29.02.2016

Éin meter Frost-stoff blir til mange t-skjorter

Fem kusiner fekk kvar si Frost-t-skjorte i sommarferien i fjor. Eg synest det er moro når plagg ikkje er like, så dette gjeld også denne gongen! Alle er sydd i str. 7/8 år, utanom den minste, som er sydd av eit  t-skjorte-tunika-mønster str. 4/5 år.

Bukse med lommer nedover beinet, str. 4 år

Denne buksa er sydd i eit mjukt og deileg stretch-isoli. Stripene i sidene var eit spontant, kreativt krumspring, om eg ikkje hugsar heilt feil, har eg sydd ein strimmel inn i sida som ein tittekant, og deretter sydd den ned med cover-maskina. Saumen på tvers har nok med utnytting av restestoff å gjere, om eg ikkje hugsar heilt feil (buksa blei sydd i juli i fjor).

Så var det lommene, då. Eg har ofte vanskeleg for å motivere meg for å sy lommer, og er alltid på leit etter ein raskare, enklare måte å få lommer på buksene på. Her har eg klipt eit par D-forma lappar, kanta med ribb (bretta ein strimmel i to og sydd på rette mot rette). Bretta ned og sydd den øvre kanten. Deretter sydd på lappen/lomma på buksa. Eg er usikker på om eg har sydd lomma på med coverstitch-maskin eller symaskin. eg er generelt ikkje så redd for at rettsaum på symaskin skal ryke i tilfelle som dette av to grunnar; For det fyrste vil det ikkje bli noko særleg drag i langs saumen på lomma. For det andre syr ein gjennom såpass tykt lag med stoff (isoli pluss to lag ribb) at også rettsaumen på symaskina får litt elastisitet. Dobbel saum er nok likevel greitt for sikkerhets skuld (og for designets del også). Då meiner eg ikkje tvillingnål, men å sy to gonger med rettsaum.

Stoffet blei kjøpt hjå Textart medan ho framleis hadd nettbutikk. Ribb frå Hilco, trur eg.

Mjuke, gode jerseybukser til niåringen

Eg brukar å spørje barna mine kva slags plagg dei ønskjer seg. Størst suksess blir det om dei blir med inn på syrommet og kikkar seg rundt i hyllene etter stoff dei likar. Eg sørgar for at dei plukkar ut meir enn eitt, slik at det finst fleire alternativ dei likar. Eg lovar dei aldri at plagget blir akkurat slik dei ønskjer seg, for eg treng eit kreativt spelerom. Men stort sett er det suksess når dei er med og plukkar ut.

Gutungen på ni år likar best bukser i jersey med strikk i livet. Ribb nedst er eit must for han. Han er mindre frysen av seg enn meg, så desse tynne buksene er i praksis heilårsbukser.

Buksa til venstre er sydd av tre ulike stoff (turkis framme og ljoseblått bak, i tilleg til stjernestoffet). Eg hadde ikkje nok einsfarga stoff til ei heilt bukse, og dessutan likar eg godt å bryte opp plagg uansett. Buksa til høgre er rett nok einsfarga. Dette har å gjere med mangel på motivasjon og/eller tid til å gjere det vesle ekstra med mønster og klipping for å få “kombi-plagg”. Han ville ha lommer, noko eg skjønar er praktisk å ha, men ikkje alltid så motiverande å sy når buksa skal bli ferdig i ein fei. Her prøvde eg meg på å vrangsy ein lomme-forma lapp, og deretter sy den på buksa. Fòret/baksida av lappen er limegrønt, det er med andre ord ikkje nokon limegrøn tittekant. Eigentleg skulle den limegrønne sida vende ut, men vips, så hadde eg sydd dei på ein annan veg enn eg nokon augneblinar tidlegare hadde tenkt. Men pytt. I ettertid seg eg at jerseystoff ikkje er kraftig nok til å bere ei lomme, det blir lett eit lite hol i buksestoffet der lommehjørnet med mest beslastning er sydd fast. Det samme ser eg på ei av mine eigne bukser i stretch-isoli. Evt. kan ein stryke på ein liten lapp vlieselin på baksida av buksestoffet der hjørna på lomma syast fast.

Kaffe til far

T-skjorte til mannen min. Endå eit digital print-stoff (bomullsjersey) kjøpt hjå Kølkær (evt. i Videbæk) i fjor sommar. Det fanst ganske mange ulike print med frukt og sjokolade o.l.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...