22.01.2013

Ny kjole, ny stil

I det siste har det gått litt tid med til å teikne kjoleliv-grunnmønster. Men kva for ein kjole skulle det vel bli av det? Hmmm. Eg fann fram dette burgunder-raude velourstoffet. Dette skulle det bli kjole av. Før har eg stort sett laga fargeglade plagg, som, enten eg har villa det eller ei, ofte har havna i litt sånn “hippie-gata”. Dette stoffet er heilt annleis. Eg kikka gjennom bomullsribb-hylla mi. Men nei, ikkje hadde eg fargen, og ikkje passa det med retro bomullskant på den typen kjole som byrja å vekse fram oppe i hovudet mitt. Men kva for ein kjole skulle det bli? “Bishop sleeves”. Delt liv. Rynking i overdelen. Lang kjole.

Aldrich advarte mot å ha lågt liv hjå barn under 7 år. Eg var berre så nysgjerrig på korleis det ville bli med lågare liv og lang kjole på ei lita jenta. Trassa advarslane. Og kjolen blei til:

 

 

Men kva for ein stil blei eigntleg dette? Eg forbind det med… med…, har det på tunga… Nei… Eg innbillar meg at dette liknar på noko, men i såfall klarar eg ikkje å finne ut kva. Nokon andre som tenkjer at “denne stilen minner om…”? (Kjolen bakfrå gjev meg litt nattkåpe-kjensle, hehe ;-)

Mønster: Eige, teikna utifrå grunnforma “The classic bodice block: girls 98-164 cm height” i Aldrich si bok.
Stoff og tilbehør: Ein velour i fantastisk kvalitet (Hilco??), tett og fint strikka, loa nesten ingenting ved klipping. Kjøpt hjå Jydsk stoflager. Knappar frå mix-pose frå Panduro. Stoffet er rynka med gjennomsiktig strikk frå Stoff og Stil.

21.01.2013

Skatteposen

Her er skatten!

I bursdagsselskapet til seksåringen her om dagen kom det ein som kalla seg “Skattevaktaren”! Han lova at barna skulle få sjå skatten hans om dei klarte å utføre nokre oppgåver. Og dei klarte den eine etter den andre, og då dei som siste oppgåve hadde sunge Happy birthday av full hals, drog jammen Skattevaktaren fram ein spennande pose frå innerlomma! Bursdagsbarnet fekk opne den: Gullmyntar og diamantar!!

DSC_1138

Skattevaktaren kom litt uventa på bursdagsbarnet, men sjølve skatten var nok inga overrasking. Det var nemleg han sjølv som hadde ønskt seg velourpose, etter at vi hadde vore i leikebutikken og sett at Kaptein Sabeltann har slik pose! Og saman hadde vi kjøpt diamantar i interiørbutikken og sjokolade-gullmyntar på å Nille. To myntar til kvart barn, ingen godteposar til utdeling, noko mor var godt førnøgd med. Eg trur igrunnen barna var fornøgde også, ingen som spurte etter godteposar etterpå…

DSC_1140

Mønster: Her trengs ikkje mønster, klippe i veg og sy etterpå :-)
Stoff: Svart velour frå Stoff og Stil. “Spennet” og satengbandet er også derifrå. “Gull”-KAM-knapp frå Ebay.

Vinterlue med brem

Har du nokon gong vore ute i kald vintervind med lue på, og lagt hendene tett inntil øyrene utanpå lua, og kjent kor deileg, tett og varmt det blir då? Vinden kan berre ha det så godt, og det kan igrunnen all verdas bekymringar også nokre augneblinkar. Heilt til ein blir kald på hendene, eller ein treng dei til noko anna enn å halde rundt øyrene… Eg har lyst på ei lue som kan gje den kjensla. Eller i allefall ei som kan halde meg ekstra god og varm. For det spørs om ei lue kan lage “stenge-verda-ute-ved-å-halde-tett-rundt-øyrene-kjensla”. Men fyrst har eg prøvd å lage meg ei hybrid-lue, ein mellomting mellom ei lue som varmar godt rundt øyrene, og som samtidig ikkje er ei kjedeleg lue. 

DSC_1129k

Det blei eit bilete i full fart på veg til kyrja for ei vekes tid sidan, bremmen har til og med fått seg ein brett eg ikkje rakk å oppdage før biletet blei knipsa… Alt i alt blei eg godt fornøgd med lua, men den blei litt i minste laget, og varmar derfor ikkje så veldig godt rundt øyrene i vinden.

