Viser innlegg med etiketten Småting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Småting. Vis alle innlegg

17.12.2015

Farvel Windows Live Writer

Det er lenge sidan eg har opna “Windows Live Writer” nå, programmet eg brukar til å blogge. Og der låg det jammen eit upublisert innlegg frå forrige skuleår. Ikkje heilt “Merry Christmas”, men “det fær våge seg” (slik vesttelemarkingane seier når dei meiner “det får bare være”).

Edit: Slik var teksten eg hadde tenkt å publisere. Men det gjekk dårleg, Windows Live Writer (WLW) fekk ikkje kontakt med Blogger, og etter litt googling ser greia nå ut til at ein nå må bruke “Open Live Writer” (OLW) i staden for WLW. Så får vi sjå korleis det går! Om du treng OLW, så fann eg den her: http://openlivewriter.org/ ) Oj, kvar kryssar ein av på kategori/etikett/labels?
DSC_0255skjort_thumb
DSC_0256k_thumb1
Læraren i fyrste klasse syntest at barna trong å trene på å knyte, alle har jo sko med borrelås eller strikk nå til dags! Jenta vår skulle trene heime, men då ho sa i frå, misforstod eg, og trudde ho skulle ha med ein sko på skulen. Så eg laga heller ein “knyte-trenar” til henne, lettare å take med noko slikt enn å take med ein sko, tenkte eg.

Ein slik ein er veldig rask å lage. Eg målte rundt låret hennar, og sydde deretter ein rektangel med to lag stoff, lengde litt kortare enn omkrinsen på låret. Maljer. Anorakksnor, festa i stoffstykket i eitt punkt. Ferdig.




08.06.2015

Klar for piknik

Eg likar ikkje å pakke. Så kom eg på at eg skulle lage ei piknik-pakke som kan ligge ferdig-pakka for tur, for å sjå om det blei lettare å kome seg ut på tur då. Førebels har vi bare hatt bruk for koppe-posen, men i morgon skal vi på sommaravslutning ute i det fri, så då skal den testast ut! Er det noko meir som passar oppi posen, plassmessig og behovsmessig?

21.01.2013

Skatteposen

Her er skatten!

I bursdagsselskapet til seksåringen her om dagen kom det ein som kalla seg “Skattevaktaren”! Han lova at barna skulle få sjå skatten hans om dei klarte å utføre nokre oppgåver. Og dei klarte den eine etter den andre, og då dei som siste oppgåve hadde sunge Happy birthday av full hals, drog jammen Skattevaktaren fram ein spennande pose frå innerlomma! Bursdagsbarnet fekk opne den: Gullmyntar og diamantar!!

DSC_1138

Skattevaktaren kom litt uventa på bursdagsbarnet, men sjølve skatten var nok inga overrasking. Det var nemleg han sjølv som hadde ønskt seg velourpose, etter at vi hadde vore i leikebutikken og sett at Kaptein Sabeltann har slik pose! Og saman hadde vi kjøpt diamantar i interiørbutikken og sjokolade-gullmyntar på å Nille. To myntar til kvart barn, ingen godteposar til utdeling, noko mor var godt førnøgd med. Eg trur igrunnen barna var fornøgde også, ingen som spurte etter godteposar etterpå…

DSC_1140

Mønster: Her trengs ikkje mønster, klippe i veg og sy etterpå :-)
Stoff: Svart velour frå Stoff og Stil. “Spennet” og satengbandet er også derifrå. “Gull”-KAM-knapp frå Ebay.

09.12.2012

Nød-rull

DSC_0877

Eg har sydd mitt fyrste reserve-dorull-trekk! Sånn àla dei gamle dorulldokkene, men i ein litt annan stil, må ein kunne seie, hehe. Bakgrunnen var at eg skulle på jolebord med jobben, og kom samme dag på at alle skulle ha ei lita gåve med seg. Sikkert til “pakkeleiken”, tenkte eg (noko som viste seg å vere rett). Altså, leiken går  ut på at kvar gruppe får utdelt to terningar og passeleg mange pakker, og så er det ein eller annan  som tar tida (fem minutts tid???). Medan klokka går, trillar ein terningane etter tur. Får ein sekser, får ein ta ei pakke, enten frå bordet eller frå ein av dei andre (etter kvart berre frå dei andre). Får ein to sekserar, får ein ta to pakker. Så går turen vidare, rundt og rundt. Og når nokon ein eller annan stad seier at nå er tida ute, får ein dei pakkene ein har framføre seg til odel og eige. Om ein i det heile tatt har nokon, då.

