30.06.2011

Stripete bukse med biseband

IMG_9838
Denne buksa i str. 5 år er pynta med ferdiglaga biseband frå Stoff og Stil) Lommer framme og bak, og lappar på knea er kanta med biseband før dei er sydd på. Dei oransje stripene er skråband som eg har bretta på langs før eg la det halvvegs under knelappane før påsying. Det blei ein stilig detalj, synest eg.
Knelappane kom ein smule langt ned, dette var fordi buksebeina var veldig lange før eg la dei opp, og eg gløymte å take omsyn til dette. Dette stoffet er likt på retta og vranga, derfor har eg lagt opp buksebeina med vranga ut, med biseband i enden av opprinneleg buksebein.
IMG_9839
Baklommer: Desse er laga etter litt liknande prinsipp som  opplegg av buksebeina: Eg sydde horisontalt biseband fyrst, deretter bretta ned rette mot rette, sydde bisebandet fast med ein liten bit oransje skråband i saumen. Deretter kanta eg heile lomma og sydde den på til slutt.
IMG_9842
Ei lita hempe som gutungen kan henge sjølvmåla nøkkelringar i Smilefjes
IMG_9844
Og til slutt: Eg laga fyrst juksesmekk. Eg hadde med vilje teikna mønsteret litt smalt for at det ikkje skulle bli posete i livet, men det blei smalaste laget. Derfor la eg inn smekk, men det hjelpte igrunnen lite, fordi guten på snart 4 1/2 klarer ikkje handtere knappane, og synest det er betre å heller lirke buksa forbi rumpa med knappane att.
IMG_9871
Grunnmønsteret til buksa er teikna med hjelp frå Aldrich si bok “Metric Pattern Cutting for Children's Wear and Babywear: From Birth to 14 Years”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...