27.06.2011

Tutorial: Jersey-applikasjon

IMG_8452
IMG_9330

Å sy på ein lapp med jersey er ein veldig enkel måte å pynte eit plagg på, særleg sidan jersey ikkje raknar i kantane, og ein treng derfor ikkje ha saum som kastar over jerseykanten. Og ikkje minst gjer utvalet av gøyale jersey-stoff dette til ein av mine favoritt-pyntemetodar. Interlock kan brukast på samme måte.

1. Du vil trenge ein måte å feste jersey-lappen på stoffet, så det ikkje sklir under påsying (og resultatet er uansett finast om stoffet er festa jevnt fast). Sjølv brukar eg Vliesofix. Om lappen skal ha ei bestemt form, kan du teikne denne på papiret bak strykeinnlegget før stryking, NB: Spegelvendt!

2. Stryk strykeinnlegget på baksida av jerseylappen. Eg brukar å ha ein bit bakepapir mellom teikning og strykejern, så ikkje blekk skal smitte over på strykejernet, og for at stoffet skal ligge roleg medan strykejernet lear seg.

3. Klipp til jerseylappen (Skal eg ha nøyaktig utklipp av figurar brukar eg broderisaks, skal eg ha rette kantar, brukar eg rullekniv på skjerematte, med quiltelinjal.) 

4. Dra av papiret og stryk på stoffet.

5. Sy: Dersom stoffet du set lappen på er mjukt, vil du trenge stabilisering bak også, til dømes riveinnlegg. Sy med rettsaum eit par millimeter frå kanten av lappen. På buksa på biletet øvst er lappen sydd på før lomma er sydd.

Sjå også tutorial på silhuett-applikasjon.

Revidert 28.04.12


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...