Eg har prøva vaffelsaum (rettsaum med tynt strikk som undertråd) såvidt tidlegare, men det blei ingen slager. Eg synest å hugse at det snurpa seg aldeles for mykje. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle prøve igjen, og nå med den enkle symaskina, sidan Pfaff’en er på reparasjon.
Stilmessig blei eg kjempefornøgd med buksa! Vaffel-teknisk brukande, men ikkje heilt optimal (stramt). Buksa blei testa ut her om dagen, og den fungerer heilt greitt.
Om vaffelsaumen: Eg surra fyrst opp for hand utan å strekkje, men då hengte strikket seg opp i spolehuset under sying. Eg surra det derfor opp på nytt med litt strekk på. Så prøvde eg meg litt fram og tilbake med å justere trådspennings-skruen på spolehuset. Det blei litt for stramt, men neste gong skal eg ha litt lågare trådspenning, så blir det kanskje betre?
Buksa elles: Biseband mellom dei to delane på buksebeina. Eg ville ha ei anna type snurping nedst i buksebeina, men tenkte det blei for trongt og plundrete med vaffelsaum her. I stadenfor sydde eg på raudt strikk utanpå, med sikksakk-saum. Neste gong skal strikket syast på på vranga, tenkjer eg.
Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Dei to raude bomullsstoffa er frå Stoff og Stil, trur eg. Ferdig, kvitt biseband og raudt strikk også derifrå.
Kjempefin bukse Annwes!
SvarSlettJeg sydde vaffelsøm for første gang her om dagen og det ble ikke for stramt. Jeg løsnet mye på trådspenningen (6) og hadde relativt lange sting (3,5)