16.07.2012

Danmarksferie og påfyll på stoff-lageret!

DSC_1048For fjerde året på rad har vi reist til Jylland på sommarferie saman med ein vennefamilie av oss. Ein veldig koseleg tradisjon, der den meste av tida går med til aktivitetar som er morosame for barna (eldstemann 5 1/2 år). I tillegg er desse feriane ein av mine viktigaste måtar å fylle opp stofflageret mitt på, for på Jylland er det mykje flotte stoff å få tak i, og dei er billige!

I år gjekk turen til Søhøjlandet feriecenter nokre få mil vest for Århus. Vi hadde valt å feriere i dette området fordi det er veldig mange spennande attraksjonar i eit par timars køyreavstand, og det viste seg å vere ei veldig god plassering i høve til stoff-shopping også.

Nå har vi akkurat kome heim att, og medan eg pustar ut etter turen, skriv eg litt om stoff-shoppinga. Eg har liksom lyst til å rope det ut til alle sygale når eg har funne ein flott butikk, så alle kan handle der;-) Berre eit lite obs til stoff-shopping; tak med kontantar, dei fleste butikkane tok ikkje anna enn Dankort.

STOFSTEDET, LITT SØR FOR AALBORG
Eg tar det i kronologisk, eg, bilete kjem lenger nede i innlegget. På veg nedover frå ferja, stoppa vi på STOFSTEDET i Arden. Dei har nettbutikk, og eg hadde sett meg ut på førehand kva eg ville ha. Med utålmodig familie på slep, fekk eg ikkje sett meg så mykje rundt, anna i jersey-hylla medan ekspeditøren klipte. Men det er ein nokså stor butikk, hyggleg og veldig effektiv betjening. Ein av dei få som tar Visa og kredittkort. Prismessig ikkje av dei aller billigaste, jerseyane med sjiraffar på kosta ca 120 DKK, medan dei andre stader kosta ca 100 DKK eller ca 110 DKK.

JYDSK STOFLAGER, IKAST
Tredje dag i ferien fekk eg lov å reise på stoffshopping “aleine”, mot at eg tok med meg minstejenta på snart eitt år, medan mannen min og dei to eldste leika og bada på feriecenteret. Eg køyrde fyrst ned til adressa til “Lagersalget i Låsby”, som eg har sett omtaler av på nettet, men eg fann det ikkje på den oppgjevne adressa, og det var eit lokale til leige der. Så eg trur det ikkje finst lenger.
Vidare køyrde eg på veg nr. 15 mot vest, forbi Silkeborg til Ikast, og fann ei lita gullgruve av ein butikk, nemleg JYDSK STOFLAGER (http://www.jydsk-stoflager.dk/). Der trur eg eg blei verande eit par timars tid! Eg kikka og kikka og plukka rullar frå hyllene, medan eg innimellom rydda opp knappe-røyr som jentungen fekk lov å leike med. Og eg fekk også snakka ein del med den hyggelege, unge dama som selte. Dei er grossistar av klesstoff og sel ut restparti og slikt til private i denne butikken ved lageret. Om ein er ute etter basis-stoff (einsfarga velour, isoli, jersey, ribb o.l.) til ein billig penge, er det hit ein skal reise, altså! Einsfarga velour i mange fargar til rundt 60 DKK/m, einsfarga jersey i kjempemange fargar(ulike kvalitetar) til 40-70 DKK/m, eit utruleg utval av ribb til rundt 50 DKK/m (men gjerne smal breidde), ullfilt, ullboucle og kokt ull til rundt 130 DKK/m, trur eg det var. Isoli til rundt 60-70 DKK/m. Dei hadde generelt mange fargar, men ikkje så mykje skarpe fargar (rein raud, oransje, limegrønn o.l.). Og så fekk eg ein heil haug stoff for 10 DKK/m, deriblant vindstoff med fleecebakside!! Dei tok forresten berre Dankort.

