27.06.2011

Tutorial: Ribb-applikasjon à la Annwes

April 009
Dette var ein pyntemetode eg nytta medan eg ennå hadde ei svært enkel symaskin. OBS: Det finst atskillig enklare måtar å pynte tøy på, du er herved åtvara, men om du likevel skulle ha lyst til å prøve, får du metoden her (sidan eg eg allereie hadde den ferdiglaga ein annan stad):

NB: Om bileta er svarte: Klikk på dei for å opne dei i eit anna vindauge!

Materiale:
Stoff applikasjonen skal vere på/hovudstoff, heretter kalla "HS"
Stoff som skal applikerast på, heretter kalla "AS"
Ribb
Strykeinnlegg, heretter kalla "S"
DEL 1, TILMÅLING OG KLIPPING
1.Teikn av ein stor sirkel med liten sirkel midt inni på strykeinnlegg, la forskjellen i radius vere nokre millimeter større enn diameteren på ferdig ribb-kant. Hermetikkboksar er greie å bruke som mal.
April 255
Klipp ut langs stor sirkel, og stryk på, på baksida av HS på plass for applikasjon.
2. Teikn den samme, store sirkelen av på AS (ha evt. strykeinnlegg på først), klipp ut og kast over kantane.
3. Ribb-breidde (strechretninga): Tak mål av den vesle sirkelen (mål rundt hermetikkboksen), legg til saummonn. Ribb-lengde, inkludert saummonn, finn du etter denne formelen: (breidde på ferdig kant x 3) + ca. 0,5-1 cm. Vil du ha ein ca 12 mm brei kant, klipper du altså ca 4,5 cm brei remse.
April 256
4: Klipp ribben ut, den eine langsida bør vere heilt rett. Sy saman ribben til ein ring.
April 257
5. Klipp ut innerste sirkel på HS, klipp nøye! (Sjå biletet over).
MONTERING
6. Set knappenåler på ribben aleine for kvar fjerdedel, start med saumen. Gjer likedan på HS, start der du vil saumen på ribben skal vere.
7. Fest ribben på HS, rette mot rette, og kant i kant med klippekanten på HS. Ver nøye med at stoffa går kant i kant! Set på fleire nåler i mellom dei fire fyrste.
April 261
8. Sy ribben på med rettsaum, ca så langt frå sirkelkanten som du vil ferdig ribbkant skal vere brei. VER NØYE MED KONSTANT AVSTAND TIL KLIPPEKANTEN PÅ HS! (Sjølv lyfta eg saumfoten og korrigerte retninga for kvart 4-5 sting, med stinglengd 2,5).
April 263
9. Press ribben innover i sirkelen (biletet over). Brett ribben over klippekanten, og fest med nåler. Ingen brett på baksida.
April 264
10. Nål fast AS, pass på at sirkelen blir rund.
April 264
11. Sy ein stikning midt i saumen mellom ribb og HS for usynleg saum, evt. litt inne på ribbens ytre del for synleg saum. Deretter syr du ein stikning eit par millimeter inne på ribben langs den indre kanten. Ribb-applikasjonen er ferdig!
April 266

12. Trim evt. ribbkanten på baksida, dersom den blei veldig brei. Biletet under viser baksida på applikasjonen.
April 268
Sy i veg! (Tutorial fri til privat bruk).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...