Treåringen skulle i bursdagsselskap for litt sidan, og på spørsmål om kva bursdagsbarnet på fire skulle få, svarte ho “kjole av det blå stoffet med sneglar på!”
Det må vi jo få til, tenkte eg, men då må det ikkje bli natt-kjole, tenkte eg. Heller ein kjole som er litt sporty i stilen. Og eg prøvde meg på ein ny vri i opplegg nedst på armane, med oppbrett.
Oppbretten på armane blei laga slik: Eg klipte ermane litt lengre enn mønsteret tilsa:
Før montering på kjolen, rulla eg dei opp:
Deretter sydde eg ein vertikal saum over bretten der bandet skulle kome. Det er med andre ord ikkje mogleg å brette ned ermane. Monterte deretter på band med ein (halv) KAM-knapp, den delen av knappen som har avrunda inner-del. Sydde ermet på kjolen, og sydde ermesaum og sidesaum i eitt til slutt.
Mønster og design (nitals-opning): Eige
Stoff og tilbehør: Sneglestoff frå Znok Design/Johanna Ahlard, prikkete jersey kjøpt hjå Textart.no. Band frå stoff og Stil. Blå KAM-knappar frå Lykkedragen.no eller Ebay. Lappar frå Minanamnband.se.
kjempefin kjole! Du er så flink til å sette sammen farger og forskjellige typer mønster. Tenkte jeg skulle forsøke meg på en t-shirt med 9-talls åpning innen torsdag for da skal vi på ferie til varmere strøk, men gruer meg litt til å gå i gang, så litt vanskelig ut, men det er vel bare å kaste seg i det :)
SvarSlettTakk for koseleg kommentar, Jill! Moro at du har lyst til å prøve deg på nitals-opning! Eg skulle ønskje eg kunne seie at "det er ikkje så vanskeleg som det ser ut til, det er berre å setje i gang", men eg er redd det ville vere å narre folk. Men om du har lyst på ei utfordring (og har litt ekstra tid), er det berre å setje i gang, eg håpar tut'en er forståeleg nok :-)
SvarSlettUtrolig flott kjole da :) Søte snegler på den! Ha en fin kveld videre :)
SvarSlett