Nå har eg tilfeldigvis akkurat oppdaga ein funksjon i Windows Live Writer (WLW) som eg tidlegare har sakna, og det er å kunne oppdatere allereie publiserte innlegg ved hjelp av WLW. Dei fleste innlegg skriv ein ferdig og avsluttar i dét ein publiserar dei. Men av og til kan ein ha lyst til å endre innlegget, til dømes om ein skriv eit innlegg med linkar til interessante sider, og ein seinare vil leggje til ein ny link, eller trekkje frå ein. Ein kan jo endre inne i Blogger også, men eg synest ofte det blir eit rot med oppsettet, og ein har færre formateringsalternativ der enn i WLW.
Endre innlegg:
-Gå inn i WLW, deretter den blå fana øvst til venstre.
-Vel “åpne nytt innlegg”
-Deretter, der det står “åpne fra:” vel du bloggen din nedst på lista. Då hentar WLW innleggsoversikt frå bloggen, i den rekkjefylgja dei blei publisert.
-Opne/laste ned innlegget du vil ha
-Gjer dei endringane du vil
-Publisér på nytt. Framgamgsmetoden funkar også for innlegg som opprinneleg er laga i Blogger og ikkje i WLW.
Lage sider i WLW:
Sidene mine er dei du kjem til når du trykkjer på fanene øvst i bloggen, til dømes “GALLERI”, “Lage eller endre mønster” osv. Då eg laga desse sidene i fjor haust, var det ikkje mogleg å publisere sider direkte frå WLW. Om det har kome som nokon ny funksjon nå, veit eg ikkje. Men ein kan uansett lage sider i WLW, om ein lastar dei opp til bloggen som kladd til ein innlegg:
-Lag sida slik du vil ha den i WLW.
-I staden for å trykkje på “Publiser”, trykkjer du heller “Legg inn som kladd”.
-Gå deretter inn i bloggen og finn innleggsoversikten (trykk “utforming” og deretter “Innlegg”.) Der finn du kladden, det heiter "utkast” i Blogger.
-Vel “rediger”
-Deretter vel du “HTML-kode”
-Merk all teksten ved å trykkje Ctrl+A.
-Kopiér teksten (Ctrl+C).
-Deretter kan du lukke utkastet.
-Gå inn på den sida du skal lage. Også her vel du “HTML-kode”.
-Lim inn html-teksten (Ctrl+V).
Endre sider i WLW:
WLW klarer ikkje å laste ned sider, så om du skal endre sidene må dei vere lagra på bloggen som utkast. Last ned utkastet som forklart under “Endre innlegg”. Endre det du vil. Berre hugs at du ikkje skal publisere, men laste opp att som kladd. Når du har kopiert html-teksten i kladden (som over), lukka og deretter gått inn i eksisterande side, merkar du eksisterande html-tekst (Ctrl+A) og limar inn den nye teksten (Ctrl+V). Trykk deretter “Oppdater”, og sida blir oppdatert.
Takk for tips :-)
SvarSlett:-) Har testa, men blei ikkje heilt nøgd med skriftstorleik... Sender ideen vidare i eit nytt innlegg! God helg! Synnøvehelsing
SvarSlettJeg bruker utelukkende WLW til å blogge. De første årene jeg blogget visste jeg bare om muligheten gjennom Blogger, og holdt på å få hjerteinfarkt sånn cirka hver gang jeg blogget. Altfor dårlige greier. Det ble skikkelig halleluja-stemning i heimen når jeg fikk tips om WLW og fikk prøvd det ut!
SvarSlett