21.07.2011

Tutorial: Halsribb

IMG_0370

Ribb-kant i halsen av typen college-genser eller tradisjonell t-skjorte kan klippast og syast på ulike måtar. Dette er min metode:

Mønster:

Eg legg for- og bakstykke på gensermønsteret mot kvarandre i eine skuldra. Halsribben på den grå genseren skal vere to cm brei, noko som svarar til dei blå strekane. I to cm avstand frå mønsterkanten måler eg med måleband på høgkant:

-Avstand frå midten bak til sidesaum (gul linje)
-Avstand frå sidesaum til midten framme (raud linje)

IMG_0338 - ribbmønster

Dette overfører eg til ein rett strimmel som blir sjåande slik ut (dobbel breidde ribb):

skisse mønster

Hugs å merke av skuldersaumane og midt framme på mønsteret.

Dersom genseren allereie er klipt, og med ein cm saummonn, måler eg éin cm frå kanten, slik (og merk at skuldersaummonn er bretta bort):

IMG_0337 -ribbkantmønster

(OJ, SANN, fargane (raud og gul) er visst bytta om i høve til skissa over…)

 

Klipping av ribb:

-Eg legg til 1 cm saummonn på alle kantar
-Og merkar av skuldersaumane og midt framme med eit lite hakk i saummonnen

IMG_0347

 

Montering av ribben:

-Eg syr endane av remsa saman til ein ring
-Eg brukar rettsaum på symaskina til dette, saumen får minimalt med drag i lengderetninga, derfor er eg ikkje redd for å bruke ein ikkje-elastisk saum. Og med rettsaum kan eg stryke saummonnen til kvar side.

IMG_0351

-Den observante lesar vil leggje merke til at eg ikkje er veldig nøye med å bruke tråd i samme fargen som ribben. Litt latskap, men heller ikkje veldig god grunn til å skifte tråd, synest eg, sjå ferdig ribb lengre nede.
-Eg pressar saummonnnen til kvar side, deretter pressar eg ribben rette mot rette på langs:

IMG_0352

-Eg legg genseren med vranga ut og bakstykket ned, deretter legg eg ribb-ringen inni slik biletet under viser. Det er også slik eg legg stoffet i maskina; med genserstoffet ned, og ribben øvst mot syfoten.

IMG_0353

-Det er ikkje så fint å ha skøyten bak i nakken, derfor vel eg å starte ein annan stad. Framme i halsringen er det litt skummelt å starte, fordi draget kan bli ulikt på dei to sidene, med ujevnt resultat. Så eg startar ved/rett framanfor den sidesaumen som er nedst på biletet over.
-Eg legg merket på ribben mot skuldersaumen, og drar ribben både bakover og framover i høve til stoffet i dét eg byrjar å sy (Dette fordi det er avstand mellom kniv og nåler på overlocken, dersom ein syr på  symaskin er det lettare å starte med merka ovanfor kvarandre utan å dra). Ideelt sett byrjar saumen akkurat ved skuldersaumen, og ikkje på bakstykket, sidan ribb-draget på bakstykket skal vere større enn på framstykket (sjå lenger nede). Men det blir som regel fint resultat også når ein ikkje er sååå pirkete, altså ;-) NB: Saummonnen i skuldersaumane ligg bakover.
-Eg syr med ribb kant i kant med stoffkant, ned til midt framme-merka, og vidare til den andre skuldra.
-Så: Når eg skal over på fyrste del av bakstykket, strekkjer eg ekstra mykje i ribben. Dette fordi kurva er ekstra skarp. På figuren under ser ein dette ved at ytterkonturen av den gule sektoren er mykje lengre enn innerkonturen: IMG_0338 -sektorform

-I midtre del av nakken strekkjer eg ikkje så mykje, men så strekkjer eg mykje igjen i siste sving før skuldersaumen.

Når eg har kome rundt med overlocken, kan kniven kome til å klippe opp fyrste del av saumen. For å hindre dette, drar eg fyrste del av saumen litt mot venstre (oransje pil), samtidig som eg dyttar stoffet mot høgre att like bak kniven (blå pil).

IMG_0354avslutte halsribbmontering

Og: Når eg fyrst har kome rundt og er ferdig, snur eg stoffet kontant bort frå nålene og syr vidare ut i lufta i staden for å fortsetje rett fram og sy meg gradvis ut via saummonnen (i sistnemnte tilfelle får ein ein overlocksaum halvvegs i stoffet og halvvegs i lufta).

-Eg festar overlock-kjeden med ei stoppenål:

IMG_0355

-Deretter pressar eg ribben innover, saummonnen utover/nedover:

IMG_0358

-Eg brukar alltid å sy på ein eller annan form for lapp, ein bit mjukt ripsband, til dømes, i nakken, slik at barna skjønar kva som er framme og bak på genseren. Lappen/bandet syr eg inn i saummonnen.

Stikning for å feste saummonnen? 
-Litt opp og ned om eg brukar dette. Eg syr gjerne ein stikning med kjedesaum eller dobbeltsaum på coverstitchmaskina  på genserar av interlock og isoli, men gjer det som regel ikkje på genserar av velour, fordi ein stikning ofte gjev velouren eit “uryddig” preg. Dersom ein ikkje har cover-maskin, kan ein bruke tvillingnål på symskina, eller ein annan saum som er elastisk, til dømes denne: IMG_0026 elastisk

-Tutorialgenseren fekk ei stikning med kjedesaum, sydd med syfot med center guide:

IMG_0359

Ferdig halsribb:

IMG_0370

1 kommentar:

  1. Tusen takk for nok en nyttig tutorial! :D Gleder meg til ferien er over så jeg får tatt frem symaskina igjen ;)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...