Vi var på besøk hjå slekt her om dagen, og då hadde eg med ei lue til kvar av barna (gut, jente og gut). Froskelua som var sydd i str. 52 til minstemann på 2 1/2 år var mest populær blant båe gutane. Lua til jenta, som byrjar i fyrste klasse til hausten, er sydd i str. 54 . Eldstemann på snart ni år fekk bil-lua, som er sydd i str. 54-56 (ei bittelitt større utgåve av 54-lua). Men luestorleikane er ganske fleksible på denne typen luer…
Om luemodellane: Eg samanlikna mine mønster med luemønsteret til Kokalal, og fann at eit mønster eg tidlegare har laga tiltenkt str. 52 hadde nesten like mål i høgda og breidda som Kokalal sitt, og i samme slengen tenkte eg at eg skulle bruke hennar måte til å sy lua til minstemann. Eg hadde også liggande eit mønster i str. 54 (apelua i dette innlegget), med fire like store “fjelltoppar” på toppen av luemønsteret, og brukte dette til den lilla lua. Og forstørra det litt ved klipping av den marineblå.
Samanlikning: Kokalal sin måte å sy denne type lue på er utan tvil den enklaste, raskaste metoden både å lage mønster og sy lua på! Ein får då saum på kvar side. Om ein har lyst til berre å ha éin saum som går heilt ned, kan ein sy på ulike måtar (noko eg har testa ut litt tidlegare). Om ein har saum i nakken, er det lettare å justere mønsteret til å passe til andre typer luer. Men til denne type lue, er Kokalal sin metode den absolutt enklaste.
__________________________________________________________________________
Mønster: Eigne
Stoff: Froskejersey frå Znok Design (?), designa av Johanna Ahlard. Astronautstoffet er også designa av henne, kjøpt hjå Textart.no. Bil-jerseyen er frå Stoff og Stil, ganske lik froskejerseyen i kvaliteten.
Fine luer å få i gave...
SvarSlettEg blir alltid i godt humør og får masse kreativ energi av å vere innen på bloggen din. Den har verkeleg vorte eit flott inspirasjonsforum!
Tusen, tusen takk, Tråkleguri!
SvarSlett