For å teste ut litt meir, sydde eg ei lue til fireåringen etterpå, hennar lue er elativt sett litt større enn mi , og utan brem:

 DSC_1131b

Om luene:

Begge luene har to lag fleece i pannebandet og fôr i toppen av fleece. Vaksenlua har ytterstoff av eit strikka stoff medan barneluahar fleece i to lag i toppen. Omkrinsen på mi lue er 55 cm, medan hovudomkrinsen er 56.5 cm. Dette blei for stramt når det er to lag med fleece, som eigentleg ikkje er så veldig tøyeleg eit stoff. Så i barnelua brukte eg samme omkrins på lua som på hovudet, og det blei betre. Høgda på luene er tatt litt på gefühlen, delvis utifrå mål, delvis utifrå kalkulasjonar utifrå hovudomkrins. Øyreflappane ligg ikkje heilt inntil på barnelua, og neste gong skal eg la mønsteret gå i rett linje bakover frå nedst på øyret, og ikkje fyrst opp og så bak. For i sistnemnte tilfelle blir det ein lausthengande flapp som kan bøye seg ut. Dessutan skal eg vurdere å ikkje la baksaumen på “pannebandet” gå rett ned, men heller litt innover nedover, så lua blir litt strammare nedst bak.

Mønster: Eige
Stoff: Fleece frå Stoff og Stil, strikka stoff frå Jydsk stoflager.

10.01.2013

Å bruke Windows Live Writer til å oppdatere innlegg og sider i Blogger

Nå har eg tilfeldigvis  akkurat oppdaga ein funksjon i Windows Live Writer (WLW) som eg tidlegare har sakna, og det er å kunne oppdatere allereie publiserte innlegg ved hjelp av WLW. Dei fleste innlegg skriv ein ferdig og avsluttar i dét ein publiserar dei. Men av og til kan ein ha lyst til å endre innlegget, til dømes om ein skriv eit innlegg med linkar til interessante sider, og ein seinare vil leggje til ein ny link, eller trekkje frå ein. Ein kan jo endre inne i Blogger også, men eg synest ofte det blir eit rot med oppsettet, og ein har færre formateringsalternativ der enn i WLW.

Endre innlegg:

-Gå inn i WLW, deretter den blå fana øvst til venstre.
-Vel “åpne nytt innlegg”
-Deretter, der det står “åpne fra:” vel du bloggen din nedst på lista. Då hentar WLW innleggsoversikt frå bloggen, i den rekkjefylgja dei blei publisert.
-Opne/laste ned innlegget du vil ha
-Gjer dei endringane du vil
-Publisér på nytt. Framgamgsmetoden funkar også for innlegg som opprinneleg er laga i Blogger og ikkje i WLW.

Lage sider i WLW: 

Sidene mine er dei du kjem til når du trykkjer på fanene øvst i bloggen, til dømes “GALLERI”, “Lage eller endre mønster” osv. Då eg laga desse sidene i fjor haust, var det ikkje mogleg å publisere sider direkte frå WLW. Om det har kome som nokon ny funksjon nå, veit eg ikkje. Men ein kan uansett lage sider i WLW, om ein lastar dei opp til bloggen som kladd til ein innlegg:

-Lag sida slik du vil ha den i WLW.
-I staden for å trykkje på “Publiser”, trykkjer du heller “Legg inn som kladd”.
-Gå deretter inn i bloggen og finn innleggsoversikten (trykk “utforming” og deretter “Innlegg”.) Der finn du kladden, det heiter "utkast” i Blogger.
-Vel “rediger”
-Deretter vel du “HTML-kode”
-Merk all teksten ved å trykkje Ctrl+A.
-Kopiér teksten (Ctrl+C).
-Deretter kan du lukke utkastet.
-Gå inn på den sida du skal lage. Også her vel du “HTML-kode”.
-Lim inn html-teksten (Ctrl+V).

