, og hadde veldig lyst til å reise dit. Kvelden før hadde UV-filteret på speilrefleksen blitt knust, og vi ville gjerne ha nytt for å beskytte linsa. Dermed blei det ein liten tur til Århus for å handle kameratilbehør, stoff og mat, jippi! Og for ein stoffbutikk! Om du (som kvinne) skal sy tøy til deg sjølv, er det denne butikken du skal reise til av dei eg har besøkt! Flotte stoff, og veldig fint presentert. Butikk-lokalet er eit typisk by-butikk-lokale, ikkje så veldig mange kvadratmeter. Det var naturleg inndelt i to, der dei hadde stoff som passa for barnetøy i den eine halvdelen, og for dame i den andre. Og klesstoffa var hovudsakeleg sortert etter farge, og ikkje etter stofftype, i båe avdelingane. Kjempeinspirerande! I tillegg hadde dei, som i Randers, eit rom i kjellaren med masse stoff til 39DKK/m (og nå når det var salg var det i tilleg 10% avslag på dei), og innanfor der igjen eit bittelite rom med velour og isoli og andre basis-stoff. Igrunnen motsett av lagerbutikken i Ikast, der basis-stoffa var det fyrste eg kom til… Prisnivået hjå Stofshop var ikkje avskrekkande, faktisk ganske lågt, sjiraffstoffet kosta her 100 DKK/m, og eg fekk alt i alt veldig mykje stoff for pengane. Men heller ikkje denne butikken tok andre kort enn Dankort, dessverre.

"STOFFER" I HJØRRING
Søndagen var vi i Ebeltoft, og der finst det ein liten stoffbutikk som eg har høyrd godt om. Men sidan det var søndag, blei det ingen shopping, men eg fekk lirka inn litt vindus-titting i programmet (snakk om synerd, altså, hehe)

I dag, måndag, reiste vi altså heim att. Det fine med å reise med ferje frå Hirtshals, er at Hjørring ligg like sørafor, og er greitt å stoppe i om ein har litt tid til overs før ferja. Og i dag hadde vi berekna ekstra god tid sidan det har vore vegarbeid i Limfjordtunnellen i det siste. Men vegarbeidet var slutt, ingen kø, så det blei tid til 25 minuttar i stoffbutikken i Hjørring i staden for! Det er tredje eller fjerde gongen eg har vore der nå. Ein liten butikk, med ein del høgare prisar enn dei andre stoffbutikkane eg har besøkt, men framleis billigare enn i Norge. Til dømes hadde dei campan frå Hilco (eg såg berre éin farge-variant) til rundt 140 DKK/m, tilsvarande pris i Norge er rett oppunder 200 NOK. For 177 DKK fekk eg med meg fire Onion-mønster (to til fullpris og to utgåande mønster til redusert pris).

Sånn, nå får det bere nok stoff-shopping på ei stund! Stor takk til mann og barn, som har funne seg i å leggje opp programmet slik at eg fekk ein heilt topp ferietur stoff-shoppingmessig! Nå er det berre å setje i gang å vaske alle stoffa, og deretter sy!

Bilete at stoffa:
Stofstedet:
Stoff frå Stofstedet.dk
Alle desse stoffa er jerseyar i ein fast og god kvalitet, men med masse stretch. Flotte stoff. Velour heilt til høgre.
Jydsk stofflager:
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Alle stoffa over fann eg i hylla med 15DKK/m, 10 meter for 100DKK (og det trong ikkje vere 10 meter av samme stoff). Så det er 11 meter stoff som eg har betalt 115 DKK for, til saman! Nærbilete av vindstoffet:
Jydsk stoflager, Ikast
Dei hadde “sommarfrotté” til 45 DKK/m, men ikkje så mange fargar. Dei to stoffa til venstre er frotté, dei andre to er isoli med god stretch. Dei hadde mange ulike isoli-kvalitetar, men ikkje så mange med så god stretch som den brune her.
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Kølkær:
Til venstre ulljersey til undertøy, tre meter for 150DKK. I midten eit litt udefinerbart, strikka stoff som eg tenkjer å sy ein cardigan el.l. av. Til høgre ein deileg, tykk ulljersey som passar til å sy høghalsa genserar av , til dømes. 69 DKK/m, innbillar eg meg den kosta…
Kølkær stof og hobby
Kølkær stof og hobby
Stofshop, Randers:
DSC_1042
Stofshop, Århus:
Fyrst fann eg stoffet heilt til høgre i billig-kjellaren. Deretter leita eg ei god stund etter stoff til litt finare klede til meg sjølv, og endte opp med det mønstra stoffet (bomull/syntet?) med det naturkvite, strikka stoffet inntil (acryl/lin) og det burgunder sateng-aktige stoffet (er det sateng, tru, har ikkje så god greie på den typen stoff…). Dei tok berre cash, og til slutt hadde eg råd til ein meter sjiraffstoff også :-)
Stofshop Århus
DSC_1045