KØLKÆR STOF OG HOBBY, HERNING
Berre 3-4km vest for Jydsk Stoflager låg KØLKÆR STOF OG HOBBY. Eg fekk på førehand vite at dei er ein av butikkane Jydsk Stoflager sel til, men at dei også har ein del anna, så det var likevel verdt eit besøk. Butikken minte eigentleg litt om Stoff og Stil-butikken i Kristiansand, både i utsjånad og vareutval, men litt mindre. Prisnivået var bra, sjiraffstoffet nemnt tidlegare kosta berre 100 DKK her, og stoffa frå Jydsk stofflager var ikkje allverdens mykje dyrare enn på lagerutsalet, etter det eg kunne forstå. Men så har dei også svært låge transportkostnader frå grossisten, går eg utifrå, når dei berre ligg nokre kilometer unna:-) Denne butikken er eit fint supplement til Jydsk stofflager, men eg er veldig glad eg kom hit etter og ikkje før lager-butikken. Dei tok berre Dankort.
Forresten er det ein Stoff og Stil-butikk ei drøy mil frå Kølkær-butikken, men eg besøkte ikkje denne sidan vi har Stoff og Stil heime i Kristiansand. Eg hadde notert meg adressa til stof-sycenter.dk i Videbæk før eg reiste ut på stoff-turen, men droppa å reise dit fordi eg hadde brukt så mykje tid og funne så mykje stoff i Ikast/Herning.

STOFSHOP.DK, RANDERS
Så. Ferdig med shoppinga nå? Å neidå, er det ein stoffbutikk i nærleiken, er det akkurat som at eg blir dradd mot den, hehe! Fjerde dagen på turen var vi i Randers Regnskov, som forøvrig var ein spennande attraksjon, og der fekk vi litt tid til å rusle rundt i byen etterpå. Og mannen min syntest at vi like gjerne kunne rusle rundt og leite etter stoffbutikken, som å rusle i ein tilfeldig retning, (altså, han fann ikkje på det med stoffbutikken heilt av seg sjølv, altså ;-). Då vi fann den, fekk eg 10 minuttar på meg før parkeringa gjekk ut. Dette skulle inkludere kassekø, klipping og betaling, så det var ikkje så mykje eg fekk sett. Men det var ein nokså liten butikk, men med eit kjellarlokale med ein del stoff, deriblant eit nokså stort område med stoff til 39DKK/m. Eg fann etter nokre minutt jerseyhylla i butikken, og rakk akkurat å kjøpe ein bit mønstra isoli. Eg fekk inntrykk av at prisane v ar nokså låge, men ikkje like låge som hjå Kølkær. Nokre Hilco-stoff såg eg også (Bil-interlocken, blant anna). Tok berre Dankort.
I Randers er det forresten også ein Stof2000-butikk.

STOFSHOP.DK, ÅRHUS
Den neste dagen var vi i Legoland. Men dagen etterpå, laurdag, skulle vi ha ein roleg dag. Eg hadde lest mykje positivt om Stofshop.dk sin butikk i Århus, og hadde veldig lyst til å reise dit. Kvelden før hadde UV-filteret på speilrefleksen blitt knust, og vi ville gjerne ha nytt for å beskytte linsa. Dermed blei det ein liten tur til Århus for å handle kameratilbehør, stoff og mat, jippi! Og for ein stoffbutikk! Om du (som kvinne) skal sy tøy til deg sjølv, er det denne butikken du skal reise til av dei eg har besøkt! Flotte stoff, og veldig fint presentert. Butikk-lokalet er eit typisk by-butikk-lokale, ikkje så veldig mange kvadratmeter. Det var naturleg inndelt i to, der dei hadde stoff som passa for barnetøy i den eine halvdelen, og for dame i den andre. Og klesstoffa var hovudsakeleg sortert etter farge, og ikkje etter stofftype, i båe avdelingane. Kjempeinspirerande! I tillegg hadde dei, som i Randers, eit rom i kjellaren med masse stoff til 39DKK/m (og nå når det var salg var det i tilleg 10% avslag på dei), og innanfor der igjen eit bittelite rom med velour og isoli og andre basis-stoff. Igrunnen motsett av lagerbutikken i Ikast, der basis-stoffa var det fyrste eg kom til… Prisnivået hjå Stofshop var ikkje avskrekkande, faktisk ganske lågt, sjiraffstoffet kosta her 100 DKK/m, og eg fekk alt i alt veldig mykje stoff for pengane. Men heller ikkje denne butikken tok andre kort enn Dankort, dessverre.

