27.06.2011

2009/-10: Sy til barn

Neste bok ut som eg sydde av i starten, er Rikke Miscittelli si bok "Sy til barn". Denne boka inneheld også nokså enkle modellar, men med litt større grad av særpreg enn “Sy sejt børnetøj” i innlegget under. I denne boka er det gutebukse-mønsteret og kjolemønsteret eg har bruka mest, med ulike modifikasjonar.

Hovudendring på buksemønsteret: Du vil sjå at det er eigne stoffstykke på knea. Dette er for å snu stretchretninga til langsgåande i staden for tverrgåande (i den grønne buksa i stumt stoff er det lagt inn velour i knea. Formål: Hindre hol på knea når ein dett, sidan draget kjem i lengderetninga. Har det fungert? Eg trur dét!
IMG_8447
Denne og fleire bukser nedover her er pynta med “jersey-applikasjon”, ein veldig enkel måte å pynte eit plagg på.
IMG_8449
Buksa over er også pynta med ein KAM-plastknapp.
IMG_7414
Dette er ei “Klipp opp mønsteret-bukse” (Cordstripene ligg i ulike retningar på dei ulike lappane, men det synst ikkje så godt på bileta). Det er moro å klippe opp mønsteret før ein klipper i stoffet, berre sørg for at det er ein kopi av mønsteret du klipper i! Stikningane er sydd med naturkvit dongeritråd.
IMG_7416
IMG_8398
IMG_8504
IMG_7424
Oktober 003
Fotografering frå sida gjev fort tilsynelatande skeivt plagg…
Mai 234
Juli 2151

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...