Også nokre andre bilete frå turen:
DSC_0873kb
Djurs sommerland
Randers regnskov
Alligator i Randers regnskov

Sånn, der gjekk jammen kvelden! God natt!
_________________________________________________________________________

Vis Stoffbutikker/stofbutikker Midt-Jylland i et større kart

Dette er eit kart eg oppretta før turen (obs: sjekk internett før du legg ut på langtur, kartet blir ikkje oppdatert om butikkar blir lagt ned)

08.07.2012

Luer til tre søsken

Vi var på besøk hjå slekt her om dagen, og då hadde eg med ei lue til kvar av barna (gut, jente og gut). Froskelua som var sydd i str. 52 til minstemann på 2 1/2 år var mest populær blant båe gutane. Lua til jenta, som byrjar i fyrste klasse til hausten, er sydd i str. 54 .  Eldstemann på snart ni år fekk bil-lua, som er sydd i str. 54-56 (ei bittelitt større utgåve av 54-lua). Men luestorleikane er ganske fleksible på denne typen luer…

DSC_0583

Om luemodellane: Eg samanlikna mine mønster med luemønsteret til Kokalal, og fann at eit mønster eg tidlegare har laga tiltenkt str. 52 hadde nesten like mål i høgda og breidda som Kokalal sitt, og i samme slengen tenkte eg at eg skulle bruke hennar måte til å sy lua til minstemann. Eg hadde også liggande eit mønster i str. 54 (apelua i dette innlegget), med fire like store “fjelltoppar” på toppen av luemønsteret, og brukte dette til den lilla lua. Og forstørra det litt ved klipping av den marineblå.

Samanlikning: Kokalal sin måte å sy denne type lue på er utan tvil den enklaste, raskaste metoden både å lage mønster og sy lua på! Ein får då saum på kvar side. Om ein har lyst til berre å ha éin saum som går heilt ned, kan ein sy på ulike måtar (noko eg har testa ut litt tidlegare). Om ein har saum i nakken, er det lettare å justere mønsteret til å passe til andre typer luer. Men til denne type lue, er Kokalal sin metode den absolutt enklaste.

__________________________________________________________________________

Mønster: Eigne

Stoff: Froskejersey frå Znok Design (?), designa av Johanna Ahlard. Astronautstoffet er også designa av henne, kjøpt hjå Textart.no. Bil-jerseyen er frå Stoff og Stil, ganske lik froskejerseyen i kvaliteten.

Blå kjole med sneglar på

Treåringen skulle i bursdagsselskap for litt sidan, og på spørsmål om kva bursdagsbarnet på fire skulle få, svarte ho “kjole av det blå stoffet med sneglar på!”

DSC_0513kk

DSC_0511kkvit

Det må vi jo få til, tenkte eg, men då må det ikkje bli natt-kjole, tenkte eg. Heller ein kjole som er litt sporty i stilen. Og eg prøvde meg på ein ny vri i opplegg nedst på armane, med oppbrett.

DSC_0516kb

Oppbretten på armane blei laga slik: Eg klipte ermane litt lengre enn mønsteret tilsa:

DSC_0500

Før montering på kjolen, rulla eg dei opp:

DSC_0501

Deretter sydde eg ein vertikal saum over bretten der bandet skulle kome. Det er med andre ord ikkje mogleg å brette ned ermane. Monterte deretter på band med ein (halv) KAM-knapp, den delen av knappen som har avrunda inner-del. Sydde ermet på kjolen, og sydde ermesaum og sidesaum i eitt til slutt.

DSC_0512kk

Mønster og design (nitals-opning): Eige

Stoff og tilbehør: Sneglestoff frå Znok Design/Johanna Ahlard, prikkete jersey kjøpt hjå Textart.no. Band frå stoff og Stil. Blå KAM-knappar frå Lykkedragen.no eller Ebay. Lappar frå Minanamnband.se.

Enkelte stoff held ein liv i så lenge ein kan

Og eitt av desse stoffa er dette bil-frotté-stoffet. Etter å ha sydd fleire genserar tidlegare av samme stoff-stykke, er det ikkje lenger nok til ein heil genser. Men det er likevel nok til å ha med stoffet i eit plagg!

DSC_0520

DSC_0517kk

Genseren blei sydd som bursdagsgåve til ein gut som nyleg feira seksårsdagen sin.  KAM-knappane er utelukkande pynt, bortsett frå den nederste. Eg oppdaga nemleg at eg hadde bretta den stripete stoffremsa feil veg då eg la opp genseren. Då kan ein enten sprette opp og sy på nytt, eller ein kan berre la det vere, og så ser det litt rart ut. Eller ein kan spele på lag med feilen, og prøve å få det til å sjå litt fint ut på trass av den. Dette var eit forsøk på sistnemnte.