Endre sider i WLW:

WLW klarer ikkje å laste ned sider, så om du skal endre sidene må dei vere lagra på bloggen som utkast. Last ned utkastet som forklart under “Endre innlegg”. Endre det du vil. Berre hugs at du ikkje skal publisere, men laste opp att som kladd. Når du har kopiert html-teksten i kladden (som over), lukka og deretter gått inn i eksisterande side, merkar du eksisterande html-tekst (Ctrl+A) og limar inn den nye teksten (Ctrl+V). Trykk deretter “Oppdater”, og sida blir oppdatert.

09.01.2013

Sommarleg kjole i januar

DSC_1120kvit

Bursdagar er i grunnen kjærkomne når eg eigentleg har lyst til å sy, men er akkurat så sliten at eg treng eit konkret prosjekt med frist for å setje i gang. I dag var fireåringen i bursdag, og ho fekk med seg ein kjole. I tillegg til at eg kosa meg med å sy kjolen, var det ekstra koseleg at foreldra sette pris på gåva!

Eg har brukt eit Onion-mønster som tidlegare ikkje har inspirert meg særleg, men denne gongen hadde eg ein annan kjole friskt i minnet, nemleg ein flott kjole Skrekk og gru nyleg sydde. Eg synest det var så stilig av bandet på kjolen hennar kom ut midt i løpegangen, i motsetnad til Ottobre-mønsteret eg har sydd av før ein gong, der knuten er på sida, framom skuldra. Då eg såg at Onion-mønsteret også hadde knute på midten, blei eg inspirert til å sy av Onion-mønsteret. Dessutan er det så moro å sy sommarkjolar når ein har kome seg over nyttår, og kan sjå framover mot vår og sommar!DSC_1117kvit

Det er i grunnen lite hokus pokus med denne typen kjole, den er enkel og finst i utallige variantar. Berre google “pillowcase dress”, så ser du ein heil haug!

Neste gong eg syr ein slik kjole, skal eg la knapphola framme liggje tettare inntil kvarandre. På  mønsteret er det 5,5 cm mellom knapphola, og då blei det ein stor “innoverfald” midt framme då eg knytte knuten. For det andre; då eg sydde løpegangen, bretta eg inn saummonnen før eg sydde. Det blei litt i tykkaste laget med tanke på rynkinga. Hadde lønt seg å lese mønster-rettleiinga før eg sydde i staden for etterpå, for der står det ingenting om at ein skal brette inn saummonnen, hehe. 

Kjolen er fleksibel i storleiken, sidan ein kan stramme bandet akkurat som ein vil, og dermed enten få grunnare/djupare armholer, og smalare eller breiare kjole der den rynkast. I teorien i allefall, det krev vel at bandet ikkje glir for lett inni løpegangane, kanskje. Eg synest det ser lovande ut på denne kjolen, i allefall. Og det er vel heller ikkje noko i vegen for å bruke kjolen om vinteren med genser inni!

Mønster: Onion 20040
Stoff: Stoff og Stil. Eg diggar det stormønstra stoffet, dette var dessverre siste rest eg hadde…

07.01.2013

Når ein verkeleg har nytte av saumbyste

Om vinteren er eg ein frysepinn, og må ha varmt tøy. Og ikkje ope rundt halsen. Eg sette i gang med å eksperimentere med eit cardigan –mønster frå Onion, og her er resultatet:

DSC_1112kvit

DSC_1111kvit

DSC_1113kvit

Eg klipte ut framstykkene på jakka med rikeleg ekstra stoff langs halsen og midt framme, monterte jakka saman med ermar på. Slengte det opp på prøvedokka og draperte i veg. Det var ikkje så lett, så til slutt knytte eg rett og slett ein knute på den eine jakkefronten og fann ut at eg kunne feste den i motsett skuldersaum. Heile greia tok nokså lang tid, av og på saumbysta mange gonger mellom nåling og sying, og eg blei ganske lei.  Og det er heller ikkje reproduserbart om eg blir så glad i plagget at eg vil ha eit nytt… For når det endeleg er ferdig, blei eg godt fornøgd, og trur eg kjem til å like det. Det er forresten litt overlapp midt framme, og så går det innerste framstykket opp i høgre skulder. Det blei til slutt ein “omslagsjakke-genser” :-)

Mønster: Med utgangspunkt i Onion 1029 (enkel cardigan) Mønsteret har eigentelg innsnitt, men det kutta eg ut.

Stoff: Strikka stoff kjøpt for 10 danske kroner pr meter på Jydsk stoflager. Acryl eller noko liknande.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...