Så var det det å finne på noko løgleg (artig) å ha inni pakka, då! Eg fann ut at eg skulle prøve å lage ei pakke som alle skjøna kva var, men som ikkje var det i det heile tatt. Men det var litt vanskeleg å skulle forme til ein ting og samtidig ha samme vekt og greier. Så i staden for blei det ein dorull. For den skjønar alle kva er. Og ingen vil vel ha ein dorull? Men denne dorullen var litt annleis, den hadde nemleg fått eit trekk over seg, surprise ;-) Og ekstra artig var det at mottakaren synest det var tøft!

DSC_0876

DSC_0878

Mønster: Ikkje noko/dorullen sjølv
Stoff: Raud singel-jersey av bomull, kvit singel-jersey stryke på med vliesofix. (Sidan pakka i utgangspunktet ikkje skulle innehalde nokon flott ting, og eg uansett reknar med at trekket ikkje skal vaskast kvar veke, har eg ikkje sydd lappen fast)

04.11.2012

Fireårs-bursdag med vimpelrekkje i staden for ballongar

Det byrjar å bli ei stund sidan bursdagen til mellomste-jenta nå, det var til dette selskapet ho fekk Ridder Mikkel-kjolen. Etter selskapet har eg tenkt at eg skulle vise fram vimpelrekkja vi laga kvelden før selskapet, for den blei så frisk og fin:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er moro å pynte litt til bursdagar, men eg er ikkje blant dei som brukar veldig mykje tid på det. Kvardagen er hektisk nok. Vimpelrekkja er laga på enklaste vis, og med rullekniv gjekk det radig.

Fyrst teikna eg eit vimpelmønster på ei papp-plate og skar den ut til ei mal:

vimpelmønster

Eg bretta stoffet dobbelt (med vranga inn) og la kortsida på vimpelmalen langs bretten. Kutta dei to langsidene. Sydde ein rettsaum parallelt med bretten, ein drøy cm ifrå. Pressa. Tredde vimplane inn på ei anorakksnor. Ferdig! I praksis hadde vi ein dugnad; medan eg sydde og pressa, klipte far ihuset trådar og tredde på snor. Sosialt også!

Mønster: Eige (ikkje veldig gjennomtenkt, altså, men fungerte bra)
Materiale: Diverse quiltestoff frå Etsy.com og Stoff og Stil. Tynnaste anorakksnor-typen frå Stoff og Stil.

10.09.2012

DIY: Lunch box Name Tag

Or a tag for whatever you want to use it for…DIY: Sew a lunch box name tag

DIY: Sew a lunch box name tag

The tag is easy to make: Choose a ribbon. Cut a patch that is a little bit wider than the ribbon+seam allowances.

If you don’t have a sewing machine with alphabet, or you don’t have a spesific name to sew on, that’s no problem. Use a light fabric, and you can write the name with a waterproof pen afterwards (or just leave it blank…).
Namnelappen er enkel å lage. Velg eit band du vil bruke, og klipp til ein lapp med breidde som er bittelitt breiare enn bandet+saummonn.

Om du ikkje har symaskin som syr bokstavar, eller ikkje har eit bestemt namn å skrive på, er ikkje det noko problem. Vel eit ljost stoff, og du kan skrive på namnet med vassfast tusj seinare (eller berre ha namnlaus lapp…).

DSC_0574 DSC_0575
Let the ribbon length be the length of the patch plus about 13 cm. Sew ribbon end to patch, right sides together. La bandet vere lik lengda på lappen plus ca 13 cm. Sy enden av bandet på lappen, rette mot rette.
DSC_0576 DSC_0577

Wrap and press the patch towards wrong side, as the picture above on the right shows.

Brett og press lappen mot vranga, slik biletet over viser.

DSC_0578 DSC_0579

Cover the fabric edges with the ribbon, and sew with the the ribbon side facing up. The picture above on the right shows the other side after sewing.

Dekk stoffkantane med bandet, og sy med bandet vendt opp. Biletet over viser den andre sida etter sying.