"STOFFER" I HJØRRING
Søndagen var vi i Ebeltoft, og der finst det ein liten stoffbutikk som eg har høyrd godt om. Men sidan det var søndag, blei det ingen shopping, men eg fekk lirka inn litt vindus-titting i programmet (snakk om synerd, altså, hehe)

I dag, måndag, reiste vi altså heim att. Det fine med å reise med ferje frå Hirtshals, er at Hjørring ligg like sørafor, og er greitt å stoppe i om ein har litt tid til overs før ferja. Og i dag hadde vi berekna ekstra god tid sidan det har vore vegarbeid i Limfjordtunnellen i det siste. Men vegarbeidet var slutt, ingen kø, så det blei tid til 25 minuttar i stoffbutikken i Hjørring i staden for! Det er tredje eller fjerde gongen eg har vore der nå. Ein liten butikk, med ein del høgare prisar enn dei andre stoffbutikkane eg har besøkt, men framleis billigare enn i Norge. Til dømes hadde dei campan frå Hilco (eg såg berre éin farge-variant) til rundt 140 DKK/m, tilsvarande pris i Norge er rett oppunder 200 NOK. For 177 DKK fekk eg med meg fire Onion-mønster (to til fullpris og to utgåande mønster til redusert pris).

Sånn, nå får det bere nok stoff-shopping på ei stund! Stor takk til mann og barn, som har funne seg i å leggje opp programmet slik at eg fekk ein heilt topp ferietur stoff-shoppingmessig! Nå er det berre å setje i gang å vaske alle stoffa, og deretter sy!

Bilete at stoffa:
Stofstedet:
Stoff frå Stofstedet.dk
Alle desse stoffa er jerseyar i ein fast og god kvalitet, men med masse stretch. Flotte stoff. Velour heilt til høgre.
Jydsk stofflager:
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Alle stoffa over fann eg i hylla med 15DKK/m, 10 meter for 100DKK (og det trong ikkje vere 10 meter av samme stoff). Så det er 11 meter stoff som eg har betalt 115 DKK for, til saman! Nærbilete av vindstoffet:
Jydsk stoflager, Ikast
Dei hadde “sommarfrotté” til 45 DKK/m, men ikkje så mange fargar. Dei to stoffa til venstre er frotté, dei andre to er isoli med god stretch. Dei hadde mange ulike isoli-kvalitetar, men ikkje så mange med så god stretch som den brune her.
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Jydsk stoflager, Ikast
Kølkær:
Til venstre ulljersey til undertøy, tre meter for 150DKK. I midten eit litt udefinerbart, strikka stoff som eg tenkjer å sy ein cardigan el.l. av. Til høgre ein deileg, tykk ulljersey som passar til å sy høghalsa genserar av , til dømes. 69 DKK/m, innbillar eg meg den kosta…
Kølkær stof og hobby
Kølkær stof og hobby
Stofshop, Randers:
DSC_1042
Stofshop, Århus:
Fyrst fann eg stoffet heilt til høgre i billig-kjellaren. Deretter leita eg ei god stund etter stoff til litt finare klede til meg sjølv, og endte opp med det mønstra stoffet (bomull/syntet?) med det naturkvite, strikka stoffet inntil (acryl/lin) og det burgunder sateng-aktige stoffet (er det sateng, tru, har ikkje så god greie på den typen stoff…). Dei tok berre cash, og til slutt hadde eg råd til ein meter sjiraffstoff også :-)
Stofshop Århus
DSC_1045

Også nokre andre bilete frå turen:
DSC_0873kb
Djurs sommerland
Randers regnskov
Alligator i Randers regnskov

Sånn, der gjekk jammen kvelden! God natt!
_________________________________________________________________________

Vis Stoffbutikker/stofbutikker Midt-Jylland i et større kart

Dette er eit kart eg oppretta før turen (obs: sjekk internett før du legg ut på langtur, kartet blir ikkje oppdatert om butikkar blir lagt ned)

16 kommentarer:

  1. Guriland så mye fine stoffer du har kjøpt! Danmark høres ut som en stoffshoppedrøm! Tolmodig familie har du også. Ha en fortsatt fin ferie!

    SvarSlett
  2. Oj, oj, no har du du litt å henge fingrane i;) Her blir det nok mange fine produkt!

