08.07.2012

Blå kjole med sneglar på

Treåringen skulle i bursdagsselskap for litt sidan, og på spørsmål om kva bursdagsbarnet på fire skulle få, svarte ho “kjole av det blå stoffet med sneglar på!”

DSC_0513kk

DSC_0511kkvit

Det må vi jo få til, tenkte eg, men då må det ikkje bli natt-kjole, tenkte eg. Heller ein kjole som er litt sporty i stilen. Og eg prøvde meg på ein ny vri i opplegg nedst på armane, med oppbrett.

DSC_0516kb

Oppbretten på armane blei laga slik: Eg klipte ermane litt lengre enn mønsteret tilsa:

DSC_0500

Før montering på kjolen, rulla eg dei opp:

DSC_0501

Deretter sydde eg ein vertikal saum over bretten der bandet skulle kome. Det er med andre ord ikkje mogleg å brette ned ermane. Monterte deretter på band med ein (halv) KAM-knapp, den delen av knappen som har avrunda inner-del. Sydde ermet på kjolen, og sydde ermesaum og sidesaum i eitt til slutt.

DSC_0512kk

Mønster og design (nitals-opning): Eige

Stoff og tilbehør: Sneglestoff frå Znok Design/Johanna Ahlard, prikkete jersey kjøpt hjå Textart.no. Band frå stoff og Stil. Blå KAM-knappar frå Lykkedragen.no eller Ebay. Lappar frå Minanamnband.se.

3 kommentarer:

  1. kjempefin kjole! Du er så flink til å sette sammen farger og forskjellige typer mønster. Tenkte jeg skulle forsøke meg på en t-shirt med 9-talls åpning innen torsdag for da skal vi på ferie til varmere strøk, men gruer meg litt til å gå i gang, så litt vanskelig ut, men det er vel bare å kaste seg i det :)

    SvarSlett
  2. Takk for koseleg kommentar, Jill! Moro at du har lyst til å prøve deg på nitals-opning! Eg skulle ønskje eg kunne seie at "det er ikkje så vanskeleg som det ser ut til, det er berre å setje i gang", men eg er redd det ville vere å narre folk. Men om du har lyst på ei utfordring (og har litt ekstra tid), er det berre å setje i gang, eg håpar tut'en er forståeleg nok :-)

    SvarSlett
  3. Utrolig flott kjole da :) Søte snegler på den! Ha en fin kveld videre :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...