28.06.2011
Barnekjolar
Denne kjolen har lommer som er sydd på stoffet, etter kanting med ribb. KAM-knappar til pynt.
Samme kjolen bak:
Sky-velourstoffet er sydd med trippel-coversaum sydd frå baksida. Lappen blei fyrst festa med Hi-fix, og det blei sydd ein saum langs velourkanten for å tene som guide for coversaumen på baksida av stoffet. (Eg hugsar ikkje kvar for saum eg brukte, mogleg det var tråklesting som eg fjerna etterpå for å ikkje hindre stretchen i stoffet)
Denne lomma blei laga slik: øvre kanten på lomma bretta ned og sydd med opp-ned-trippelcoversaum. Vevde band festa med Hi-fix og sydd på. Deretter kanting med ribb. Ribb-endane bretta ned på baksida, lomma sydd på.
Baksida av samme kjole:
Slik er blomen sydd: Oransje stoff festa med Hi-fix, riveinnlegg på baksida. Deretter er det sydd på anorakksnor rundt (spesial-syfot).
Dei to kjolane over har alminnelege applikasjonar, sydd på med vanlege applikasjonssting (spikarmatte sett frå sida).
Ein bit av eit vevd band frå www.farbenmix.de på brystet.
Tunika i bondeskjortestil med forklekjole. Kanta med alminneleg skråband.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
WoW! Du er utrolig flink til å sy! Ble helt bergtatt av de søte kjolene! :) Hvor kjøper du stoff henn? Og hva slags stoff bruker du til slike kjoler?
SvarSlettGiske
Tusen takk! Og så gøy at du har funne vegen hit, då, trudde ikkje at nokon visste om bloggen ennå :-)
SvarSlettStoffa i kjolane er kjøpt på Stoff og Stil (stretch chenille/velour, fleece og ribb), www.cethodesigns.no (sky-velour, jungelvelour, interlock til kanting), www.stofstedet.dk (velour), www.mineti.de (blomstrete isoli), Ikea (forklekjolestoffet)
Nå i starten har eg berre lempa inn bilete frå tidlegare produksjon, men etterkvart som eg syr framover, er planen å fortelje litt meir detaljert om plagga ;-)
Takk for info :-D
SvarSlettSkal helt klart følge med her framover. Gleder meg til å se hva mer du klarer å trylle fram! Jeg er helt nybegynner, så blir så imponert over å se hva folk faktisk får til med maskinene hjemme hos seg selv :)
(fant linken på bloggen inne på facebook profilen til Hallvard :))
Så mange fine kjoler. Liker spesielt godt den første i brunt og oransje med blomsten, kjempe flott.
SvarSlett