    SvarSlett
  3. Oi så mye flott du har handla, og så flott en beskrivelse av alle stedene da, jeg har tidligere vært i noen, men absolutt ikke i alle disse nei.
    Takk for kjempeflott info, Skal spare denne til jeg er på tur alene, og med egen bil. :))

    SvarSlett
  4. skjønne stoffer og flotte bilder fra turen :D

    la en award til deg jeg på bloggen min :D

    SvarSlett
  5. For ein fantastisk ferietur! Takk for flott info, som blir lagra til ein eventuell Danmarkstur neste år. Kjedelig at mange danske butikker kun tar Dankort. Men var det mulig å ta ut kontanter i nærheten av desse butikkane? Og mulig det er eit dumt spørsmål, men kor mykje kjøper du av kvart stoff når du ikkje har ein bestemt plan for det? Foreløbig kjøper eg meir stoff enn eg bruker, sliter litt med å finne stoff i lageret som matcher når eg skal sy ;).
    Takk for ein fantastisk blogg med masse tips for meg som er nybegynner bak symaskina.

    Nøstet

    SvarSlett
  6. Herre-min-hatt!!!

    Så masse fint. Kjenner eg får høg puls av å lese. Me reiser med båten i morgon kveld. Spørs kor mange stader eg får snike meg innom, men me skal fyrst vere eit par dager i Ebeltoft så der skal eg iallfall sjekke grundig!! Såg den stor ut? Fine ting? Eg kløøøør etter å shoppe stoff!

    SvarSlett
  7. CloveK: Tusen, tusen takk!

    snellaognostet: Eg sjekka ikkje korleis det var med minibank, men eg meiner dama hjå Jydsk stofflager sa noko om minibank då eg spurte om dei tok Visa. I denne shoppe-omgang har eg kjøpt éin meter av dei fleste stoffa, sidan det var så mange stoff eg hadde lyst på. Stoff eg visste skulle bli noko til meg sjølv, kjøpte eg litt meir av (cardiganar),til dømes 1,5 meter (spurte selgarane om råd...) Eg prøvar å la vere å kjøpe mykje over av stoff som er litt "sære", medan eg ikkje bryr meg om det blir 30-40 cm for mykje av basisstoff, der restane kan brukast til barnetøy. Takk for hyggeleg kommentar, forresten!

    Tråkleguri: Butikken i Ebeltoft såg ganske liten ut, om ikkje dei har areal som ikkje var synleg frå gata, då. Men det var nokon på Sykroken som skrøyt veldig av den, så det blir sikkert bra tur dit :-)

    SvarSlett
  8. å det e så kjekt å lese i bloggen din :-) du gir masse inspirasjon til ein nybegynnar som meg :-)

    SvarSlett
  9. Så fint å høyre, tusen takk, Ellinor!

    SvarSlett
  10. aiaiai!! HEr var det mye flotte stoffer! Ser ut til at dere har hatt en flott ferie:) TAkk for hyggelig kommentar i bloggen:)

    SvarSlett
  11. Vil bare si at du jammen lager utrolig mye fint her inne!! Takk for titten =)

    SvarSlett
  12. Her har du jammen funnet masse flotte stoffer altså!!! Ser ut som dere har hatt en fin ferie :)

    SvarSlett
  13. Heisann!

    Så heldig du har vært med stoffshoppingen i Danmark! Gleder meg til å se alt det fine du vil sy nå fremover... Måtte le da du skrev om dette med Dankort. Det er altså veldig spesielt at de kun tar det. Da vi leide sommerhus i Danmark for 3 år siden, så tok de ikke annet en Dankort på hovedkontoret der vi hentet nøkkelen. Mannen min måtte kjøre halve Jylland rundt for å ta ut kontanter. Det har vi tulla mye med i etterkant!
    Men, uansett så er det flott med ferie i Danmark. Alt er jo så godt tilrettelagt for oss barnefamilier.
    Igjen, bravo for deg og stoffhandlinga, og jeg gleder meg til å følge med videre....

    Sommerhilsen fra Solveig:)

    SvarSlett
  14. Ååå, setter så pris på det flotte kartet ditt, og at du deler erfaringer:) Har planer om Danmarksferie om to uker, så dette er nyttig! Vi skal bestille overnatting nå. Var dere fornøyd med det feriesenteret?
    Klem fra Perle humør

    SvarSlett
  15. Perle humør: Så flott at kartet kjem til nytte :-) Vi var fornøgde med feriesenteret, vi budde i eit svart skipperhus for to familiar i saman, nytt og veldig fint. Sjølve senteret var eldre og litt slitt, men mykje aktivitetar der. Men sidan det er så kjempemykje attraksjonar i området (Århus og Djursland og Legoland i sør) var vi stadig på farten i staden for å bruke sjølve senteret.

    SvarSlett
  16. Her var det veldig mye nyttig info. Tusen takk!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...