DSC_0519

Genseren er forresten prikkete på baksida.

DSC_0518

Mønster: Eige

Stoff: Frotté med bilar kjøpt hjå Textart.no. Stretch-isoli frå Hilco. Stripete jersey (“Campan”) frå Hilco. KAM-knappar frå Lykkedragen.no eller Ebay. Lime-grønn ribb frå stoff og Stil.

Utprøving av vaffelsaum

Eg har prøva vaffelsaum (rettsaum med tynt strikk som undertråd)  såvidt tidlegare, men det blei ingen slager. Eg synest å hugse at det snurpa seg aldeles for mykje. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle prøve igjen, og nå med den enkle symaskina, sidan Pfaff’en er på reparasjon.

DSC_0493

Stilmessig blei eg kjempefornøgd med buksa! Vaffel-teknisk brukande, men ikkje heilt optimal (stramt). Buksa blei testa ut her om dagen, og den fungerer heilt greitt.

Om vaffelsaumen: Eg surra fyrst opp for hand utan å strekkje, men då hengte strikket seg opp i spolehuset under sying. Eg surra det derfor opp på nytt med litt strekk på. Så prøvde eg meg litt fram og tilbake med å justere trådspennings-skruen på spolehuset. Det blei litt for stramt, men neste gong skal eg ha litt lågare trådspenning, så blir det kanskje betre?

DSC_0496

Buksa elles: Biseband mellom dei to delane på buksebeina. Eg ville ha ei anna type snurping nedst i buksebeina, men tenkte det blei for trongt og plundrete med vaffelsaum her. I stadenfor sydde eg på raudt strikk utanpå, med sikksakk-saum. Neste gong skal strikket syast på på vranga, tenkjer eg.

DSC_0494

Mønster: Eige

Stoff og tilbehør: Dei to raude bomullsstoffa er frå Stoff og Stil, trur eg. Ferdig, kvitt biseband og raudt strikk også derifrå.

07.07.2012

Frå sokkegarn til tunika

Nå har eg akkurat kome heim frå ein vekes-lang tur til eit feriehus utan nett-tilgang! I staden for sying og blogging, har det vore koselege stunder saman med familie og venner. I ledige stunder har det likevel blitt litt skriving om det eg ikkje rakk å blogge om før vi reiste, så nå er det berre å publisere det. Og så har eg fått øve meg bittelitt i Photoshop Elements 10!

For litt sidan blei eg ferdig med denne tunikaen. Eg såg eit nøste “Regia” sokkegarn i ein garnbutikk, og forelska meg heilt i fargane. Dei hadde berre eitt nøste á 100g att (ull + litt syntetisk), og det kjøpte eg, utan å vite kva eg skulle med det. Og bestemte meg etterkvart for at det skulle bli ein tunika, som ein slags “body warmer”.

DSC_0497k copy

DSC_0497b

DSC_0497beskj

Tunika hekla av Regia-garn

Om mønsteret: Eg teikna eit enkelt kjolemønster som om eg skulle sydd tunikaen av stoff, og tok utgangspunkt i dette for å få dimensjonane på plagget. Resten blei til medan eg hekla. Eg starta nederst og hekla meg oppover ring for ring. Nederst er ringane hekla av enten fastmasker, stavar eller dobbeltstavar. Der det er snurpa inn, byrja eg å hekle annankvar stav og luftmaske, for eg var redd det ville bli for lite garn om eg hekla tettare masker. Men maske-talet er det samme i overgangen, det er berre det at maskene blir strammare når ein heklar annankvar stav og luftmaske. Eg blei ikkje klar over kor smalt det blei før eg hadde hekla eit godt stykke på veg, og eg bestemte meg for å fullføre i staden for å rekkje opp att masse. Til slutt blei plagget ein ettersitjande tunika i str. eitt år –eller ein kjole i str. halvt år. Toppen av kjolen er forresten hekla av berre fastmasker.

Fotoredigering: Eg lærte ein fin måte å klippe ut plagget frå bakgrunnen på; Quick selection tool! Eg har berre prøvd på dette biletet ennå, så eg veit ikkje kor godt det fungerer når bakgrunnen er brokete. Men når plagget er fotografert mot einsfarga bakgrunn, gjekk det veldig greitt: Klikke og dra musa over biletet for å merke det ein vil ha med. Halde Alt-knappen nede medan ein klikkar og drar for å take bort det ein ikkje vil ha med. Før eg sette i gang, trykte eg på “Auto-Enhance”. Ikkje veit eg kva det vil seie i praksis, men boka* mi sa at det var lurt, så då gjorde eg det, hehe.

*Boka eg har kjøpt og blar litt i innimellom heiter “The Photoshop Elements 10 book for digital photographers” av Scott Kelby og Matt Kloskowski.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...