Dekorere

Her er ein presentasjon av dei ulike dekorasjonsmetodane eg har brukt.  To og to bilete (ved sida av kvarandre) høyrer saman. Om du vil sjå døme på plagg der eg har brukt den enkelte teknikken, står det linkar til innlegg med den aktuelle etiketten.


Jersey-applikasjon:

I prinsippet det samme som ein applikasjon med lapp påsydd med sikksakk eller “spikermattesting”, men sidan jersey ikkje raknar i kantane,  kan ein sy stoffet på med rattsaum, utan å kaste over kantane på lappen.

Her er ein

tutorial

på korleis ein kan lage (jersey-)applikasjon, den viser også korleis eg laga silhuetten av kattungen.

(Sjå alle innlegg med etiketten “jersey-applikasjon” her
.)

Fargerik barnejakke

Dele opp mønsteret:

Dette er ein av dei aller enklaste måtane å friske opp eit plagg på. I staden for at heile genser-framsida er i samme stoff, er den delt i tre ulike stoff. Nokre tips til å dele opp mønsteret her.

(Sjå alle innlegg med etiketten “klipp opp mønsteret” her.)


Pynte med snor:

Meir om dette
her.

(Sjå alle innlegg med etiketten “pynt med snor” her.)


Teikne med tråd:  Tutorial




(Alle innlegg med etiketten “rettsaumsbroderi” og "ullgarnsbroderi")

Pynte med vevde band:

Det finst mange flotte, vevde band, og dei kan ofte tilføre plagget “det lille ekstra.” Farbenmix og Janeas world har mange fine. Norge: Sjå her.

(Alle innlegg med etiketten “pynt med vevde band” her
.)


Band kan lett skli under påsying. Dersom det er viktig at det er heilt perfekt, gjer eg slik: Brettar kantane til baksida og limar dei på der med vliesofix. Limar deretter heile bandet på plagget med vliesofix før eg syr det fast. Syr med open applikasjonsfot.

Tittekantar/biseband:

Tittekantar blir veldig tøft, men det tar litt ekstra tid å sy. Ein kan bruke ferdiglaga biseband, eller lage sjølv ved å skråklippe stoff til ei remse og leggje i ei snor, til dømes ei anorakksnor. Det er ein stor fordel å ha ein spesialfot som gjev plass til kanten under foten. Til nød kan ein kanskje bruke glidelåsfot, men det har eg ikkje prøvd.

Det går også an å leggje inn ei bretta remse jersey i ein saum (ikkje ha snor inni), men då må jerseyen vere nokså tynn, elles bølgar saumen seg fort. Ein klipper ikkje stoffet på skrå, men ein kan velge å klippe langs eller på tvers av trådretninga, avhengig av kor mykje stretch ein ønskjer.

(Alle med etiketten “tittekant/biseband” her.)



Pynte med skråband:

I tillegg til den reint praktiske funksjonen med å dekkje stoffkanten så den ikkje raknar, kan ein utnytte skråband dekorativt. Til dømes kante ein lapp og sy den på (over). Eller brette ein bit skråband og putte den inn i ein saum (oransje lapp på bukselomma).


Ribb-applikasjon:

Dette er ein metode eg utvikla då eg ikkje hadde applikasjonssting på maskina. Det kan bli veldig fint, men det krev at ein er veldig nøye, og har stort tolmod og god tid :-)


Tutorial

NB: Av ein eller annan grunn visast ikkje ein del av bileta i innlegget, men dei visast når ein klikkar på dei.

(Alle innlegg med etiketten “ribb-applikasjon” her.)




Pynt med KAM-knappar


Meir her.

(Alle innlegg med etiketten “pynt med KAM” her.)



Tekstiltrykk: Dette har eg berre gjort eit par gonger. Hovedgrunnen til at eg ikkje har gjort det meir, er kanskje at det skal fikserast nokså lenge med strykejernet etterpå, og det har eg ikkje tolmod til. Meir om korleis eg laga ørna her.

"Pyntestolpe"
 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...