DSC_0581

Tuck the ribbon end in and fasten it with a snap, as shown above. As long as the ribbon end is inside the snap, it won’t unravel. Note that I make not only a large loop on the left side og the snap, but also a little loop on the right side. The latter shall work as a pull when opening the snap.

Brett inn enden på bandet og fest med ein trykknapp. Så lenge enden er inni trykknappen, vil den ikkje frynse seg opp. Merk at eg ikkje berre har laga ei løkke på venstre sida av knappen, men også ei lita ei på høgre sida. Denne skal fungere som eit handtak når ein skal opne knappen.

DSC_0580

DSC_0583

If the lunch box doesn’t have a handle, you can use elastic to make a belt for the box. You can cover the connection with a little piece of ribbon.

Om matboksen ikkje har handtak, kan du sy saman strikk til eit belte til boksen. Skøyten kan du dekkje med ein liten bit band.

DSC_0596

 

Materiale i denne lappen: Tykk poplin (nylon?) frå Stoff og Stil. Strikk og trykknapp også derifrå. Vevd band frå Leanne.no.

01.09.2012

Støvletthaldarar til ei venninne

Desse puttar ein opp i støvlett-skafta slik at dei held seg oppreist under lagring! Smart, ikkje sant? Idéen er ikkje min, men kjem frå Solveig på bloggen House of Hopen, og ho har laga ein flott tutorial på korleis ein lagar slike (og den har eg fylgd til punkt og prikke :-). Eg har sett desse tidlegare, men akkurat i denne omgangen blei eg minna på desse på bloggen "Mitt liv i rosa", også denne bloggen er verdt eit besøk!

DSC_0497

Mønster: House of Hopen
Stoff/tilbehør: Stoff frå Hilco, gjordeband frå Stoff og Stil

02.03.2012

Forvalte sitt pund

For litt sidan fylte det eldste fadderbarnet vårt sju år, og i gåve fekk ho ein pengepung. Mest fordi det er ein ting som sju år gamle jenter gjerne synest er stas. Men også ved å gje henne ein fargeglad og munter pengepung, håpar vi at ho vil forvalte sine pengar med kjærleik og omtanke :-).

DSC_0624

DSC_0628

DSC_0629

Stoff/tilbehør:
-Fugle- og blomsterstoff frå Stoff og Stil. Tynn stripe Anna Maria Horner-stoff (rosa og brunt), samme stoff i reima. Turkise retro-blomar frå Stoff og Stil. Prikkar frå Stoff og Stil (?). Fôr frå Etsy.
-“S” sydd av jersey
-Raude KAM-knappar, runde og hjarte-forma, frå Lykkedragen.no
-Kvitt band inni lommeboka, med teksten “name”, frå Etsy
-Vevd sommarfuglband i reima, frå Farbenmix.de/leanne.no
-Bit av rosa, vevd band på framsida av lommeboka, også Farbenmix, trur eg (fått i gåve)

08.02.2012

Fram med dei glade stoffa

Denne tida av året er fin til å finne fram lette stoff med friske fargar, for å glede seg til sommaren. Eg fekk lyst til å prøve meg på å sy pengepungar i friske fargar. Det er mange som syr slike vesker av denne typen i ulike variantar rundt omkring i verda, men eg har særleg latt meg inspirere av fru-jansen, som har sydd nokre flotte nokon innimellom. (Det er også mykja anna flott på bloggen hennar, til dømes syr ho nokre herlege barnekjolar).
DSC_0549
Og i skrivande stund ser eg også at Skrekk og Gru også har laga mange tøffe nokon!
Det var artig å sy slike, og det kan godt hende det blir fleire med tid og stunder.
Korleis syr ein så ei slik lita fôra veske/pung/mappe med glidelås? Det finst massevis av tutorialar på dette rundt omkring, ein kan til dømes google “zippered pouch tutorial”, eller “wristlet tutorial”. På youtube finst det forklaringar, til dømes denne: http://www.youtube.com/watch?v=8BrtcXAzeBU. Ein norsk tutorial finst på bloggen til hanne@landet.


DSC_0550
Tilfeldigvis passa armbandet akkurat rundt pungen, ikkje så dumt eigentleg, og noko å vurdere også neste gong…
Stoff: Etsy og Stoff og Stil. Dyrestoffet har eg fått i gåve.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...